søndag 13. april 2025

Framsida på boka eg har lese
 Jenta i veggen

Dette er tittelen på ei anna interessant bok om jødar i Noreg. Ho kom ut i 2018, og forfattaren er Lena Lindahl (i). Eg kjende soga om Betzy Rosenberg frå tidlegare, men hadde alltid tenkt meg at «jenta» det var snakk om, var mykje yngre, - kanskje berre 10-12 år. Der tok eg grundig feil! 

Forfattaren har og teke med mykje informasjon om det som skjedde med jødane i landet vårt dei vanskelege åra boka spenner over, så boka bør lesast også av den grunn.

Hovudpersonen, Betzy Rosenberg, f. 01.07.1919, d. 22.07.2004, sin far, Bernhard Rosenberg (ii), kom frå Kviterussland og slo seg ned i Trondheim. Som så mange andre av jødane som kom til landet vårt, starta han som omreisande seljar, men fekk etter kvart sin eigen forretning i byen. Han gifte seg med Jenny, dotter til Abraham Samuel Philipson som dreiv manufaktur og herreforretning. Dei fekk to born, Betzy og Charles.

1940 kom og folk vart rådde til å evakuera byen i den første urolege tida. Familien Rosenberg kom til å bu hjå Ingebrigt Lerdal på Byneset. Der møtte ho att Arne Haugrønning, ein ikkje-jødisk mann som var ein del år eldre. I den samanheng skriv Lindahl: «Bonden hadde akkurat hyrt folk til å male gården. Betzy kjente igjen en røslig kar som kikket varmt mot henne frå husveggen. Hun kjente ham godt, og likte han mer enn hun burde. For han var kristen. At ei jødisk jente skulle finne seg noen annan enn en jødisk gutt, var bortimot utenkelig i hennes miljø».(iii)

Arne var oppvaksen på ein gard i nærleiken. Bror hans overtok heimegarden, men Arne fekk byggja hytta «Strandly» på Byneset. Han bygde litt etter litt med eigne hender mellom forskjellege oppdrag som tømrar eller målar.

Innstrammingar for jødane i Tronheim.

Det vart ikkje den store bombinga av Trondheim i 1940 som mange hadde vore redde for, og folk fekk flytta heim att. Ute frå Europa kom forteljingar om overgrep mot jødar og gettoar, men få, om nokon, trudde slikt kunne skje i Noreg. Familiane dreiv derfor sine butikkar og gjorde sitt arbeid som tidlegare.

og baksida ....
Så i andre krigsåret vart jødane sine forretningar merkte med «Jüdisches Geschâft / Jødeforretning» (iv), og tyskarane overtok synagogen. Nokre jødiske forretningar vart stengde, og nokre menn vart fengsla. Året etter vart så alle jødar registrerte og fekk ein gul «J» stempla på papira sine. 

Fleire av dei leiande mennene i det jødiske miljøet var arresterte, sende til Falstad og mishandla der. Fem av dei vart skotne 7. mars 1942. 

25. november 1942 kom norsk politi og bad ein del jødar pakka tinga sine, og alle forstod at noko nytt var i emning. Betzy var saman med fleire av familien i huset til mormora då to norske politimenn kontrollerte namna deira opp mot registreringa som var laga tidlegare. Då viste det seg då at Betzy sitt namn ikkje stod på lista over jødane i byen. Dermed slapp ho unna, og vart teken hand om av Arne som først gøymde henne der han budde i Trondheim.


Ein spennande sparktur

Arne, nevenyttig som han var, fekk ein ide om kvar han kunne gøyma kjæresten sin. Medan ho var gøymt i byen, reiste han ut til hytta og konstruerte eit rom i eine veggen. Med finsnekring og måling laga han ei dør som kunne stengjast frå innsida, og som gjekk så i eitt med veggen at ho var usynleg for dei som kom inn i rommet.     

Då det var gjort, tok han ein vinterkveld Betzy på sparken, og slik drog dei til hytta hans på Byneset. Ein tysk kontrollpost ropte dei opp, men slepte dei vidare uten grundig kontroll. Soldatane må ha tenkt det var eit forelska par på tur.    

Umenneskeleg fysisk og psykisk press.

Rommet Betzy kunne gøyma seg på, hadde berre 50 x 65 centimeter  golvflate og var 120 centimeter høgt. Altså var der ikkje plass til å liggja skikkeleg eller stå oppreist. Der måtte Betzy krypa inn når det kom folk på besøk eller oppheld seg i nærleiken av huset. Norsk nazistar og tyske soldatar hadde ein samlingsstad på Byneset, og fleire gonger vart det på hengjande håret at ikkje løyndomen i hytta til Arne vart oppdaga.

I mine tankar var rommet i veggen som eit sneglehus der Betzy trekte seg inn og var gøymt når situasjonane var for farlege. Samankrøkt og redd sat ho slik time etter time. Ved to tilfelle var ho medviktslaus då Arne endeleg kunne opna veggen og fåren var over. 

Så langt mi attforteljing av boka. Resten bør du lesa sjølv. Forfattaren har gjort eit grundig dokumenteringsarbeid med heile 316 referansestader der ho har henta kunnskapen ho serverer oss lesarar på dei 200 sidene forteljinga spenner over.

------------- 

(i) Lena Lindahl, f. i Kjøpsvik i Nordland i 1971, er norsk journalist. Ho har skrive fleire bøker med forskjellege tema. Denne er rekna som ein ungdomsroman.

(ii) Bernhard Rosenberg, f. 1895 i Minsk, Russland, kom til Trondheim i 1918. Foreldra og bror til Betzy vart sende til Tyskland og drepne i Auschwitz 3. mars. 1943. Snublesteinane deira finn du framfor Innherredsveien 51, Trondheim. (Merk: På internett finn du og ein annan Bernhard Rosenberg. Han var rabinar og stod sentralt i det jødiske miljøet i Noreg.) 

(iii) Sitat frå side 48 i boka. 

(iv) Sitat frå side 35. 

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar