søndag 4. oktober 2026

Det går ikkje alltid slik eg tenkjer….

Eg hadde planlagt å ikkje skriva meir om boka til Hans Küng, men tankane forsette å arbeida med det eg hadde lese. Dermed får eg plaga deg litt meir….

Frå monoteisme til polyteisme

Küng og alle dei «vise» han refererer til, meinte altså at monoteismen eller trua på ein gud åleine, vaks sakte fram  ut frå den originale polyteismen eller fleirguderiet. Dei meinte at dei kunne visa dette ut frå Det gamle testamentet (GT) [i] eller Tanakh.

No er eg ikkje mellom dei med lange studium og imponerande eksamenar bak seg, men eg har prøvt gjennom livet stadig å læra noko nytt og på den måten utvida horisonten egoet mitt orienterer seg ut frå.

Kanskje derfor ser eg framvoksteren av polyteismen alt i starten på den boka eg trur Gud, JHVH eller «Ha Shem» har lagt i hendene våre. Den starta med å presentera ein Skapar. Første kapitelet sluttar med «Og Gud såg alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.» (1. Mos./Genesis 1,31)

Då var skapingsprosessen avslutta her på jorda, og ute i universets nøye avbalanserte system med soler, månar og planetar. Og sidan Gud hadde lagt ei god arbeidsveke bak seg, tok han seg ein velfortent kviledag: Sabbaten.

«Slangen i Paradiset»

Du kjenner nok uttrykket. Det kjem frå det tredje kapitelet i Bibelens første bok. Der møter du ein type som dukkar opp med jamne mellomrom heilt til nest siste akt av endetida. Slangen, djevelen eller kva anna han vert kalla, finn du spor etter heile vegen bortsett frå dei to første kapittela eg alt har nemnt, og i dei to siste, Johannes’ openberring kapittel 21 og 22.

For meg er dei fire første orda han seier til Eva, «lema» for heile hans prosjekt: «Har Gud verkeleg sagt:…..» (kap.3,1). Føremålet med det han seier, er å så tvil og få leia dei nyskapte menneskja vekk ifrå den gudgjevne oppskrifta for livet på jorda. Som du og veit: Han greidde det.

På gresk heiter han «anklagar» eller «bakvaskar» som dei sa i gamle dagar. Det ordet, diabolos, går att i vårt «djevel». Frå hebraisk kjem ordet «satan» som betyr «ein som motarbeider», eller «fiende».

Kvar kom han i frå?

Me veit lite om opphavet til denne Guds og Guds folks fiende. Hjå Job møter me han i første kapittel som ein av «Guds søner» (Job 1,6). Det går ikkje fram kvar og når dette møtet skjedde, men det er vanleg å tenkja at det skjedde i himmelen.

I boka til Esekiel (kap 28, 12 - 19) er det vanleg å forstå «fyrsten eller kongen av Tyrus» som eit anna namn på djevelen. Stemmer det, vart han skapt av Gud, og var noko av det vakraste i skaparverket. Han var «ein salva kjerub» som var ulastande til han ein dag synda (v.15).

Som resultat tok Gud frå han den posisjonen og glansen han hadde hatt, og kasta han ned på jorda (v.17). Om det er dette Jesus snakka om i Lukas 10,18: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn» (Luk 10,18b), er uvisst. Kanskje og kanskje ikkje.

Jesaja skriv noko liknande som Esekiel (Jes. 14, 12- 15). I den profetien var Satan «den lysande morgonstjerna». [ii] «Det var du som sa i ditt hjarta: Til himmelen vil eg stiga opp, høgt over Guds stjerner vil eg reisa trona mi.» (Jes 14,13a). Slik eg forstår det, vart han stolt og stor og kom i konflikt med Guds vilje og plan. Det har han vore sidan - og skal vera, seier Bibelen, inntil han vert bunden for godt og kasta i Eldsjøen. (Johs.opb.20).

I GT, Tanakh, stod han fram som slangen i Edens hage, men etter det ser me han mest på måten han held fram med å føra menneskja bort ifrå Guds plan. Her kjem både polyteismen eller trua på fleire gudar inn, sviket av pakta jødane fekk del i gjennom Abraham og som vart fornya både ved Sinai og før Moses’ bortgang, og så vidare.

Jesu undervisning

Jesus, som kom frå Faderen, starta si offentlege teneste med ein open konfrontasjon med Satan. Både Matteus (kap 4), Markus (kap1) og Lukas (kap 4) fortel om denne prøvinga som Jesus gjekk sigrande ut av. Medan me i GT eller Tanakh lærer mest om satan eller djevelen sine gjerningar mot jødefolket, står han i NT nemnt som djevelen 9 gongen og som Satan 24 gonger, og då i ein meir allmenn-menneskeleg samanheng. Ofte vert det brukt andre namn som til dømes «tjuven»: «Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.» (Joh. 10,10). Alle viser til Satan eller djevelen.

Det var denne vonde ånds- eller englefyrsten som øydela menneskja sitt reine og nære tilhøve til sin skapar og Gud (t.d.1. Mos. 3, 8-10). Det øydela og monoteismen – trua på den einaste og sanne Gud, og som framleis fører både jødar og ikkje-jødar vill til vår eiga ulukke.

Johannes såg enden på denne soga

I 20. kapittel skildrar Johannes korleis Satan, her omtalt som Draken, vert fanga og bunden for 1000 år. Etterpå får han sleppa laus ei kort tid, og menneskja, etter 1000 år under Messias sitt styre, let seg føra vill på nytt (Op. 20,8). Som resultat kjem det store slaget på slettelandet nord i Israel der Gud grip direkte inn slik han gjorde mot Sodoma og Gomorra. Slaget endar med at djevelen vert kasta i Eldsjøen og hans demoniske makt er for evig og alltid slutt.

Dette får vera nok for i dag….



[i] Vanlege forkortingar for Det gamle testamentet er GT, og for det nye testamentet NT.

[ii] I norsk tradisjon ein anna namn på planeten «Venus».

Bibelsitata ert som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.-

Det er forbode å bnruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar