søndag 23. juni 2024


Framsida på boka
 «Drama om liv og død»

Overståande setning er tittelen på ei bok eg fekk kjøpa på konferansen til Ebenezer Operasjon Exodus (EOE) i Hedal forrige helg. Der var nokre fine dagar med undervisning, mykje bøn for Israel og for jødar som vil gjera «alyiah». (i) Verda over høyrest spørsmål om alyiah på grunn av den store oppblomstringa av antisemittisme, men krigen gjer at dei fleste «vert sitjande på gjerdet». (ii) 

Alyiah er eit eige tema i Det gamle testamentet (Tanakh). Det første utsagnet eg veit om, er frå Moses. Alt før jødane var komne inn i Kanaan, såg profeten at dei skulle verta spreidde utover i verda slik me ser det i dag:

«Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til deg i hjartet ditt ute blant alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til, og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og lyder hans røyst i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine, då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Herren din Gud vil på nytt samla deg frå alle dei folka han har spreidd deg ut iblant.» (5.Mos 30,1-3).

Undertittelen til boka (iii) er «Jødisk historie i Hedmark». Her fekk eg lesa om familien Markus, Mosé Løwinger, Samuel Herskowits, Imre Hercz og «En ukjent jødeskjebne». Denne «ukjende jøden» viste seg å heita Fritz Robert Mankiewitz. Han tok sitt eige liv i fengslet for ikkje å verta sendt til Tyskland.

«Joint»
Og baksida ....

Imre Hercz, Mosé Løwinger og Samuel Herskowits kom til Noreg som såkalla «minusflyktningar», det vil seia slike som var sjuke eller leid av skadar dei hadde fått i leirane i Tyskland. Den amerikansk-jødiske organisasjonen «Joint» betalte den norske stat for å ta imot dei. Dei «skulle ikke bli til økonomisk belastning for landet med sine helseproblemer». Prisen Noreg fekk for å ta imot dei, var 1.600 dollar for kvar sjuk flyktning, og 800 dollar for kvart friskt familiemedlem. (iv)

Noko økonomisk belastning vart ingen av desse, trass helsemessige utfordringar. Imre Hercz vart optikar og fotograf, Mosé Løwinger lege, og Samuel Herskowits fotograf. 

Boka fortel kvar personane kom frå, og om livet deira før og etter dei kom hit. Alle var fødde i Aust-Europa, i land der store overgrep fekk tusenvis av jødar til å røma vestover. Desse kom til Noreg. Nokre av dei hamna i tysk fangenskap medan andre rømde til Sverige og berga seg. Men alle misste nokre av sine i Holocaust.

«Vil historien gjenta seg?»

Under denne overskrifta (v) og i stykket om Imre Hercz, står:

«Han begynte å bli bekymret for at dagens unge kunne akseptere nedsettende holdninger og handlinger mot jøder, slik det ble gjort før og under krigen. Et stort antall skoleklasser har fått besøk av tidsvitnet Imre Hercz, og voksne kjenner hans navn frå foredrag og debattmøter, intervjuer i media og en rekke leserinnlegg».

I same samanheng vert humoristen Otto Jespersens nemnt. Han sa på TV2:

«Jeg vil også gjerne benytte anledningen til å minnes alle de milliarder av lopper og flatlus som mistet livet i tyske gasskamre uten å ha gjort annet galt enn å slå seg ned på personer av jødisk opphav».(vi)
Om dette seier Imre: «Jeg syntes det var vondt å høre at noen lo av dette. Jeg er glad i humor og satire, men eg begriper ikke hva som er humoren i dette. …. Jeg skulle gjerne ha truffet han, fortalt ham, og vist ham bildene av min familie. … Fem av de førti i klassen min overlevde, alle de andre ble drept».

 Han klaga saka inn for Pressens faglige utval (PFU), og fekk medhald i at TV2 hadde brote god
presseskikk.

Åttiårsmarkering på den jødiske gravplassen i Trondheim 2023

Då og no…

Eit brennaktuelt spørsmål er kor langt dei som i dag angrip Israel og jødane, er villige til å gå. Me har sett overfall og herverk mange stader i verda i det siste, og det minner meg om kapitelet «Himmelen mørkner». (vii) Der kan me lesa: 

«Den åpne kampen ble innledet med den såkalte «Krystallnatten» 9. november 1939. Navnet henspiller på de titusener av glasskår som ble liggende igjen etter nazistenes herjinger. I løpet av to netter ble 1.574 synagoger brent, 7000 jødiske forretninger og virksomheter ødelagt, og mer enn 30 000 mennesker arrestert. På bakgrunn av dette ble tyske og østerrikske jøder ilagt en kollektiv bot på en milliard mark, tilsvarende 4.000 mark per person. Jødene ble også pålagt å betale reparasjonene, og utbetalte forsikringer ble inndratt til fordel for statskassen». (viii)

No skjedde ikkje dette i Noreg, men tagging og herverk på jødiske forretningar førekom (som i dag). Jødehetsen og det antijødiske maskineriet som me no ser rundt oss, har mykje til felles med Nasjonal Samling sin strategi. Før krigen hadde dei eit par hundre medlemmar på landsbasis. I 1940 auka talet til 22.000, utan tvil takka være den antijødiske propagandaen som fekk omtrent fritt spelerom i media og i politiske fora.

Snublesteinar til minne om drepne jødar frå Tromsø...
«Norge var i 30-årene et av de landene som var mest avvisende overfor jøder som ville flykte frå Nazi-Tyskland. Jøder ble i 1938 og 1939 oppsiktsvekkende nok ikke anerkjendt som politiske flyktninger, og ble derfor underkastet strengere krav enn andre når de søkte om innreise til Norge.» (ix)

I dag har vår sitjande senterparti-arbeidarparti-regjering gjort oss til ein av dei mest jødefientlege statane i verda. NRK, som er staten sin eigen informasjonskanal, gav plass til journalistane Helene Solheim og Kristi Kringstad så dei kunne engajsera «sine lesere til å få skole og arbeidsplass til å straffe Israel og til selv å boikotte den jødiske staten. NRK pisker opp folket til kamp mot den jødiske staten, kommenterte MIFF».(x) 

Slik eg ser det, passar dette utspelet perfekt inn i NRK og regjeringa si klåre anti-jødiske linje. Det store spørsmålet er berre kor langt dei styrande av i dag er villige til å gå. I 1930-åra og utover utvikla samfunnet seg sakte, men sikkert mot deportasjonen av jødane  til Tyskland, og inndraging av jødane sine verdiar «til statskassen». Det store fleirtalet av norske borgarar gjorde lite eller ikkje noko for å stogga galskapen.

Kor djupt går jødehatet i det norske folket anno 2024?  Eg tenkjer ikkje på regjeringa, NRK og venstresida i norsk politikk si haldning. Den er vel kjend, - men kvar står resten av det norske folket?

Kva vil situasjonen vera i om få år?

 ----------

(i) «Alyiah» er hebraisk betyr «å stiga opp». Det vert brukt om jødar flyttar til Israel. EOE, med hovudkontor i England, hjelper jødar får alle land å flytta heim til landet Gud gav Abraham og hans etterkomarar.
(ii) Eit uttrykk relatert til flyttfuglane. Desse samlar seg normalt i store flokkar før dei set kursen sørover. Dei fuglane som drøyer for lenge  (= «sit att på gjerdet»), går vinteren og harde tider i møte.
(iii) «Drama om liv og død. Jødisk historie i Hedmark», utgjeve av Estergruppen Norge. 1. opplag 2012.
(iv) Frå side 60-61, og side 33-34 (med fotnote på side 34).
(v) Frå side 62 og utover.
(vi) Desse sitata er frå side 62 – 63.
(vii) Frå side 10.
(viii) Sitat frå side 11.
(ix) Item.
(x) Sitat frå:  Med sin oppfordring til boikott av Israel har NRK mistet «troverdighet som uavhengig nyhetsformidler» - Med Israel for fred (MIFF)
- Bibelssitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er forbode å bruka tekst og eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar