«Gud signe Noregs land»
I går var det 17. mai. Fedrelandssongen og fedrelandssalmen vart sunge og spelt, og det vakre flagget vårt vaia over landet frå nord til sør.
Det var ein dag til å takka både Gud og menneske for i eit land som har vore fritt i heile 80 år! Mange ofra livet for at me skulle få det så godt desse åra. I krigsåra var det mange som søkte Gud og bad for både landet og dei som ofra alt for å gjera landet fritt att. Endå har me mange som hugsar jubelen 17. mai 1944, ei veke etter at tyskarane hadde kapitulert.
For litt sidan var nokre frå Frelsesarmeen på eit senter for eldre her på Vestlandet. Der var det eldre som sa at dei aldri hadde sett så mange samla nokon gong som 17. mai 1944. Det har vel heller aldri vore ein 17. mai der folket så samstemt takka Gud for fridomen.
![]() |
Det er lett å setja uynskte spor etter seg! |
Fleire gonger siste åra har eg sett og høyrt vaksne og oppegåande menneske seia at dei vil ha korset vekk frå flagget vårt. For dei er det såkalla «regnbogeflagget» viktigare enn korsflagget, også på offentlege bygg. Dei liknar trolla i eventyra som ropte: «Her luktar det kristenmannsblod!»
Opphavet til flagget.
Den danske kongen Valdemar 2 ville leggja områda langs austkysten av Østersjøen under dansk herredøme. Han gjorde fleire reiser austover med hæren sin, reiser som vart kalla «korstog» sidan han også skulle kristna dei heidenske livlendarane, vert det fortalt. Livlendarane var dei som budde i det me kallar Estland i dag.
I året 1208 stod danskane og livlendarane mot kvarandre i eit stort slag, og det såg ut til at danskane skulle tapa. Dei fromme danskane ropte då til Gud om hjelp, og som svar på bøn kom eit raudt og kvitt korsflagg dalande ned frå himmelen, og dei høyrde ei røyst som sa at ved dette flagget skulle dei sigra. Og det gjorde dei! (i)
Dette flagget med kvitt kors på raud botn, «Danebrog», er – så langt ein veit, det eldste nasjonalflagget i verda. Det vart også heist over Noreg i dansketida. Då landet vårt vart «gjeve vekk» til Sverige under Kielfreden i 1814, skulle det blå og gule korsflagget verta «vårt».
![]() |
Vakker vår |
Dei norske stortingsmennene ville ikkje ha Danebrog eller det svenske flagget på flaggstonga her til lands, men dei vart ikkje enige om korleis flagget vårt skulle sjå ut. Eit forslag var å setja den norske løva i gull i øvste firkanten inn mot stonga. Det godtok ikkje kongen me hadde i lag med svenskane, og me fekk for ei tid eit flagg som på folkemunne heitte «sildesalaten».
I 1821 foreslo så stortingsmannen Frederik Meltzer at me skulle få eit nytt norsk flagg. Han ville flagget skulle ha «fridomens fargar»: raudt, kvitt og blått, slik som flagga til Frankrike, Nederland, England og Amerika. Dette vart vedteke, og Noreg fekk første korsflagget med tre fargar, det Island, Færøyane og Åland har teke etter. Totalt har me sju korsflagg i Norden, og det gjer både regionen og flagga unike i verdssamanheng.
Wergeland og jødane
Ved sida av kampen for 17. mai, er det kampen for jødane Henrik Wergeland vert hugsa for. Det vesle landet der nede i Midtausten, Israel, feirar sin nasjonaldag, Jom ha’atsmaut, nesten samstundes med oss. (ii)
Israel vart «fødd» 14. mai 1948, men fekk sitt flagg 29. oktober same år. Deira sentrale symbol er ikkje korset, men Davidsstjerna, - «Magen David». Fargane er kvitt og blått, sentrale fargar i den jødiske tradisjonen heilt frå Sinai og vandringa i øydemarka. Dei går att også i det jødiske bønnesjalet.
Davidsstjerna, slik eg forstår det, vitnar om trua på Abrahams, Isaks og Israels Gud, han som ein dag – snart – skal senda Messias til verda som evig konge etter sin trufaste lovnad.
![]() |
Eit flagg som fortel noko- lik vårt! |
Og dei to stripene?
Den eine symboliserer Middelhavet og den andre Eufrat, yttergrensene for det landområdet som Gud kallar sitt, og som han gav jødane til Eretz Israel. Me som les vår Bibel (iii), veit at det har vore Satans store prosjekt å gjera ende på alle jødar (iv) og hindra at jødar vender tilbake til Eretz Israel etter at dei har vore spreidde utover jorda.
Men ein dag skal profetiane gå i oppfylling. Satan og hans medarbeidarar skal få sin dom, uansett kva politisk og eller religiøst program dei gøymer seg bak.
Trur du at Guds Ord er sant? Be inderleg for Noreg – og for Israel! Den kursen dei leiande, politiske og religiøse, i landet vårt føl, vil enda i ulukke om ikkje Gud ser i nåde til oss slik han har gjort før.
Det er Guds store nåde flagget, fedrelandssongen og fedrelandssalmen vår vitnar om.
-----------------
(i) Der er og ein annan versjon av denne soga. Den fortel at 15. juni 1219 hadde Valdemar eit stort slag mot livlendarane, og danskane heldt på å tapa. Med på «korstoget» var erkebiskopen, og når han heldt armane opp mot himmelen, hadde danskane framgang, og når dei seig, var det livlendarane som hadde framgang. Med andre ord ein «moderne» versjon av 2. Mos.17, 8-13. I den samanheng skal også korsflagget vera nemnt.
(ii) 14. mai (1848) på deira kalendar var den 5. Iyar (5708). Datoen varierer frå år til år på vår kalendar.
(iii) Då meinar eg alt frå 1. Mosebok til Johannes openberring.
(iv) Det var jødehataren Hamans draum (Ester 4,8), - og Hitlers.
------------------
Bileta er mine eigne. (Eg sit no i Toledo, Spania, og skriv. Er her nede i von om å læra meir om dei sefardiske jødane i soge.)
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar