«Kva er sanning?»
Den jødiske Perfekten (i) som sa dei orda, kunne ikkje vita at han stod overfor den personen som skulle verta den mest omtalte gjennom heile menneskjesoga. Heller ikkje visste han at denne rettssaka skulle verta omtalt oftare enn noko anna rettssak i verda. Ho har vore omtalt og referert til i over to tusen år minst ein gong om året i uteljande kyrkjer, bedehus og privathus på alle kontinent.Men kva meinte Pilatus der han stod og såg på han folket kalla Jesus frå Nasaret? Soga seier at Pilatus var ein mann som lite brydde seg om det som er – i alle fall i vår kulturkrins – rekna for «etisk riktig». Kona hans derimot tenkte annleis. Som den einaste tok ho fangen i forsvar. Matterus skriv:
«Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.» (Matt 27,19).
Dette stemde med det Pilatus sjølv såg. Først sa han: «Kva vondt har han så gjort» (v.23). Etterpå vaska han hendene «med folket såg på», og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen.» (v.24).
Ein annan stad der hendinga er omtalt, står: «Eg finn inga skuld hos denne mannen!» (Joh. 18,38). Trass dette gav han med vitande og vilje den uskuldige til soldatane så dei kunne fritt mishandla han og så ta livet hans på den verste måten romarane visste!
Skjermdump frå https://www.visitsvalbard.com/ |
----
Eg nemnde i eit tidlegare innlegg at eg heldt på med operasjonar av augene, så eg har vondt for å lesa mykje. Og sidan eg ikkje kan lesa, prøver eg å tenkja…
Kanskje eg kan få be deg med på ein tur?
Vakkert, men fy så kaldt!
Eg stod på Svalbard og såg ut over landskapet og hutra. Sola seig lågt over fjella i vest. Snart ville ho verta vekke og den lange natta ta over. Liene var framleis grøne, men haustande blomster fortalde om ein sommar som var forbi.
Dei spisse fjella hdde nysnø. Sjølve byen låg ved hamna der store skip kan leggja til. Sist vinter gjekk det ras i brattaste lia. Nokre av dei som bur her, er utrygge trass i at området har vorte trygt heile tida sidan industrieventyret starta her for rundt hundre år sidan.
Fjorden er uroleg etter stormen i natt, så eg kan ikkje sjå om der er kval eller anna der ute. Derimot, lengst inne i fjordbotnen går ein flokk grå-kvite dyr. Før i tida var jakt og fangst eit vilkår for å overleva så langt nord på jordkula.
![]() |
Så enkelt var det! |
Men tidene skifter. I dag er det turist-industrien som har overteke det meste. Svarte arbeidarar er sjelden å sjå. Dei nye går omkring med dress og slips, eller er kledde for tøffe turar med turistar på sjøen eller i fjella. Dei seier: «Du er alltid velkomen, men du må kle deg etter veret!»
------
Eg lyg ikkje! Eg stod verkeleg på «Svalbard» og såg ut over landskapet. At folk frå Sentral-Europa kom og «oppdaga» dette området for hundre, er heilt sant. Her kom både engelskmenn som klatra i fjella, og tyskarar. Keisar Wilhelm reiste statuen over vikinghelten Fridtjof den frøkne på Vangsnes i 1913, ikkje så langt her i frå.
Fjella gjev elektrisk straum til aluminium som verda ropar etter. Takka være betre reinse-anlegg og automatisering, er arbeidarane i dag både færre og reinare enn då eg var ovnspassar! Og turistane? Bland deg med dei, så høyrer du språk frå heile verda, - siste tida mest kinesisk og tysk der eg har vore.
![]() |
«Mitt» Svalbard..... |
Men korleis kunne eg stå på «Svalbard» i Sogn?
Av ein eller annan grunn, ein eller annan gong, hamna ein glasklump i mi eige. At eg har han, er ikkje fordi ein fjern slektning var sysselmann på Svalbard ein gong for lenge sidan. På undersida av klumpen (han er så tung at eg trur han må vera av krystall), er eit relieff av Svalbard, og så namnet. Det var denne klumpen eg stod på.
Det var sant kvart einaste ordet! Men det var ikkje HEILE sanninga. Eg gav deg justert informasjon for at du skulle sjå føre deg fjella og landskapet på Svalbard.
Og tyske turistar i Sogn snakkar og om «Die spitze bergen», så likskapar finst.
Men kvifor?
Me får stadig servert skildringar frå bomba hus med såra eller drepne menneskje i Gaza. Men korkje regjeringa vår eller media fortel at under sjukehuset sat Hamas-terroristane som planla valdtekter, drap og bortføringar som dei utførde 07.10.23! Og hadde ikkje Israel gripe inn, hadde dei sete der endå.
Sjukehusa er strategisk plasserte som vern for terroristane over og under bakken. Og media – med norsk helsepersonell inkludert som hjelparar - kan derfor skulda Israel for krigsbrotsverk endå landet har bedt alle sivile forlata bygningane så terroristane kan verta stilte til ansvar for sine gjerningar.
Det same gjeld høgbygg i Gaza by der media (t.d. Al Jazeera) og sivile er plasserte for at dei – når Israel angrip kommandosentralar og observasjonssentra i bygget – kan ropa himmelhøgt om kor galne israelarane er som angrip sivile og mediafolk!
Veit du kva?
Dei norske tilknytte «Leger uten grenser» og liknande hjelpeorganisasjonar må har visst «kva dei stod på» då dei arbeidde og levde i Gaza. Eg kan ikkje tenkja meg anna. Men har dei mannskap og mot til fortelja sanninga?
Det har i alle fall eg gjort. Eg «stod» verkeleg på «Svalbard», men resten var «tilpassa informasjon» så DU skulle til å tru halvsanningane eg «mata» deg med….
Men EG tilstår kva eg har gjort!!!!!
--------------------
(i) Sitatet er frå Joh. 18,38 då Jesus stod framfor landshovdingen Pilatus. Tittelen hans var «Perfectus» som me omset med «landshovding» eller perfekt.
Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar