Utsyn frå Mount Scopus ei natt i 2015 |
«Sosialistiske sionister»
Dette er overskrifta på eit underkapittel i Lysestøls bok som gjev god informasjon om viktige deler av utviklinga av den jødiske staten fram mot 1948.
Det var jødane frå Aust-Europa og Russland som på mange måtar utgjorde plogspissen i arbeidet for ein eigen stat den gongen. Sosialismen hadde prøvt å få fjerna tsaren i 1905, utan å lukkast. Med i denne oppstanden var det jødar som ville «avskaffe det urettferdige undertrykkersamfunnet» (i)
Som resultat, seier Lysestøl, vende jødane seg mot sionismen og vona om ein gong å få sin eigen stat. I den samanheng vert Haim Arlosoroff sitert: «Palestinas politiske skjebne bestemmes ikke av de som har kontroll over Tel Aviv, Haifa eller Jerusalem. Selv om de er mange …. bestemmes det av mannen på flatlandet ved Akko, som har plogen i sine hender og som har jorder der irrigasjonskanalene renner». (ii)
Utsyn over ein del av Jerusalem same år |
Det jødiske komunistpartiet vart danna i 1923 av jødiske immigrantar, og hadde støtte frå den kommunistiske Internasjonalen. Boka fortel at Stalin støtta staten Israel. Han siktar då sikkert til Andrei Gromyko som representerte Stalins Russland i UN (iii) under samlinga i november 1947. Han sa: «Det jødiske folk har vore nært knytt til Palestina gjennom ein stor del av soga. Som eit resultat av krigen, har jødane lidd meir enn noko anna folk. Det totale talet på jødar som har vorte drepne i hendene til nazistane, er kalkulert til rundt seks millionar. Det jødiske folket har derfor streva for å skapa sin eigen stat, og det ville vera urettferdig å nekta dei denne retten». (iv)
Denne støtta resulterte i at jødane fekk kjøpa våpen frå Tsjekkoslovakia, skriv Lysestøl, noko som Jerusalem Post også seier.
Kibbutsrørsla.
Det er vel ingen tvil om at bruken av arbeidskollektiv á la dei i Russland, la grunnlaget for jødane si overleving og framvoksteren av det Israel me kjenner i dag. Og Arlosoroffs kunnskap om at vatn var avgjerande for landet, er framleis avgjerande for livet dagens jødar lever.
Utsyn over ein annan del av byen same år. |
Karl Marx
I omtalen av sosialpolitikken i Israel, har boka og nokre ord på side 80 om Marx: «Marx var internasjonalist og avviste ideen om en arbeiderklasse basert på raser. Marz mente at nasjoner var produkt av kapitalismens utvikling og ikke et resultat av religiøse åpenbaringer fra 3000 år siden. Mange av de jødiske marxistene tok avstand frå sionismen».
Dette er interessant fordi mange jødar gjennom soga har gjort alt dei kunne for å verta assimilerte i dei samfunna dei geografisk var ein del av. Vår norske Jo Benkows store ynske var å vera «ekte norsk». Likevel vert han hugsa som «jøden Jo Benkow», noko som ser ut til å stemma med Herzls ord som eg siterte i førre blogg: «Vi kan kanskje være i stand til å gå fullstendig opp i andre raser, om de lar oss være i fred. En kort periode greier de å tolerere oss, så bryter deres fiendskap ut, igjen og igjen».
Ordet «fiendskap» er for sterkt i dei fleste tilfelle her til lands. Kanskje «segmentering» høver betre?
Eit jødisk karakteristika |
Eit folk for seg sjølv
Profeten Bileam, han som vart leigd inn for å forbanna jødane, men ikkje klarde det, sa: «Sjå, det er eit folk som bur for seg sjølv, og mellom heidnigefolka reknar det seg ikkje». (vi)
Det er ut til å vera jødane sin skjebne «å vera anleis» enn alle andre folk.(vii) Sjølv om dei prøver å gøyma sitt jødiske opphav, dukkar segmenteringa opp att, «igjen og igjen».
I år 135 då Jerusalem fekk namnet Aelia Capitolina, og landet namnet Palestina, vart dei fleste jødane førde vekk frå landet sitt. Men mange jødar budde der likevel, og sjølv om mange vart drepne av korsfararane som skulle «frigjera» Jødelannd, har det – så langt me veit – alltid butt jødar i Jødeland.
Det var og mange som reiste tilbake dit etter dei vart forfylgde og utviste frå England (1290), Frankrike (1391), Austerrike (1421), Spania (1492) osv. Under det osmanske riket budde det arabarar, jødar, grekarar, drusarar, beduinar og andre der. «Per 1844 utgjorde jødene under bestemte kriterier den største befolkningsgruppen (og i 1890 majoriteten) i Jerusalem, selv om den jødiske befolkningen til sammen utgjorde mindre enn 10 % av den totale befolkningen». (viii)
Lysestøl skriv at dei første jødiske immigrantane i perioden 1882 til 1903 «hadde riktignok en drøm om Sion, men ikkje en plan om en jødisk stat».(ix) Dette kan nok vera riktig hjå nokre, men draumen om «Eretz Israel» levde utan tvil både i dei jødane som budde i området frå gammalt av, og dei som då kom!
Den draumen har levd i jødane i årtusen …
------------------
(i) Frå side 79 i boka.
(ii) Sitat på side 79-80 som er teke frå Dieckhoff: «The invention of a Nation». Merk at «Palestina» var framleis namnet på dette landområdet. Namnet Israel kom først i 1948.
(iii) På norsk FN.
(iv) Mi omsetjing frå engelsk av sitat i "Why did Stalin vote for a Jewish state?" - The Jerusalem Post (Andrei Gromyko, 1909-1989, var sentral i russisk politikk både under Stalin og etterpå)
(v) Det var i 2021. I desse budde då 117 000 menneskje.
(vi) 4. Mos / Numeros 23, 9b. Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
(vii) Lysestøl nemner ein stad at i samband med Israel vart ordet «rase» brukt med same innhald som «folk». Dette er og mitt inntrykk. Klassifieringa «jøde – ikkje-jøde» går ikkje etter den genetiske oppbygginga, men deira tru og kulturelle band til jødedommen.
(viii) Sitert frå Israels historie – Wikipedia
(ix) Frå øvst på side 79.
Bileta har eg teke sjølv.
Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne blommen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar