søndag 2. februar 2025

Boka eg lånte til turen
 På tur med Hanne Eggen Røislien

Som normalt når eg reiser, har eg med meg ei bok til å lesa i. Denne gongen vart det Hanne Eggen Røislien si bok «Bosettere på hellig grunn». (i) Boka kom ut i 2005, og som me veit, har mykje hendt i Israel på desse 20 åra.

Likevel vart ho eit godt reisefylgje. Boka var lita og lettlesen, og eg fekk eit klårare bilete av kåra til dei jødiske nybyggjarane. Forfattaren er godt forankra i  tankegangen om Vestbredden og Aust-Jerusalem som «palestinske område», og har dermed eit nokså diamentralt standpunkt til mitt eige. Men i motsetning til mykje anna eg har lese, sat eg att med eit inntrykk som verka truverdig og realistisk. Sjølv skriv ho:

«Dette er en bok om de jødiske bosetningene i Øst-Jerusalem og på Vestbredden, basert på det mennesker jeg har vært i kontakt med har fortalt, og opplevelser jeg selv har hatt i disse områdene. I denne boka forsøker jeg å tegne et mer helhetlig bilde av de jødiske bosetterne enn det som vanligvis kommer fram.» (ii)

I epilogen skriv ho: «Bosetterne bryter internasjonal lov hver gang de setter foten innenfor dørstokken til hjemmene sine. Likevel fortsetter antallet bosettere å øke i utakt med resten av den israelske og den palestinake befolkningen. Hva er det som driver dem til å leve et liv som er i strid med det internasjonale lovverket? Og ikkje minst: Hvem er det som ønsker å leve et slikt liv?» (iii)

Her var me og bad for ei busetjing nær Jerusalem som FN krov skulle fjernast..
Gamlebyen

Eg kan ikkje seia at eg kjenner Jerusalem endå eg har vore der nokre gonger. I Gamlebyen møter me små og tronge gater og eit virvar av butikkar, lukter, varer og folk. Røislien omtalar denne delen av Jerusalem som ein eigen by:

«Denne lille byen er ikke større enn én kvadratkilometer, men rommer likevel et hav av konflikter. Den er delt inn i fire kvarter; i et armensk-kristent, et palestinsk-kristent, et muslimsk og et jødisk kvarter som glir over i hverandre. Likevel er kvarterene atskilt med usynlige grenser som ikke uten videre krysses av byens innbyggere. Både det kristne og det muslimske kvarteret er i hovedsak bebodd av palestinere noe som gjør at Gamlebyen i praksis er oppdelt slik at jødene og palestinerne lever i to atskilte univers.» (iv)

Nytt for meg var at det fanst «drabantbyar» utanfor denne kvadratkilometeren, og som vart rekna som ein del av Gamlebyen. Røislien intervjua ein blåøygd jødisk mann i 40-åra som har flytta dit. I samtalen kallar ho denne bydelen for «busetjing», noko han reagerer sterkt på. Han understrekar at denne delen av Aust-Jerusalem er «trygdebustader og drabantbyar». Busetjingar er dei ein finn på «Vestbredden», lett kjennelege med sine små, kvite hus med raude tak. (v)

Minnesmerke over dei første jødiske nyrydjarane. Jødane fekk her kjøpa 
malariasmitta våtmarker av det Ottomanske riket. (Mikveh Israel, 1870)

To typar busetjing

Frå reisene sine rundt om i landet fortel forfattaren om «typiske busetjingar» som er velutstyrde og rike samanlikna med områda der «palestinarane» bur. Her er asfalterte vegar, gatelys og vatn nok til både blomster og matplantar. Og så er det billeg å bu der, noko som gjer at mange vel å slå seg ned der og ikkje elles i Israel.


Den atypiske forma skildrar ho som «Fjelltoppungdomen» (vi):

«Utpostene er små, jødiske bosettersamfunn som består av en håndfull husvogner fordelt på Vestbreddens høyder, plassert der av en ny generasjon energiske bosettere. Dette er barna til og den nye oppvoksende generasjon av den nasjonalreligiøse bosetterbevegelsen. De har vokst opp i de okkuperte områdene og kjenner derfor ikke noen annen virkelighet enn Vestbreddens varme, trykkende og konfliktfylte hverdag. Det er den såkalte «fjelltoppungdommen»».(vii)

Med «den nasjonalreligiøse bosetterbevegelsen» meinar ho dei som er påverka av Rabbi Moshe Levinger, Rabbi Waldman, Rabbi Meir Kahane og organisasjonen Kach med fleire. (viii) Ved eit høve intervjuar ho «Roni» som har busetjaren Baruk Goldstein (ix) som førebilete: «Han var en messirut ha-nefresh», sier Roni med beundring i stemmen. Messirut ha-nefresh er et jødisk begrep som betyr «den totale hengivenhet til den hellige sak»».

Boka teiknar og bilete av jødar som kastar søppel, skriv negative grafitti osv. mot «palestinarar» i område der det er blanda busetning. Slik informasjon er med å gjeva eit realistisk bilete av livet i Israel, og viser jødiske haldningar både til «palestinarane» og til landet som «landet Gud gav dei til evig tid».

Utsyn over ein del av Jerusalem
Eit situasjonsbilete andre vegen

Røislien er tydeleg på kva side ho står på, men har likevel evna å skriva ei nokså nøktern og informativ bok. Eg, som både politisk og religiøst høyrer til på andre banehalvdelen, vil avslutta med eit sjølvopplevt eksempel.

Me var i Jerusalem, kona og eg, saman med eit menneskje som har hatt mange opphald i Israel. Me vart inviterte til Gamlebyen for  helsa på ein gammal pastor. Han hadde hatt ei kyrkje i Betlehem-området, men den hadde «palestinarane» brent. Sjølv greidde han og familien å rømma. No levde han og ei delvis ufør dotter i Gamlebyen. 

Pastoren fortalde soga si, og me hadde i god bønnestund samen. Trass forfylging og sviktande helse på grunn av alderen, levde han i trua på Abrahams Gud og var trygg på at mange i området dei var drivne bort frå, heldt fast på Guds nåde og frelsa ved den lidande Messias.

Med eg sit her og skriv desse orda, kom tanken: «Var den gamle mannen jøde eller «palestinar»? Sant å seia hugsar eg det ikkje! Det viktigase for meg – og for oss som vitja han den dagen, var at han hadde ei brennande tru og trygg tillit til Frelsaren.

Eit førebilete for både jødar, «palestinarar» - og oss norske!

---------------- 

(i) Hanne Eggen Røislien: «Bosettere på hellig grunn. En reise blant jødiske nybyggere» , Pax forlag a/s, Oslo 2006.

(ii) Frå side 13, «Hvorfor denne boka ble til», første avsnitt. 

(iii) Frå side 190 i boka. 

(iv) Frå side 142, 3. avsnitt. 

(v) Denne samtalen kan ein lesa om frå side 57 i boka.

(vi) Kapittel 8: «Fjelltoppungdommen. Om en ny generasjon bosettere, om barn og vold og om en rasende israelsk fredsaktivist». Frå side 164 og utover .

(vii) Dette er nedste avsnitt på side 165.

(viii) Omtalt i kapittel 6, «Blodig alvor», frå side 121. 

(ix) Baruck Goldstein opna 25.02.1994 eld mot muslimar som var samla den fredagen ved Abrahams grav i Hebron. Han drap 29 og såra over 100. (Understrekinga i sitatet er gjort av meg her for å framheva dei hebraiske orda).

Merk: Bileta har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar