Litt meir om jødane i Tromsø
Vel heimkomen og ferdig med turen nordover, og med boka, har eg likevel lyst å bruka litt meir plass på dette emnet. Som eg nemnde sist, gjev kapittelet «Deportasjonen og utryddelsen» eit godt bilete av den reisa desse jødane vart sende ut på, og staden der dei vart drepne.
Dei siste kapitla i boka viser oss nokre einskildmenneskje, liva deira under krigen - og tida etterpå då dei skulle starta på nytt i det «frie Noreg».
Framsida på boka mi |
Her møter me Pincus Caplan som reiste frå Tromsø til Oslo for å verta lege. Under starten på krigen arbeidde han som sjukehuslege i Drammen. Då han fekk vita at politiet hadde vore for å arrestera han, rømde han til Sverige. Der arbeidde han ei tid som militærlege, men reiste vidare til England og vart ein del av den norske helsetenesta der til krigen var slutt.
Heime att, starta han, som alle dei andre jødane som hadde overlevd krigen, arbeidet med å få tilbake det som hadde vore hans. Broberg skriv:
«Tilbakeføringskontorets offisielle oppgave var å tilbakeføre verdier som var ulovlig konfiskert og beslaglagt etter Quislings ordre om inndragning av jødiske formuer. Tilbakeføringskontoret arbeidet ikke med erstatning av det som var blitt urettmessig tatt fra jødene under krigen. De arbeidet bare med tilbakeføring av det lille som måtte være igjen av verdier på lagre og bankkonti, først og fremst hos de nazistiske likvidasjonsstyrene. Det var i tillegg bare en viss prosentdel av det tilgodehavende som ble tilbakebetalt. Store verdier var forsvunnet. De nazistiske likvidasjonsstyrene og etterkrigstidens tilbakeføringskontor tok ut store administrasjonskostnader av verdiene, og verdiene var generelt undertaksert fordi de var inndratt av likvidasjonsstyrene». (i)
Illustrasjon øvst på side 284 i boka |
Pincus Caplan sin bil, ein Hudson 1938, tok statspolitiet då Caplan hadde rømt, og det kunne dokumenterast at dei hadde køyrt han til vrak. No, under oppgjerdet, vart bilen verdsett til 1 000 kroner, eller 15 % av verdien då politiet konfiskerte bilen. Likvidasjonsstyrets formann hadde dessutan betalt - av Caplans «verdier», garasjeleige etter bilen var konfiskert. Denne rekninga fekk Caplan presentert no. I tillegg nekta politiet ansvar for at bilen «var kjørt i filler» - av politiet sjølv!
Då Drammens Tidende tok opp denne saka, vart kravet om garasjeleige for den konfiskerte bilen, stroke. Men 18.juli 1946 vart det skrive eit brev frå Rikspolitisjefens materialkontor «- at materialkontoret «etter omstendighetene, men under sterk tvil» ville gå med på å reparere bilen på Materialkontorets verksted: En uttrykkelig forutsetning for dette er imidlertid, at det ikke blir gitt kreditt, men at det tvert imot blir betalt inn på forskudd et beløp som antakelig vil dekke reparasjonsomkostningene. Det presiseres til slutt i skrivet at dette generøse tilbudet framkommer av ren velvilje overfor Pincus Caplan.» (ii)
Baksida med forlaget sin info |
«- men verken politiet som hadde ødelagt bilen, Justisdepartementet eller Tilbakeføringskontoret ville betale noen form for erstatning. Pincus Caplan på sin side ville ikke forskuttere utgiftene til reparasjon, og beløpet han ble «tilbudt» å skulle betale på forskudd til politiets verksted var åpenbart ute av proporsjon med et anslag på kr. 4.500. Hele historien endte opp med at Pincus måtte ta hele tapet selv».
Dette groteske dømet på norske myndigheiter si behandling av jødisk konfiskert eigedom, er dessverre ikkje unik. Broberg kjem med fleire døme på det eg vil kalla for overgrep overfor jødane i det som burde vore deira logiske og rettmessige erstatning for den uretten den norske stat ved sitt politi og rettsvesen gjorde under krigen, og i rettsoppgjeret etter krigen. Det er rett at dei som styrde landet under krigen, frå Quisling til den enkelte politimann, og dei som «grapsa til seg» av konfiskerte jødiske verdiar, var direkte ansvarlege, men det hadde tent til Noregs ære om oppgjeret hadde vore enklare, - og dessutan bygt på realistisk verdsetjing av tapt eigedom og tapt liv.
«Da byen ble stille»
Framsidebiletet på øskja til filmen |
Boktittelen reflekterer fokuset i kapittelet «Borte og glemt». Her kjem forfattaren inn på gjenreisingstida, den tida då dei overlevande jødane skulle ha fått erstatning for konfiskerte verdiar og tapte liv.
«Gråpapiret som dekket vinduene i de jødiske butikker og eiendommer var tatt bort. Nye folk og aktiviteter hadde funnet seg til rette i de tomme lokalene. Var det ingen som stilte spørsmål om menneskene som bodde der før?
Jødene var borte. Ikke bare menneskene, men også kulturen, handelen, idrettsaktiviteten, religionen og alt det andre det jødiske samfunnet hadde bidratt til. --- Rettsoppgjøret ble snart låst ned i båndlagte arkiver uten tilsynsrett for den etterfølgende generasjonen. De jødene som ikke kom til rette etter krigen, ble kanskje regnet inn i den store felles mengden som ble kalt krigens ofre. Men var det på slagmarken og i krigen at jødene var omkommet? Var de ikke nærmere ofre for drap og folkemord, enn for krig? Men drapene ble ikke etterforsket av politiet som drap vanligvis blir. Det ble bare stille.» (iii)
Filmen «Da byen ble stille»
Det er mykje meir informasjon i denne boka som eg meinar burde vore offentleg kjent. Eg rår derfor deg som les dette til å ta tid til å lesa boka. I tillegg kan du, som eg gjorde, - gå på biblioteket og låna filmen med same namn. Der får du sjå og høyra ein del av dei som har vore med og gjeve boka – og temaet – breidde og autentitet.
------------
(i) Frå side 284 i boka.
(ii) Frå side 285. Det som stod utheva i teksten, har eg skrive med bold.
(iii) Frå side 298-299. Understrekinga er gjort av meg.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg kløyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar