![]() |
Påske er noko mykje meir enn lokkande kvite vidder... |
Første boka i vår Bibel, den som på latin vert kalla «Genesis» og på norsk 1. Mosebok, fortel om opphavet til alle ting. Det er det «Genesis» betyr. I den får me læra om den fullkomne skapinga og Guds hage, «Eden». Der finn me og syndefallet og dei første lovnadane om frelse frå Satans makt.
Same boka fortel oss om opphavet til det folket som verda sin frelsar skulle koma frå. På hebraisk heiter han «Yeshuah» og på norsk «Jesus». På begge språk er han kongen som ein dag skal sitja på Davids kongsstol i Jerusalem og styra verda med fred i «Tusenårsriket».
Gjennom 50 kapittel veks så soga fram både fysisk og religiøst. Jødane si soge starta med ein lydig mann, Abraham, som forlet heimlandet sitt og flytte mot vest til Kanaan. Me får sjå korleis det frå hans liv stig fram eit stammefolk som vert berga gjennom «den bortkomne sonen», Josef, han som vart den nest største i det mektige landet Egypt.
Denne Josef vart berginga for egyptarane under dei sju harde uåra, og for sitt eige folk, jødane som fekk bu i Gosen. Bibelens første bok sluttar med Josefs død, etter jødisk kalendar i år 2239. På vår kalendar om lag 1870 år f. Kr.
![]() |
Ei påske uten åndeleg innhald, er som å opphalda seg i ein tunell og ikkje få få auga på den åndelege verda som Gud har lagt framfor oss. |
Det skulle gå 430 år før jødane kunne reisa heim att. Dei starta som dei favoriserte slektningane til Josef, bergingsmannen under dei sju katastrofale åra for Egypt og landa omkring. Dei enda som eit mishandla slavefolk.
Neste bok i Bibelen, «Exodus» eller 2. Mosebok, fortel om utgangen frå Egypt, det den latinske tittelen fortel. Då er det ikkje lenger snakk om ein stammefolk på «sytti sjeler» (i). 2. Mos. 12,37 seier at dei som forlet Egypt: «Dei var om lag seks hundre tusen mann til fots utanom borna!»
No var ikkje israelsfolket velkomne og favoriserte lenger i Egypt. I staden var dei dei mishandla trelane som farao var redd skulle verta for mange og som derfor påla jordmødrene å drepa alle nyfødde guteborn.![]() |
Me kan gle oss over våren inne ... |
Ein mann «dregen opp av vatnet»
Moses, «Dregen opp av vatnet», - det var namnet faraos dotter gav han. Det var han som skulle fri folket sitt frå barnedrap og treldom. Først etter ein lang og omstendeleg prosess, kom så utgangen - «Exodus», - den første påskehøgtida som me kan lesa om i 2. Mos. 12. kapittel. Der finn me heile hendinga, frå påskelammet vart valt ut, til det heile var over og jødane kunne forlata Egypt i samsvar med Guds lovnad.Det jødiske namnet på høgtida, «pesach» tilsvarar det engelske «Passover» = Forbigang. Det var det døds-engelen gjorde når han kom til heimar der folka trudde Guds ord og innretta seg etter dei. Der engelen fann blod på dørkarmane, gjekk han forbi. Elles drap han for fote.
I det huset det var blod på dørkarmane, var det slakta eit lytelaust lam. Der hadde familien ete eit styrkjande måltid og gått til ro. Dei kunne sova trygt. Blodet vitna for engelen at desse skulle han ikkje røra. Ikkje den førstefødde sonen i familien, og ikkje det førstefødde i buskapen.
![]() |
... og ute |
Høgtida sitt åndelege sentrum
Blodet var og er eit sentralt element i jødane sin «pesach» og vår «kristne» påske. For meg er Det gamle testamentet (Tanakh) og Det nye testamente ei samanhengjande samling skrifter som Gud har lagt i hendene våre. Påska starta i 2. Mosebok sitt kapittel tolv, går gjekk forskriftene i Toraen om den pålagde påskefeiringa, og fram til påska då Jesus som den lidande Messias vart drepen av romarane på Golgata.
Det var blodet frå påskelammet som berga jødane og opna veg for dei ut frå slaveriet i Egypt. Det er blodet som rann då Yeshua – Jesus – døydde den påska for snart 2000 år sidan, som bergar alle som trur og innrettar liva sine etter Guds ord, jøde så vel som ikkje-jøde. Blodet på dørkarmane i det gamle Egypt var eit symbol på det offerblodet som vart utrent i Jerusalem rundt 2000 år seinare. Det blodet er det einaste som kan berga oss i dag.
Døyparen Johannes såg det og sa: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!» (ii) Dagen etter repeterte han orda: «Sjå der Guds lam!».
Den skriftlærde Paulus rådde dei omvende til å rensa ut surdeigen (det er eit bilete på syndig livsførsel), og seier: «For vårt påskelam er slakta, Kristus.» (iii)
Peter, fiskaren som vart læresvein, sa: «For de veit at det var ikkje med noko forgjengeleg, med sølv eller gull, de vart kjøpte fri frå den dårlege ferda som var ervd frå fedrane, men med Kristi dyre blod, som blodet av eit ulastande og lytelaust lam.» (iv)
Så er blodet frå påskelammet den natta der i det gamle Egypt, og det frå alle dyra Gud påla jødane å slakta kvar «pesach - til evig tid» (v), førebilete på blodet frå det lammet døyparen Johannes, den skriftlærde Paulus og den gamle læresveinen Peter sa døydde for oss alle. Det var det offeret Gud utvalde sjølv og gav oss eit førebilete på i Genesis / 2. Mosebok kapittel 22 då Abraham svara Isak: «Gud vil sjølv sjå seg ut lammet til brennofferet, son min!». (1. Mos. 22,8)
Blodet frå den lidande Mesias, Yeshua Hamashaiach, er vår einaste berging og trøyst, enten me er jødar eller ikkje-jødar.
Ha ei velsigna påske - Chag Pesach kasher vesame’ach
-------------------
(i) 1. Mos.46,27
(ii) Joh. 1,29 og 36.
(iii) 1. Kor.5,7.
(iv) 1. Pet.1,18-19.
(v) 1. Mos. 12,24
Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
Bileta har eg teke sjølv.
Det er forboda å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar