«LO vil utslette verdens eneste jødiske stat»
Dette var overskrifta i MIFF (i) si utgåva nr. 3 / 2022. Inne i bladet, på side 6 og 7 gjev bladet informasjonen som overskrifta byggjer på. Stoffet bladet tek fram, er førebuinga til LO-kongressen 30.mai til 3. juni 2022.
Faksimile frå framsida av bladet |
Organisasjonen er og har vore knytt til arbeidarpartiet og brukar ein heil del av pengane medlemane betalar inn, til å halda dette politiske partiet ved makta. Hadde LO vore ein demokratisk organisasjon, burde kvar medlem vore med og bestemma kvar hans eller hennar «partiskatt» (ii) skulle gå. Det var eit uaktuelt spørsmål den gongen eg som medlem tok det opp. «Partiskatten» til arbeidarpartiet var «obligatorisk»!
Det grøne "Israelkartet" i emblemet viser målet dei arbeider mot... |
På same måte er arbeidarar i Israel – både dei av jødisk og arabisk ætt, ikkje tekne med i det LO arbeider for. LOs samarbeidspartnar er Palestinian General Federation of Trade Unions (PGFTU) som høyrer heime i «the Palestinian Territories» og har rundt rekna 300 000 medlemar.(iv) Om desse skriv MIFF i artikkelen:
«Kontakten med PGFTU har bidratt til å få LO til å vedta full boikott og politikk som vil utslette Israel. Det siste blir bekreftet av PGFTU sin logo som viser et kart der Israel er borte og landområdene farget i islams grønne farge».(v)
Snakk om å vera «einøygd»…
Eg vart fødd i 1944 og hugsar snakk om «dei einøygde». Slik eg forstod det, var «dei einøygde» dei som støtta Quisling og Nasjonal Samling, snakka vel om desse og prøvde å få andre til å ta deira parti. Desse såg berre ei side av sakene og var uimottakelege for motargument. I verste fall kunne den som «opponerte», verta meld til lensmannen eller tyskarane….
Tendensen til «å sjå berre med eine auga» går att både i LO, NRK og for den del i regjeringa. Informasjon, fokusering og utspel er stort sett einsidig. Alt negativt som kan seiast om Israel, vert utbasunert og repetert. Overgrep, mishandling og drap av jødar, vert minimisert (vi) eller «tagd i hel».
Dette er så markant at det bør kallast antisemittisme, i alle fall etter IHRA (vii) sin definisjon. Eit av teikna er å nekta jødane sjølvråderett, slik det er snakk om når dei vil tvinga på jødane eit «Palestina» midt i det landet Folkeforbundet – med grunnlag i Balfourdeklarasjonen, gav jødane som «sitt heimland».
Faksimile frå side 7 i bladet til MIFF |
Eit anna bevis på antisemittisme er dobbel etisk standard. Korkje LO, FN eller den norske regjeringa stiller same krav til jødane og «palestinarane». Me ser det på handsaminga av PNA (viii), Hamas eller andre såkalla «palestinske organisasjonar» enten dei er terroristar eller ikkje. Talet på FN-resolusjonar mot Israel samanlikna med alle ande statar i verda, beviser at organisasjonen er antisemittisk. Det same er NRK si dekning av Midt-Austen (inkludert deira utsende medarbeidarar), og LO sine angrep på Israel som for lenge sidan har vorte ein tradisjon. I alle fall så langt eg kan sjå.
Ut frå alt dette, og det som har skjedd i norsk politikk dei siste ti-åra, kan dette vera grunn til å spørja:
Er norske utanriksministrar «stråmenn» for LO?
Dei siste utanriksministrane landet vårt har hatt, har fylgt LO si anti-israelske haldning nokså trufast.(ix) Om det er det liten tvil. Takka være dette vert Noreg no rekna for å vera antisemittisk og anti-israelsk. Kanskje det er på tide å spørja om Anniken Huitfeldt og Espen Barth Eide i realiteten var / er «stråmenn» (x) for LO?
Nietzsche sa: «Penger er maktens brekkjern» (xi). Med LO si rikelege – og udemokratiske – støtte til Det norske Arbeidarparti, har dei kanskje makt nok til å bestemma kva politikk regjeringa skal føra mot Israel og jødane?
Eller kva meinar du?
--------------------
(i) Bokstavane står for «Med Israel for fred», og bladet deira heiter «Midtøsten i fokus».
(ii) Dette kunne ordnast på same måte som støtta til trudomssamfunn.
(iii) Etter boikottvedtaket til LO i 2017, melde mange seg ut av LO. MIFF siterer eit par av desse: «Jeg er skamfull over holdningene jeg indirekte har støttet.» og «Hvordan kan jeg stole på at LO arbeider med fakta, likestilling, rettferdighet og god moral i andre saker?» (Dette kan lesast nedst på side 7, andre spalte frå høgre).
(iv) Eg har leitt på internett for å finna kor mange av desse medlemane som arbeider inne i Israel.- Så langt eg veit, har ein stor del av dei palestinske arbeidarane sin arbeidsstad i Israel, men er busette i Judea/Samaria eller Gaza.
(v) Vidare kan me lesa at organisasjonen i 2018 hadde misbrukt 800 000 kroner av NORAD-pengar kanalisert gjennom LO. Vart denne saka gjort opp og pengane tilbakebetalte til NORAD?
(vi) Dette er ei forenkla form av «minimalisert» som kan høyrast i daglegtalen.
(vii) Dvs. etter «The International Holocaust Remembrance Alliance» (IHRA) sin definisjon.
(viii) PNA er «Den palestinske selvstyremyndigheten», på engelsk normalt berre omtalt som PA.
(ix) I utkastet til vedtak på den nemnde LO-kongressen, finn me uttrykket «LO krever….» fleire stader.
(x) «Stråmann: 1. Utstoppa figur av halm. 2. Person som mot betaling tek på seg det formelle ansvaret for ein transaksjon, tvilsam handel.» Etter Nynorskordboka, Det norske samlaget.
(xi) Frå www.ordtak.no
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar