| På https://snl.no/Hambro kan du lesa meir om familien Hambro og deira innsats i / for Noreg. |
«Sviket» Del 2
Familien Hambro
Ein eller anna har sagt at hadde det ikkje vore for økonomisk støtte frå dei danske jødane på 1800-talet, hadde «det norske prosjektet» aldri overlevt. «Prosjektet» var det som landet vårt hadde starta med underskrivinga av Grunnloven 17. mai 1814. Det «nyfødde» statsapparatet sleit med vanskeleg økonomi til me fekk eigen konge i 1905. Slik eg les soga, trur eg at den felles svenske monarken ynskte heile ideen død....
Men
gjennom Joseph Hambro fekk Noreg lån og kunne betala skulda si overfor
Danmark i 1822. Rødner dreg fram dette i samband med at Stortingspresidenten
Carl Joachim Hambro, etter angrepet frå Tyskland, stilte seg til regjeringa sin
disposisjon «til utenfor landets grenser å gjøre regjeringen og landet de
tjenester der er adgang til». Han var jøde, antinazist og politikar, så han
hadde all grunn til å sjå med mistru på tyskarane og deira norske medsamansvorne.
Bestefar
hans, Edvard Isach Hambro, hadde døypt seg i 1810 og flytta til Noreg. Det var
bror hans som ordna lånet til den norske staten 12 år seinare. Det skjedde på
andre sida av Svinesund på grunn av § 2 i Grunnloven som på den tid var gjeldande
norsk lov.
Den
gongen fokuserte paragrafen på jødar og jesuittar. Den nye av 12. mars 1942, gjaldt
berre jødar.

Store norske leksikon har god informasjon om dei
norsk soldatane som deltok i «Operasjon Barbarossa.»
norsk soldatane som deltok i «Operasjon Barbarossa.»
«Operasjon Barbarossa, 22. juni 1941»
Her
får me eit lite glimt inn i eit mørkt kapittel i norsk soge som det er
forska alt for lite på. Dei fleste norske som var med på «Operasjon Barbarossa»
og som kom heim att, fortalde lite om det dei hadde vore med på. Men det vesle
som eg har funne, er tung og trist lektyre. Stort betre er ikkje der Rødner har
teke med:
«6. oktober ble et brev fra
frontkjempere i) lest i Oslo radio, og også det siterte
Nyhetsoversikt. En av dem kunne berette om følgende store opplevelse. Han
skriver fra Ukraina:
Under vår framrykking måtte vi foreta en
husundersøkelse. Under et teppe fant vi en sprell levende jøde. Han prøvde å
komme med forklaringer, men det nyttet ham ikke. Vi gjorde kort prosess.
Utenfor ble han skutt på tre meters avstand. Hans råtne hjernemasse veltet ut.
| Minnesmerke over jødar frå Trondheim som vart sende ut av landet og drepne av nazistane.. |
Litt
nedanfor kjem eit sitat av noko justisminister Riisnes i Quislingregjeringa sa i
programposten «Aktuelt»:
«Verden skal vite at tusener av norske sønner har marsjert for å delta i kampen mot østens jødiske barbari»!!!!
Rødner
viser gjennom dette at eksilregjeringa fekk informasjon om det som hende med
jødane, lenge før overgrepa for alvor tok til i Noreg.
Politisk pynt ?
Vel
tre veker etter dette uttalte statsminister Nygaardsvold iii)
seg til jødane i England sitt hovudorgan, «Jewish Cronicle», i samband med
hundreårsdagen for opphevinga av «jødeparagrafen» i Noreg.
«En av våre største nasjonalhelter er poeten Henrik Wergeland som kjempet, ikke bare for våre nasjonale rettigheter og demokratiske tradisjoner, men også for alle menneskelige friheter. Vi minnes stolt at en av hans største seire var å sikre, i kraft av sin penn, full rettslig og religiøs likestilling for jødiske mennesker i Norge».
Til dette skriv Rødner: «Nygaardsvold omgikk sannheten ved å hoppe over at grunnlovsparagrafen Wergeland fikk endret var direkte jødefiendtlig, og at opphevelsen av jødepasusen i § 2 langt fra førte til «full rettslig og religiøs likestilling.» »
Forfattaren går vidare inn på det som vart offentleggjort på radio og i blad heime og ute. Det inviterer eg lesarane til å gå inn i sjølve. Der er mykje avklarande informasjon om det som hende, - ikkje minst i England.
----------------
i) I Noreg vart desse frivillige soldatane
kalla «frontkjemparar».
ii) Sitat frå side 130. Understrekinga er gjort av meg for å framheva teksten. Dei neste sitat er frå side 131.
iii) Nygaardsvold var statsminister
i Noreg under overfallet 09.04.1940, og reiste med kongen til England på den
engelske kryssaren HMS «Devonshire». Han held fram som statsminister i eksilregjeringa
under heile krigen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar