søndag 9. februar 2025

«Sionismen. Israels statsideologi»

Ei anna bok eg lånte på biblioteket, var boka til Peder Martin Lysestøl med overståande tittel. (i) Forfattaren var heilt ukjend for meg, men han har skrive ei lang rekkje bøker. Etter det som står om han på internett, har han gjennom åra vore med i AKP, RV og Rødt. Han var ein av grunnleggjarane til Palestinakomiteen, og var sjølv formann der 1971-73. Denne boka er lettlesen. Ho gjev innsyn i forfattaren sine meiningar og haldningar, og refererer til forskjellege kjelder som han byggjer på.

Israels jord blomstrar når det regnar - 
og når jødane får ta hand om ho.
Eit avklårande føreord

«Fra mine første møter med den palestinske frigjøringsbevegelsen hørte jeg om sionismen. Men det skulle likevel ta lang tid før jeg innså hva den sionistiske ideologien betydde for okkupasjonen av Palestina og for den israelske politikken. Ingen norske politikere snakket som sionismen. På universitetet ble jødedommen som religion studert, men ingen studerte sionismen. I studietida ble jeg kjent med norske sosialister som til og med hyllet Israel som en sosialistisk pionerstat. Jeg forsto tidlig at dette var en total misforståelse, men det tok tid før jeg på alvor prøvde å forstå hvilke ideer som lå til grunn for denne fanatiske staten».(ii)

På neste side fann eg dette: «Da jeg startet skrivingen av denne boka, hadde Israel gjennomført 4 kriger mot folket på Gaza. Nå, mens eg skriver dette er Israel i gang med sin 5. Gazakrig, en krig så brutal at det er vanskelig å finne ord for det.» (iii)

Denne starten opnar døra til ei tankeverd der ingen ting positivt kan seiast om sionismen eller om Israel. Her finst ikkje eitt ord om at Israel rensa Gaza for jødiske innbyggjarar for å overlata området til menneskje som etter «Veikartet for fred» skulle sikra fredeleg sameksistens mellom jødane i Israel og arabarane i Gaza.


Verda over finn me bevis på at Israel
er jødane sitt heimland.
Heller ikkje eit einaste ord om at «palestinarane» gjorde minimalt for å utvikla ein velferdsstat for folket som busette seg der. Enorme summar som mellom anna kunne gjera Gaza til ei turistperle ved Middelhavet (iv), gjekk til 500 kilometer med tunellar som inneheld alt frå kommandorom, rom for våpenproduksjon og -lagring, og så vidare. Mot Egypt og nær grensa til Israel, var det tunellar så store at dei kunne køyra bilar gjennom dei. (v) 

For den som vil ha fakta, gjekk Israel kvar gong mot Gaza på grunn av terroristane sine angrep på sivile israelarar. Det var det som skjedde 07.10.23. Dersom Hamas ville ha fred, hadde ingen av desse «Gazakrigane» Lysestøl skriv om, vorte starta. Dei kunne og hatt si «tostatsløysing», men det reelle målet er – som dei syng – at jødane skal vekk og «palestinarane» skal ha alt frå Jordan til Middelhavet!

Norske sosialistar hylla Israel!

Eit døme på det er vel Einar Gerhardsen si bok om hans offisielle besøk i Israel. (vi) Tek eg feil når eg tolkar Lysestøl sitt utsagn slik at det ikkje var jødane som menneskje Gerhardsen og hans parti snakka varmt om, men draumen om Israel som ein sosialistisk idealstat a la «gamle» Sovjetunionen? (vii) At kibbutsane hadde sitt førebilete frå Aust-Europa, det er rett. Ben Gurion og dei som grunnla Tel Aviv, hadde sosialistisk-kommunistisk bakgrunn, men var det einaste grunnen til den støtta dei norske sosialistane gav jødane den gongen?

I så fall kan eg forstå motviljen Lysestøl viser, og at vår aktuelle regjering gjer alt dei kan for å motarbeida og øydeleggja for Israel si noværande, høgreorienterte regjering!

Foto eg tok Lysestøl si bok
Theodor Herzl

Lysestøl skriv og om Theodor Herzls liv og gjerning. Der siterer han frå boka «Jødestaten»:

«Vi kan kanskje være i stand til å gå fullsendig opp i andre raser, om de lar oss være i fred. En kort periode greier de å tolerere oss, så bryter deres fiendskap ut, igjen og igjen». (viii) Boka «Jødestaten» frå 1896 var utan tvil avgerande for den historiske oppvakninga mellom jødane, ikkje minst i samspel med Dreufus saka i Frankrike som viste kor utsette sjølv velutdanna jødar var for forfylging og mishandling. 

Herzl skreiv også: «Dersom jødene i Østeuropa skal unngå terror og trakasering i framtida må de «…vende tilbake til sitt opprinnelsested, som betyr Det hellige land»». (ix) 

Trass dette og det me veit om Israel til i dag, trekkjer Lysestøl denne uhyrlege konklusjonen:

«Theodor Herzl ville ikke kjent seg igjen i den nåværende apartheidstaten Israel. Han kunne vanskelig forestille seg at den staten han drømte om skulle erobres gjennom kriger og undertrykkelse av palestinere. Andre folk som fikk nasjonal selvstendighet, fikk det på det geografiske området de hadde bodd i i århundrer. Jødene hadde ikke et eget territorium. Herzl så ikke det som noe problem». (x)

Foto eg tok av det gamle kartet i boka
Kvifor snakka Herzl om å «…vende tilbake til sitt opprinnelsested, som betyr Det hellige land» om jødane ikkje hadde «et eget territorium»? Gjennom både romerrikets soge, Bibelen (= jødisk soge) og andre kjelder, er det slege grundig fast at jødane sitt heimland var der Israel ligg i dag. Dei vart fordrevne derifrå, sist av romarane etter Bar Kokhba-opprøret 132-136 i vår tidsrekning.

Namnet «Palestina» kom inn som erstatning for det som på norsk vert kalla «Jødeland». «Palestinarar-namnet» vert tillagt folk som  historisk sett ikkje er eitt folk. Det er og uansett av nyare dato enn begrepet «jøde» eller «Juda». (xi)

Både arabarar og jødar reknar Abraham for sin stamfar (xii). Bibelen seier jødane er etterkomarar etter Abrahams son Isak, fødd etter Guds lovnad av Sara. Koranen seier at arabarane er etterkomarar etter Ismael som Abraham fekk med den egyptiske trelkvinna Hagar. (xiii)

-----------

(i) Peder Martin Lysestøl: «Sionismen. Israels statsideologi»,  Solum Bokvennen, 2024. Forfattaren er utdanna sosialøkonom, fødd 08.02.1942 i Trondheim.

(ii) Starten på føreordet side 11. 

(iii) Frå 3. avsnitt side 12. 

(iv) Det var i si tid planar om å gjera Gaza til ein turistmagnet med eigen flyplass og hamn for å ta mot turistar. 

(v) Det siste eg har sett, er at ca. 40 %, eller vel  200 km tunellar er att. Delvis er dette fordi USA ikkje leverte sprengstoffet Israel trong for å øydeleggja tunellane, og delvis fordi IDF var redde for dei jødiske gislane. Det er og ein del tunellar som Israel ikkje har lokalisert pr. d.d. (Etter det me veit no, vart mange av dei jødiske gislane haldne innestengde i tunellar,  delvis i bur, og utan lys, nok mat og vatn.)

(vi) Du kan lesa om dette i blogginnlegget for 03.12.23.

(vii) Den vesle stunda eg var med i AUF, vart endå Sovjetuionen sett opp som idealstat, og det var framleis dei som snakka å gjera Noreg til ein sosialistisk stat ved makt. Arbeidarpartiet valde den «snille linja» med påverkning av folket gjennom skuleverket, NRK, sosialistisk lovgjeving osv. 

(viii) Sitatet skal vera frå side 92 i «The Jewish State», og sitert nedst på side 37 i boka eg las.

(ix) Sitatet skal vera frå s.79 i overnemnde bok, og brukt på side 38 i den eg har lese. 

(x) Siste avsnitt på side 39. 

(xi) Det opphavlege ordet for dei i Juda stamme gjekk over til alle dei 12 stammane Abraham vart stamfar for.

(xii) Dette er og bakgrunnen for det som vert kalla «Abraham Accords» mellom Israel og nokre arabiske statar.

(xiii) Frå 1. Mos. / Genesis 16 og utover, og i Koranen sure 2:125 (Dette siste skriv "Store norske leksikon").

Bileta har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar