søndag 26. juli 2026

Framsida på boka mi

«Judaisme»

Om du har fylgt litt med på bloggen min, veit du at eg stadig prøver å læra noko nytt. Eg veit ikkje om du har same interessa som eg, men det spørsmålet er uvesentleg. Som eg har sagt før, så skriv eg for min eigen del, og du som les, gjer det på eige ansvar. Finn du det eg skriv interessant, då har du og eg noko verdifullt i lag. Om ikkje, ynskjer eg deg god tur vidare! Verda er stor, og der er ikkje grenser for kva du kan finna om du leitar!

Men vil du fylgja meg vidare, skal me sjå litt på eit spørsmål som har fylgt vår euro-amerikanske kultur gjennom nokre tusen år. Som både du og eg veit, starta det med ein nomade eller halvnomade som kom «frå andre sida». Ordet «avar» på hebraisk betyr «å kryssa over».

Dette ordet er opphavet til ordet «hebrear». Og det var det Abraham gjorde: Han «kryssa over». Etter reiseruta ein trur han fylgde, kryssa han først Tigris frå Ur på veg nordover til Haram. Så, frå Haram kryssa han Tigris på nytt for til slutt å kryssa øydemarka som ligg mellom Mesopotamia og Kanaan.

Det skal ha skjedd rundt 2000 år [i] før vår tidsrekning. Etter jødisk kalendar, skjedde det om lag i år 2000 etter skapinga. Nokre hundreår seinare fekk Abrahams barnebarn Jakob, sonen Juda. Han vart ein leiar i si samtid, er stamfar til kongeætta David starta,  - den som Messias tilhøyrer. Frå navnet Juda er ordet så «judaisme» avleidd. Omsett til norsk vert det «Jødedom».[ii]

«Jødedommen og den religiøse situasjonen no»

Baksida på boka
Tittelen over er mi omsetjing av navnet på boka til Hans Küng: «Judaism. The Religious  Situation of Our Time».[iii] Hadde eg lese teksten som kjem før tittelsida, hadde eg truleg ikkje kjøpt ho, for der står:

«Det kan ikkje verta fred mellom nasjonane 

uten fred mellom religionane.

Det kan ikkje verta fred mellom religionane 

uten dialog mellom religionane.

Det kan ikkje verta dialog mellom religionane 

uten studium av religionane sine grunnpilarar» [iv]

 Mitt inntrykk er at dei som arbeider for «fred mellom religionane», ikkje har plass til det unike i desse religionane. Me høyrer gong på gong, også frå toppnivået i kristne kyrkjer, at «me ber alle til den same «Gud» enten me er jødar, kristne eller muslimar». Med det utgangspunktet er alle freistnader, uansett kor ærlege dei måtte vera, dødfødde og forkastelege. Det meinar i alle fall eg ut frå dei erfaringar eg har gjort i livet.

Den «Gud» eg trur på, er han som valde ut Abraham og vert hjå mange sett på som eit slags religiøs felleseige i dei tre monoteistiske religionane. Jødane kallar han «Elohim», «HaShem», «JHVH», «Adonai» og så vidare. Han krev plassen som «den einaste sanne Gud», både i jødedommen og i den kristendommen. Han er den som er i det evige «presens», - evig, uforanderleg og allmektig.

Skjermdump frå engelsk
Wikipedias artikkel.
Paulus brukar biletet med oljetreet i romarbrevet sitt ellevte kapittel. Me ikkje-jødiske truande er «poda inn» i «det sanne oljetreet». Her er det ikkje snakk om jødane som folk, eller landet som «Eretz Israel». Derimot er det snakk om ei gudsopenberring og ein frelsesveg som kjem frå jødane. Det var det Jesus peika på i samtalen med den samaritanske kvinna då han sa at «frelsa kjem frå jødane». (Johs.4,6 – 26). 

Å seia at JHVH eller «Elohim» er den same som Muhammeds «Allah», er «å banna i kyrkja». Det er med andre ord «synd», - uansett om paven i Roma har sagt det både skriftleg og muntleg!


Kven var så Hans Küng?

 Han var ein mann fødd i Sveits i 1928, og som døydde i Tyskland i 2021. Utdanna til katolsk prest, verdskjend som forfattar, men og som kritikar av ei rekkje ting i den katolske kyrkja si lære. Dette gjorde at han miste retten til å undervisa i den kyrkja han hadde innvigd livet sitt til å tena. Han var ein markert pådrivar for samarbeid mellom kyrkjene, til dømes med den lutherske. Han var ein pådrivar for dialog mellom dei monoteistiske religionane: jødedommen, kristendommen og Islam. Slik eg les boka, er ho skriven for å leggja grunnlag for slike samtalar. 

I boka jamfører han dei tre religionane med opphav i Abraham og Abrahams «JHVH»: Jødedommen frå om lag 1800 år f. Kr, kristendommen med sitt opphav rundt år 33, og muhamedanismen med opphav rundt år 600 e. Kr. 

Enkle, skjematiske framstillingar i tillegg til utfyllande tekst, viser både likskapar og skilnader mellom dei tre. Her har Küng mykje å læra oss. 

Trass i at eg ikkje ser noko verdi i dialog mellom religionane slik han arbeidde for, har boka gjeve meg mykje.

Meir om dette i neste blogg.



[i] Ein finn dateringar frå 2100 til 1800 år f. Kr.

[ii] Dei andre namna på jødar, «Israel» og «israelar», har opphav i Jakobs kamp ved Jabbok-bekken, datert omlag 1750 år f. Kr. Brukt i dag, er det stort sett knytt til politikk og til staten Israel.

[iii] «Die Religiøse Situation der Zeit: Das Judentum», frå Piper Verlag, Munich, 1991, omsett til engelsk av John Bowden.

[iv] «No peace among the nations without peace among the religions. No peace among the religions without dialogue between the religions. No dialog between the religions without investigation of the foundations of the religions»

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar