Sakarja, ein profet for vår tid
Jerusalems murar vitnar om at Gud vaker over byen! |
Då persarkongen Kyros den store (i) tok Babylon, let han jødane venda heim att. Dette skjedde omkring år 537/538 f. Kr. Leiarar var Serubabel (ii) og Josva (iii). I flokken var og profetane Haggai, Malaki og Sakarja. Alle desse tre har bøker tekne med mellom «små profetane» i GT (iv).
Det er vanleg å dela boka til Sakarja i to. Kap. 1-8 er mest relatert til Sakarjas samtid. Til dømes i kap. 1,17c les me: «Herren skal endå ein gong trøysta Sion og endå ein gong velja ut Jerusalem.» I kap. 2,12 finn me ei åtvaring til «hedningefolka som plyndra» jødane: «For den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans.» (Sak 2:12c).
Men her er også ting som peikar fram på Jesus Messias som konge og prest i eit anna tempel enn det dei bygde på den gongen. Sjå Sak.6,12-13 -> Heb. 6,20-7,1. Den andre delen, kap. 9-14, har profetiar som peikar lenger fram. Sakarja såg ting som har gjeve han namnet «Pasjonsvekas profet»:
- Jesus rir inn i Jerusalem: Sak.9,9 -> Mat.21,5;
- Paktsblodet: Sak. 9,11 -> Mat. 26,28 (2. Mos.24,8);
- Det tretti sølvpengane. Sak.11,13 - > Mat. 26,16 og 27,3;
- Gjetaren drepen osv. Sak.13,7 - > Mat. 26,31;
- Han som er «gjennom-stunge»: Sak.12,10 - > Joh.19,37 og Opb.1,7. (Sjå elles Opb.5,5 og 22,16).
Dei fortel om stengde portar... |
Sakarja såg og inn i endetida, det som ser ut til å vera vår samtid og nære framtid. Jerusalem skal vera ei «tumleskål» og ein «løftestein» for folkeslaga (= nasjonane.) (Sak. 12,2-3), og «alle heidningfolk skal flokka seg mot han». «Han» kan vera byen Jerusalem (og underforstått: Israel), men og Gud. Den «heidningfolka» går til angrep på , seier Sakarja, er i realiteten Gud sjølv. Derfor vil «han» gjera «ende på alle heidningfolka som dreg opp mot Jerusalem». Det skjer truleg i den krigen som det står om i Opb. 19, 11-18 (sjå og Sak. 14,12-15) i samband med Jesus si andre kome (Sak. 14,1-7). Han som då stig fram på verdsarenaen, er den Messias som jødane har venta på (og som dei fleste «kristne» aldri har oppdaga).
Fornying av Guds paktsfolk
Dei vitnar og om levd liv... |
Israel anno 2024
Slik eg forstår «skriftene» (v), er første delen av Ezekiels profeti om dei daude beina i dalen, alt oppfylt, men ikkje alt. Endå. Men det kjem til å skje like så sikkert som natt føl dag, og etter dagen kjem ei ny natt. (1. Mos. 8,22 og Jer. 33,20-21).
Trass i at dette endå ikkje har hendt, er Israel Guds «augnestein» (Sak. 12,2). Jerusalem er og nasjonane si «tumleskål» (vi) og deira «løftestein» (vii). Så langt eg kjenner til, er det to måtar å forklara «tumleskål» på. Den eine er at den som drikk, vert så full av han ragar og ramlar. Den andre er at det er eit giftbeger som drep den som drikk av det. «Løftesteinen» vart utlagt som ein så stor stein at den som prøver å løfta han, øydelegg helsa si. (viii).
Men gjennom den mørke passasjen ligg eit nytt og levande samfunn... |
Eit tragisk døme…
Den 18. juni i år, på den 256. dagen av Israels krig mot Hamas, brukte Israels engelske kveldsnytt-sending 4,35 minutt til omtale av «den notorisk anti-israelske utanriksministeren» i Noreg som ikkje berre støttar UNRWA, men i tillegg gjev organisasjonen ei ekstraløyving. I innslaget vart det sagt at Bart Eide ikkje bryr seg om UNRWA si aktive deltaking i massakren 07.10.23. Han har sagt at det var berre «nokre få rotne eple» ei elles «perfekt fruktkorg». Sendinga sitt nyheitsanker brukte fleire minutt på å motbevisa påstanden:
1. UNRWA-personale var aktive i terrorangrepet, og i alle fall 12 er identifiserte. Det var og UNRWA-lærarar som heldt israelske gislar som fangar i sine heimar. I tillegg er det bevist at 10 % av lærarane er medlemar i Hamas, såkalla «lærarar om dagen og terroristar om natta»!
I mange av UNRWAs bygningar har Israel funne nedgangar til det underjordiske tunellsystemet. Ein går frå UNRWA sitt hovudkvarter som også forsynte tunellane med straum.
2. Halvdelen av UNRWA sitt budsjett går til undervisning, og gjennom mange år har undervisninga vore direkte antisemittisk med oppfordring til drap av jødar. Dei lærer borna at Israel ikkje har rett til å eksistera, og at ein gong skal landet «verta frigjort». Eit direkte spørsmålet stilt til den norske utanriksministeren var om han ville hatt slik undervisning i norske skular?
3. FN si eiga undersøking viste at 3000 lærarar og tilsette i UNRWA rosa og jubla over massakren 07.10.23, og at dei bad om at terroren «måtte verta vellukka»!
4. Innslaget gav og ein kort gjennomgang av definisjonen «palestinske flykiningar», og viste til at ein nordamerikansk supermodell og multimillionær (med amerikansk statsborgarskap), er også «palestinsk flyktning». Medan alle andre flyktningar i verda er samla under ein einaste FN-organisasjon, har palestinarane sin eigen organisasjon, opphalde og betalt av statar som Noreg.
Innlegget hadde fleire direkte spørsmål og kommentarar til Bart Eide, og slutta med spørsmålet om kvifor Noreg favoriserer «palestinske flyktningar» framfor alle andre flyktningar i verda.
Dette retoriske spørsmålet (ix) understreka det usagde i heile innslaget: Bart Eide, den regjeringa og det landet han representerer, favoriserer palestinske flykiningar, støttar UNRWAs antisemittiske undervisning, og bryr seg ikkje om deira deltaking i terroren 07.10.23.
Kva meinar du? Sjå sendinga og vurder sjølv…(x)
-------
Kva ville Sakarja ha sagt i denne situasjonen? Drikk Bart Eide (som representerer det norske folk) «tumleskåla» på våre vegne, eller held han på å «forløfta» seg og oss? I alle fall stikk han fingeren i Guds auga! (Sakarja 12,2). Det viktigaste spørsmålet er derfor Guds reaksjon mot utanriksministeren og mot oss som land og folk.
Svaret? – Det vil tida visa….
-----------------
(i) Også kalla Kyros 2. Han var konge i Persia om lag 559-530 f.Kr.
(ii) Utnemnd til «Judas fyrste» av Kyros. Esra 1,8.
(iii) Josva var leiar for presteskapet. Esra 3,2.
(iv) I den hebraiske Bibelen, «Tanakh», høyrer Sakarjas bok til dei historiske bøkene kalla «Neviim». Også her er han den nest siste av dei tolv, på hebraisk kalla «Trei asar» eller «dei tolv»).
(v) Dette uttrykket vert i NT brukt om bøkene i GT. I Tanakh, er «skriftene» namnet på den eine delen av boka, - «Ketuvim».
(vi) «Tumleskål» = «Cup of reeling». («Holy Scriptures, Tree of Life version»).
(vii) «Løftestein» = «a massive stone». ( - « - ). (Eldre skrivemåte: «lyftestein»).
(viii) På min heimstad snakka dei om å «forløfta seg», det vil seia at dei øydela ryggen eller fekk «slit», dvs. skade i muskulaturen.
(ix) Retorisk spørsmål er «en talefigur der et spørsmål blir stilt av en annen grunn enn å få svar – oftest blir det bedt om om å komme med et overbevisende poeng». Frå Retorisk spørsmål - Definisjon og eksempler | Creative Saplings
(x) Du finn denne kveldssendinga framleis (20.05.24) på ILTV Israel News – YouTube.
Bileta i dette innlegget er mine eigne.
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar