søndag 19. juli 2026

Detalj frå tysk uniformshue
Eit trist soge

Det siste eg har lyst å ta med frå den svært interessante boka til Harry Rødner, er ei hending som eg trur er ukjent for dei fleste. I boka opplever eg hendinga nesten som eit innskot fordi det ikkje har nokon tydeleg relasjon til hans familie eller til eksilregjeringa i London.

«Jews for trucks»

Som innleiing til kapitelet «De hvite bussene, 1944-1945», kjem undertittelen «Forhistorien: «Blut gegen Waren» eller «Jews for trucks», mai – juli 1944».[i] Det heile starta med at Ungarn vart teke av Tyskland i mars 1944. Landet hadde til då hatt ei positiv haldning til naziregimet, og jødane i landet hadde hatt det nokså fredeleg.

Ved maktovertakinga der Eichmann fekk styringa, starta straks inngrepa mot jødane både som enkeltmenneskje og som folkegruppe. Rødnert skriv: «Mens prosessen hadde tatt 10 år i Tyskland og to i Norge, gikk det hele unna på under ti måneder i Ungarn». Han skriv og at ein ungarsk organisasjon med Joel Brand hadde før dette berga 15 000 jødar frå grannelanda inn i Ungarn då tilhøva der tidlegare hadde vore gode.

Himlers ide  [ii]

Himler skal ha stogga eit forsøk på å kjøpa fri jødar i 1943, «men sendte 25. april 1944 en delegasjon med Eichmann i spissen for å foreslå en grotesk handel: De tilbød de gjenværende jødene under tysk kontroll, ca. en million, mot at de allierte leverte 10 000 lastebiler, 1000 tonn kaffe og te samt en mengde andre råstoffer og produkter som var blitt mangelvare i Tyskland. Elles ville alle jødene bli likvidert.»

Slik Rødner skriv det, omhandla dette også jødane som var i leirane i Polen, for Eichmann snakka om dei som heldt hjula i gang i Auschwitz.[iii] Dette var ei tid då jernbanenettet i Europa var knytt saman for transport direkte til leirane i Polen, og i  boka står det: «Jernbanelinjen var nå ført helt inn til Birkenau-leiren, alle gasskamrene var ferdige og mordkapasiteten hadde økt til over 20 000 per dag».

Heile systemet var uttenkt med tysk grundigheit...
Joel Brand, som hadde redda jødar inn til det den gong rolege Ungarn, vart sendt til Istambul for å forhandla. Han kontakta «Jewish Agency og andre jødiske kanaler» og fekk gjennom dei kontakt med engelske og amerikanske styresmakter. Forslaget møtte straks motforestillingar. For det første kunne varene Tyskland ville ha for jødane, styrkja nazistane sin stilling og gjera det meir komplisert for vestmaktene å vinna krigen. Det andre var kvar dei skulle gjera av alle desse jødane Tyskland var villig til å setja fri? England, trass Balfour-lovnaden av 1917, hadde under Chamberlain lova å avgrensa innvandringa til det som den gongen heitte Mandatområdet «Palestina», til 75 000 gjennom ein femårsperiode. Kvar skulle så dei resterande 925 000 få plass?

I denne politiske dragkampen, var det jødane som måtte betala prisen (som så ofte elles). Kva USA og dei andre som samarbeidde i krigen mot Tyskland meinte, finn eg lite om. Rødner fokuserer på England som etter Balfours brev til Lord Rothschild, var dei som hadde lova jødane eit «heimland» i Palestina. Han skriv:


«Utenriksminister Anthony Eden fremmet et redusert motforslag til Himlers fremstøt, men også det falt da Churchill 11. juli (1944) innvendte at mordene på jødene var «sannsynligvis den største og grusomste forbrytelse som noensinne er begått, (og at) ingen slags forhandlinger bør føres om dette… (Eichmann-)oppdraget, som har blitt fremmet gjennom en meget tvilsom kanal, synes også å være av en særdeles ubestemmelig karakter. Jeg ville ikke ta det alvorlig».

På denne bakgrunnen vedtok den britiske regjeringa «å fullstendig ignorere fremstøtet frå Brand og Gestapo». – «Dermed var skjebnen beseglet for de 750 000 ungarske jødene som var samlet i ghettoer, i Adolf Eichmanns siste store utryddelsesaksjon.

Transportene til Auschwitz hadde allerede startet 15. mai. I løpet av to sommermåneder ble 560 000 av dem myrdet».

Som avslutning kjem Rødner inn på Raoul Wallenberg og hans store arbeid for å berga ungarske jødar frå døden. Den soga vonar eg at eg kan koma inn på i seinare bloggar.

Ein tanke til slutt: Det er lett å stilla seg opp som dommar i ei sak der utfallet er så sårt og ukristeleg som denne. Samstundes var der mange usikre faktorar å ta omsyn til for dei som måtte ta avgjerdene og som stod midt oppe i ein skrig verda bad om snart måtte verta slutt.

Personleg ser eg fram til det Jesus profeterte om i Matteus 25, 31 – 46. Då vil alle slike saker få sin rettferdige dom, for «Han (Herren) dømmer verda med rettferd, feller rettferdig dom over folka». (Salme 9,9).

-------------

[i]) Tema og sitat ffr side 313 og utover.

[ii]) Heinrich Luitpold Himmler, f. 06.01.1929, d. 29.04.1945, var då innanriksminister og leiar for Waffen-SS.

[iii]) Eichmann «ville «die Mühlen von Auschwitz laufen lassen»…- «la møllehjulene i Auschwitz løpe». (Uthevinga i siste sitatet frå boka, er gjort av meg her.)

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.  Bileta er slike eg tok under omvisninga i Auschwitz.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar