søndag 11. oktober 2026

Også i naturen er ting fletta inni kvarandre

Om himmel og jord

Sist skreiv eg om ein forunderleg figur som i Bibelen går under ei lang rekkje ulike namn. Me finn han som «Slangen» i det tredje kapittelet i første boka, og som «Draken» i det tredje siste kapittelet i den siste boka. Mellom desse ytterpunkta finn me han som «Djevelen», «Satan» eller noko anna.

Stort sett les me om det han gjer eller ynskjer å gjera her på denne jorda. Eit unnatak er i Jobs bok der han dukkar opp mellom «Guds søner» på ein stad som tradisjonelt vert tenkt på som himmelen.[i]

Ein åndeleg kamp

Eit mykje sitert bibelavsnitt mellom kristne gjennom tidene, er Efesarbrevet kapittel 6. Der står det om den åndelege rustninga Gud gjev sine: «For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.» (Ef. 6,12).

Dette skriftordet står i samband med noko Paulus skriv om familien. Likevel er det grunn til å oppfatta orda om rustninga som allmenngyldige. Det slær fast at kampen mot djevelen er ein åndeleg kamp, for Guds og vår motstandar (1. Pet. 5,8) er ein fallen engel. Dermed vert det snakk ein kamp som føregår på to plan, eit åndeleg eller himmelsk nivå og eit fysisk eller jordisk.

Gud skapte alt vakkert og godt..
Så langt eg forstår, starta denne striden i himmelen om me tolkar namnet  «fyrsten av Tyrus» som eit anna namn på Satan (Esek.28). Det same indikerer orda «du morgonstjerne, son til morgonroden» hjå Jesaja.

Men frå 3. kapittel i starten av Bibelen til det tredje siste kapittelet i boka, er jorda valen eller arenaen der den åndelege kampen føregår.

«… som modellen som vart vist deg på fjellet»

Både når det gjeld Israels tabernakel og orda i Toraen, så var det noko Gud gav Moses i dei periodane han var oppe på Sinaifjellet. I alle fall slik eg forstår det, fekk han der sjå og høyra ting som til då ikkje fanst i denne verda. Han fekk høyra Gud tala ord som han skulle gjeva vidare. Han såg og ting som han vart pålagd å få omskapt til jordiske, fysiske ting.

Gud hadde gjeve visse personar (Besalel og Oholiab) evne og forstand til å overføra «modellen» Moses hadde sett på fjellet til fysiske ting av gull, sølv, lin og meir. (1. Mos. 31,1 m.m.). I tillegg arbeidde andre med naturlege evner. Takka være alle desse, vart Tabernaklet ein realitet.

Det same galt arbeidet som prestane (Aron og sønene) og levittane skulle utføra i den jordiske kopien av det himmelske førebiletet.

«Og Moses gjorde som Herren hadde pålagt han» (3. Mos 8,4) står det mange stader. Han var trufast i oppgåva med å overføra den levande Guds påbod og planar til jødefolket – og frå dei har me andre fått kunnskapen.

 Han let nytt liv spira fram kvar vår...
 «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

Dette var orda apostelen Johannes fekk høyra (Op. 4,1), og dermed fekk han gå gjennom «døra som var opna i himmelen» for å sjå det som skulle henda både oppe i himmelen og nede på jorda.

Frå 4 kapittel får me så sjå verda si utvikling i eit himmelsk perspektiv. Me får sjå kva som skjer i himmelen, og kva som skjer – eller skal skje – nede på jorda. Kanskje viktigaste lærdommen for oss er kor nært ting som skjer på jorda, er knytt til det som har hendt i himmelen.

Frå kapittel 6 ser me at det vert brote segl [ii] i himmelen, og straks skjer det veldige endringar nede på jorda. Seinare ser me englar som bles i basunar [iii], og straks skjer nye ting på jorda.

I kapittel 16 vert det tømt skåler over heile universet, og dermed kjem naturkatastrofar som påfører menneskja enorme lidingar. Alt dette skjer fordi menneskja har valt å sjå vekk frå det åndelege aspektet i Gudsopenberringa, og forlate trua på den eine, sanne Gud. Kort sagt fordi dei har valt å høyra på «Slangen» og ikkje på Gud.

Guds vilje er liv og fred!
Endringar i naturen…

Me trur kanskje at syndefallet og Satan si makt berre gjeld oss menneskje, men slik er det ikkje. Ser me på kva som skal skje i tusenårsriket eller fredsriket når Messis rår over jorda frå Jerusalem, verkar det utruleg sett med «våre» auge. Og alt dette fordi i desse tusen åra er Satan lagt i lekkjer og er makteslaus.

«Då skal ulven bu saman med lammet og leoparden leggja seg hos kjeet. Kalv og ungløve skal beita saman medan ein smågut gjeter dei. 7  Ku og bjørn skal beita, ungane deira leggja seg saman, og løva skal eta halm som oksen. 8  Spedbarnet skal leika attmed hòla til slangen og barnet strekkja handa ut mot ormebolet.

9  Ingen skal skada eller øydeleggja noko på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt av kjennskap til Herren slik vatnet dekkjer havsens botn.

10  Den dagen skal Isais [iv] rotskot stå som eit banner for folka. Folkeslaga skal søkja han, og hans bustad skal vera herleg». (Jes. 11,6-10).

Kva så med Küngs gud og min Gud?

Min Gud som er Bibelens Gud, er den som tok initiativet til alt saman, skapte alt og oppheldt alt trass i Satans iherdige kamp for å stela, øydeleggja og drepa. (Joh.10,10). Israel er det beste beviset på at denne Gud er aktiv og levande også i dag.

Küngs gud, han som evolusjonerte frå polyteisme til monoteisme nokre hundre år før Kristi fødsel, er for meg ein imaginær «papirgud» som korkje kan frelsa eller hjelpa.

Eg er glad at eg har møtte Bibelens Gud. Eg takkar og jødane for denne opplevinga, for «frelsa kjem frå jødane». (Joh.4, 22b).

Kva trur du?


[i] Det er spørsmål om det er fleire himlar. Tradisjonelt i jødisk tankegang, er det snakk om sju himlar. Paulus seier i 2. Kor.12,2 at han vart bortrykt til «den tredje himmel». Denne debatten går eg ikkje inn på her.

[ii] Frå gammal tid var det vanleg at brev og dokument som ikkje måtte lesast av andre enn dei som var autoriserte, vart «forsegla». Då eg var liten, kveikte far min på ei raud lakkstang og let flytande lakk drypa ned på forseglinga av konvolutten han skulle senda. Og så hadde han eit messingsegl han trykte nedi før lakken stivna. Det skulle hindra at ikkje autoriserte personar i posten skulle kunne opna brevet, og mottakaren kunne bryta seglet og vita at innhaldet var urørt. Noko slikt er det eg tenkjer føregjekk eller skal føregå der oppe frå kap 6 og utover.

[iii] Lyden av basunar eller for den del bukkehorn, har alltid spelt ein viktig rolle i jødisk historie og kultur. Lyden var og ein teikn på Guds nærleik på Sinai.(T.d. 2. Mos.19,16).

[iv] Isai eller "Jesse" var far til David. Messias kjem av Davids ætt, og  «Rotskotet» er eit bilete på han.

Bibeltekstane er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar