![]() |
| Framsida på boka eg lånte |
Dette er tittelen på ei bok Elsa Kvamme og Aschehoug forlag gav ut i 2023. Undertittelen «Da norske studenter skulle gjøres til en ny SS-elite», fortel kva tema forfattaren har arbeid med.
For meg var boka interessant fordi ho kunne ha detaljar om jødar under dei tragiske åra fram til 1945. Den første jøden fann eg omtalt på side 21 i samband med motstand mot den tyske invasjonen.
«Mindre kjent er den jødiske medisinstudenten Rubin Philip Ullmann frå Moss, som etter å ha deltatt i felttoget mot okkupantene startet systematisk informasjonsarbeid ved Universitetet for å motvirke den nazistiske propagandaen. Han, faren og broren ble sendt til KZ Sachsenhausen, hvor en annen fange, Universitetets rektor Didrik Arup Seip, møtte Rubin før han døde på sykestuen i 1942. Da faren Isak og broren Paul ble stilt opp saman med andre jøder i Sachsenhausen for å føres til Majadanek ii, hørte Seir en av dem rope: «Skyt meg, skyt meg!». De visste at dette var å foretrekke fremfor å bli pint på transporten de nå skulle ut på.»
Det store aksjonen for å arrestera dei norske studentane, var 30. november 1943. Aksjonen hadde vore førebudd ei tid, og mange studentar var varsla på førehand. Likevel vart mange arresterte. I denne samanheng har forfattaren ein interessant observasjon:
| Skjermdump frå Wikipedia |
«Den forrige store massearrestasjonen hadde vært aksjonen mot de norske jødene, og den hadde tross alt vært grundig forberedt – først gjennom de tyske Nürnberglovene; siden endret også NS-regjeringen lovene, kunngjorde forordninger og sto som ansvarlig for registrering av mennesker og eigedom. Dessutan kunne jødene sies å være en liten, marginal gruppe i Norge, og arrestasjonene hadde ikke møtt den motstand i befolkningen som deltakerne på Wannsee-konferansen hadde fryktet da de planla «den endelige løsning» på det såkalte jødeproblemet. Men det var utenkelig å få norsk politi med på en aksjon mot norske studenter – landets fremtidige lektorer, tannleger og jurister. Denne gang måtte man derfor gå til det sjeldne skritt å bruke tyske soldater som aktive arrestanter.» iii
Etter krigen var det sagt at arrestasjonen av jødar kom brått på, trass i alt som var gjort på førehand, og at politifolka «berre fylgde ordre» og derfor ikkje var ansvarlege for det dei gjorde. Derimot var det «utenkelig å få norsk politi» til å arrestera norske studentar for å senda dei til Tyskland, endå desse arrestasjonane også vart utført etter ordre frå det tyske hierarkiet!
Kan dette fortåast slik at å senda jødar til konsentrasjonsleirar i Tyskland, var uproblematisk, men å gjera det same mot norsk studentar, kunne resultert i ordrenekt frå norsk politi?
Eva Renate Meyer
Ho var Terbovens sekretær, og han hadde ikkje vore særleg aktiv i arrestasjonen av jødane. Kanskje grunnen var at Eva Renate Meyer, som var jøde, hadde eit amorøst forhold til han? Først då det kom ordre frå Tyskland om at ho ikkje kunne fortsetja i rikskommisærens teneste, vart ho send til Tyskland. Men «hun fikk arbeide i en industribedrift i Rhinland, og hun overlevde krigen».iv
Quisling og «den jødiske fare»
![]() |
| Baksida på boka |
Kvamme skriv at i Wannsee-protokollen står at det ikkje hasta med å gå til aksjon mot jødane i dei nordiske landa. Likevel kom aksjonen relativt tidleg, kanskje fordi Quislings ambisjon om å gjera Noreg til det mest «rasereine» landet i Stor-Germania.
«Det var også forbausende lett å få norsk politi til å arrestere menn, kvinner og barn av jødisk opprinnelse. I sin biografi over NS-justisminister Sverre Riisnes skriver Nils Johan Ringdal at det for Riisnes var et skår i gleden at han etter Donau forlot Oslo med 532 jøder om bord, ikke kunne sende det planlagte telegrammet til Hitler: Norwegen ist judenfrei!» v
Forfattaren skriv at den norske jødeaksjonen kom brått på den tyske leiinga i Berlin, «men Eichmanns kontor klarte likevel å få ordnet transport og logistikk slik at deportasjonen kunne gjennomføres som ønsket».
Elite-fangar
Over porten til Buchenwald der norske studentar vart internerte, stod «Jedem das Seine», som kan omsetjast med «Kvar får som han fortener». Samanlikna med dei vanlege fangane, levde dei norske studentane i ei heilt anna verd, sjølv om dei og var innestengde bak elektrifisert piggtråd.
Bortsett frå det eg alt har nemnt, er der ikkje jødar ofte nemnt bortsett frå at studentane – sidan dei fekk pakkar og relativt bra med mat, hjelpte utsvelte jødeborn på andre sida av gjerdet. Ein stad står om ei polsk-jødisk mor som kasta barnet sitt over gjerdet og bad folk ta vare på han. Guten vaks opp i nleiren og var som vaksen med på minnemarkering i leiren. (Side 159). Ein stad står det og om den plagsame lukta frå krematoria.
Dei fleste norske studentane kom heim att i live. Av dei om lag 650 studentane som var sende nedover, døydde 17.
772 norske jødar sendt til leirar i same området. Berre 37 tilbake.
-------
i «Tilbake til Buchenwald. Da norske studenter skulle gjøres til en ny SS-elite», av Elsa Kvamme, H. Aschehoug & Co, Oslo, 2023. ISBN 978-82-03-39923-7.
ii Dette er eit anna namn på konsentrasjoneleiren «Lublin» der først sovjetiske krigsfangar og seinare jødar vart internerte. Frå hausten 1942 vart det installert gasskammer der. Etter Wikipedia vart rundt 100 000 menneskje drepne der, dei fleste jødar.
iii Frå side 52. Markeringa med feit skrift, er gjort av meg her.
iv Frå side 77.
v Frå side 78.
Bileta er mine.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar