søndag 18. mai 2025

«Gud signe Noregs land»

I går var det 17. mai. Fedrelandssongen og fedrelandssalmen vart sunge og spelt, og det vakre flagget vårt vaia over landet frå nord til sør. 

Det var ein dag til å takka både Gud og menneske for i eit land som har vore fritt i heile 80 år! Mange ofra livet for at me skulle få det så godt desse åra. I krigsåra var det mange som søkte Gud og bad for både landet og dei som ofra alt for å gjera landet fritt att. Endå har me mange som hugsar jubelen 17. mai 1944, ei veke etter at tyskarane hadde kapitulert. 

For litt sidan var nokre frå Frelsesarmeen på eit senter for eldre her på Vestlandet. Der var det eldre som sa at dei aldri hadde sett så mange samla nokon gong som 17. mai 1944. Det har vel heller aldri vore ein 17. mai der folket så samstemt takka Gud for fridomen.

Det er lett å setja uynskte spor etter seg!
Korsflagget må aldri slutta å vaia over Noreg!

Fleire gonger siste åra har eg sett og høyrt vaksne og oppegåande menneske seia at dei vil ha korset vekk frå flagget vårt. For dei er det såkalla «regnbogeflagget» viktigare enn korsflagget, også på offentlege bygg. Dei liknar trolla i eventyra som ropte: «Her luktar det kristenmannsblod!»

Opphavet til flagget.

Den danske kongen Valdemar 2 ville leggja områda langs austkysten av Østersjøen under dansk herredøme. Han gjorde fleire reiser austover med hæren sin, reiser som vart kalla «korstog» sidan han også skulle kristna dei heidenske livlendarane, vert det fortalt. Livlendarane var dei som budde i det me kallar Estland i dag.

I året 1208 stod danskane og livlendarane mot kvarandre i eit stort slag, og det såg ut til at danskane skulle tapa. Dei fromme danskane ropte då til Gud om hjelp, og som svar på bøn kom eit raudt og kvitt korsflagg dalande ned frå himmelen, og dei høyrde ei røyst som sa at ved dette flagget skulle dei sigra. Og det gjorde dei! (i)

Dette flagget med kvitt kors på raud botn, «Danebrog», er – så langt ein veit, det eldste nasjonalflagget i verda. Det vart også heist over Noreg i dansketida. Då landet vårt vart «gjeve vekk» til Sverige under Kielfreden i 1814, skulle det blå og gule korsflagget verta «vårt».

Vakker vår
Men som me veit, var ikkje nordmennene så glade for denne løysinga. Grunnlovssamlinga på Eidsvoll vart organisert, og me fekk ein nasjonaldag takka være ikkje minst Henrik Vergeland. Mellom dei ting han – eg hadde nær sagt ofra livet for, var at me skulle feira som nasjonaldag den dagen i 1814 då den norske grunnloven vart underskriven.

Dei norske stortingsmennene ville ikkje ha Danebrog eller det svenske flagget på flaggstonga her til lands, men dei vart ikkje enige om korleis flagget vårt skulle sjå ut. Eit forslag var å setja den norske løva i gull i øvste firkanten inn mot stonga. Det godtok ikkje kongen me hadde i lag med svenskane, og me fekk for ei tid eit flagg som på folkemunne heitte «sildesalaten».

I 1821 foreslo så stortingsmannen Frederik Meltzer at me skulle få eit nytt norsk flagg. Han ville flagget skulle ha «fridomens fargar»: raudt, kvitt og blått, slik som flagga til Frankrike, Nederland, England og Amerika. Dette vart vedteke, og Noreg fekk første korsflagget med tre fargar, det Island, Færøyane og Åland har teke etter. Totalt har me sju korsflagg i Norden, og det gjer både regionen og flagga unike i verdssamanheng. 

Wergeland og jødane

Ved sida av kampen for 17. mai, er det kampen for jødane Henrik Wergeland vert hugsa for. Det vesle landet der nede i Midtausten, Israel, feirar sin nasjonaldag, Jom ha’atsmaut, nesten samstundes med oss. (ii) 

Israel vart «fødd» 14. mai 1948, men fekk sitt flagg 29. oktober same år. Deira sentrale symbol er ikkje korset, men Davidsstjerna, - «Magen David». Fargane er kvitt og blått, sentrale fargar i den jødiske tradisjonen heilt frå Sinai og vandringa i øydemarka. Dei går att også i det jødiske bønnesjalet. 

Davidsstjerna, slik eg forstår det, vitnar om trua på Abrahams, Isaks og Israels Gud, han som ein dag – snart – skal senda Messias til verda som evig konge etter sin trufaste lovnad.

Eit flagg som fortel noko- lik vårt!

Og dei to stripene?

Den eine symboliserer Middelhavet og den andre Eufrat, yttergrensene for det landområdet som Gud kallar sitt, og som han gav jødane til Eretz Israel. Me som les vår Bibel (iii), veit at det har vore Satans store prosjekt å gjera ende på alle jødar (iv) og hindra at jødar vender tilbake til Eretz Israel etter at dei har vore spreidde utover jorda.

Men ein dag skal profetiane gå i oppfylling. Satan og hans medarbeidarar skal få sin dom, uansett kva politisk og eller religiøst program dei gøymer seg bak.

Trur du at Guds Ord er sant?  Be inderleg for Noreg – og for Israel! Den kursen dei leiande, politiske og religiøse, i landet vårt føl, vil enda i ulukke om ikkje Gud ser i nåde til oss slik han har gjort før. 

Det er Guds store nåde flagget, fedrelandssongen og fedrelandssalmen vår vitnar om.

----------------- 

(i) Der er og ein annan versjon av denne soga. Den fortel at 15. juni 1219 hadde Valdemar eit stort slag mot livlendarane, og danskane heldt på å tapa. Med på «korstoget» var erkebiskopen, og når han heldt armane opp mot himmelen, hadde danskane framgang, og når dei seig, var det livlendarane som hadde framgang. Med andre ord ein «moderne» versjon av 2. Mos.17, 8-13. I den samanheng skal også korsflagget vera nemnt.

(ii) 14. mai (1848) på deira kalendar var den 5. Iyar (5708). Datoen varierer frå år til år på vår kalendar. 

(iii) Då meinar eg alt frå 1. Mosebok til Johannes openberring.

(iv) Det var jødehataren Hamans draum (Ester 4,8), - og Hitlers. 

------------------ 

Bileta er mine eigne. (Eg sit no i Toledo, Spania, og skriv. Er her nede i von om å læra meir om dei sefardiske jødane i soge.)

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 11. mai 2025

 Gud signe vårt dyre fedreland!

Så er me komne til mai. Om nokre dagar skal me feira nasjonaldagen og minnast generasjonane som har gått føre oss. Noreg har hatt 80 år med fred og ein framgang på dei aller fleste område som ingen i 1945 hadde tenkt var mogeleg. Eg hugsar det var snakk om pakkar frå Amerika då eg var liten. Eg er fødd i siste krigsåret, og det var mangel på mange ting i butikken heime. Enklare var det i Bergen, i «bydn», men der reiste mange berre ein gong i året. Det var når Bergen Nordhordland Trafikklag, BNT, hadde årsmøte.

Det hadde seg slik at då trafikklaget vart starta, kjøpte mange ute på bygdene eit andelsbrev for at det heile skulle koma i gang. På det hadde dei rett på gratis tur med båt, buss eller begge deler, så dei kunne vera med på generalforsamlinga som vart halden i Bergen. Kor mange som gjekk der, veit ikkje eg, men dei fleste brukte nok byturen til å gjera ærend dei hadde samla opp gjennom året.

Mange av strilane handla på jødiske butikkar der dei kunne få nødvendige ting litt billegare. Eg hugsar me handla i Strandgata, og der var eigaren jøde. Elles var me i Muren, og sidan han far var lærar, hjå C. Monsen Bokhandel ved torget.

No er alt dette berre minne som ingen av i dag veit noko om, - slikt berre gamle gubbar som meg mimrar om i stille stunder.

Gerhardsen si glanstid

Mine første minne er naturleg nok frå etterkrigstida, ei tid då det var snakk om heltane frå krigen, om dei som sveik landet, og om dei som gav livet for det. Me hadde krigsseglarar som sleit med etterdønningar av farten over Atlanteren og som døyvde vonde minne og marerittfylte netter med sprit. Og me hadde «tyskarungane» som leid vondt og måtte gjennomgå for ting dei absolutt ikkje hadde skuld i. 

Det var den tida den norske sosialistiske rørsla hadde sterke band til Israel. Einar Gerhardsen var i Jerusalem og trefte «sin gode og nære venn» Ben Gurion, eit vennskap så sterkt at Israel sin statsmininster stod opp midt på natta og køyrde til Tel Aviv for å seia adjø med Gerhardsen då flyet gjekk klokka 4 om morgonen!

Og rett skal vera rett, hadde ikkje den sosialistisk-komunistiske rørsla kome med kibbutsane og den sterke ofringa av individuell fridom til fordel for fellesskapet, - for Eretz Israel og sionismen, trur i alle fall eg at landet der nede aldri hadde kome så langt som det er i dag.

Nasjonaldagar til takk og ettertanke

Israel og Noreg har nasjonaldagar om lag på same tid. Israel vart fødd den 5. Iyar som var 14. mai 1948, men sidan dei har ein kalendar som er utrekna etter månen, fall nasjonaldagen, Jom Haatzmaut 2025, på 1. mai på vår kalendar.

Israel mintest sine døde, sine krigsskadde og gislane som endå er i Hamas og dei andre terror-organisasjonane si vald. Ein sorgens dag for jødane, men og ein dag der samhald og kjærleik til Eretz Israel fekk stor plass. Og under det heile låg otten for nye rakettar frå Jemen, og terrorangrep frå dei såkalla «palestinarane» både innanfor og utanfor landet sine grenser. I tillegg press frå jødefiendlege regjeringar som vil redusera det vesle landet til eit minimum. FN, veit me, går desse regjeringane sine ærend og vil ha Judea og Samaria «judenrein» slik Hitler-Tyskland ynskte sitt ariske rike!

Den same boykott-ånda lever i Noreg i dag!

Ei regjering som fører ulukke over landet vårt?

Den sitjande regjeringa har meir enn noko anna regjering markert seg som anti-israelsk og har teke på seg ein leiande rolle for å ta frå Israel dei gamle kjerneområda Judea og Samaria. Kva konsekvensar kan dette få for oss og landet vårt?

«Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei!» (i) 

For den som trur på ein sann Gud som står for det han har sagt, er den naturlege fylgja av regjeringa sitt arbeid for å dela Israel, at Noreg vert delt!

Kanskje eg har vore inne på det før, men eg hugsar frå år tilbake ein profeti som sa at Russland skulle ta Nord-Noreg heilt ned til Trondheim. Då lo mange og sa at Russland ikkje eksisterte lenger. Då var det Sovjetunionen… 

I dag snakkar endå sindige politikarar og militære om Russland som ein trussel for både Noreg og andre europeiske land. Ja, til og med at me er meir utsette enn dei fleste land i Europa på grunn av grensa i nord, gode hamner mot Atlanteren og i tillegg radararar m.m. som kontrollerer alt det russarane gjer i vår del av verda.!  

I Matteusevangeliet snakkar Jesus også om dommen over nasjonane. Då er han komen tilbake til jorda som kongen av Davids ætt, den herleggjorde Messias. Der seier han:  «Sanneleg seier eg dykk: Alt de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.» (ii)

Regjeringa sitt arbeid for å gjera ein av dei minste statane i Midtausten endå mindre og i realiteten uråd å forsvara mot deira fiendar, kan opna for at dommen over Noreg står for døra.

Kven veit om dette er siste året me kan feira 17. mai som eitt land og i fred?

-------------- 

(i) Matteus 7,12, første del av verset. 

(ii) Matteus 25,40, siste del av verset. 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne. Dei tre øvste er frå Sogn. Dei to nedste tok eg i Auschwitz - Krakow.


Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 4. mai 2025

Framsida på boka eg lånte
 Limbo

Tittelen på ei bok eg fekk låna på biblioteket, er: «I limbo. Norge og de jødiske flyktningene 1933-1945». (i) Ein forunderleg tittel, spør du meg.

Framandordet «limbo» vert gjerne forklart som «det store ukjende», - ein tilstand der alt er usikkert. Uttrykket vert i katolsk saman-heng brukt for born som døyr før dei er døypte. Dette byggjer på den katolske og for så vidt lutherske læra om at frelsa er knytt til dåpen. Spørsmålet er då kvar dei udøypte borna hamnar, - i himmelen eller helvetet. Sidan Bibelen ikkje gjev noko svar, er – eller vart - det tenkt at borna hamna «på ein ukjend plass»,  - «i limbo».

Forfattaren av boka, Jan Alexander S. Brustad, knyter biletet til Dante:

«Sannelig befant jeg meg på kanten av dalen med den sørgelige avgrunn, som larmet sterkt av klager uten ende. Den var så mørk og dyp og tett av tåke, at samme hvor jeg stirret ned i dypet, så kunne jeg ikke skjelne noe.» (ii)

Ein slik introduksjon vekkjer og undring, i alle fall hjå meg. Kva er det forfattaren vil ha fram med dette sitatet? Er det at «dalen med den sørgelige klage», minner om nazistane sine dødsleirar? I så fall har Brustad rett:  Dei var eit sant «helvete» for dei som hamna der, enten dei hamna i krematoriet, eller var mellom dei få som slapp unna… 

Dei menneskja Brustad har valt å fokusera på gjennom 273 sider, levde bokstaveleg «på kanten» av avgrunnen. Ingen tvil om det. Der var mange som hjelpte til med å støyta desse ulukkelege ned «i avgrunnen» - enten motiveringa var ideologisk arisk eller truskap mot ein uvillig stat og ein rigid administrasjon.

Bilete eg tok av ein av illustrasjonane i Auschwitz
2. verdenskrigs holocaust

Ordet «holocaust», ser eg på internett, vert tillagt gresk opphav og refererer til ofring  der dyret vart heilt opp-brent. For meg har ordet opphav i dei jødiske brennoffera slik me finn dei omtalt i Mosebøkene. Etter at dei grufulle gjeringane til nazistane vart kjende, fekk ordet ei ny meining der det var menneske som vart brende. Det store fleirtalet av desse var jødar, rundt 6 000 000, men og andre «ofra» Hitler for å oppnå sitt ariske ideal.

Holocaust anno 2023

I dagens Israel vert uttrykket brukt om terrorangrepet 07.10.23. Den dagen vart 1195 menneske drepne, og mange både levande og døde, vart førde til Gaza som gislar hjå terror-organisasjonen Hamas og deira likesinna. Ein del av offera vart brende, nokre og levande slik nazistande gjorde det, men i det aller fleste tilfelle var det ikkje eit «holocaust» med eld. Men målet for ugjerningane var det same: - å drepa alle jødar og å skapa liding og gru. 

Står dagens jødar «på kanten av avgrunnen»?

Det som kanskje er mest skremmande i etterkant av 07.10.23, er det sterke anti-jødiske haldninga som har breidd seg, og den ukritiske og feilinformerande mengda av data som vert spreidd over heile kloden.

Høyrde i går kveld på ILTV ein forskar som hadde analysert BBC sin omtale av 07.10.23 og tida etter. Over 80 gonger hadde dei kalla Hamas for ei «motstandsrørsle». Tenkjer me på norsk krigssoge, hadde motstandsrørsla ein viss glorie sidan dei kjempa mot den tyske okkupasjonsmakta. Med denne ordbruken vert Hamas heltane og israelarane forbrytarane! Men, - var det eit bevisst ordval, eller berre serverte dei det Al Jazeera og Hamas-propagandistane sende dei?

Eg trur personleg ikkje at NRK er så mykje betre – eller rettferdigare - i sin omtale av Israel og jødane. Men det skal eg ikkje seia så mykje om. Om du har fylgt med på bloggen min, veit du at eg kutta ut NRK for lenge sidan. På meg verka det som Yama Wolasmal og dei andre såkalla «midtausten-spesialistane» driv anti-israelsk propaganda. Kanskje dei har kontaktar og venner mellom dei BBC kalla «motstandsrørsla»? Eg fekk i alle fall nok av NRK si anti-israelske haldning og kutta ut alt bortsett frå «Vestlandsrevyen»!  

Mine nyheiter får eg frå internettet. Israel-info får eg gjennom «Jerusalem Post», ILTV på engelsk, CBN News, "Jerusalemdateline" og andre.

Detalj frå tysk uniformshue utstilt i Auschwitz
NRK bør gravleggjast NO!

Tanken var visstnok ein gong at NRK skulle gjeva folket sann og politisk nøytral informasjon og kunnskap. Om det har vore tilfelle nokon gong, kan eg ikkje uttala meg om. Frå eg vart så stor at eg fylgde med, - og det var i Gerhardsens glanstid, har mediet vore først og fremst venstresida i norsk politikk, og dei radikale kreftene sitt talerøyr. 

Eg sit og skriv dette 1. mai. 

Dagen i dag skulle vore feira med ærleg arbeid og innsats i fokus, - og relatert til rettferdig lønn for utført arbeid. Men eg treng ikkje gå til NRK for å vita at i dag vert propalestinske og anti-jødiske / anti-israelske utsagn og parolar publiserte både i 1.maitoga landet rundt, - og i statsmediet.

Nei, fri oss frå NRK! Lat landet vårt få nøytral informasjon og kunnskap utan jøde- og Israels-hat! Og om NRK sine «Midtausten-medarbeidarar» (iii) skulle verta arbeidslause, kanskje Al Jazeera finn plass til dei? 

Synest du eg bør gjeva meg no?

Du har rett!   

Eg vonar å skriva bloggar i vekene framover, men er litt usikker. Fekk som julegåve ein tur til Toledo av nokre som visste eg var interessert i området der mykje jødisk kunnskap var samla etter at Jerusalem var øydelagt i år 70, etter år 133, og fram til utvisinga av jødane frå Spania i 1492.

Eg vonar turen kan gjeva både meg og lesarane mine litt tankearbeid frå det eg får oppleva og læra der nede.

--------------

(i) Jan Alexander Svoboda Brustad: «I limbo. Norge og de jødiske flyktningene 1933-1945», Cappelen Damm AS, Oslo 2023.

(ii) Dante Alighieri, italiensk middelalderforfattar og poet, mest kjend for «Den gudommelege komedie» som kom ut i 1321. Sitatet er teke frå første delen av verket, «Inferno» eller på norsk: «Helvete».                                                                                                                                                  

(iii)  Eg set «Midtausten-medarbeidarar» i hermeteikn for slik eg lærde dei å kjenne då eg såg NRK, var eg aldri i tvil om kven sine «medarbeidarar» dei var. Det var ikkje jødane eller Israel sine!!!!!

Bileta har eg teke sjølv

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 27. april 2025

 «LEKSIKON om LYS og MØRKE»


Dette er boka eg fekk låna..
Dette er tittelen på siste boka eg har lese om norske jødar og deira liv før og under andre verdenskrig. Forfattaren Simon Stranger (i) har gjeve ut fleire bøker, men denne ser ut til å vera den mest kjende. Sjølv fekk eg henne i hendene for fleire år sidan, men valde ho vekk då eg var interessert i reine historiske data om jødane i Noreg.

Då boka på nytt dukka opp, fann eg emnet og oppbygginga interessant. Forfattaren tek føre seg alfabetet og vinklar opp forskjellege emne opp mot bokstav etter bokstav. Her er eit døme: (ii)

A

A for anklagen.

A for avhøret.

A for arrestasjonen.

A for alt som skal forsvinne og gli inn i glemselen…..»

Etter å ha lese boka frå perm til perm, sat eg att med tanken at frå desse fire linjene breier innhaldet seg ut. Det gjeld jødane som det einaste dei kunne klagast for, var å vera jødar. Det same gjeld avhøyra av dei, enten det var på Falstad, Misjonshotellet i Trondheim eller i kjellaren på «Bandeklosteret». (iii) Den sistnemnde, villaen i Jonsvannsveien 46 i Trondheim, var Rinnanbanden sitt hovud-kvarter og Henry Rinnan (iv) sin bustad under krigen.

Då krigen var over og dei få norske jødane skulle etablera seg på nytt, starta dei på ruinane av det dei hadde hatt før norsk politi og norske nazistar dreiv dei ut, konfiskerte det dei åtte og til sist gjorde «si plikt» og samla alle med «J» i papira for transport til dødsleirane i Tyskland.

... og teksten på baksida
Men dei som kom tilbake, starta på nytt og fekk etter kvar etablert seg sjølv om norske styresmakter lite var villige til å gjeva dei erstatning for alt den norske stat under Quisling og tyskarane hadde teke frå dei.

Ei av dei som lukkast, var Marie Komissar som opna på nytt «Paris-Wien A/S moteforretning», ein manufakturforretning som ho og mannen, Hirsch Komissar (v) hadde drive før krigen. Etter at han var skoten av tyskarane i Falstadskogen i 1942, rømde ho og familien til Oslo. Derfrå kom dei seg til Sverige og overlevde.

Tilbake i heimbyen greidde ho å få forretninga på fote att. Då ho trong medarbeidarar i butikken, vart dottera Ellen og mannen bedne om å koma til Trondheim og hjelpa henne. Ho hadde funne ein fin, rimeleg villa med epletre og stor hage til dei. Dette huset vart så forfattaren sitt personlege tilknytingspunkt til hendingane under krigen. Det kom og til å kasta ein mørk skugge over livet til familien som kom flyttande den dagen i 1948…

Villaen var det huset der Rinnanbanden hadde herja, mishandla og drepe norske motstandsfolk! Å bu i eit hus med ei slik soge, og ikkje minst for jødar med alt dei hadde gjennomgått under krigen, hadde sin pris. Men det vil eg du som les dette, skal få vita gjennom forfattaren sine eigne ord.

Kven var Henry Rinnan?

Det spørsmålet var det viktigaste då eg valde å lesa boka (vi) biblioteket synte meg. (Eg spurde kva bøker dei hadde om jødar i Noreg. Det var ikkje mange!)  Som svar på det spørsmålet har Simon Stranger gjort ein god jobb, - i romans form og ikkje som teoretisk oppsummering:

«B for barndom, dette landet som hver og en av oss kommer frå, uvitende om hvordan ansamlingen av hendelser og følelser frå de første årene skal synke sammen som sedimenter på havbunnen og lagre seg dypt inni oss, danne landskap og væremåter som preger oss for resten av livet, slik denne vinterdagen skal komme til å gjøre det for den ti år gamle Henry Oliver Rinnan.» (vii)

Minnestøttene på den jødiske gravplassen i Trondheim over dei skotne i Falstadskogen i 1942.
Kva som hende den dagen kan du lesa om sjølv, men hendinga vert i romanen brukt som ein av grunnane til at guten utviklar mindreverd og skam. Mobbing og dårleg sjølvbilete gjennom ungdom og oppvekst, vert kompensert gjennom å skaffa pengar på uærleg vis. Men også det enda med nederlag.

Derimot, gjennom tyskarane, kom «berginga». No fekk han posisjonen og økonomien han hadde drøymt om, og fekk visa kor «flink» han eigentleg var. Alt brukt i kampen mot norsk motstandsrørsle, enten det var illegal presse, våpen og motstandsfolk, eller for å ta dei som hjelpte flyktningane til Sverige eller England.

Stranger har brukt same kjeldene som andre forfattarar før han, men har gjeve historiske data «kjøt på beina» gjennom romanen si frie form. Det gjer at boka forsvarar sin plass i det som er skrive om jødane i landet vårt. 

For meg var boka gjevande, men og stressande fordi eg heile tida leitte tilbake i «leksikonet» for å sjå det han hadde skrive om same emnet før, og på den måten skapa ein heilskap i det forfattaren serverer «stykkevis og delt». Trass dette, det er ei bok mange ville ha godt av å lesa. 

Sikkert DU og…

-----

(i) Simon Stranger, f. 11.02.1976 i Oslo. «Leksikon om lys og mørke» er romanen som fekk Bokhandlarprisen i 2018, same året som boka kom ut. Den er ein halvdokumentarisk roman som byggjer for det meste på data rundt jødane i Trondheim. Simon Stranger er gift med Rikke G. Komissar, barnebarn til Hirsch Komissar, ein av jødane som vart mishandla og skoten på Falsatad leir 07.10.1942.

(ii) Frå side 5 i boka. 

(iii) Dette er eit namn som ver brukt på side 21 under presentasjonen av huset. 

(iv) Henry Oliver Rinnan, f. 14.05.1915 i Levanger, d. 01.02.1947 på Kristiansten festning, Trondheim. Mange reknar han for den verste av dei norske som gjekk i tyskarane si teneste under krigen. 

(v) Hirsch Zvi Komissar, f. 09.06.1887 i Belarus , d. 07.10.1942 i Falstadskogen. Falstad fangeleir, Trondheim. 

(vi) Simon Stranger: «Leksikon om lys og mørke. Roman». Aschehoug & Co, Oslo 2018. 

(vii) Frå side 26 i boka. 

---------------

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 20. april 2025

Påske er noko mykje meir
enn lokkande kvite vidder...
Påsketankar

Første boka i vår Bibel, den som på latin vert kalla «Genesis» og på norsk 1. Mosebok, fortel om opphavet til alle ting. Det er det «Genesis» betyr. I den får me læra om den fullkomne skapinga og Guds hage, «Eden». Der finn me og syndefallet og dei første lovnadane om frelse frå Satans makt.

Same boka fortel oss om opphavet til det folket som verda sin frelsar skulle koma frå. På hebraisk heiter han «Yeshuah» og på norsk «Jesus». På begge språk er han kongen som ein dag skal sitja på Davids kongsstol i Jerusalem og styra verda med fred i «Tusenårsriket».

Gjennom 50 kapittel veks så soga fram både fysisk og religiøst. Jødane si soge starta med ein lydig mann, Abraham, som forlet heimlandet sitt og flytte mot vest til Kanaan. Me får sjå korleis det frå hans liv stig fram eit stammefolk som vert berga gjennom «den bortkomne sonen», Josef, han som vart den nest største i det mektige landet Egypt.

Denne Josef vart berginga for egyptarane under dei sju harde uåra, og for sitt eige folk, jødane som fekk bu i Gosen. Bibelens første bok sluttar med Josefs død, etter jødisk kalendar i år 2239. På vår kalendar om lag 1870 år f. Kr.

Ei påske uten åndeleg innhald, er som å opphalda seg
 i ein tunell 
og ikkje få få auga på den åndelege verda
som Gud har lagt framfor oss.
Frå overklasse til trelar

Det skulle gå 430 år før jødane kunne reisa heim att. Dei starta som dei favoriserte slektningane til Josef, bergingsmannen under dei sju katastrofale åra for Egypt og landa omkring. Dei enda som eit mishandla slavefolk.

Neste bok i Bibelen, «Exodus» eller 2. Mosebok, fortel om utgangen frå Egypt, det den latinske tittelen fortel. Då er det ikkje lenger snakk om ein stammefolk på «sytti sjeler» (i). 2. Mos. 12,37 seier at dei som forlet Egypt: «Dei var om lag seks hundre tusen mann til fots utanom borna!»

No var ikkje israelsfolket velkomne og favoriserte lenger i Egypt. I staden var dei dei mishandla trelane som farao var redd skulle verta for mange og som derfor påla jordmødrene å drepa alle nyfødde guteborn.
Me kan gle oss over våren inne ...


Ein mann «dregen opp av vatnet»

Moses, «Dregen opp av vatnet», - det var namnet faraos dotter gav han. Det var han som skulle fri folket sitt frå barnedrap og treldom. Først etter ein lang og omstendeleg prosess, kom så utgangen - «Exodus», - den første påskehøgtida som me kan lesa om i 2. Mos. 12. kapittel. Der finn me heile hendinga, frå påskelammet vart valt ut, til det heile var over og jødane kunne forlata Egypt i samsvar med Guds lovnad.

Det jødiske namnet på høgtida, «pesach» tilsvarar det engelske «Passover» = Forbigang. Det var det døds-engelen gjorde når han kom til heimar der folka trudde Guds ord og innretta seg etter dei. Der engelen fann blod på dørkarmane, gjekk han forbi. Elles drap han for fote.

I det huset det var blod på dørkarmane, var det slakta eit lytelaust lam. Der hadde familien ete eit styrkjande måltid og gått til ro. Dei kunne sova trygt. Blodet vitna for engelen at desse skulle han ikkje røra. Ikkje den førstefødde sonen i familien, og ikkje det førstefødde i buskapen.

... og ute
Slik var det ikkje for dei andre i landet. Midnattstimen kom og med den dødsengelen som gjekk inn i alle hus som ikkje var merkte med blod. «Og det vart eit stort skrik i Egypt, for det fanst ikkje eit hus der det ikkje var ein død,» står det i den siste delen av det 30. verset.

Høgtida sitt åndelege sentrum

Blodet var og er eit sentralt element i jødane sin «pesach» og vår «kristne» påske. For meg er Det gamle testamentet (Tanakh) og Det nye testamente ei samanhengjande samling skrifter som Gud har lagt i hendene våre. Påska starta i 2. Mosebok sitt kapittel tolv, går gjekk forskriftene i Toraen om den pålagde påskefeiringa, og fram til påska då Jesus som den lidande Messias vart drepen av romarane på Golgata.

Det var blodet frå påskelammet som berga jødane og opna veg for dei ut frå slaveriet i Egypt. Det er blodet som rann då Yeshua – Jesus – døydde den påska for snart 2000 år sidan, som bergar alle som trur og innrettar liva sine etter Guds ord, jøde så vel som ikkje-jøde. Blodet på dørkarmane i det gamle Egypt var eit symbol på det offerblodet som vart utrent i Jerusalem rundt 2000 år seinare. Det blodet er det einaste som kan berga oss i dag.

Døyparen Johannes såg det og sa: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!» (ii) Dagen etter repeterte han orda: «Sjå der Guds lam!».

Den skriftlærde Paulus rådde dei omvende til å rensa ut surdeigen (det er eit bilete på syndig livsførsel), og seier: «For vårt påskelam er slakta, Kristus.» (iii) 

Peter, fiskaren som vart læresvein, sa: «For de veit at det var ikkje med noko forgjengeleg, med sølv eller gull, de vart kjøpte fri frå den dårlege ferda som var ervd frå fedrane, men med Kristi dyre blod, som blodet av eit ulastande og lytelaust lam.» (iv) 

Så er blodet frå påskelammet den natta der i det gamle Egypt, og det frå alle dyra Gud påla jødane å slakta kvar «pesach - til evig tid» (v), førebilete på blodet frå det lammet døyparen Johannes, den skriftlærde Paulus og den gamle læresveinen Peter sa døydde for oss alle. Det var det offeret Gud utvalde sjølv og gav oss eit førebilete på i Genesis / 2. Mosebok kapittel 22 då Abraham svara Isak: «Gud vil sjølv sjå seg ut lammet til brennofferet, son min!». (1. Mos. 22,8)

Blodet frå den lidande Mesias, Yeshua Hamashaiach, er vår einaste berging og trøyst, enten me er jødar eller ikkje-jødar.

Ha ei velsigna påske  -  Chag Pesach kasher vesame’ach

-------------------

(i) 1. Mos.46,27

(ii) Joh. 1,29 og 36.

(iii) 1. Kor.5,7. 

(iv) 1. Pet.1,18-19. 

(v) 1. Mos. 12,24 

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forboda å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.





søndag 13. april 2025

Framsida på boka eg har lese
 Jenta i veggen

Dette er tittelen på ei anna interessant bok om jødar i Noreg. Ho kom ut i 2018, og forfattaren er Lena Lindahl (i). Eg kjende soga om Betzy Rosenberg frå tidlegare, men hadde alltid tenkt meg at «jenta» det var snakk om, var mykje yngre, - kanskje berre 10-12 år. Der tok eg grundig feil! 

Forfattaren har og teke med mykje informasjon om det som skjedde med jødane i landet vårt dei vanskelege åra boka spenner over, så boka bør lesast også av den grunn.

Hovudpersonen, Betzy Rosenberg, f. 01.07.1919, d. 22.07.2004, sin far, Bernhard Rosenberg (ii), kom frå Kviterussland og slo seg ned i Trondheim. Som så mange andre av jødane som kom til landet vårt, starta han som omreisande seljar, men fekk etter kvart sin eigen forretning i byen. Han gifte seg med Jenny, dotter til Abraham Samuel Philipson som dreiv manufaktur og herreforretning. Dei fekk to born, Betzy og Charles.

1940 kom og folk vart rådde til å evakuera byen i den første urolege tida. Familien Rosenberg kom til å bu hjå Ingebrigt Lerdal på Byneset. Der møtte ho att Arne Haugrønning, ein ikkje-jødisk mann som var ein del år eldre. I den samanheng skriv Lindahl: «Bonden hadde akkurat hyrt folk til å male gården. Betzy kjente igjen en røslig kar som kikket varmt mot henne frå husveggen. Hun kjente ham godt, og likte han mer enn hun burde. For han var kristen. At ei jødisk jente skulle finne seg noen annan enn en jødisk gutt, var bortimot utenkelig i hennes miljø».(iii)

Arne var oppvaksen på ein gard i nærleiken. Bror hans overtok heimegarden, men Arne fekk byggja hytta «Strandly» på Byneset. Han bygde litt etter litt med eigne hender mellom forskjellege oppdrag som tømrar eller målar.

Innstrammingar for jødane i Tronheim.

Det vart ikkje den store bombinga av Trondheim i 1940 som mange hadde vore redde for, og folk fekk flytta heim att. Ute frå Europa kom forteljingar om overgrep mot jødar og gettoar, men få, om nokon, trudde slikt kunne skje i Noreg. Familiane dreiv derfor sine butikkar og gjorde sitt arbeid som tidlegare.

og baksida ....
Så i andre krigsåret vart jødane sine forretningar merkte med «Jüdisches Geschâft / Jødeforretning» (iv), og tyskarane overtok synagogen. Nokre jødiske forretningar vart stengde, og nokre menn vart fengsla. Året etter vart så alle jødar registrerte og fekk ein gul «J» stempla på papira sine. 

Fleire av dei leiande mennene i det jødiske miljøet var arresterte, sende til Falstad og mishandla der. Fem av dei vart skotne 7. mars 1942. 

25. november 1942 kom norsk politi og bad ein del jødar pakka tinga sine, og alle forstod at noko nytt var i emning. Betzy var saman med fleire av familien i huset til mormora då to norske politimenn kontrollerte namna deira opp mot registreringa som var laga tidlegare. Då viste det seg då at Betzy sitt namn ikkje stod på lista over jødane i byen. Dermed slapp ho unna, og vart teken hand om av Arne som først gøymde henne der han budde i Trondheim.


Ein spennande sparktur

Arne, nevenyttig som han var, fekk ein ide om kvar han kunne gøyma kjæresten sin. Medan ho var gøymt i byen, reiste han ut til hytta og konstruerte eit rom i eine veggen. Med finsnekring og måling laga han ei dør som kunne stengjast frå innsida, og som gjekk så i eitt med veggen at ho var usynleg for dei som kom inn i rommet.     

Då det var gjort, tok han ein vinterkveld Betzy på sparken, og slik drog dei til hytta hans på Byneset. Ein tysk kontrollpost ropte dei opp, men slepte dei vidare uten grundig kontroll. Soldatane må ha tenkt det var eit forelska par på tur.    

Umenneskeleg fysisk og psykisk press.

Rommet Betzy kunne gøyma seg på, hadde berre 50 x 65 centimeter  golvflate og var 120 centimeter høgt. Altså var der ikkje plass til å liggja skikkeleg eller stå oppreist. Der måtte Betzy krypa inn når det kom folk på besøk eller oppheld seg i nærleiken av huset. Norsk nazistar og tyske soldatar hadde ein samlingsstad på Byneset, og fleire gonger vart det på hengjande håret at ikkje løyndomen i hytta til Arne vart oppdaga.

I mine tankar var rommet i veggen som eit sneglehus der Betzy trekte seg inn og var gøymt når situasjonane var for farlege. Samankrøkt og redd sat ho slik time etter time. Ved to tilfelle var ho medviktslaus då Arne endeleg kunne opna veggen og fåren var over. 

Så langt mi attforteljing av boka. Resten bør du lesa sjølv. Forfattaren har gjort eit grundig dokumenteringsarbeid med heile 316 referansestader der ho har henta kunnskapen ho serverer oss lesarar på dei 200 sidene forteljinga spenner over.

------------- 

(i) Lena Lindahl, f. i Kjøpsvik i Nordland i 1971, er norsk journalist. Ho har skrive fleire bøker med forskjellege tema. Denne er rekna som ein ungdomsroman.

(ii) Bernhard Rosenberg, f. 1895 i Minsk, Russland, kom til Trondheim i 1918. Foreldra og bror til Betzy vart sende til Tyskland og drepne i Auschwitz 3. mars. 1943. Snublesteinane deira finn du framfor Innherredsveien 51, Trondheim. (Merk: På internett finn du og ein annan Bernhard Rosenberg. Han var rabinar og stod sentralt i det jødiske miljøet i Noreg.) 

(iii) Sitat frå side 48 i boka. 

(iv) Sitat frå side 35. 

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 6. april 2025

Framsida på boka eg las
Eit uventa møte 

Sist veke var eg ein tur i Sunnhordland. Som alltid er eg på leiting etter ting som har med jødar å gjera, og i tankane mine var jøden Moritz Rabinowitz.(i) Han gøymde seg på Toftekalven, ei av øyane i området der eg var, men det laga seg ikkje så eg fekk ta turen dit.

I huset der eg budde, hadde dei to interessante bøker: «Margretesirkelen. Historisk roman», og «Margrete mi», av Ingeborg Askeland. (ii) Området der handlingane føregår, og tidsperioden ho skriv om, kjenner eg godt. Det var derfor med glede og spenning eg las side etter side om stader der eg sjølv har gått eller rodd rundt Lygra, eller Bryggen der eg gjekk kveldstur i den tida eg studerte i Bergen. Det var velkjend og nært alt saman.

Men brått dukka ei mishandla jødejente opp, heilt «av det blå». Ho vert brutalt kasta inn i persongalleriet og vert ein sentral person i mange av hendingane seinare. Margrete, hovudpersonen i boka, skal ein dag henta kål i åkeren bak Bryggen, og høyrer hosting frå hanseatane sin kålhage. Ho ser etter og finn eit blødande menneske med opphovna og blåslegne auge. Ho trur det er ein av læregutane til hanseatane, og spring etter hjelp heime i Gullskogarden. Mora og nokre kvinner går og ser etter. Dei kjem tilbake med den dei trur er ein av tyskarane sine læregutar, ein «garp».

Kvinnene som vaska og stelte den sjuke, oppdaga at den dei trudde var ein gut, var ein lita, bleik ungjente. Ho hadde vorte valdteken av dei tyske læregutane og var blodig og ille tilreidd. Den som hadde starta det heile, var sonen til Herr Schultze, sjefen for hanseatane i byen. Schultze vart varsla, og han fortel at far til «guten» var ein ven av han, ein rik handelsmann i Brügge i Holland som ville sonen skulle læra forretningsdrift hjå han i Bergen. Og Schultze tok «guten» i lære, endå han var ein liten og tunn 13-åring. Denne «Josefus» viste seg så å vera jødejenta Josefa, - valdteken av dei tyske læregutane!

.. og baksida
Ein jødisk tøybutikk på Bryggen

Seinare i boka kjem far til Josefa til Bergen. Han heitte eigentleg David ben David, og budde i Selenstadt då den store pesten kom dit. Som så mange andre stader, fekk jødane skulda for sjukdommen. Ein ven berga han, kona og den vesle dottera om bord i ein liten båt og sende dei nedover Rhinen med denne helsinga: «David ben David. Kall deg noko anna. No er du Johann frå Selestadt. Gløym at du er jøde». 

Familien slapp dermed unna pogromen medan skrika frå dei mishandla jødane ljoma og elden frå jødeheimane lyste opp byen dei rømde frå.

Hjelparen hadde gjeve dei eit brev til ein onkel som var tøyhandlar i Brügge. I Brügge vart Johann frå Selestadt ein rik mann og ven med Schultze,  leiaren for hanseatane i Bergen.

Endå ei valdtekt

Ditlef, sonen til Schultze, vart straffa for ugjerninga, men endra seg ikkje. Ein gong Margrete var send opp i lia for å samla urter, valdtok han henne og skar av henne fletta. Han gjorde det for å vinna eit veddemål han hadde gjort med dei andre tyskar-garpane! 

Både Josefa og Margrete vart gravide etter valdtektene. Josefa fekk ein gut. Faren greidde å spora opp nokre jødar i Øvrestredet som var skreddarar. Mellom dei var det ein som kunne omskjera guten i samsvar med Moseloven. Guten fekk namnet David.

Her passar det å slutta attforteljinga mi frå boka til Ingeborg Askeland. Mykje spennande skjer vidare både med jødane og dei andre, men det bør du lesa sjølv. Ein stor brann på Bryggen fekk alvorlege konsekvensar både for denne vesle jødefamilien og dei andre i den verda denne historiske romanen opnar for oss…

----

Takk til Ingeborg Askeland for bøkene,  - og for forteljinga om tøyhandlaren Johann von Selestadt, den vakre Josefa og den uynskte sonen hennar, David. 

-------------- 

(i ) Moritz Rabinowitz, f. 20.09.1887 i Rajgrod, Polen, d. 27.02.1942 i Sachsenhausen, Tyrkland.  Han etablerte seg i Haugesund 1911 og vart vel kjend for si forretningsdrift og for sitt samfunnsengasjement. Han gøymde seg i ei hytte på øya Toftekalven då tyskarane var på jakt etter han, men vart sviken, mishandla og send til Tyskland der han vart drepen saman med dottera, svigersonen og eit barnebarn i 1942.

(ii) Ingeborg Askeland, f. 17.05.1940, busett i Knarvik i Alver kommune. Ho er utdanna lærar og har vore medforfattar i fleire læreverk som har vore brukt i skulen gjennom ei årrekkje. Har skrive to historiske romanar der handlingane delvis føregår i Bjørgvin som den gongen var største byen i Noreg, og delvis på øyar knytt til den gamle kongsgarden Lygra i Nordhordland. «Margretesirkelen» kom i 2016, og «Margrete mi» i 2019.