![]() |
| Framsida på boka eg skriv om |
Dette
var etter krigen namnet på fleire tusen nordmenn som gjekk inn på tysk side i
krigen. Dei fleste vart sende til Austfronten og Finland.
I
bloggen for 05.07 siterte eg frå eit brev som vart offentleggjort frå ein av desse:
«6. oktober ble et brev fra
frontkjempere i)
lest i Oslo radio, og også det siterte Nyhetsoversikt. En av dem kunne berette
om følgende store opplevelse. Han skriver fra Ukraina:
Under vår framrykking måtte vi foreta
en husundersøkelse. Under et teppe fant vi en sprell levende jøde. Han prøvde å
komme med forklaringer, men det nyttet ham ikke. Vi gjorde kort prosess.
Utenfor ble han skutt på tre meters avstand. Hans råtne hjernemasse veltet ut.»
Sitatet
kopierte eg frå Rødners bok. På ein tur til Feie, øykommunen i vest for Fastlandsnoregs
vestlegaste punkt, Vardetangen, fann eg på venterommet eldre bøker eg kunne forsyna meg av for ein billeg penge. Og boka eg tok, var Vegard Sæthers: ««En av oss». Norske frontkjempere i krig og
fred». [i]

og baksida...
«Divisjon
Wiking angriper»

Dette
er overskrifta på eit underkapittel i andre delen av boka. Som kjent frå andre
kjelder, var det mest i Polen og Ukraina at dei norske frontkjemparane var
vitne til og eventuelt deltok i overgrep mot jødar. Etter det eg finn på
internett [ii], så var det, av 15 200 000
drepne sivile, om lag 2 400 000 jødar.
Av
Sæthers bok går det fram at mange av frontkjemparane hadde bakgrunn i NS sitt
barne- og ungdomsarbeid. Det er derfor naturleg å tru at dei var vel
indoktrinerte i nazistisk raseteori, og at tankane som låg bak det fatale vedtaket
på Wansee-konferansen i juli 1941, var godtekne. Sitatet Rødner tok med, viser
at dei som publiserte det i Oslo under krigen, såg på drap av jødar som eit slags
heltegjerning.
På
sidene 93-95 tek Sæther med ein del om det «Hans» og nokre kameratane opplevde:
«Oppholdet her ble ikke kjedelig, for
her drev ukrainsk hjelpepoliti intens jakt på jøder som skrekkslagne flyktet
over tak og gjerder». - «Og ukrainerne var nådeløse: Jødene ble «skutt ned som
spurver», noterte han.»
| Skjererndump frå https://www.norgeshistorie.no/andre-verdenskrig /1765-de-norske-frontkjemperne.html |
«Flere forhold peker imidlertid mot at
soldater fra divisjonen gjorde mer enn dette: Den britiske etterretningsorganisasjonen
fanget opp tyske militære radiomeldinger som tydet på at enheter av divisjonen
var delaktige i massemord på jøder i Lwow».
Rettsoppgjeret
Forfattaren
har gjort eit grundig arbeid med dokumentering av kvar frontkjemparane var, korleis det gjekk med dei etter krigen, og landssviksoppgjerdet. Dei fleste fekk
nokre få års fengsel, men greidde stort sett å koma tilbake og inn i eit normalt
liv etter soninga.
![]() |
| Detalj frå SS-soldatane si uniformshue |
Ein
annan ting er at frontkjemparane (og familiane?) hadde ein forrett når det galt
fortdelinga av det som den norske staten
konfiskerte av jødisk eigedom. Dette vart ikkje – så langt eg forstår, registert
på ein slik måte at ting kunne sporast eller seinare verdsetjast når jødane
som kom heim søkte om erstatning. I Sæthers elles så grundige bok, er ikkje
dette nemnt.
Bortsett
frå sidene 93-95, er dei resterande vel 350 sidene uten informasjon om tilhøvet
mellom frontkjemparane og jødane, korkje i Noreg eller Aust-Europa.
I del 10, «Refleksjon», gjer forfattaren seg tankar rundt det han har teke med i boka. Her kjem han inn på korleis desse frontkjemparane såg på seg sjølve og tenesta for NS og tyskarane som dei hadde gjort.
Men eg, einspora som eg er, fann relativt lite av det eg leitte etter....
[i] Boka kom ut på Cappelen Damm AS, i
2010. ISBN 978-82-02-36761-9.
[ii] Sjå
til dømes Operasjon Barbarossa – Wikipedia
[iii] Parantesen er innsett av meg for samanhengen si skuld..
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar