søndag 13. oktober 2024

Skjermdump frå 
https://snl.no/Bernhard_fra_Clairvaux

 «Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar»

Den franske munken Bernhard av Clairvaux (i) skal ha sagt overståande. Han vart «helga» i 1174, og «doctores eccleciae» i 1830.  Orda er like sanne i dag. Dessverre.

I går såg eg ILTV’s markering av 07.10.23. Dagane før hadde eg vore «på tur» med Anne Sender i hennar «Vår jødiske reise» (ii). Det gav mykje informasjon om jødar både her i landet og ute i verda. Om henne sjølv og, til dømes dette:

«Jeg tror på reell dialog, at ansikt til ansikt-kommunikasjon gjør noe med menneskene som er involvert, og derfor kan endre beslutninger og skape nye virkeligheter. Ikke dialog for enhver pris, og ikke uten strategisk plan, strukturer og eventuelle premisser, tidsbegrensede sanksjoner, men så lenge mange liv kan spares er dialog verd forsøket.» (iii)

Osloavtalen har ho skrive om frå side 161 til163, ein avtale ho kallar «en femårig interimsplan for fred». (iv) 

På fruktene skal treet kjennast
«De ulike reaksjonene kom veldig tett på da Yassir Arafat, Yizhak Rabin og Shimon Peres fikk Nobels fredspris for sin «modige fred». Rabbiner Melchior gikk selv ut med støtte. Også han med begrunnelsen fra bibelens ord om at fred må vi skape selv, og at det ikke står noen steder i våre hellige skrifter at ikke land kan gis for å sikre freden». 

Rabbien får eit forklaringsproblem når han ein dag skal stå for sin Gud. (v) Tanakh (GT) seier: «Jord må ikkje seljast for all framtid. For landet er mitt, og de er framande og innflyttarar hos meg….» (3. Mos 25; 23) Her ser me at Israels land er Guds land. Ikkje ein gong internt mellom jødane kunne jord overførast eller seljast lenger enn til sabbatsåret, og det var ikkje nemnt i Osloavtalen!

Joel profeterer og uttalar Guds dom over dei som «delte landet». (Joel 3, 6-7). Amos skriv at ein dag skulle Gud reisa opp att «Davids falne hytta», og legg til: «Eg plantar dei i deira eiga jord, aldri meir skal dei rykkjast opp av den jorda eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.»  (Am 9; 11+15). Det Osloavtalen gjorde, var å dela landet, og Rabin dreiv dei heimvende jødane bort frå jord Abrahams, Isaks, Jakobs Gud hadde lova dei!

Anne Sender skriv vidare: «De fem årene med tillitsbygging som avtalen la opp til, og som skulle endt med en ferdig avtale, ble en endeløs serie med nederlag». Og litt etter: «Osloprosessens terrorisme som Hamas stod for ble et bevis på Rabins svik, slik de religiøse så det, og begge parter mistet alt håp da Rabin ble skutt. Mange vil også si at vesten ønsket seg så sterkt en løsning at vi lukket øyne og ører og lot både naivisme og ekstremisme ri på godhetsbølgen i de etterpåfølgende årene uten å si stopp – nå er det nok».(vi)

Etterpåklokskap?
Desse rotna pga for lite vind og for mykje regn

Områda Oslosavtalen peika ut, - er der terror-organisasjonane med finansiering frå Iran, har etablert seg. Bernhard av Clairvauxs bilete av «helvete» veit eg lite om, men både jødar og ikkje jødar som har lidd før og etter 07.10.23, brukar det ordet på det dei har vore gjennom:  Eit «helvete».

Gaza, - ein oase som produserte enorme mengder grønsaker før Rabin dreiv jødane ut, ligg i ruinar. Restane som endå står, må sikkert øydeleggjast om ikkje Sinwar og hans folk snart gjev opp eller vert tekne av dage. 

I Sør-Libanon har Israel funne tunellar, infrastruktur og planlegging tilsvarande 07.10.23-åtaket. Tenk om begge terror-organisasjonane hadde kome inn i Israel samstundes? Korleis skulle då Israel verna folket sitt i eit regn av rakettar frå alle kantar?

Intensjonsorientering eller realitetsorientering?

Osloavtalen bygde på «nye virkeligheter» gjennom dialog, kunnskap og avtalar, skriv Sender. Dei hadde intensjonane om å skapa fred, men hausta løgn, ufred og drap. Ein situasjon som år for år har vorte verre, - verre, - og endå verre. I «min personlige oppsummering» (vii) legg Anne Sender skulda på «nasjonalortodokse jøder», «bokstavtro kristne» og tilsvarande religiøse på muslimsk side. 

«Like utålelig ble et PA der palestinernes president Yassir Arafat, fremdeles geriljasoldaten, ikke stats-byggeren, hadde eneveldig kontroll. Han ville verken kontrollere egne sikkerhetsstyrker, som fremdeles angrep Israel, eller dele bistandsmidler med egen befolkning. I tillegg hadde han snakket med to tunger, og palestinerne utenfor Gaza og Vestbredden, altså eliten og flyktningene i nabolandene, var absolutt ikke beredt til de kompromissene som lå i avtalen, der Jerusalems status og flyktningenes rett til retur var utsatt til sluttforhandlingene. Religiøse krefter fra Hamas satte i gang selvmordsbomberne og ødela både for sivile israelere og et forent Palestina.» 

Desse fekk for lite og for dårleg vekstmiljø
Dei som kom etter Arafat, har ikkje vore betre. Kva nytte har dialog og intensjonar då?

Ei realitetsorientering pr. 07.10.2024 må starta med ein strek over delingsplanen frå 1947 som jødane godtok, men ikkje arabarane. Det same med Osloavtalen som var sabotert frå starten, og utnytta av terroristar for å drepa jødar og øydeleggja Israel.

Neste steg er å erkjenna at dei fleste muslimane i Midtausten støttar terroristane. Mest markant shiamuslimane, men same tanken ser me og mellom sunnimuslimar. Fred på det grunnlaget er dødfødt, uansett «intensjonane» som måtte liggja på bordet.

Tredje steget er å gjeva Israel kontroll på Gaza og landet frå Jordan til Middelhavet, opp til Litani-elva i Sør-Libanon. (viii) Dette kunne vera ei tidsavgrensa ordning der ein vurderte aktivitetane til Hamas, Hizbollah m. fl. Fjerde steget kunne vera utviding av «Abrahams accords» mellom frie og likeverdige statar, - med alle arabarstatane som erkjenner jødane sin rett til landet.

Ein utopi? 

Berre Gud kjenner det endelege svaret, men eg skulle ynskja me ein dag kunne seia med Terje Vigen: «Stort har jeg mistet, men stort jeg fik. Bedst var det, kan hænde, det gik, som det gik, - Og så får du ha tak da, Gud!» (ix)

 ----------                                                                                                                                                       (i) Bernhard av Clairvaux (1090-1153).  Biletet er frå https://snl.no/Bernhard_fra_Clairvaux. Elles har internett mykje informasjonom han.

(ii) «Vår jødiske reise» av Anne Sender, Cappelen Damm, 1. utgåve, Oslo 2014. 

(iii) Frå side 112-113 i boka. 

(iv) Nedst på side 161.

(v) Eg brukar her «Gud», for han som i Tanakh vert kalla «Adonai» eller «JHVH».

(vi) Sitat frå side 163.

(vii) Nedste avsnittet på side 162.

(viii) Når det gjeld Gaza og Sør-Libanon, har styresmaktene tillate terroristar som bevisst brukar sivile som skjold for seg, for sine våpenlager og for sine utskytingsrampar. FN resolusjonen om at Hizbollah skulle halda seg nord for Litani-elva, og som Hizbollah lova å oppfylla, hadde null verdi. Heller ikkje har FN-soldantane på grensa hatt nokon annan oppgåve enn å stoppa Israel. Hizbolla har bygt obersvarsjonspostar m.m. på høgdene bak  og over dei. Det har eg sett med eigne auge….

(ix) Frå 3. siste vers av «Terje Vigen» av Henrik Ibsen, skrive i 1861.

-------------- 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne, bortsett frå skjermdumpen øvst.

Det er forsbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve ffrå meg.

søndag 6. oktober 2024

  Bed om fred for Jerusalem!

«Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt! Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger! For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!» For tempelet skuld, Herren vår Guds hus, vil eg ønskja deg det gode.» 

(Salme 122, 6-9)

Slik ordla kong David seg då han skreiv songen til festreisene. Salme 122 er ein gledes-salme for dei som vandra «til Herrens hus» og ville gå inn gjennom Jerusalems portar til heilag fest. 

«Jerusalem, du er bygd som ein heil og samla by!  Dit dreg stammane opp, Herrens stammar! Det er ei lov for Israel å prisa Herrens namn.»  (Salme 122, 3-4)

Oktober, - ei tid til glede og sorg

Oktober er full av høgtidsdagar på jødane sin kalendar. Med eg sit og skriv no, feirar dei nyttår: Rosh Hashanah. Festen starta den 2. på kvelden og varer i to døger.

Den store soningsdagen, Yom Kippur, vil starta på kvelden den 11. og vara eitt døger. Det er den mest heilage dagen på den jødiske kalendaren, - ein dag til faste og vedkjenning av synd. Bibel-referansen 3. Mos. 15, 30 tek utgangspunkt i tempet og syndofferet som vart bore fram der. I dag, sidan jødane ikkje har noko tempel meir, er dagen ein dag til refleksjon og vedkjenning av synd, individuelt og i lag.

Bilete av annonse i Dagen
Fire dagar etterpå startar Sukkot og Simchat Torah. Det er Lauvhyttefesten og Gledesdagen for Loven. Lauvhyttefesten skal minna folket om utvandringa frå Egypt, og varer i sju dagar. Bibelgrunnlaget for denne festen er 3. Mos. 23, 39-42. Dette er ei av dei tre pilgrimshøgtidene då alle menn skulle reisa til Jerusalem.

No vert det laga lauvhytter på balkongar og i hagar. Det er ein gledesfest samstundes som det under det heile ligg eit sakn etter templet i Jerusalem. Det var der Gleda over Loven – Toraen – skulle fylla dei når dei fekk høyra dei eldgamle orda frå boka Moses skreiv.

«Gråt mitt elskede land!»

Dette er tittelen på ei bok som eg las som liten, og som gjorde djupt inntrykk. (i) Eg hugsar ikkje detaljane, men framsidebiletet beit seg fast og vart introduksjon til den verda eg møtte inni. Ei trist bok, - eit vindauga inn i ei verd eg ikkje visste eksisterte.

Tittelen dukka opp i tankane mine i det eg skulle skriva om 07.10.24. Det er ein dag som skal minna oss om overfallet i Sør-Israel den 7. oktober 2023, - om dei mishandla og eller drepne, og dei som vart førde med som gislar til Gaza. Og me seier som på Holokaust-dagen: «Må det aldri skje meir!» 

Bilete av annonse i Dagen
Boka til Alan Paton er aktuell i dag då tusenvis kallar Israel for «aparteid-stat».  Den engelske over-rabbien Ephraim Mirvis som vaks opp i Sør-Afrika, protesterer mot denne horrible påstanden, og seier: «Eg vaks opp i Sør-Afrika, så tru meg når eg seier: Israel er ikkje ein aparteid-stat.» (ii) 

07.10.23 har ikkje som bakteppe noko undertrykking av «urfolk» som i Sør-Afrika, men i eit usløkkjeleg hat til jødar og Israel, underbygdt av mellom anna norskfinansierte lærebøker som gjev heltestatus til terroristar, og «flyktningehjelp» som går til «pay-for-slay» (iii)

Kven er det me bør gråta over den dagen? 

For landet Israel som kjempar ein tilsynelatande håplaus kamp mot desse destruktive kreftene både i Midt-Austen, i FN og i all verda sine media. For Sør-Israel som gjennomlevde dette grufulle åtaket. For dei som vart drepne, og dei som har ulækjelege skadar psykisk og fysisk. Det er for gislane som vart tekne, enten dei i dag er døde eller lever, og for soldatane som er drepne eller skadde under arbeidet med å tryggja Israel mot nye angrep.

Det er og grunn til å gråta over alle uskuldige enten dei kallar seg «palestinarar» eller noko anna, og som vert utnytta som menneskjelege skjold som terroristane gøymer seg bak

Me bør og gråta over arabarane som er oppdregne til jødehat, og som trur at Allahs paradis ventar berre dei får utført «heltegjerningane» dei lærde om i skulen! Det er mennske oppdregne til hat av eit regime der leiararane lever trygt i stor rikdom, men som treng eit fattig, utarma og mishandla folk for at «verda» skal synast synd på dei og senda pengar dei kan kjøpa våpen eller byggja tunellar for. 

På fruktene skal treet kjennast, står der...
Kva med eit Guds Ord til slutt?

Eg «bur» i eit ord eg vart mint om då Putin gjekk til åtak på Ukraina. Då var det røyster som uttrykte fordømming og hat, og med god grunn. Paulus skreiv om sin Gud: «… han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» (1.Tim 2, 4).

«Alle menneskje» omfattar både jødar og ikkje-jødar, terroroffer så vel som terroristar, overgriparar på linje med dei som leid overgrep. Også Putin. Og deg som les dette, og meg som skriv. Det er Guds ynskje for oss alle...

Han som vart mi «bru» inn til jødedommen, sa: «Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.» (Joh 13, 34) 

Han bygde orda sine på sin «Bibel» (= Tanakh): «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.» (Matt 7, 12)

Kunne me som er innbyggjarar i denne vonde verda praktisera dette, slapp me overgrep som 07.10.23. Då kunne me hatt ein gledes-minnedag på den datoen som no og for alltid er merkt av vald, terror og sorg…

--------------

(i) Originalens tittel var «Cry, Beloved Country», av den sørafrikanske forfattaren Alan Paton (1903-1988). Tittelen i teksten er på den norske utgåva som kom på Gyldendals forlag. Me hadde heime ei utgåve med teikning frå Sør-Afrika utanpå.

(ii) Mi omsetjng av: «I grew up in South Africa, so belive me when I say: Israel is not an apartheid state». Sitat frå The Jewish Chronicle, 01.10.24. Understrekinga er gjort av meg.

(iii) Dette namnet «Lønn for drap», viser til at PLO gjev lønn til terroristar. I tilfelle terroristen vert drepen, går lønna til familien. Det offisielle namnet er «Lønn til martyrar». (Meir om dette på https://en.wikipedia.org/wiki/Palestinian_Authority_Martyrs_Fund, m.fl.)

-------------

Merknad: Bileta har eg teke sjølv, også dei av oppslaga i «Dagen» av 03.10.24. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 29. september 2024

 Psykologisk krigføring 2.

Minnestøtta og elva...
Eit graverande døme

I dag er eg i Sogndal og har gått ein tur langs Sogndalselvi som går flaumstor og stri. På vegen kom eg til minnesmerket etter Arve Beheim Karlsen. Det vart avduka 28.04.24, 25 år etter at guten vart jaga på elva og drukna. Figuren er hender som løfter ein elvestein mot himmelen. (i) Det er som dei vil løfta Arve opp og seia: Sjå her, sjå den uretten han måtte lida

For meg vart det ei bøn til Han som me alle skal stå til rekneskap for ein dag, - og om at eg ikkje må vera mellom dei som svik og ikkje vil sjå at andre lir overlast og får liva sine øydelagde av takelause og ukjærlege medmenneskje.

Regjeringen.no kan du lesa om hendinga, og grunngjevinga for monumentet: «Hvorfor trenger vi et minnesmerke? Hvorfor trenger vi å minnes?

Minnesmerker forteller historier. Historier om mennesker, og om ting som har hendt. Minnesmerker er et sted for å minnes ting som har skjedd, som angår oss alle. Minnes det gode. Minnes det vonde.

Vi trenger minnesmerker for å lære av historien. For de feil som har skjedd, må vi ikke gjøre på nytt». (ii)

På vegen heim gjekk eg på biblioteket og lånte boka mor til Arve skreiv.(iii) Ei svært kjenslevarm bok om guten hennar som misste livet fordi nokre rasistiske jamaldringar forfylgde han og ropa «Drep han» og «Drep den vesle negeren». (iv) Korleis Arve hamna i elva, vart aldri klårlagt, men obduksjonen viste at han drukna. Han vart 17 år.

Men det som hende den drapskvelden, var berre kulminasjonen av mobbinga guten var utsett for. Samtalar med skulen der han hadde gått, hadde ikkje hjelpt. Eit overfall med mishandling og tap av setlebok og telefon var meldt til politiet, men førde heller ikkje til noko. Det står i boka.

Eg, som lærar, beit meg særleg merke i noko mora skreiv i kapitlet «Eit svik»: «Ein gong på ungdomsskulen hadde Arve – «i kampens hete» - vorte kalla svarting av ein medelev. Men dette tok han seg ikkje nær av. Det verste var at ein lærar hadde høyrt dette, snudd ryggen til og late som han ikkje høyrde. Han gjorde ingen ting. Dette gløymde Arve aldri – for han var det det store svik. Svikta av menneske som han hadde respekt for, som han såg opp til og stolte på

Framsida på boka
Mikro og makro scenario

Aktørane i overståande triste forteljing finn me paralellar til både på det politiske og det sosiale plan. Inkludert internasjonalt, slik eg skreiv i bloggen sist.

I mikroscenarioet, dvs. hendinga med Arve Beheim Karlsen, finn me (1) guten det vart gjort urett mot, og (1.1) personane knytte til han. Deretter kom (2) dei som utførde overgrepet, og (2.1) personane knytte til desse att. Vidare finn me (3),  - dei personane som såg kva som skjedde, men gjorde lite eller ikkje noko med det. (v) Neste nivå (4), er rettssystemet med lovar og forskrifter som (1.1) mora meinte tok meir omsyn til overgriparane (2) enn til den (1) som misste livet. (vi) I tillegg kjem (5) media som forma folke-opinionen både her og i resten av landet.  

Ein måte å sjå scenarioet på, er å tenkja sirklar med (1) i sentrum og dei andre  (2-5) som omliggjande «løkringar». Alle er delar av det heile, men er samstundes sjølvstendige delar av heilskapen.

Overført til makroperspektiv  - i verdssamanheng -, er Israel (1) «hakkekyllingen» (vii), og (1.1) folk og land som støttar landet og vil dei vel. Det ser ut til å vera svært få no til dags…

(2) vert FN med (2,1) slike som Hamas og andre som ynskjer Israel vondt. Dei (3) som ser kva som skjer, men ikkje gjer noko med det, er land som stemmer blankt når palestinske og andre representantar køyrer på for å få vedteke fleire fordømmane resolusjonar mot landet. (viii) Rundt det heile ligg (4) FN si «grunnlov» som omtalar medlemmane som sjølvstendige og likeverdige statar, og ICJ som skulle sjå til at alt går rett og rettferdig for seg. Men det dei gjer, er å fordømma Israel og favorisera overgriparane. I alle fall ser det slik ut for meg! 

Ei minnestøtte med sterk symbolikk...
Media, (5), spreier terroristane sine utspel og meiningar, men tek mindre omsyn til informasjonen israelske kjelder kjem med.(ix) Takka være dette og det nokså totale fråværet av referansar til historiske fakta som at «palestinarane» ikkje er fordrevne urfolk, og at Folkeforbundet (og FN) gav dette området til jødane som deira heimland (Eretz Israel), rår løgnene fritt der sanninga skulle sitja i høgsetet.

Scenarioet rundt hendinga i Sogndalsselvi fekk si avrunding ved avdukinga av minnestøtta på 25-årsdagen for Arve Beheims Karlsens død. Der var viktige personar og fine ord, men bakteppet vitna om overgrep og svik. Hadde ikkje ???? ville Arve framleis vore levande imellom oss!

Skal den dagen koma når viktige personar og representantar for landa i verda reiser ei minnestøtte over staten Israel («Eretz Israel»)? Den delinga som FN og mellom andre Noreg vil påtvinga Israel, er dødsdommen over landet slik eg har skrive om i bloggen tidlegare. (x)

Vil FNs generalsekretær halda minnetalen? 

Eller kanskje den norske statsministeren ynskjer å seia dei siste, «fine» orda?

Hersketeknikk

«’All verden er en scene’, skrev William Shakespeare.» Slik startar Sigrid Sollund avsnittet «Fordel rollene» i boka «Hersketeknikker». Og ho skriv vidare:

«Vi mennesker vil helst eie vår egen virkelighet og historie. Viss vi blir tildelt en rolle vi føler at vi ikke passer i, svekker det evnen vår til å kontrollere situasjonen. Virkelighetsbildet påvirker rollefortolkningen(xi) 

Og mobbing, både på individplan og internasjonalt, fungerer etter same prinsippet. Den enklaste forma har opphav i storleik - fysikk, alder og/eller sosial status. Det er dei største / sterkaste mot dei eller den minste /svakaste, - relatert til kropp, kjønn, alder og maktposisjon. I tilhøvet Israel – FN (med sine underorgan), er Israel den tygeleg minste og tapande part. I tilfellet «Arve» var han den veikaste parten fordi han såg anleis ut, var åleine mot fleire, og ikkje tok att på ein måte angriparane forstod.

Sigrid Sollund skriv om «Kampen om definisjonsmakten», og at denne resulterer i rollane den einskilde «får utdelt». Ho snakkar om å verta plassert i «bås», eit uttrykk som seier mykje for den som kjenner gammaldags gardsdrift.                                                               

Eit skrik om hjelp.....
For hundre år sidan definerte den ariske rasen seg sjølv som «kremmen» av menneskja på jorda, og tok seg retten til å vurdera andre menneskje ut frå sitt eige «nytte-perspektiv». (xii) Og fordi nazistane utvikla eit maktregime som verda ikkje hadde sett maken til, måtte dei andre (som ikkje greidde rømma slik Arve prøvde) gå til grunne…

«Kva er sanning?»

Dette utsagnet frå ei av dei mest kjende rettssakene på denne jorda, er like aktuelt i dag som då Pilatus stod og skulle fella den dommen over jøden Jesus. Endå Pilatus sjølv sa «Eg finn inga skuld hos denne mannen» (xiii), dømde han fangen til mishandling, fornedring og den verste dødsforma samtida kjende.

På den scena var (1) Jesus den forfylgde, og Det høge rådet (2) dei som der og då definerte kva som var «sanninga». Pilatus (4) sat i maktposisjonen og kunne dømma eller frikjenna. Han sveik den sanninga han sjølv vitna om, og bøygde seg for presset frå dei (2) som sa seg som eigarar av «definisjonsmakten».

«Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.» (Matt. 27, 24). 

Slik løyste han det problemet, men trudde han verkeleg at litt vaskevatn kunne frita han for ansvar og skuld?

Det trur ikkje eg!

Og du?

--------------------------------

(i) På monumentplata står eit vakkert sitat frå Brynjulf Jung Tjønn si bok: «Kvit, norsk mann». Det uttrykkjer hans medoppleving i det som hende den vonde kvelden i 1999.

(ii) Dette er utsnitt av talen Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery heldt ved avdukinga.

(iii) «Arve – sonen min», av Kari Beheim Karlsen, Gyldendal forlag 2002. ISBN 82-05-30402-5.

(iv) Desse ropa vart refererte i vitneboksen under rettssaka. (Side 175 i boka).

(v) Mobbing er eit overgrep. 

(vi) Kari Beheim Karlsen skriv om dette i kapitlet «Påtalemakta og rasismen» (s. 154-156). Kapitlet sluttar med eit sitat frå Anne Robbestad si bok «Bistandsadvokaten»: «Rettssaka er tiltaltes venn og fornærmedes fiende»! 

(vii) «Hakkekylling» var det vanlege ordet før «mobbeoffer» vart oppfunne! Det har sin bakgrunn i hønsegarden sitt sosiale liv. Hakkekyllingen er den lågast rangerte i hønseflokken som alle hakkar på, og som oftast endar med å gå til grunne av mishandlinga. (Jmfr. H.C.Andersens «Fjøra som vart til 5 høns»).

(viii) Unnataket her er USA (og i sjeldne tilfelle andre) som protesterer og stemmer i mot.

(ix) Dette er eit inntrykk eg og mange med meg har.

(x)  Sjå bloggande for 28.07.24 og 04.08.24.

(xi) Sigrid Sollund: «Hersketekninkker. Nyttige og nådeløse», Kagge forlag, utg. 2017. ISBN 978-82-489-2056-4. Sitat frå side 24.

(xii)  Dei uproduktive sinnsjuke kunne eliminerast direkte. Jødar og andre som kunne utnyttast  så lenge dei greidde arbeida, vart deretter eliminerte. Men sjølv etter sin død vart dei kynisk utnytta, - som gjødsel i jordbruksprosjekta rundt Auschwitz, Birkenau med vidare.

---------------

Bileta er mine eigne. Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk oms.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 22. september 2024

Psykologisk krigføring 1.

Med rett til å leva...
For mange år tilbake høyrde eg ein messiansk forkynnar (i) i Israel som sa «Israel er utsett for ein utmattelseskrig!». (ii)  Det hadde eg aldri tenkt over. Mannen refererte til forskjellege konkrete ting som viste det. Det første er at Jerusalem, som jødane har valt som sin hovudstad, vil ikkje FN og dei fleste landa i verda godkjenna. Dei vil leggja byen under eit eige styre, og under internasjonal kontroll. I motsetning til alle andre land i verda, får ikkje den demokratisk valde regjeringa i Israel altså lov å bestemma sjølv.

Då talaren skulle registrera den nyfødde sonen sin i USA sin ambassade og få pass til han, vart han nekta å føra opp Jerusalem som fødestad for guten. Han måtte føra opp Tel Aviv som fødestad. Då først fekk han guten innskriven!

Israel fekk ikkje kalla hæren sin «Israel Armed Forces», slik som «United States Armed Forces», men derimot «Israel Defence Forces» (IDF). Landet hadde liksom ikkje rett til å byggja opp ein hær på lik linje med andre land, men skulle berre ha «rett til å forsvara seg»!

Er ikkje det forunderleg?

FN - psykologisk krigføring sett i system?

Talaren gjekk og inn på FN sine resolusjonar med anti-israelsk innhald. Etter UN Watch sine data, vedtok dei 112 resolusjonar mot Israel frå 2006 til 2021. Resolusjonar mot andre land i same perioden: Iran 5, Nord-Korea 6, Syria 8, Myanmar 4, Russland 12 og USA 7. For resten av medlemslanda 0! (iii) 

Med rett til å vera unik...
Statistikken talar for seg sjølv, men den psykologiske krigføringa FN driv mot Israel, vert endå grovare når ein går inn på innhaldet i resolusjonane og påstandane desse byggjer på. Det er «til å gråta over» som ei gammal kone sa heime då eg var liten…

Frå Israel ser eg at det til tider er røyster som meinar landet si tid i FN bør vera over. Med sine anti-Israel-vedtak og si generelle antisemittiske (iv) haldning, er organisasjonen tydeleg fiendleg innstilt. Eg har og lagt merke til at det som skjer, både i FN og elles i verda, vert av ein del messianske jødar tolka som ei oppfylling av Bileams profeti i 4. Mos.22,9: «Her er eit folk som bur for seg sjølv. Det blir ikkje rekna blant andre folkeslag». (v) 

Gud valde Abrahams etterkomarar til «sitt folk», gjorde pakt med dei då og på Sinai. Denne utvelginga og dei paktene er evige. Dette gjer israelsfolket unikt, enten dei vil det eller ikkje. Dei er «noko anna», unike mellom alle andre folk på jorda.


Internasjonal mobbing?

Som gammal lærar synest eg FN og andre internasjonale fora si behandling av Israel, har mange fellestrekk med mobbing. Her er litt informasjon frå «det offisielle Noreg» om emnet (vi):

«En person er mobbet når han eller hun, gjentatte ganger og over en viss tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere andre personer…I definisjonen ligger også at den som blir utsatt, har vanskelig for å forsvare seg….»

 - «En negativ handling er når noen med hensikt påfører, eller prøver å påføre en annen person skade eller ubehag. Det kan utføres ved fysisk kontakt, ved ord eller på andre og mer indirekte måter».

 - «En viss ubalanse i makt eller styrkeforhold betyr at den som utsettes for de negative handlingene ofte er mer eller mindre hjelpeløs overfor den eller de som mobber».

Broskyren desse definisjonane er tekne frå, er retta mot miljø der born og ungdom deltek frivillig. Det vil seia at deltakarane kan velja bort å delta, men det får negative konsekvensar som utanforskap og mangel på fritidsaktivitetar og venner.

Med rett til å vera seg sjølv....

Definisjonane er sikkert dei same for mobbing i skulevesenet, men i skulen er møteplikta lovpålagt. Sjansen for å sleppa unna mobbinga er dermed minimal, trass all god innsats frå lærarar og skuleleiing.

Er Israel si deltaking i FN, IJC og liknande fora obligatorisk eller frivillig?

Så langt eg veit, må landa søkja om å bli medlemmar, og medlemskapet vert godkjent av generalforsamlinga. Dermed skulle det vera fullt mogeleg å melda seg ut, endå i informasjonen frå FN-sambandet står at FN-pakta ikkje har noko prosedyre for utmelding, og det er heller ingen statar som har gjort det. FN er dermed ikkje ein «normal» demokatisk organisasjon.

Kanskje Israel kan verta eit føregangsland, også her?

Med rett til å vera ulik alle dei andre...
Artikkel 1: «De Forente Nasjoners formål er: (vii)

(1.2:) - å opprettholde internasjonal fred og sikkerhet, og i dette øyemed å treffe effektive, kollektive tiltak for å hindre og fjerne trusler mot freden og undertrykke angrepshandlinger eller andre fredsbrudd, og å sørge for at internasjonale tvister eller situasjoner som kan lede til fredsbrudd, blir ordnet eller bilagt ved fredelige midler i samsvar med rettferdigheten og folkerettens prinsipper». 

Denne vesle biten av FN-traktaten viser den teoretiske målsetjinga som er grunnlagt på «kollektive tiltak» mellom likeverdige og sjølvstendige statar, alt med det føremålet å skapa ei rettferdig og fredeleg verd. (viii)

Talet på resolusjonar mot Israel, og fordømminga av det Israel har gjort eller ikkje ha gjort, er uendeleg i høve til den manglande førdømminga av til dømes Iran, Hamas og alle terror-organisasjonane, inkludert manglande fordømming av gisseltakinga og overgrepa 07.1023 i Sør-Israel, osv. Kvar er FN sin kvinneorganisasjon si fordømming av dei seksuelle overgrepa og mishandlinga av jødiske kvinner den dagen? Eller FN si fordømming Iran som har lagt «fangarmar» (ix) rundt Israel med for å drepa jødar og eliminera landet frå kartet? 

Nei, redaktør Arthur Berg hadde rett i det han skreiv i «Dagen» for 50 år sidan (x): «FN har vedtatt en fordømmelsesresolusjon mot Israel….  Mot 7 stemmer har de Fordømmende Nasjoner (FN) vedtatt…

Og FN er ikkje mindre fordømmande i dag. 

Kanskje det var til Israel sitt beste å bryta alle band til organisasjonen?

--------------

(i) Han hadde gjorde aliyah for mange år tilbake, men hadde framleis sitt amerikanske statsborgarskap.

(ii) Hans uttrykk var «War of artrition».

(iii) Info frå «Med Israel for fred» (miff.no). Eg hugsar ikkje statistikken forkynnaren la fram, men dette er same informasjonen, berre av nyare dato.

(iv) Me kan og seia anti-Israelske haldning. I realiteten er det ein mutasjon av det gamle «Judenhass». (Sjå bloggen for ei veke sidan).

(v) Sitat frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

(vi) Informasjonen er plukka frå «MOBBING – Regjeringen.no» / https://www.regjeringen,no, og heftet «Mobbing i fritidsmiljøene».

(vii) Utdrag frå «FN-pakten» på fn.no.

(viii) Begrepa «rettferdigheten og folkerettens prinsipper» er eigentleg totalt verdlause formuleringar. Sett i historisk og geografisk perspektiv er innhaldet i desse orda uendeleg til alle kantar. Ein global innhalds-konsensus er ikkje-eksisterande.

(ix) Iran er i fleire media billedleg omtalt som "blekksprut" (Octopus)…..

(x) Sjå bloggen for 17.12.23.

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 15. september 2024

Bilete eg tok i Higt Street, Exeter, ein laurdag i august.
 Antisemittisme anno 2024.

Som elles i verda, har England hatt sine antisemittiske protestmarsjar, - ein del av desse også med valdsepisodar. Universitets-miljøa har merkt seg ut, men også «vanlege folk» har gått i tog for noko plakatane kallar «eit fritt Palestina». Der eg har vore, stod det ein trufast flokk på High Street (Exeter) på laurdagane. Desse var av dei rolege. Dei var ikkje mange dei gongane eg såg dei. Dei stod berre i ro med plakatane sine, song litt eller ropte slagord innimellom.

Resten av gruppa, same dagen.
No kan det vera at store protestar mot innvandrarar har gjort sitt til at det var færre palestina-sjal og -flagg å sjå, og at lyden var skrudd ned. Desse var fredelege og gav plass til forbipasserande som ville ha ein prat, enten dei var einige eller ueinige.

I synagogen høyrde eg vaktmannen og den ansvarlege snakka om uroa som hadde vore i landet, men alt var roleg og gjekk som normalt for seg dei to laurdagane eg var der.  

Denne synagogen brukar liturgibøker bøker etter kva retning av jødedommen den som leier samlinga den dagen, høyrer til. Det meste føregår på engelsk. Eg kunne fylgja med i  tekstboka «The Pentateuch and Haftorahs». Der er den hebraiske teksten (i) var omsett til engelsk, med kommentarar.

Jødisk identitet er (for meg)
uløyseleg knytt til 
«Skriftene»
Dei som eg møtte der, definerer seg som jødar. Det same gjeld nok også dei som av forskjellege grunnar ikkje kunne koma til synagogen, men som fekk samværet overført via internett. På samlingane ber dei for Israel, for kongen (ii) og for England. Samlingane var trygge og gode å få vera med på, også for meg som ikkje-jøde. Eg kjende meg velsigna då eg forlèt synagogen med det rituelle «Sabbat shalom» i øyra.

Kva er «jødisk identitet»?

Om du spør meg, representerer dei eg møtte der i synagogen, mitt bilete av «ein ekte jøde». I tillegg har eg som referansebilete dei eg har møtt og har kontakt med av messianske jødar. Rett nok er der store skilnader på det teologiske fundamentet dei byggjer på, men begge har ei trygg tru på og respekt for Adonai (Gud), endå nokre berre byggjer på det som for meg er Tanakh (GT), og dei andre heile Bibelen frå A til Å. Og eg trur at begge delane i «vår» Bibel har same hovudpersonen!

Men dette viser og kor få jødar eg verkeleg kjenner og kor redusert mi referanseramme er. Det største for meg er at desse menneskja veit kva og kven dei trur på, kven dei er i historisk samanheng, og at dei ynskjer å fylgja skriftene dei har arva frå fedrane. 

På besøk i Israel møter du jødisk historie
Avstanden mellom Neturei Karta-jødane og dei som utgjer mitt bilete av jødane, er som aust er frå vest, - uendeleg. Neturei Karta samsvarar ikkje med mitt bilete av «jødisk identitet»

Kva om Neturei Karta fekk makta i verda? Ville jødar og andre framleis få lov å ha eit land oppattkalla etter ættefaren deira, Jakob / Israel?  Kva ville rabbien E. Beck og hans folk gjort med dei som ikkje delte deira syn? Ville dei verta ei terrorgruppe a la Hamas som tok livet av alle som arbeidde for Israel anno 2024?

«Når mindretalet tek fleirtalet til fange».

For ei tid tilbake såg eg ei bok eller eit hefte som hadde omlag denne overskrifta. Tittelen har forfylgt meg seinare.  Så langt eg kan forstå, er dette grunnen til støtta til Hamas og andre som prøver å ta livet av flest mogeleg jødar. Eg trur mange av dei sivile i Gaza i realiteten er fangar under Hamas-leiarane sitt valdsregime.

Må aldri det norske folket gløyma at då kongen vår ville uttrykkja si medkjensle med Israel etter terroren 07.10.23, var det Arbeidarparti-Senterparti-regjeringa som sette foten ned og nekta. Derimot då Ebrahim Raisi, Irans president og ein av bakmennene til 07.10.23 massakren omkom i ei helikopterulukke, var den norske regjeringa straks på pletten for å uttrykkja si medkjensle!

Kven var så Ebrahim Raisi? Jau, han var «jurist» i det iranske rettsvesenet, og vart til slutt president. Han vart kjend som «Slaktaren frå Teheran» eller «Dødsengelen». Kvifor? Heilt enkelt fordi han brukte makta si til å torturera og ta livet av politiske motstandarar! Han var ein mann som etterlet seg blodspor gjennom livet, og han meinte den norske utanriksministeren og statsministeren var verdig ærefulle minneord! 

Det same kan seiast om Yahya Sinwar som no er leiaren for Hamas i Gaza, og som – så langt me veit, gøymer seg nede i tunellane bak ein stadig mindre flokk jødiske gislar. Til tider skal han gå ut og gøyma seg mellom kvinner og born, utkledd som «kvinne», vert det sagt.

Jødane fann for litt sidan ein av desse gøymestadane og kunne ta heim lika av fem av gisla tekne 07.10.23. Dei døde hadde alle skotskadar, og var drepne med kaldt blod.  Kanskje dei ikkje hadde krefter lenger til å fungera som skjold for Sinwar?

Landet er uløyseleg knytt til fortida...
Han er i live fordi han ikkje brukar mobiltelefon eller medium Israel kan spora og på den måten finna ut kvar han er.

Valdspolitikk

Korleis kom han til makta i Gaza? Jau, med vald og terror mot sine eigne, drap av motstandarar og terror mot dei som ikkje ville støtta Hamas. Som takk fekk han tilnamnet «Slaktaren på Khan Younis» (iii), - på lik linje med «Slaktaren frå Teheran». 

Når Yahya Sinwar vert drepen – noko som kan skje når som helst, vil den norske regjeringa uttrykkja si «djupe sorg for det tragiske tapet»?

Om ikkje desse karane hadde brukt vald, underrykking og hat-retorikk, ville dei oppnått dei politiske posisjonane som dei har hatt siste tiåra? Det trur i alle fall ikkje eg! Protestane frå palestinarar og iranarar som har våga uttala seg, kan tyda på det same, - inkludert ho som braut inn på live TV-sending. Ho forbanna Hamas og ynskte Sinwars død, men det fann ingen resonans i media eller i offentlege organisasjonar som FN....

Kva så med den norske regjeringa?

Me har ein mindretalsregjering som har ført ein tydeleg anti-Israel-politikk. Dei to siste utanriksministrane – med statsministeren si støtte – har gjort landet vårt berømt for «vårt» Israel-hat. Deira handlingar har plassert landet vårt mellom dei som ynskjer Israels død. «Me» som har eit anna syn på saka, er fangar under denne mindretalsregjeringa sitt politiske regime, slik folket i Gaza har vore under Sinwar og Hamas!

----------------

(i) Tekstane er frå «Tanakh», dvs. «Det gamle testamentet».

(ii) Liturgibøkene er framleis dei gamle der det vert bedt for «The Queen», men liturgen brukar eit ark med forbøn for «King Charles III». 

(iii) Khan Younis er ein liten by med tilstøytande flyktningeleir langt sør på Gazastripa. Byen var bygd 1387 av emiren Younis.  Det vart handelsstad og stoppestad for karavanar og reisande langs midelhavsveien mellom Egypt og Syria. Ein reisande på 1800-talet seier byen hadde om lag 1000 innbyggjarar og mange frukttre, særleg aprikostre. (Opplysningar frå mellom anna Khan Younis – Wikipedia). Når denne krigen er over, er det grunn til å tru at byen ligg i ruinar, takka være «Slaktaren frå Khan Younis» og Hamas.

------ 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


søndag 8. september 2024

Gatebilete frå Jerusalem
Om antisionistar og anna

I bloggen sist søndag skreiv eg om Neturei Karta, den ultraortodokse jødiske sekta som kallar seg antisionistar og som vil at Israel slettast frå kartet. Dei er så fanatiske i si tru at då Irans president Ebrahim Raisi, «Slaktaren frå Teheran», vart gravlagd, reiste leirane deira til Teheran for å hylla «Dødsagenten».(i) Og, som det stod i Daily Mail, korkje Hamas, Taliban eller houtiane i Jemen er antisemittar i deira auge. Dei er berre antisionistar slik som dei sjølve.

Kva er ein sionist?

Les me til dømes i Store norske leksikon, finn me at sionismen oppstod på slutten av 1800-talet som ein motreaksjon til diskriminering av jødar og aukande antisemittisme i Europa. Theodor Herzl vart frontfiguren i denne rørsla og var den som fekk i stand Verdens Sionistorganisasjon. (ii) Målet deira, som framleis er målet for sionistane, var «å skape et legalt og sikkert hjemsted for det jødiske folk i Eretz Israel».(iii) Den som støttar og arbeider for at dette skal vera og verta ein realitet, er såkalla «sionist».

Ein antisionist der så det motsette: Ein som arbeider for at jødane ikkje skal ha ein sikker og legal heimstad i Eretz Israel, men skal drepast eller jagast vekk.

Kva er så ein antisemitt?

I tidlegare bloggar har eg skrive om at ordet «jødehat» - «judenhass», vart bytt ut med «antisemittisme» truleg fordi det verka meir vitskapeleg og ikkje så vulgært. I realiteten er ordet misvisande då antisemittisme vert brukt berre om jødar, endå arabarar også er semittar og snakkar semittiske språk. Leksikonet, som eg har sitert over, seier derfor «Antisemittisme er en betegnelse for fiendtlige holdninger og handlinger mot jøder». 

Faksimile frå "Et ord fra Jerusalem"

Neturei Karta er antisionistar, men ikkje antisemittar. Det er nok naturleg sidan dei er jødar sjølve. 

I den store bylgja av propalestinske protestar, vert dette skiljet mellom antisemittisme og antisionisme stadig ført til torgs. Men om ei løgn vert repetert ofte nok av mange nok, vert ho absolutt ikkje sann av den grunn! 

«Antisionismen er antisemittismens nye form»

Dette er tittelen på leiarartikkelen i «Et ord frå Jerusalem» (iv) nr. 07-2024, skrive av redaktør Bjarte Ystebø. Han startar slik: «Jødehatet finner stadig nye former. Men det er bare formen som endrer seg. Jødehatet er en konstant faktor».

Og lenger nede: «Israel er det eneste landet i verden som, når det blir angrepet, bare blir angrepet enda mer, av verden. 

Antisemittisme er et muterende virus. Det forandre seg gjennom historien.

Uansett hva jødene gjør, taper de alltid omdømmekampen.

Jødene blir hatet for å være rike og for å være fattige. 

De har blitt hatet for å integrere seg og for ikke å integrere seg. 

De ble hatet for å være statsløse, og kalt for rotløse kosmopolitter ….

Nå blir de hatet for å ha en stat. 

I dag har det blitt en allment akseptert antisemittisme, nemlig antisionismen. Det er antisemittismens nyeste mutasjon.» (v)   

Heldigvis er det mange jødar og ikkje-jødar som er einige med redaktøren, og som reagerer stikk motsett det Neturei Karta gjer. Berre høyr her:

Faksimile frå framsida av bladet eg siterer frå


«Nå kommer aliyah-bølgen»

På framsida i bladet eg har sitert frå over, står denne tittelen. Dei skriv at det er ein enorm auke på talet av jødar som vil flytta til Israel. Valresultata i Frankrike og den aukande anti-semittismen i USA og Canada, gjer at det ser ut til å koma ei massiv bylgje av jødar som vil gjera aliyah. Som me veit, fekk ikkje angrepet 07.10.23 den effekten som mange var redd, - at talet på jødar som vender heim til sitt bibelske heimland, skulle gå drastisk med.

Me veit og at mange har reist til Israel for å vera med å kjempa for landet si overleving. 

Talet på falne i krigen mot Hamas inkluderer ei rekkje «lone soldiers». (vi) 

Gatebilete frå Jerusalem
Definisjonen på «lone soldier» er at han eller ho ikkje har noko familie i Israel som støttar seg. Det kan vera ein ny immigrant, ein frivillig frå utlandet, ein foreldrelaus eller ein frå ein sundbroten heim. Etter det senteret skriv, er der over 7000 slike i det israelske forsvaret (IDF), og 45 % av desse er nye immigrantar frå jødiske grupper rundt om i verda.(vii)

Det er mange organisasjonar som «den Internasjonale Kristne Ambassaden», «Ebenezer Operation Exodus» og «Hjelp Jødene Hjem» som står klare til å hjelpa jødar som vil gjera aliyah. Dei hjelper slike som har spesielle utfordringar med reisa, slik at dei kan få oppleva det Tanakh (= GT) seier i mellom anna Amos 9, 11-15:

«Eg vil planta dei i landet deira, og dei skal aldri meir verta rykte opp or landet sitt, det som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.» (v.15). 

Tel me alle stader i Tanakh  (GT) der Adonai (= Gud) seier han vil at jødane skal venta tilbake til landet han gav fedrane deira, så er Han er ein ekte sionist.

     Utan tvil den største av alle!

---------------- 

(i) På grunn av si harde linje mot alle som ikkje delte hans religiøse og politiske syn, fekk han utnamna «Slaktaren frå Teheran» og «Dødsengelen». Dette stod å lesa mellom anna i Aftenposten 20.05.24.

(ii) World Zionist Organization (WZO) , grunnlagt på den første sionistkonferansen i Basel i 1897.

(iii) Denne teksten står under biletet av Herzl i leksikonet. «Eretz Israel» er hebraisk og betyr Israels land, det vil seia det landet Gud gav til Abraham og hans etterkomarar.

(iv) «Et ord fra Jerusalem» er bladet til den norske representanten av  den Internasjonale Kristine Ambassaden i Jerusalem. Bladet kjem ut ein gong i månaden og kan bestellast på post@icej.no

(v) Sitat frå starten og slutten på artikkelen. 

(vi) For meir informasjon, sjå http://lonesoldiercenter.com/about-us/who are lone soldiers/

(vii) Den som vil støtta desse «lone soldiers», kan gjera det gjennom Lone Soldiers Center. Ta kontakt på adressa eg har skrive over. 

------- 

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta eg tok sjølv (i 2015). 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


søndag 1. september 2024

 Kva er identitet?
Framsida av boka eg kjøpte


Intern identitet

Dette er den «eg»-sentrerte identiteten som er «min» definisjon av meg sjølv, noko me ofte omtalar som mitt sjølvbilete. Denne identiteten er først og fremst introvert og peikar innover mot «meg sjølv», skapt av mi eiga oppleving av meg sjølv, og mi oppleving av korleis andre ser på og/eller reagerer på meg. 

Men han er og ekstrovert, det vil seia at han peikar utover  frå «meg» mot ei viss gruppe menneske som «eg» deler ein viss del av karakteristika med, og omtalar som «oss». Det kan vera fysiske og psykiske særdrag eller ein kombinasjon av begge, - til dømes hudfarge, religion eller nasjonalt heimland m.m., som bind oss saman.

Denne «oss»-identiteten går på forståinga av «oss sjølve», og er det kollektive sjølvbiletet. Det vert skapt gjennom i felles kultur, felles utdanning,  same kjønn, tru, og så vidare. Begge desse formene er interne, det vil seia at «eg» eller «me» konstruerer desse identitetane ut dei frå kriterier «eg» eller «me» bevisst og ubevisst legg vekt på, internt. 

Ekstern identitet

Denne identiteten er den «dei andre» har laga av «oss», enten det er av «meg» som einskildindivid, eller av «oss» som gruppe. Mi erfaring er at det er stor skilnad på den identiteten «eg» og «me» meinar me har, og den identiteten «dei andre» (utanfor gruppa) seier «eg» eller «me» har. (i)

«Mapping Jewish Identities»

Ein bruktbokhandel i Exeter selde meg boka med tittelen over. Det er ei fagbok om emnet, redigert av Laurence J. Silberstein. I det eg har lese til no, slo det meg mest den understrekinga av at identitet kan sjåast på som ein stadig prosess der identiteten vert endra etter som indre og ytre tilhøve endrar seg:

«Etter som eit individ går mellom forskjellege etappar, sosialt, politisk eller kulturelt, vil han eller ho sjå på seg sjølv på forskjellege måtar.  På forskjellege tidspunkt vil kjønn, klasse, rase, etnisitet, seksuell orientering eller religion vera avgjerande for kven ein er». (ii)

Livet er ein fysisk og psykisk prosess frå fødselen av, og ut frå det me opplever, vert dei forskjellege identitetane skapte, enten me er norske eller jødar. Og resultatet? Ja, det kan verkeleg vera forunderleg. Dette serverte «Daily Mail» lesarane sine den 03.08.24:

«Judaisme: Ja! Sionisme: Nei! Vekk med staten Israel!» (iii)
Faksimile frå side 28 av Daily Mail, laurdag 3. august 24.


















Journalistane hadde fått lov å intervjua ein av dei jødiske sektene i Storbritannia: Neturei Karta. Artikkelen deira startar med:

«Du ville nok ha tenkt at den siste plassen du ville finna ein ultra-ortodoks jøde, typisk kledd med lang, svart frakk og den tradisjonelle mink-hatten, var på ein pro-Palestina protest som føregår nesten kvar veke i London. Denne massen av menn og kvinner med palestinasjal som syng anti-jødiske songar som «Frå elva til sjøen, Israel skal bli fri», kan vera aggressive mot dei som ikkje deler deira syn.

Men frå ei tid tilbake kunne ein sjå ein gruppe ultra-ortodokse jødar som leia songen som bad om at staten Israel måtte verta fjerna. Dette forundra mange av dei andre som protesterte.»

Dette er altså ein flokk jødar som har ein liten synagoge i Stamford Hill, nord i London. Bladet fortel at det skal vera fleire tusen som tilhøyrer denne sekta, og at dei har utpostar i Jerusalem og i New York. Dei brukar sabbaten til å delta i anti-Israel-demonstrasjonar.

Faksimile frå side 29 i same avis
Sekta brukar ikkje mobiltelefon eller andre moderne media, men har laga ein video der leiaren E. Beck slær fast at «Staten Israel er ein opprør mot Gud». Etter hans meining var det Gud som sende jødane i eksil i år 70, og hendinga 07.10.23 var Guds straff. At staten Israel vart oppretta (i 1948), er eit vanheilagt opprør mot Guds vilje. Først når Messias kjem, kjem det verkelege Israel, og då som eit jødisk kongedømme.

«Me er ikkje anti-semittar, men anti-sionistar»

Dette utsagnet høyrer me stadig oftare, og denne sekta hevdar at korkje Hamas, Hisbollah og houtiane er anti-semittar, berre anti-sionistar slik dei sjølve. På spørsmål om det finst anti-semittisme på protestmarsjane, svara rabbien Beck:

«På marsjane syng dei: ‘Judaisme: Ja! Sionisme: Nei! Staten Israel må det verta slutt på!’ Og dette er sjølvsagt ikkje anti-semittisk. Alle ‘palestinarane’ arbeider for å få landet sitt tilbake. Det finst ikkje noko anti-semittisk i det.»

«Sanne jødar», kven er det? 

Avisa skriv at leiarane i Neturei Karta seier at dei er «dei einaste autentiske rabbiane», og at «alle sanne jødar» avviser staten Israels eksistens. Derfor stiller ein liten flokken med rabbi E. Beck i spissen opp i Palestina-marsjar på sabbaten. Dei vert og inviterte til universitet og anti-Israel-fora. Palestina-tilhengjarane jublar medan sentrale personar mellom jødane uttalar seg nedsetjande om dei, står det i avisa. Det biletet denne flokken har i eigne auge, og det  «sentrale personar» i det jødiske samfunn i England har av dei, stemmer med andre ord ikkje over eins. 

Eit aktuelt spørsmål for meg er kvar i Tanakh (vårt GT) dei finn det teologiske fundamentet for orda sine, men så reknar eg meg for sionist, sjølv om eg ikkje er jøde. Og  Messiasriket som skal koma, er det vel det Jesaja skriv om i sitt 11. kapittel. Då skal ulven bu saman med lammet, og leoparden liggja i lag med kjeet (v,6).

Men ortodokse jødar i anti-Israel-demonstrasjonar, er vel noko heilt anna?

--------------

(i) Under mi tid i Paraguay, har eg sett ei etnisk gruppe gå frå steinalderen til «vår tid». Steinøksa eg har på kontoret fortel om urgammal nedarva teknikk som no held på å gå i gløymeboka, bytt ut med mobiltelefonar og datamaskiner! Då eg kom til landet, vart dei kalla «Guyaki», eit namn på skogrotter, og dei var rekna for å vera svært blodtørstige. Sjølv kalla dei seg «Ache», eller «folk». Mi oppleving av dei, - når dei kjenner seg trygge, er at dei er kjærlege og hjelpsame.

(ii) Mi omsetjing av: «As a subject moves among various sites, social, political, or cultural, he or she is positioned in different ways. At different times, gender, class, race, ethnicity, sexual orientation, or religion takes priority as positioning discourse.» Silberstein byggjer utsagnet på Susan Stanford Friedman sine teoriar.

(iii) Mi omsetjing av: «Judaism yes, Zionism no. The state of Israel must go!» 

----------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller  bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.