søndag 9. juni 2024


Slik stod bjørka då eg kom
Vakre Troms / -ø

Det vakraste med Tromsø, er fjella og fjorden som omkransar byen. Ishavskatedralen, som var så vidkjend då eg vaks opp, var prega av manglande vedlikehald då eg var på konsert der, - ei natt for ein nokre år sidan. Denne gongen var eg ikkje over brua.

No skulle me passa ungar, - mine oldebarn, med foreldra hadde travle dagar med eksamen på UIT. Ei velsigna oppgåve og ein god måte å verta kjent med familien på når avstandane er så store. Dermed vart det ein tur til den botaniske hagen, men det var litt for tidleg på året til å få den store opplevinga der i garden.

Men den lokale tromsnaturen synte meg noko eg ikkje trudde gjekk an. Bjørka stod med små musøyreblad då me kom, og var i full blomstring. Ei veke etterpå var blada omtrent heilt utvaksne, sikkert takka være den lyse natta og dei varme soldagane me fekk. Og bak det heile dei vakre fjella både utover og innover, spisse og bratte. Reine alpane!

Minnestøtta over dei deporterte jødane...
Derimot var vårblomstrane eit sorgens kapittel. Over alt blomstra ein stort sett gul primula i lag med hestehoven som finst landet over. Etter å spurt fleire om namnet på primulaen, fekk eg endeleg svar: Det er ein forvilla hageprimula som kom, treivst, og no er over alt! Det same kan me ikkje seia om jødane….

Kanskje dei kom til Tromsø samtidig, kva veit eg. Men dei einaste «jødane» eg møtte på mi vandring i sentrum, var nokre små, temmeleg usynlege, men likevel viktige minne om nokon som ein gong var:- Snublesteinar. Det skal vera seks grupper snublesteinar som vart lagt ned i 2014. Eg fann nokre av dei.

Minnestøtta på Amundsens plass

Roald Amundsen stod stiv og polarkledd og myste morskt over plassen i vårsola. Han snudde hovudet vekk frå minnestøtta på hjørna nedanfor. Der fann eg namna på 17 jødiske born, kvinner og menn som vart sende til døden frå Tromsø. Bronseplata har teksten: «Til minne om jøder frå Tromsø drept i tyske konsentrasjonleire. Reist i dyp ærbødighet av deres landsmenn. Vi må aldri glemme». Men då eg las forskjellege stader om då minnesmerket vart reist, var det noko anna som beit seg fast i meg. Kanskje nett fordi det var ein tankegang som gjekk att mange stader!

«- det fins da ikkje penga her i byen til sånt»

Roald Amundsen ser som sagt ikkje mot minnestøtta over dei drepne jødane. Kanskje han og er flau for grunngjevinga Tromsø kommune gav då dei fekk spørsmål om å støtta reisinga av minnesmerket? Overskrifta over er svaret jødane, fekk den gongen…. (i)

Roald Amundsen ser ein annan veg...
Heimtur med Henrik Broberg – og ein uynskt fylgjesvein

På tur innom ein bokhandel, vart boka «Da byen ble stille» av danske (?) Henrik Broberg oppdaga. Dermed vart Broberg reisefylgjet mitt resten av tida i Tromsø, og på turen heim. Boka imponerte meg. 

Ein del hadde eg lese om jødane der nord før, men denne forfattaren har gjort eit grundig arbeid med å leita opp data og få fram relevante «facts». Eg fekk vita kven desse jødane var som slo seg til her, og kva dei dreiv med i arbeid og fritid. Broberg har skaffa bilete både frå private og offentlege kjelder, og presenterer kopiar av viktige dokument som viser dei urettane som den norske stat – og den lokale administrasjonen, gjorde mot jødane under og etter krigen.

Livspolisane

Eva Shotland og ei rekkje andre jødar teikna livspolisar og betalte premiane som dei skulle. Dermed hadde familien noko i tilfelle død, eller – om dei trong pengar, som dei kunne «innløysa» og få utbetalt ein viss del av det innbetalte. Om dette skriv Broberg:

«Da jødene ble arrestert og deportert ble også alle verdier, løsøre og formuer inndratt. Men det faktum at det kunne hentes penger ut av livsforsikringspoliser fikk en dobbelt tragisk konsekvens. Når myndighetene fant slike poliser ved gjennomgang av boligene og eiendelene til jødene, ble de systematisk tvangsoppsagt for frigjøre gjenkjøpsverdien. Dette er selvfølgelig en total uakseptabel og i seg selv ulovlig handling som de ansvarlige kunne dømmes for etter krigen, men oppsigelsene fikk samtidig den konsekvens at livsforsikringene ikke ble utbetalt når jødene ble drept siden forsikringene da ikke lenger fantes. 

Så grøne vart liane
Ved oppgjøret etter krigen framgår det av de mappene som er gjennomgått vedrørende de drepte i Tromsø, at bare det lille beløpet tilsvarende gjenkjøpsbeløpet forsøkes tilbakeført, og de etterlatte ser dermed ut til å være lurt for store erstatningsbeløp. Også forsikringsselskapene hadde selvsagt stor interesse av at dette skulle gå i glemmeboken». (ii)

Møtet med etterlevande og andre

Gjennom samtalar og intervju med personar knytt til det jødiske miljøet i Tromsø, gav boka meg eit levande bilete av det som hende. Her er eit avsnitt frå samtalen med Bjørg Rotvold:

«I forhold til jødehat, så husker jeg ikke at det var noe utbredt hat mot jødene i Tromsø før krigen, bortsett fra hos den del av den norske befolkning som ble Quislinger, og de var jo regelrett hjernevasket. For min egen del har jeg aldri merket at jødene som mennesker var forskjellig fra oss andre, men jeg husker likevel at det var mange ganger under min oppvekst, hvor den krokete nesen min, som jeg forøvrig har arvet etter min far, ble brukt mot meg når noen ble uvenner med meg. I slike situasjoner på skolen ble det ropt «jødenesen, jødenesen» og så brukte jeg å gråte til lærerinnen min, frøken Andersen, og hun tok dem fatt og sa at Bjørg har ikke jødenese. Hun har en aristokratisk nese. Det slo jeg meg til ro med.» (iii)

«Deportasjonen og utryddelsen»      

Eit av dei siste kapitla i boka er om ei reise til Auschwitz som forfattaren gjorde samen med Kjell Arman Smith, etterkomar etter ein av dei som vart drepen der nede. Som så mykje anna av dokumentasjonen eg fekk lesa, er dette noko eg ikkje lett kan gløyma. Kanskje fordi eg sjølv var der for ikkje lenge sidan…

Favel, Tromsø, for denne gong....

Og den uynskte fylgjesveinen på turen?

Ein UHU limstift. Eg var ikkje komen lenger enn til side 29 då eg oppdaga at sidene gjekk over til lausbladsystem! Utan UHU-en si hjelp hadde eg enda opp med ein bunke flygeblad, og korleis skulle det gå på flyturen til Flesland der det i tillegg var streik den dagen????

Kort sagt: Innhaldet i boka imponerte meg, men for innbindinga har eg berre eitt ord:  

                          UHU!

-----
(i) Dette er referert mellom anna i: Jødene i tromsø, Holocaust | Deportasjonen fra Tromsø ble et vellykket nazisitisk prosjekt.  Det jødiske Tromsø ble utryddet. (nordnorskdebatt.no)
(ii) Side 70, 1. avsnitt.
(iii) Frå side 137.

Merknad: Bileta har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar