søndag 3. november 2024

 The Jewish Chronicle

Eg nemnde i ein tidlegare blogg at eg vart kjend med avisa «The Jewish Chronicle» (JC) gjennom ein ven. Anne Sender skriv i si bok: «Den første jødiske presseavis, Londonavisen The Jewish Chronicle, så også dagen lys på grunn av interessen saken skapte». (i)

Skjermdump frå Wikipedia sin artikkel
«The Jewish Chronicle» kom ut med første nummeret i 1841, og er den eldste jødiske avisa som har vore saman-hengjande utgjeve til no. Bladet kjem kvar fredag. Når utgjevingsdagen kolliderer med jødiske heilagdagar, kjem bladet med utgåva si tidlegare i veka. 

Hovudoppslaget på førstesida 17.01.1896, var «Ei løysing på det jødiske spørsmålet» av Theodor Herzl. (ii) Han skriv der: 

«Men me kan ingen ting gjera utan entusiasmen i vårt eige folk. Ideen må bana seg veg inn til dei lengst vekke, miserable hola der folket vårt bur. Når dei vaknar frå sine dystre grublingar, vil liva deira få ei heilt ny meining. Lat kvar og ein tenkja lenger enn til seg sjølv. Å, for nokre enorme dimensjonar denne rørsla kan få! Ære ventar dei som ikkje berre tenkjer på seg sjølve, men på saka. Ein underfull generasjon av jødar vil stå fram. Makabearane vil stå opp att.

Og slik vil det verta: Den fattige og enkle veit ikkje kva kraft mennesket alt har over naturen. Det er nett desse som vil ha den sterkaste trua på denne nye bodskapen. For desse har aldri misst håpet om Lovnadslandet.» (iii)

«Eg er sionist fordi eg er ein jøde» (iv)

Skjermdump frå avisa eg siterer frå - med bilete av rabbien

Orda i overskrifta kjem frå over-rabbinaren Ephraim Mirvis (v) i ein artikkel i bladet «The New Statesman», referert i JC. Han fortsette med å snakka om samanhengen mellom Israel og det å vera jøde, og seier at «73 % av britiske jødar seier dei er kjenslemessig knytte til Israel, og 80 % av amerikanskje jødar seier at omsorg for Israel er ein viktig del av deira jødedom». (vi)

Sionisme vert ofte misbrukt mot jødar som eit uttrykk for overgrep knytt til kolonialisering og aparteid, og Mirvis understrekar at lesarane må forstå at sionisme ikkje «medfører at ein støttar politikken til noko spesiell regjering i Israel, og er heller ikkje brukande som støtte til velvære og spesielle rettar for palestinarar». (vii)

Gatebilete frå Jerusalem. Stadig fleire kjem heim ....
Rabbien seier vidare at for å forstå sionisme, må ein først læra judaismen å kjenna. Judaisme er rett ut sagt eit uttrykk for den jødiske identiteten knytta til kongedømet Juda. (viii) Denne jødiske identiteten, «judaismen»  held fram også etter at romarane endra namnet på landet til Syria-Palestina for å bryta alle band mellom jødane og heimlandet. Arbeidet med å de-legitimisera og få bort jødane si tilknyting til landet, har halde seg heilt til i dag.                                             
Uansett kvar jødane slo seg til, var landet Israel, og Jerusalem spesielt, sentral i deira daglege liv, skriv rabbien. Draumen om ein gong å venda tilbake til heimlandet, har alltid vore ein sentral pilar i den jødiske tankegangen. Sionisme er derfor ein del av det å vera jøde.

Sionisme er heller ikkje ein politisk ideologi. «Det er heilt enkelt eit uttrykk for det uløyselege bandet det jødiske folket har til og i Israels land». (ix) Så langt over-rabbiens ord.

«Uansett kven han er som ikkje klårt kan fordømma Irans avskyelege angrep på Israel, er ikkje verdig til å setja foten på Israels jord» (x)

Dette utsagnet frå Israels utanriksminister er ei av under-overskriftene i JC i dag. (03.10.24). Under eit bilete av FNs generalsekretær står det at han, etter å ha vorte nekta innreiseløyve til Israel, no «har gjort ein u-sving». Så står det att å sjå korleis saka vil utvikla seg. Eg for min del, - og eg har heldigvis ingen ting eg skulle ha sagt, ser ingen grunn til at FNs generalsekretær og den norske utanriksministeren skulle få lov å koma inn i landet. Begge har for mange anti-israelske og antisemittiske utspel bak seg til at deira nærver kan resultera i noko anna enn «å hiva meir ved på bålet»!

I «Klagemuren» er der bønnesetlar frå mange av oss
«Leiaren for avdelinga som skulle stogga Israelsk etterretning i Irak, var sjølv agent for Mossad»

Denne artikkelen i JC 01.10.24 forklarar korleis Israel fekk tak i Iran sine mest hemmelege dokument. Det eg hugsar, var Netanyahu sin tale der han synte oss permane med hemmelege iranske dokument som beviste arbeidet deira med å utvikla atomvåpen. Han heldt den dagen ei teikning av ei bombe i handa!

«Leiaren for Irans avdeling som skulle fylgja med og hindra israelsk etterretnings aktivitet i landet, var sjølv Mossad agent, samen med 20 andre av staben, har Irans tidlegare president, Mahmoud Ahmadinejad, vedgått».(xi)

Det var i 2021 at det vart oppdaga at senior-agenten deira, var dobbelagent, og at han stal sensitive dokument og gav dei til Israel.  Denne dobbelagenten og 20 andre var det som tok dokumenta om Irans atomplanar i 2018 sam-stundes som dei eliminerte iranske atomforskarar, skal Ahmadinejad ha sagt.

Det bør me vera glade for. Eit prestestyre i Iran med atomvåpen er ein reell trussel både for jødane og oss andre i denne verda. Men er det nokon annan enn Israel som er villig til å «ta av seg silkehanskane» og stogga galskapen?

Lat oss be om at det må skje, samstundes som me takkar Abrahams, Isaks og Jakobs Gud for dei mennene som våga livet for at sanninga skulle koma fram i lyset.

---------

(i) Frå side 207 i boka «Vår jødiske reise», av Anne Sender, Cappelen Damm AS, 2013. ISBN 978-82-02-38324-4. «Saken» ho nemner, er «The Damascus Blood Libel» då åtte jødar i 1840 var anklaga for å ha drepe ein syrisk munk og brukt blodet hans i påskebrødet. Saka fekk stor merksemd verda over.

(ii) Wikipedia har eit skjermbilete av den utgåva. Det er det biletet eg refererer frå.

(iii) Kopiert frå Skjermdumpen: «But we can do nothing without the enthusiasm of our own nation. The idea must make its way into the most distant holes where our people dwell. They will awaken from gloomy brooding, for into their lives will come a new significance. Let each of them but think of himself, and what vast  proportions the movement must assume! And what glory awaits those who fight unselfishly for the cause! A wonderous generation of Jews will spring into existence. The Maccabæans will rise again. And so it will be: it is the poor and the simple who do not know what power man already exercises over the forces of nature, it is just these who will have firmest faith in the message. For these have never lost the hope of the Promised Land».

(iv) Mi omsetjing av overskrifta «I am a Zionist because I am a jew».

(v) Ephraim Mirvis, f. 07.09.1956 i Cape Town, Sør-Afrika, er ein ortodoks rabbi som vart over over-rabbi i «The United Hebrew Congregations of the Commomwealth» i 1991. (Info frå Wikipedia m.fl).

(vi) Mi oms.: «… according to the Institute for Jewish Policy Research, 73 per cent of British Jews say they feel an emotional attachment to Israel, and 80 per cent of American Jews surveyed by the Pew Research Centre say that caring about Israel is an important part of their Judaism.»

(vii)  Mi oms.: “…. does not entail an endorsement of the policies of a particular Israeli government, nor is it mutually exclusive with advocating for the welfare or rights of Palestinians.”

(viii) Kongedømmet Juda eller Judea oppstod i år 930 f. Kr. etter Salomos død. Salomos rike vart delt i Nordriket (Samaria) og Sørriket (Judea).

(ix) Mi oms.: «It is quite simply a manifestation of the unbroken attachment of the Jewish People to and presence in the Land of Israel.»

(x) Original tekst: «Anyone who cannot unequivocally condemn Iran's heinous attack on Israel does not deserve to step foot on Israeli soil».

(xi) Original tekst: «The head of Iran’s unit tasked with monitoring and impeding Israeli intelligence activities in the country was himself a Mossad agent, along with 20 other members of the unit, former Iranian president Mahmoud Ahmadinejad has admitted.»

Bileta og skjermdumpane har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!


søndag 27. oktober 2024

 
      Hersketeknikkar

Framsida på boka eg refererer frå
Det er sagt at Israel har vunne alle krigane landet har hatt, men tapt kampen i media. No står landet oppe i ein krig som er ulik alle andre krigar, i alle fall så langt eg forstår det. Der er tre element i desse krigshandlingane som me ikkje har sett før, eller som no har fått heilt andre dimensjonar og vorte avgjerande for krigens gang.
(i)

Det første er bruken av tunellar. Første verdskrig vart kjend for å vera ein skyttargravskrig der soldatane oppheld seg mest i opne grøfter. Dei hadde då rom der dei kunne trekkja seg tilbake for å kvila, eta og sova. Under Gaza har terroristane bygt rundt 500 km tunelar der dei har komandorom, opphaldsrom, produksjonrom for våpen, og ikkje minst korridorar for flytting av våpen og personale utan at det kan merkast oppå jorda. (ii) Både under grensa til Egypt og nær grensa til Israel er tunellane så store at terroristane kunne bruka bil i dei! 

Det neste særdraget er den kyniske og planlagde bruken av sivile personar og offentlege bygg som skjold. Tunellen der dei nyleg drepne gislane vart funne, hadde inngang frå eit barnerom i eit vanleg hus. Kven kunne tru at i eit barnerom med Mikey-mus-plakatar på veggen, kunne vera døra til torturkammeret der gislane vart haldne og seinare drepne? 

Det same gjeld bruken av skular, barnehagar og hospital som skjold for utskytingsrampar og / eller utgangar der terroristane fort kunne dukka opp eller forsvinna. Det er dokumentert at UNRWA personell og personar i helsevesenet aktivt deltok som terroristar. Ein doktor på eit sjukehus var «verten» til nokre av gislane, har det kome fram. Det  same gjeld bruk av ambulansar og bilar merkte med ofentlege logoar, - til transport av terroristar og våpen.

Grensesetjing er viktig, - som denne
for  at folk ikkje skal køyra på sjøen...
Det siste særdraget er bruken av media. Her er det terroristane – eller «Israels fiendar» – som har «definisjonsmakten» som Sigrid Sollund kallar det i boka si. Gjennom dette har dei oppnådd mistenkeleggjering og hat mot alt som har med Israel og jødar å gjera. (iii)

«Kampen om definisjonsmakten»

Kapitlet med overståande overskrift endar – som alle kapitla i boka – med eit resyme. Her er overskrifta «Råd mot virkelighetskupp». «Palestinarane» (iv) seier at dei er fordrivne av Israel, men det var før det engelske mandatområdet skulle avviklast, at det vart vedteke å gjeva jødane eit heimland der. Dette vart stadfesta av Folkeforbundet og seinare FN, men korkje FN eller dei pro-palestinske agitatorane ser ut til å hugsa dette i dag.

Det same gjeld definisjonen av «krig». I det eg skriv dette (v), er media fylte med informasjon om alle personsøkjarane som har eksplodert i Libanon.  Dei har drepe eit tjuetals menneskje og såra fleire tusen. No ropar USA og FN om «Fåre for krig mellom Israel og Hizbollah», og dei prøver å «få Israel ifrå å starta krig»!

Det vil seia at dei – og media generelt, ikkje reknar eit regn av rakettar og droner over Nord-Israel frå 08.10.2023 som «krig». At mellom 50- og 70 000 israelarar er fordrivne frå heimane sine på grunn av dette, ser heller ikkje ut til å vera grunn nok til å seia at Hizbollah starta den krigen for snart eitt år sidan. Neidå, det er først når Israel seier at «Nok er nok» og vil ha ei opprenskinga i Sør-Libanon, at det vert ropt «Krig! Krig!».

 Denne "verneverdige låsen" er berre til pynt.
Det same er FNs vedtak om Hizbollah....
(Den har drill, gjer som han vil.) 
Det er heller ingen dum ide å hugsa på at heile Sør-Libanon opp til elva Litani høyrer til det landet Gud gav jødane. FN har dessutan sagt at Hizbollah ikkje fekk lov etablera seg i Sør-Libanon. Det skulle vera ei slags demilitarisert sone mellom Hizbollah og Israel, ei sone FN skulle ha tilsyn med. Og USA med fleire har drive aktivt diplomati for å få terrororganisasjonen til å oppfylla FN-resolusjonen. Men til inga nytte. Det snakkar ingen om!

No fortel libanesiske kristne at Hizbolla kjem og har utskytingsrampar i deira jordbruksområde - for bruka dei som skjold. (vi) Slik kan dei – som Hamas - drepa jødar og gøyma seg bak sivile libanesarar og FNs «fredsbevarande» styrkar. Dei har gjort dette i nokså nøyaktig eitt år, men det dei gjer, må eller kan ikkje reknast som «krig». «Det er Israel som fører krig!»

«Mistenkeliggjøring» og «Avledningsmanøvre»

Dette er dei to neste kapitla i Sollunds bok. Også i internasjonal samanheng er det ho skriv om, ein realitet. Mistenkeleggjering og avleiingsmanøvrar vert bevisst og ubevisst brukt. Informasjonsflyten er ikkje berre einsidig. Den har ei «innebygd» mistenkeleggjering av alt Israel seier. Ofte kjem slikt i tilegg til avsporingar frå historiske realitetar. Det var det som gjorde at eg for snart eitt år sidan kutta ut NRK-TV og særleg «Dagsrevyen».(vii)

Set same gjeld stoffet Sollund skriv om «Umyndiggjøring og maktkamp». Israel sa «Ja» både då det gjalt delingsplanen i 1947 og seinare i Oslo-avtalen. Det var arabarane som blokkerte planane. Men jødane vert stadig gjeva skulda for at desse avtalane har ikkje vorte oppfylte, endå landet har gjort meir for fred i Midtausten enn nokon annan stat!

Tenk om Israel ikkje hadde stogga slik FN og andre bad om, sist dei kriga mot terroristar i Gaza? Hadde dei gjort seg ferdige med det dei starta på då, er det mogeleg at titals tusen liv hadde vore spart no! Og om ikkje Israel beheld kontrollen av Philadelphia-korridoren mellom Gaza og Egypt, kor lang tid vil det gå før Hamas er i full gang att med å laga nye tunellar og produsera og lagra rakettar m.m.?

Når leiken er slutt....
Slike argument vert mistenkeleggjort og forkus vert flytta til «dei stakkars sivile» og «uskuldige» som har det så vondt. Mange i Gaza har innsett at dei vert utnytta og har størst verdi for Sinwar og hans medsamansvorne i krigs-statistiken som Hamas sender ut over verda. Eg for min del trur lukkelege og glade innbyggjarar i eit Gaza ville øydeleggja terroristane si støtte i folket. Det var store planar om framgang og vokster gjennom å utnytta turismepotensialet til Gaza for nokre år tilbake.  No har denne grusomme krigen har lagt det meste i ruinar, og øydelagt tusenvis av familiar. Dei fleste ville ha rømt om Egypt og dei andre arabarstatane hadde vist vilje til å ta mot dei.

I boka eg tek døme frå her, kan du lesa om «Latterliggjøring og påføring av skyld og skam». Der er og eit kapittel om «Følelsesmessig utpressing» som kanskje er den viktigaste grunnen til at Israel er den tapande parten i mediakrigen. Å sjå born som har misst armar eller bein, eller høyra gråten frå mange som har misst sine kjære, påverkar oss. Det er trist og gjer vondt. Ingen skulle vera nøydde å oppleva noko slikt som dei har gjort i Sør-Israel og Gaza dette siste året. Korkje vaksne eller born. Korkje jødar eller «palestinarar».

Som resultatet av denne mediastormen, får me noko som Sollund kallar «manipulert samvittighet». Den oppstår når kjenslene våre blokkerer for faktabasert kunnskap. Til slutt kan me enda opp med eit «manipulert realitetsbilete», slik mange som støtta Hitler og Nazi-Tyskland gjorde under andre verdenskrig.

----------

Dette får vera nok for i dag. 

Synest ikkje du og det?

----------------- 

(i) Eksplosjonane av elektronisk utstyr brukt av Hizbollah siste dagane, er også ei form for krigføring verda aldri før har sett maken til. Det gjeld uansett kven det er som har gjort «oppfinnelsen». 

(ii) Eg har lese at desse konstruksjonane kalkulerte til milliardar av dollar, pengar som truleg i stor grad er omdirigerte frå hjelpefond og internasjonal støtte.

(iii) Vil du lesa meir om kva eg meinar, har eg vore innom dette 25.01.24 i «Ordkrig», 04.02.24 i «Dikt og forbannet løgn»,  og 05.05.25 i «Løgn» og «Løgnens regime». 

(iv) Eg skriv «palestinarar» i hermeteikn fordi det historisk sett ikkje finst eit folk eller ei folkegruppe med det namnet. Namnet oppstod då romarane, etter dei jødiske krigane i dei første århundra av vår tidsrekning, valde å kalla området Palestina. Namnet vart brukt heilt fram til slutten på det engelske mandatet. Alle som budde der, var «palestinarar», enten dei var arabarar, drusarar, jødar eller tilhøyrde andre folkegrupper i området.

(v) Kalendaren viser i dag 19.09.24, men det vil ta nokre veker for innlegget vert lagt ut. Det er ikkje alle veker eg får tid til å skriva, så derfor må eg ha noko på lager.

(vi) På ein bønnetur eg var på, stod me ved det israelske gjerdet og såg over dalen og inn i Libanon. I skråningen på hi sida var FN-leiren, og kvite FN-bilar køyrde langs grensa. På høgdene bak fekk me peika ut Hizbollah-leirar og stader der dei  meinte  det var bygt utskytingsrampar.

(vii)  Sjå bloggane for 22.10. og 29.10.23. Etter det har eg sett «Dagsrevyen» (ufrivillig) to gonger. Då var eg på besøk hjå folk og fann at eg ikkje kunne be husfolket slå av.  Men det var – som alltid, ei pina å høyrar på Midtaustens-korrespondenten deira.

---------------

Merknad: Bileta har eg teke sjølv, også det av boka til Solund.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg. 


søndag 20. oktober 2024

Informasjon «an sich»

I bloggen for ei tid sidan skreiv eg om hersketeknikkar, og «Kampen om definisjonsmakten». Alt dette kretsar – ikkje om realitetane i det som skjer i Midtausten, men om det «fargelagde» biletet av det som skjer der nede. 

Frå det vesle eg har studert av filosofi, er det Kant som sit best att i minnet. Erkjenninga av at erfaringar og informasjon ikkje er absolutt kunskap, er grunnleggjande. «Alt kjem an på augene som ser», sa dei på Strilalandet då eg var liten.

Kant meinte det same og innførde begrepa «das ding für mich» og «das ding an sich». (i) Han synleggjorde det med å snakka om «kva briller me har på oss». Desse «fargar» alt me ser. Vår «syns-oppleving», og det som verkeleg skjer, samsvarar derfor ikkje. Likevel er det «vår oppleving» som fester seg i oss, - og i neste omgang styrer våre handlingar.

Mediaflaumen frå Midtausten er så sterkt «fargelagd» at det grensar opp mot den Ibsenske vurderinga «Dikt og forbannet løgn». (ii) Det vil ikkje seia at det ikkje er grusomt det som skjer der nede. INGEN skulle nokon gong vera nøydde å gjennomleva det dei stakkars menneskja har opplevt og sikkert får oppleva i framtida om ikkje Israel får reinska ut terrorregimet. Då tenkjer eg på dei som verkeleg er uskuldige, dei som ufrivillig lir under terroren, enten dei er "palestinarar" eller jødar.. 

Faksimile av headingen på bladet eg fekk
Dei som har støtta Hamas - inkludert dei som har pøst inn «naud-hjelp» som har gått til våpenkjøp og -
produksjon, konstruksjon av tunellar og til lærebøker som instruerer til jødehat, har blod på hendene. Inkludert FN og den norske regjeringa. (iii)

For deg som har vore så heldig (eller uheldig ?) at du les bloggen min, veit at eg har kutta ut NRK-TV. I mine auge og øyre er det for mykje av informasjon – eg meinar då fargelagt informasjon – av typen «Peer Gynt».

Du kan meina at eg ligg i «den andre grøfta». Det har du full rett til å meina. Kanskje du til og med har rett. Kva veit eg?  Eg kan berre sjå «das ding für mich», slik du gjer «für dich». Og – det trur i alle fall eg – berre Gud kjenner «das ding an sich». 

Men dette er eit val eg har gjort: Eg har kutta ut NRK TV, og «kutta inn» Jerusalem Post (på internett) og ILTV sine kveldssendingar på engelsk. Og nett no har eg fått ei ny informasjonkjelde eg må utforska.

Stykke frå informasjon frå England
«The JC»

Ein ven av meg som kom att frå England, hadde med seg eit nummer av «The Jewish Chronicle» (JC). Bladet er frå 30.08.24, altså ikkje nytt, men for meg eit blad eg aldri hadde høyrt om. Berre det var spennande i seg sjølv. Her er litt av det bladet fortalde meg:

Framsida sin viktigaste artikkel: «Avslørt: Dusinvis palesinske diplomatar feira 7. oktober». Kjelda til informasjonane er ambassadør Dennis Ross. Opplysningane byggjer på ei undersøking som viser at palestinske diplomatar ved FN og rundt om i Europa feira terrorhandlingane Hamas og dei andre Gaza-terroristane utførde i Sør-Israel 07.10.23, og at dei samanlikna Israel med nazistane under andre verdenskrigen. Gjennomgang av fleire hundre utsagn frå over 30 diplomatar, viste at dei kallar israelske troppar «nazistiske»!

«Det mest urovekkjande utsagnet starta sjølve 07.10.23. Hassan Albalawi, diplomatisk leiar for den palestinske misjonen til EU, reagerte med å feira den heroiske handlinga til Hamas. Adel Atieh, den palestinske ambassadøren til EU skildra terroristane som «folkets mektige». Khuloussi Bsaiso, ein palestinsk diplomat ved FN, delte eit kart av Midtausten utan Israel. «Palestina slik det burde vera», var hans kommentar.» (iv)

I Storbritannia publiserte konsulen for den palestiske misjonen i London på TikTok (03.11.23) eit israelsk flagg i lag med Hitler, og under eit bilete av Netanyahu under nazistføraren. Undersøkinga har funne dusinvis av liknande døme.

Faksimile frå stykker om bruken av jødiske gislar

Konklusjonen som eg drog av artikkelen, er at dette er tydelege og umotseielege bevis på at leiarane for «Det palestinske sjølvstyret» (PA), dei Noreg ser fram til skal leia «ein framtidig og fredselskande palestinsk stat i Judea og Samaraia» er idiologisk sett eitt med terroristane både i Gaza, Libanon og Yemen! (v)

Side 12 har ein artikkel om Sinwar sin bruk av jødiske gislar som skjold. Artikkelen, skriven av E. Perry, startar med. «Berre omkring 20 av dei jødiske gislane er haldne av Hamas. Desse har handjern på seg og vert brukt som menneskeleg skjold rundt leiaren, har etterretningskjelder fortalt til JC. 

Leiaren for terroristane har gislane omkring seg, og dei vert haldne saman med han under jorda. Israel har allereie ved fleire gonger kunna ta han av dage då dei har lokalisert tunellane der han oppheld seg, men åtaket har ikkje vorte godkjend på grunn av fåren for gislane, har etterretningskjelder foltalt. 

Dei andre gislane, både levande og døde, meinar dei vert tekne hand om av mindre terrorgrupper».(vi)

Kva står i «JC» av dag?
Utklipp frå internett om nyttårsinnsamlinga til JC

I skrivande stund (27.09.24) er hovudoppslaget på internett at Netanyahu nektar for at der er noko nært føreståande våpenkvileavtale med Hizbollah, og at det er stor motstand i den israelske regjeringa mot forslaget.

Ein annan artikkel har overskrifta: «Ayatollah skulle vorte dømt og eventuelt få dødsdom for feilen med person-søkjarane, seier grunnleggjaren av Hizbollah». Dette har Subhi Al-Tufayli skrive på YouTube-sida si. (vii)

Som siste «klipp» frå bladet i dag, vil eg ta med at JC denne Rosh Hashannah samlar inn pengar for å utvikla ein ny førstehjelps-motorsykkel. 

I går feira jødar «den store velsignelsesdagen», og kjære venner i Israel sende si velsigning også til oss her oppe «i det kalde nord». Snart skal dei feira Rosh Hashannah – jødisk nyttår. Eg velsigna JC-innsamlinga og ber om at dei må få inn alt dei treng til å utvikla verdens beste førstehjelps-motorsyklar!

Måtte landet i tillegg verta velsigna med FRED slik at bruken av desse syklane vert redusert til berre normale ulukker…

-------------- 

(i) Det første er «Tingen slik han ser ut for meg» og den andre «Tingen slik han verkeleg er».

(ii) Frå «Peer Gynt», 2. handling. (Eg har tidlegare vore inne på dette temaet i bloggane 05. og 25.05.24.)

(iii) Det siste er at terroristar som 07.10.23 var med på valdtekter, drap og bortføringar i Sør-Israel, men som var og er tilsette i UNRWA, har «diplomatstatus» (= juridisk immunitet). Dei kan derfor ikkje dømmast for misgjerningane. (Om dei hadde valdteke, drepe og bortført menneskje som ikkje var jødar, ville FN handheva same regelen då og? Det trur ikkje eg!)

(iv) Mi omsetjing av: «The most disturbing statements began on Octuber 7 itself. Hassan Albalawi, the deputy head of the Palestine mission to the EU, reacted by celebrating Hamas as «heroic», while Adel Atieh, the Palestinian ambassador to the EU, decribed the terrorists as «the people of the mighty». Meanwhile, Khuloussi Bsaiso, a Palestinian diplomat at the UN, shared a map of the Middle East without Israel. «Palestine as it should be,» he commented.»

(v) I Israel nokre år tilbake fortalde guiden vår at ho sat inne på eit rom fullt av guidar og bussjåførar knytte opp til Israels turist-industri. Med dei hadde pause og åt middag, kom det på TV at ein buss var sprengd av ein sjølvmordsbombar i Jerusalem.  Svært mange jødar var drepne eller stygt såra. Då viste det seg at ho var einaste jøden i rommet. Alle dei andre hoppa og jubla og feira udåden! Dette var folk med faste jobbar og som levde godt av det arbeidet jødiske arbeidsgjevarar (og truskyldige turistar)  gav dei!

(vi) Mi omsetjing av: «Only around 20 of the Israeli hostages are being held by Hamas and these are being kept in handcuffs as human shields around the leader, Yahya Sinwar, intelligence sources have told the JC. The terror chief har surrounded himself with the captives, who are being held with him underground. Israel has already had several opportunities to eliminate him after locating the tunnels in which he was hidding but the attack was not authorised because of the danger to hostages, intelligence sources said.»

(vii) Mi omsetjing av: «Ayatollah should face trial and potential death penalty over pager attack failure, says Hezbollah founder».

---------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 13. oktober 2024

Skjermdump frå 
https://snl.no/Bernhard_fra_Clairvaux

 «Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar»

Den franske munken Bernhard av Clairvaux (i) skal ha sagt overståande. Han vart «helga» i 1174, og «doctores eccleciae» i 1830.  Orda er like sanne i dag. Dessverre.

I går såg eg ILTV’s markering av 07.10.23. Dagane før hadde eg vore «på tur» med Anne Sender i hennar «Vår jødiske reise» (ii). Det gav mykje informasjon om jødar både her i landet og ute i verda. Om henne sjølv og, til dømes dette:

«Jeg tror på reell dialog, at ansikt til ansikt-kommunikasjon gjør noe med menneskene som er involvert, og derfor kan endre beslutninger og skape nye virkeligheter. Ikke dialog for enhver pris, og ikke uten strategisk plan, strukturer og eventuelle premisser, tidsbegrensede sanksjoner, men så lenge mange liv kan spares er dialog verd forsøket.» (iii)

Osloavtalen har ho skrive om frå side 161 til163, ein avtale ho kallar «en femårig interimsplan for fred». (iv) 

På fruktene skal treet kjennast
«De ulike reaksjonene kom veldig tett på da Yassir Arafat, Yizhak Rabin og Shimon Peres fikk Nobels fredspris for sin «modige fred». Rabbiner Melchior gikk selv ut med støtte. Også han med begrunnelsen fra bibelens ord om at fred må vi skape selv, og at det ikke står noen steder i våre hellige skrifter at ikke land kan gis for å sikre freden». 

Rabbien får eit forklaringsproblem når han ein dag skal stå for sin Gud. (v) Tanakh (GT) seier: «Jord må ikkje seljast for all framtid. For landet er mitt, og de er framande og innflyttarar hos meg….» (3. Mos 25; 23) Her ser me at Israels land er Guds land. Ikkje ein gong internt mellom jødane kunne jord overførast eller seljast lenger enn til sabbatsåret, og det var ikkje nemnt i Osloavtalen!

Joel profeterer og uttalar Guds dom over dei som «delte landet». (Joel 3, 6-7). Amos skriv at ein dag skulle Gud reisa opp att «Davids falne hytta», og legg til: «Eg plantar dei i deira eiga jord, aldri meir skal dei rykkjast opp av den jorda eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.»  (Am 9; 11+15). Det Osloavtalen gjorde, var å dela landet, og Rabin dreiv dei heimvende jødane bort frå jord Abrahams, Isaks, Jakobs Gud hadde lova dei!

Anne Sender skriv vidare: «De fem årene med tillitsbygging som avtalen la opp til, og som skulle endt med en ferdig avtale, ble en endeløs serie med nederlag». Og litt etter: «Osloprosessens terrorisme som Hamas stod for ble et bevis på Rabins svik, slik de religiøse så det, og begge parter mistet alt håp da Rabin ble skutt. Mange vil også si at vesten ønsket seg så sterkt en løsning at vi lukket øyne og ører og lot både naivisme og ekstremisme ri på godhetsbølgen i de etterpåfølgende årene uten å si stopp – nå er det nok».(vi)

Etterpåklokskap?
Desse rotna pga for lite vind og for mykje regn

Områda Oslosavtalen peika ut, - er der terror-organisasjonane med finansiering frå Iran, har etablert seg. Bernhard av Clairvauxs bilete av «helvete» veit eg lite om, men både jødar og ikkje jødar som har lidd før og etter 07.10.23, brukar det ordet på det dei har vore gjennom:  Eit «helvete».

Gaza, - ein oase som produserte enorme mengder grønsaker før Rabin dreiv jødane ut, ligg i ruinar. Restane som endå står, må sikkert øydeleggjast om ikkje Sinwar og hans folk snart gjev opp eller vert tekne av dage. 

I Sør-Libanon har Israel funne tunellar, infrastruktur og planlegging tilsvarande 07.10.23-åtaket. Tenk om begge terror-organisasjonane hadde kome inn i Israel samstundes? Korleis skulle då Israel verna folket sitt i eit regn av rakettar frå alle kantar?

Intensjonsorientering eller realitetsorientering?

Osloavtalen bygde på «nye virkeligheter» gjennom dialog, kunnskap og avtalar, skriv Sender. Dei hadde intensjonane om å skapa fred, men hausta løgn, ufred og drap. Ein situasjon som år for år har vorte verre, - verre, - og endå verre. I «min personlige oppsummering» (vii) legg Anne Sender skulda på «nasjonalortodokse jøder», «bokstavtro kristne» og tilsvarande religiøse på muslimsk side. 

«Like utålelig ble et PA der palestinernes president Yassir Arafat, fremdeles geriljasoldaten, ikke stats-byggeren, hadde eneveldig kontroll. Han ville verken kontrollere egne sikkerhetsstyrker, som fremdeles angrep Israel, eller dele bistandsmidler med egen befolkning. I tillegg hadde han snakket med to tunger, og palestinerne utenfor Gaza og Vestbredden, altså eliten og flyktningene i nabolandene, var absolutt ikke beredt til de kompromissene som lå i avtalen, der Jerusalems status og flyktningenes rett til retur var utsatt til sluttforhandlingene. Religiøse krefter fra Hamas satte i gang selvmordsbomberne og ødela både for sivile israelere og et forent Palestina.» 

Desse fekk for lite og for dårleg vekstmiljø
Dei som kom etter Arafat, har ikkje vore betre. Kva nytte har dialog og intensjonar då?

Ei realitetsorientering pr. 07.10.2024 må starta med ein strek over delingsplanen frå 1947 som jødane godtok, men ikkje arabarane. Det same med Osloavtalen som var sabotert frå starten, og utnytta av terroristar for å drepa jødar og øydeleggja Israel.

Neste steg er å erkjenna at dei fleste muslimane i Midtausten støttar terroristane. Mest markant shiamuslimane, men same tanken ser me og mellom sunnimuslimar. Fred på det grunnlaget er dødfødt, uansett «intensjonane» som måtte liggja på bordet.

Tredje steget er å gjeva Israel kontroll på Gaza og landet frå Jordan til Middelhavet, opp til Litani-elva i Sør-Libanon. (viii) Dette kunne vera ei tidsavgrensa ordning der ein vurderte aktivitetane til Hamas, Hizbollah m. fl. Fjerde steget kunne vera utviding av «Abrahams accords» mellom frie og likeverdige statar, - med alle arabarstatane som erkjenner jødane sin rett til landet.

Ein utopi? 

Berre Gud kjenner det endelege svaret, men eg skulle ynskja me ein dag kunne seia med Terje Vigen: «Stort har jeg mistet, men stort jeg fik. Bedst var det, kan hænde, det gik, som det gik, - Og så får du ha tak da, Gud!» (ix)

 ----------                                                                                                                                                       (i) Bernhard av Clairvaux (1090-1153).  Biletet er frå https://snl.no/Bernhard_fra_Clairvaux. Elles har internett mykje informasjonom han.

(ii) «Vår jødiske reise» av Anne Sender, Cappelen Damm, 1. utgåve, Oslo 2014. 

(iii) Frå side 112-113 i boka. 

(iv) Nedst på side 161.

(v) Eg brukar her «Gud», for han som i Tanakh vert kalla «Adonai» eller «JHVH».

(vi) Sitat frå side 163.

(vii) Nedste avsnittet på side 162.

(viii) Når det gjeld Gaza og Sør-Libanon, har styresmaktene tillate terroristar som bevisst brukar sivile som skjold for seg, for sine våpenlager og for sine utskytingsrampar. FN resolusjonen om at Hizbollah skulle halda seg nord for Litani-elva, og som Hizbollah lova å oppfylla, hadde null verdi. Heller ikkje har FN-soldantane på grensa hatt nokon annan oppgåve enn å stoppa Israel. Hizbolla har bygt obersvarsjonspostar m.m. på høgdene bak  og over dei. Det har eg sett med eigne auge….

(ix) Frå 3. siste vers av «Terje Vigen» av Henrik Ibsen, skrive i 1861.

-------------- 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne, bortsett frå skjermdumpen øvst.

Det er forsbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve ffrå meg.

søndag 6. oktober 2024

  Bed om fred for Jerusalem!

«Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt! Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger! For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!» For tempelet skuld, Herren vår Guds hus, vil eg ønskja deg det gode.» 

(Salme 122, 6-9)

Slik ordla kong David seg då han skreiv songen til festreisene. Salme 122 er ein gledes-salme for dei som vandra «til Herrens hus» og ville gå inn gjennom Jerusalems portar til heilag fest. 

«Jerusalem, du er bygd som ein heil og samla by!  Dit dreg stammane opp, Herrens stammar! Det er ei lov for Israel å prisa Herrens namn.»  (Salme 122, 3-4)

Oktober, - ei tid til glede og sorg

Oktober er full av høgtidsdagar på jødane sin kalendar. Med eg sit og skriv no, feirar dei nyttår: Rosh Hashanah. Festen starta den 2. på kvelden og varer i to døger.

Den store soningsdagen, Yom Kippur, vil starta på kvelden den 11. og vara eitt døger. Det er den mest heilage dagen på den jødiske kalendaren, - ein dag til faste og vedkjenning av synd. Bibel-referansen 3. Mos. 15, 30 tek utgangspunkt i tempet og syndofferet som vart bore fram der. I dag, sidan jødane ikkje har noko tempel meir, er dagen ein dag til refleksjon og vedkjenning av synd, individuelt og i lag.

Bilete av annonse i Dagen
Fire dagar etterpå startar Sukkot og Simchat Torah. Det er Lauvhyttefesten og Gledesdagen for Loven. Lauvhyttefesten skal minna folket om utvandringa frå Egypt, og varer i sju dagar. Bibelgrunnlaget for denne festen er 3. Mos. 23, 39-42. Dette er ei av dei tre pilgrimshøgtidene då alle menn skulle reisa til Jerusalem.

No vert det laga lauvhytter på balkongar og i hagar. Det er ein gledesfest samstundes som det under det heile ligg eit sakn etter templet i Jerusalem. Det var der Gleda over Loven – Toraen – skulle fylla dei når dei fekk høyra dei eldgamle orda frå boka Moses skreiv.

«Gråt mitt elskede land!»

Dette er tittelen på ei bok som eg las som liten, og som gjorde djupt inntrykk. (i) Eg hugsar ikkje detaljane, men framsidebiletet beit seg fast og vart introduksjon til den verda eg møtte inni. Ei trist bok, - eit vindauga inn i ei verd eg ikkje visste eksisterte.

Tittelen dukka opp i tankane mine i det eg skulle skriva om 07.10.24. Det er ein dag som skal minna oss om overfallet i Sør-Israel den 7. oktober 2023, - om dei mishandla og eller drepne, og dei som vart førde med som gislar til Gaza. Og me seier som på Holokaust-dagen: «Må det aldri skje meir!» 

Bilete av annonse i Dagen
Boka til Alan Paton er aktuell i dag då tusenvis kallar Israel for «aparteid-stat».  Den engelske over-rabbien Ephraim Mirvis som vaks opp i Sør-Afrika, protesterer mot denne horrible påstanden, og seier: «Eg vaks opp i Sør-Afrika, så tru meg når eg seier: Israel er ikkje ein aparteid-stat.» (ii) 

07.10.23 har ikkje som bakteppe noko undertrykking av «urfolk» som i Sør-Afrika, men i eit usløkkjeleg hat til jødar og Israel, underbygdt av mellom anna norskfinansierte lærebøker som gjev heltestatus til terroristar, og «flyktningehjelp» som går til «pay-for-slay» (iii). 

Kven er det me bør gråta over den dagen? 

For landet Israel som kjempar ein tilsynelatande håplaus kamp mot desse destruktive kreftene både i Midt-Austen, i FN og i all verda sine media. For Sør-Israel som gjennomlevde dette grufulle åtaket. For dei som vart drepne, og dei som har ulækjelege skadar psykisk og fysisk. Det er for gislane som vart tekne, enten dei i dag er døde eller lever, og for soldatane som er drepne eller skadde under arbeidet med å tryggja Israel mot nye angrep.

Det er og grunn til å gråta over alle uskuldige enten dei kallar seg «palestinarar» eller noko anna, og som vert utnytta som menneskjelege skjold som terroristane gøymer seg bak. 

Me bør og gråta over arabarane som er oppdregne til jødehat, og som trur at Allahs paradis ventar berre dei får utført «heltegjerningane» dei lærde om i skulen! Det er mennske oppdregne til hat av eit regime der leiararane lever trygt i stor rikdom, men som treng eit fattig, utarma og mishandla folk for at «verda» skal synast synd på dei og senda pengar dei kan kjøpa våpen eller byggja tunellar for. 

På fruktene skal treet kjennast, står der...
Kva med eit Guds Ord til slutt?

Eg «bur» i eit ord eg vart mint om då Putin gjekk til åtak på Ukraina. Då var det røyster som uttrykte fordømming og hat, og med god grunn. Paulus skreiv om sin Gud: «… han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» (1.Tim 2, 4).

«Alle menneskje» omfattar både jødar og ikkje-jødar, terroroffer så vel som terroristar, overgriparar på linje med dei som leid overgrep. Også Putin. Og deg som les dette, og meg som skriv. Det er Guds ynskje for oss alle...

Han som vart mi «bru» inn til jødedommen, sa: «Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.» (Joh 13, 34) 

Han bygde orda sine på sin «Bibel» (= Tanakh): «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.» (Matt 7, 12)

Kunne me som er innbyggjarar i denne vonde verda praktisera dette, slapp me overgrep som 07.10.23. Då kunne me hatt ein gledes-minnedag på den datoen som no og for alltid er merkt av vald, terror og sorg…

--------------

(i) Originalens tittel var «Cry, Beloved Country», av den sørafrikanske forfattaren Alan Paton (1903-1988). Tittelen i teksten er på den norske utgåva som kom på Gyldendals forlag. Me hadde heime ei utgåve med teikning frå Sør-Afrika utanpå.

(ii) Mi omsetjng av: «I grew up in South Africa, so belive me when I say: Israel is not an apartheid state». Sitat frå The Jewish Chronicle, 01.10.24. Understrekinga er gjort av meg.

(iii) Dette namnet «Lønn for drap», viser til at PLO gjev lønn til terroristar. I tilfelle terroristen vert drepen, går lønna til familien. Det offisielle namnet er «Lønn til martyrar». (Meir om dette på https://en.wikipedia.org/wiki/Palestinian_Authority_Martyrs_Fund, m.fl.)

-------------

Merknad: Bileta har eg teke sjølv, også dei av oppslaga i «Dagen» av 03.10.24. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 29. september 2024

 Psykologisk krigføring 2.

Minnestøtta og elva...
Eit graverande døme

I dag er eg i Sogndal og har gått ein tur langs Sogndalselvi som går flaumstor og stri. På vegen kom eg til minnesmerket etter Arve Beheim Karlsen. Det vart avduka 28.04.24, 25 år etter at guten vart jaga på elva og drukna. Figuren er hender som løfter ein elvestein mot himmelen. (i) Det er som dei vil løfta Arve opp og seia: Sjå her, sjå den uretten han måtte lida…

For meg vart det ei bøn til Han som me alle skal stå til rekneskap for ein dag, - og om at eg ikkje må vera mellom dei som svik og ikkje vil sjå at andre lir overlast og får liva sine øydelagde av takelause og ukjærlege medmenneskje.

På Regjeringen.no kan du lesa om hendinga, og grunngjevinga for monumentet: «Hvorfor trenger vi et minnesmerke? Hvorfor trenger vi å minnes?

Minnesmerker forteller historier. Historier om mennesker, og om ting som har hendt. Minnesmerker er et sted for å minnes ting som har skjedd, som angår oss alle. Minnes det gode. Minnes det vonde.

Vi trenger minnesmerker for å lære av historien. For de feil som har skjedd, må vi ikke gjøre på nytt». (ii)

På vegen heim gjekk eg på biblioteket og lånte boka mor til Arve skreiv.(iii) Ei svært kjenslevarm bok om guten hennar som misste livet fordi nokre rasistiske jamaldringar forfylgde han og ropa «Drep han» og «Drep den vesle negeren». (iv) Korleis Arve hamna i elva, vart aldri klårlagt, men obduksjonen viste at han drukna. Han vart 17 år.

Men det som hende den drapskvelden, var berre kulminasjonen av mobbinga guten var utsett for. Samtalar med skulen der han hadde gått, hadde ikkje hjelpt. Eit overfall med mishandling og tap av setlebok og telefon var meldt til politiet, men førde heller ikkje til noko. Det står i boka.

Eg, som lærar, beit meg særleg merke i noko mora skreiv i kapitlet «Eit svik»: «Ein gong på ungdomsskulen hadde Arve – «i kampens hete» - vorte kalla svarting av ein medelev. Men dette tok han seg ikkje nær av. Det verste var at ein lærar hadde høyrt dette, snudd ryggen til og late som han ikkje høyrde. Han gjorde ingen ting. Dette gløymde Arve aldri – for han var det det store svik. Svikta av menneske som han hadde respekt for, som han såg opp til og stolte på.»

Framsida på boka
Mikro og makro scenario

Aktørane i overståande triste forteljing finn me paralellar til både på det politiske og det sosiale plan. Inkludert internasjonalt, slik eg skreiv i bloggen sist.

I mikroscenarioet, dvs. hendinga med Arve Beheim Karlsen, finn me (1) guten det vart gjort urett mot, og (1.1) personane knytte til han. Deretter kom (2) dei som utførde overgrepet, og (2.1) personane knytte til desse att. Vidare finn me (3),  - dei personane som såg kva som skjedde, men gjorde lite eller ikkje noko med det. (v) Neste nivå (4), er rettssystemet med lovar og forskrifter som (1.1) mora meinte tok meir omsyn til overgriparane (2) enn til den (1) som misste livet. (vi) I tillegg kjem (5) media som forma folke-opinionen både her og i resten av landet.  

Ein måte å sjå scenarioet på, er å tenkja sirklar med (1) i sentrum og dei andre  (2-5) som omliggjande «løkringar». Alle er delar av det heile, men er samstundes sjølvstendige delar av heilskapen.

Overført til makroperspektiv  - i verdssamanheng -, er Israel (1) «hakkekyllingen» (vii), og (1.1) folk og land som støttar landet og vil dei vel. Det ser ut til å vera svært få no til dags…

(2) vert FN med (2,1) slike som Hamas og andre som ynskjer Israel vondt. Dei (3) som ser kva som skjer, men ikkje gjer noko med det, er land som stemmer blankt når palestinske og andre representantar køyrer på for å få vedteke fleire fordømmane resolusjonar mot landet. (viii) Rundt det heile ligg (4) FN si «grunnlov» som omtalar medlemmane som sjølvstendige og likeverdige statar, og ICJ som skulle sjå til at alt går rett og rettferdig for seg. Men det dei gjer, er å fordømma Israel og favorisera overgriparane. I alle fall ser det slik ut for meg! 

Ei minnestøtte med sterk symbolikk...
Media, (5), spreier terroristane sine utspel og meiningar, men tek mindre omsyn til informasjonen israelske kjelder kjem med.(ix) Takka være dette og det nokså totale fråværet av referansar til historiske fakta som at «palestinarane» ikkje er fordrevne urfolk, og at Folkeforbundet (og FN) gav dette området til jødane som deira heimland (Eretz Israel), rår løgnene fritt der sanninga skulle sitja i høgsetet.

Scenarioet rundt hendinga i Sogndalsselvi fekk si avrunding ved avdukinga av minnestøtta på 25-årsdagen for Arve Beheims Karlsens død. Der var viktige personar og fine ord, men bakteppet vitna om overgrep og svik. Hadde ikkje ???? ville Arve framleis vore levande imellom oss!

Skal den dagen koma når viktige personar og representantar for landa i verda reiser ei minnestøtte over staten Israel («Eretz Israel»)? Den delinga som FN og mellom andre Noreg vil påtvinga Israel, er dødsdommen over landet slik eg har skrive om i bloggen tidlegare. (x)

Vil FNs generalsekretær halda minnetalen? 

Eller kanskje den norske statsministeren ynskjer å seia dei siste, «fine» orda?

Hersketeknikk

«’All verden er en scene’, skrev William Shakespeare.» Slik startar Sigrid Sollund avsnittet «Fordel rollene» i boka «Hersketeknikker». Og ho skriv vidare:

«Vi mennesker vil helst eie vår egen virkelighet og historie. Viss vi blir tildelt en rolle vi føler at vi ikke passer i, svekker det evnen vår til å kontrollere situasjonen. Virkelighetsbildet påvirker rollefortolkningen.» (xi) 

Og mobbing, både på individplan og internasjonalt, fungerer etter same prinsippet. Den enklaste forma har opphav i storleik - fysikk, alder og/eller sosial status. Det er dei største / sterkaste mot dei eller den minste /svakaste, - relatert til kropp, kjønn, alder og maktposisjon. I tilhøvet Israel – FN (med sine underorgan), er Israel den tygeleg minste og tapande part. I tilfellet «Arve» var han den veikaste parten fordi han såg anleis ut, var åleine mot fleire, og ikkje tok att på ein måte angriparane forstod.

Sigrid Sollund skriv om «Kampen om definisjonsmakten», og at denne resulterer i rollane den einskilde «får utdelt». Ho snakkar om å verta plassert i «bås», eit uttrykk som seier mykje for den som kjenner gammaldags gardsdrift.                                                               

Eit skrik om hjelp.....
For hundre år sidan definerte den ariske rasen seg sjølv som «kremmen» av menneskja på jorda, og tok seg retten til å vurdera andre menneskje ut frå sitt eige «nytte-perspektiv». (xii) Og fordi nazistane utvikla eit maktregime som verda ikkje hadde sett maken til, måtte dei andre (som ikkje greidde rømma slik Arve prøvde) gå til grunne…

«Kva er sanning?»

Dette utsagnet frå ei av dei mest kjende rettssakene på denne jorda, er like aktuelt i dag som då Pilatus stod og skulle fella den dommen over jøden Jesus. Endå Pilatus sjølv sa «Eg finn inga skuld hos denne mannen» (xiii), dømde han fangen til mishandling, fornedring og den verste dødsforma samtida kjende.

På den scena var (1) Jesus den forfylgde, og Det høge rådet (2) dei som der og då definerte kva som var «sanninga». Pilatus (4) sat i maktposisjonen og kunne dømma eller frikjenna. Han sveik den sanninga han sjølv vitna om, og bøygde seg for presset frå dei (2) som sa seg som eigarar av «definisjonsmakten».

«Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.» (Matt. 27, 24). 

Slik løyste han det problemet, men trudde han verkeleg at litt vaskevatn kunne frita han for ansvar og skuld?

Det trur ikkje eg!

Og du?

--------------------------------

(i) På monumentplata står eit vakkert sitat frå Brynjulf Jung Tjønn si bok: «Kvit, norsk mann». Det uttrykkjer hans medoppleving i det som hende den vonde kvelden i 1999.

(ii) Dette er utsnitt av talen Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery heldt ved avdukinga.

(iii) «Arve – sonen min», av Kari Beheim Karlsen, Gyldendal forlag 2002. ISBN 82-05-30402-5.

(iv) Desse ropa vart refererte i vitneboksen under rettssaka. (Side 175 i boka).

(v) Mobbing er eit overgrep. 

(vi) Kari Beheim Karlsen skriv om dette i kapitlet «Påtalemakta og rasismen» (s. 154-156). Kapitlet sluttar med eit sitat frå Anne Robbestad si bok «Bistandsadvokaten»: «Rettssaka er tiltaltes venn og fornærmedes fiende»! 

(vii) «Hakkekylling» var det vanlege ordet før «mobbeoffer» vart oppfunne! Det har sin bakgrunn i hønsegarden sitt sosiale liv. Hakkekyllingen er den lågast rangerte i hønseflokken som alle hakkar på, og som oftast endar med å gå til grunne av mishandlinga. (Jmfr. H.C.Andersens «Fjøra som vart til 5 høns»).

(viii) Unnataket her er USA (og i sjeldne tilfelle andre) som protesterer og stemmer i mot.

(ix) Dette er eit inntrykk eg og mange med meg har.

(x)  Sjå bloggande for 28.07.24 og 04.08.24.

(xi) Sigrid Sollund: «Hersketekninkker. Nyttige og nådeløse», Kagge forlag, utg. 2017. ISBN 978-82-489-2056-4. Sitat frå side 24.

(xii)  Dei uproduktive sinnsjuke kunne eliminerast direkte. Jødar og andre som kunne utnyttast  så lenge dei greidde arbeida, vart deretter eliminerte. Men sjølv etter sin død vart dei kynisk utnytta, - som gjødsel i jordbruksprosjekta rundt Auschwitz, Birkenau med vidare.

---------------

Bileta er mine eigne. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk oms.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 22. september 2024

Psykologisk krigføring 1.

Med rett til å leva...
For mange år tilbake høyrde eg ein messiansk forkynnar (i) i Israel som sa «Israel er utsett for ein utmattelseskrig!». (ii)  Det hadde eg aldri tenkt over. Mannen refererte til forskjellege konkrete ting som viste det. Det første er at Jerusalem, som jødane har valt som sin hovudstad, vil ikkje FN og dei fleste landa i verda godkjenna. Dei vil leggja byen under eit eige styre, og under internasjonal kontroll. I motsetning til alle andre land i verda, får ikkje den demokratisk valde regjeringa i Israel altså lov å bestemma sjølv.

Då talaren skulle registrera den nyfødde sonen sin i USA sin ambassade og få pass til han, vart han nekta å føra opp Jerusalem som fødestad for guten. Han måtte føra opp Tel Aviv som fødestad. Då først fekk han guten innskriven!

Israel fekk ikkje kalla hæren sin «Israel Armed Forces», slik som «United States Armed Forces», men derimot «Israel Defence Forces» (IDF). Landet hadde liksom ikkje rett til å byggja opp ein hær på lik linje med andre land, men skulle berre ha «rett til å forsvara seg»!

Er ikkje det forunderleg?

FN - psykologisk krigføring sett i system?

Talaren gjekk og inn på FN sine resolusjonar med anti-israelsk innhald. Etter UN Watch sine data, vedtok dei 112 resolusjonar mot Israel frå 2006 til 2021. Resolusjonar mot andre land i same perioden: Iran 5, Nord-Korea 6, Syria 8, Myanmar 4, Russland 12 og USA 7. For resten av medlemslanda 0! (iii) 

Med rett til å vera unik...
Statistikken talar for seg sjølv, men den psykologiske krigføringa FN driv mot Israel, vert endå grovare når ein går inn på innhaldet i resolusjonane og påstandane desse byggjer på. Det er «til å gråta over» som ei gammal kone sa heime då eg var liten…

Frå Israel ser eg at det til tider er røyster som meinar landet si tid i FN bør vera over. Med sine anti-Israel-vedtak og si generelle antisemittiske (iv) haldning, er organisasjonen tydeleg fiendleg innstilt. Eg har og lagt merke til at det som skjer, både i FN og elles i verda, vert av ein del messianske jødar tolka som ei oppfylling av Bileams profeti i 4. Mos.22,9: «Her er eit folk som bur for seg sjølv. Det blir ikkje rekna blant andre folkeslag». (v) 

Gud valde Abrahams etterkomarar til «sitt folk», gjorde pakt med dei då og på Sinai. Denne utvelginga og dei paktene er evige. Dette gjer israelsfolket unikt, enten dei vil det eller ikkje. Dei er «noko anna», unike mellom alle andre folk på jorda.


Internasjonal mobbing?

Som gammal lærar synest eg FN og andre internasjonale fora si behandling av Israel, har mange fellestrekk med mobbing. Her er litt informasjon frå «det offisielle Noreg» om emnet (vi):

«En person er mobbet når han eller hun, gjentatte ganger og over en viss tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere andre personer…I definisjonen ligger også at den som blir utsatt, har vanskelig for å forsvare seg….»

 - «En negativ handling er når noen med hensikt påfører, eller prøver å påføre en annen person skade eller ubehag. Det kan utføres ved fysisk kontakt, ved ord eller på andre og mer indirekte måter».

 - «En viss ubalanse i makt eller styrkeforhold betyr at den som utsettes for de negative handlingene ofte er mer eller mindre hjelpeløs overfor den eller de som mobber».

Broskyren desse definisjonane er tekne frå, er retta mot miljø der born og ungdom deltek frivillig. Det vil seia at deltakarane kan velja bort å delta, men det får negative konsekvensar som utanforskap og mangel på fritidsaktivitetar og venner.

Med rett til å vera seg sjølv....

Definisjonane er sikkert dei same for mobbing i skulevesenet, men i skulen er møteplikta lovpålagt. Sjansen for å sleppa unna mobbinga er dermed minimal, trass all god innsats frå lærarar og skuleleiing.

Er Israel si deltaking i FN, IJC og liknande fora obligatorisk eller frivillig?

Så langt eg veit, må landa søkja om å bli medlemmar, og medlemskapet vert godkjent av generalforsamlinga. Dermed skulle det vera fullt mogeleg å melda seg ut, endå i informasjonen frå FN-sambandet står at FN-pakta ikkje har noko prosedyre for utmelding, og det er heller ingen statar som har gjort det. FN er dermed ikkje ein «normal» demokatisk organisasjon.

Kanskje Israel kan verta eit føregangsland, også her?

Med rett til å vera ulik alle dei andre...
Artikkel 1: «De Forente Nasjoners formål er: (vii)

(1.2:) - å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet, og i dette øyemed å treffe effektive, kollektive tiltak for å hindre og fjerne trusler mot freden og undertrykke angrepshandlinger eller andre fredsbrudd, og å sørge for at internasjonale tvister eller situasjoner som kan lede til fredsbrudd, blir ordnet eller bilagt ved fredelige midler i samsvar med rettferdigheten og folkerettens prinsipper». 

Denne vesle biten av FN-traktaten viser den teoretiske målsetjinga som er grunnlagt på «kollektive tiltak» mellom likeverdige og sjølvstendige statar, alt med det føremålet å skapa ei rettferdig og fredeleg verd. (viii)

Talet på resolusjonar mot Israel, og fordømminga av det Israel har gjort eller ikkje ha gjort, er uendeleg i høve til den manglande førdømminga av til dømes Iran, Hamas og alle terror-organisasjonane, inkludert manglande fordømming av gisseltakinga og overgrepa 07.1023 i Sør-Israel, osv. Kvar er FN sin kvinneorganisasjon si fordømming av dei seksuelle overgrepa og mishandlinga av jødiske kvinner den dagen? Eller FN si fordømming Iran som har lagt «fangarmar» (ix) rundt Israel med for å drepa jødar og eliminera landet frå kartet? 

Nei, redaktør Arthur Berg hadde rett i det han skreiv i «Dagen» for 50 år sidan (x): «FN har vedtatt en fordømmelsesresolusjon mot Israel….  Mot 7 stemmer har de Fordømmende Nasjoner (FN) vedtatt….»

Og FN er ikkje mindre fordømmande i dag. 

Kanskje det var til Israel sitt beste å bryta alle band til organisasjonen?

--------------

(i) Han hadde gjorde aliyah for mange år tilbake, men hadde framleis sitt amerikanske statsborgarskap.

(ii) Hans uttrykk var «War of artrition».

(iii) Info frå «Med Israel for fred» (miff.no). Eg hugsar ikkje statistikken forkynnaren la fram, men dette er same informasjonen, berre av nyare dato.

(iv) Me kan og seia anti-Israelske haldning. I realiteten er det ein mutasjon av det gamle «Judenhass». (Sjå bloggen for ei veke sidan).

(v) Sitat frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

(vi) Informasjonen er plukka frå «MOBBING – Regjeringen.no» / https://www.regjeringen,no, og heftet «Mobbing i fritidsmiljøene».

(vii) Utdrag frå «FN-pakten» på fn.no.

(viii) Begrepa «rettferdigheten og folkerettens prinsipper» er eigentleg totalt verdlause formuleringar. Sett i historisk og geografisk perspektiv er innhaldet i desse orda uendeleg til alle kantar. Ein global innhalds-konsensus er ikkje-eksisterande.

(ix) Iran er i fleire media billedleg omtalt som "blekksprut" (Octopus)…..

(x) Sjå bloggen for 17.12.23.

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.