søndag 14. september 2025

Opptakten

Joseph Perez startar kapitelet sitt om utvisinga i 1492  med ein dødsdom inkvisisjonen vedtok i november 1491. To jødar og to «conversos» (i) vart då brende levande. Eg ynskjer å ta med denne forteljinga då den er bakteppet for utvisinga som kom året etter.

Bilete av ein vegg i Knesset
Peres skriv at det heile starta med ein tilfeldig arrestasjon av ein «omvend», Benito Garcia. Det var mistanke om at han hadde stole nattverdsbrød som i kyrkja vert kalla «hostiar». Han tilstår då at han har gjort ulovlege ting saman med nokre jødar. Desse vert arresterte av inkvisisjonen endå den ikkje hadde juridisk makt over jødar som ikkje var «omvende». Alle vart så overførde til fengselet i Segovia der det frå før sat arrestert ein jøde som var skomakar av yrke.

Ein annan jøde, legen Antonio frå Avila, utgav seg som rabbi og tok til å vitja desse fangane. Ein av dei, Yuce Franko, tilstår så at på langfredag femten år tidlegare hadde dei føreteke eit rituelt drap av ein gut ved å krossfesta han. Etterpå hadde dei blanda blodet hans og hjarta hans med nattverdsbrød og slik laga «trolldomsmedisin». Målet var å få til eit utbrot av hundegalskap.

Denne falske «rabbien», som kanskje var lønna av inkvisisjonen, gav opplysningane vidare. Franko sa først at dette var noko han berre hadde høyrt, men under tortur tilstod han det heile…

Slik eg forstår det Perez skriv, var dette eit «tablå» konstruert for å skapa jødehat og hissa opp folket mot jødane. Rettssaka vart ført i Avila og ikkje ved domstolen i Toledo der ho skulle vorte ført. Det føreligg ikkje namn på barnet, og heller ikkje noko registrering av eit barn som hadde forsvunne i området. Heile rettargangen tok om lag eit år, men saka fekk lite plass i samtida. Derimot fekk hatet og motviljen mot jødane ny næring.

Eit produkt av inkvisisjonen?

Dekretet med vedtaket om utvising av jødane frå Spania finst i tre versjonar. Den første med dato 20.03.1492, er skriva av øvste leiaren for inkvisisjonen, frå Torquemada, og er skrive til biskopen i Gerona. Etter det kom eit nytt av 31.03. som er underskrive av både Fernando og Isabel. Dette gjeld for Castilla.

Bilete på veggen i kafe / galleri Ariel
nær den store synagogen i Krakow.
Det tredje har same datoen og er skrive på same staden, men er berre underskrive av Fernando, og gjeld Aragon. Dette viser klårt inkvisisjonen sitt initiativ for å få jødane utvist. Inkvisisjonen hadde berre juridisk makt over dei omvende jødane. Dei andre jødane høyrde direkte inn under kongen, og det var berre han / ho som kunne utvisa jødane frå sine respektive rike. 

Innhaldet i dekreta er forskjellege. Den frå Torquemada går berre inn på religiøse spørsmål, noko som understrekar inkvisisjonen sin plass i det heile. Versjonen frå Aragon er den strengaste. Den går ikkje inn på religiøse spørsmål, men seier at det er jødane «si eiga skuld» det som skjer, og at dei «for alltid skal liggja under tvang» og vera «tenarar og fangar».

Dekretet for Castilla er meir direkte. Første halvdel av teksten tek føre seg problemet med omvende jødar som levde eit dobbeltliv, og at dei i 1480 hadde pålagt jødane å bu i eigne område. Inkvisisjonen var innført for å få klårlagt kor vanleg og kor alvorlege dei falske omvendingane var. Men utvisinga omfatta ikkje dei som hadde omvendt seg, berre dei som held fast på jødedommen!

Bilete av ei teikning eg såg
då eg besøkte Auschwitz.
Hovudpunkta i utvisinga 

1. Det er semje om at alle jødane skal forlata «våre rike», og at dei aldri skal koma tilbake, ikkje ein einaste ein.

2. Det er ikkje unntak for denne regelen, enten dei er fødde i landet, eller er utlendingar som av ein eller annan grunn har slege seg ned i landet.

3. Alle skal vera reiste frå landet ved utgangen av juli (1492) (ii), og dei har fire månader til å forlata landet på. Dei som ikkje er reist når dette tidsrommet er over, vert straffa med døden. Dei som eventuelt hjelper jødar å gøyma seg, vert og straffa og misser alt dei eig.

4. I denne perioden må jødane selja det dei eig, inkludert fast eigedom.

5. Forbodet mot å ta ut av landet gull, sølv eller pengar, står ved lag. Derimot kan dei ta med seg varer og slikt som til vanleg er til sals, bortsett frå våpen og hestar.

Men så strenge reglar og så kort tid til å omsetja eigedomar, sølv og gull m. m. til varer dei lovleg kunne ta med seg, var i praksis uråd. Folk ville ikkje å betala stort for det jødane var nøydde til å selja, og dermed gjekk det meste for ein slikk og ingen ting.

Resultatet var at mange omvende seg og vart døypte, - ved eitt tilfelle 100 på ein gong. Perez siterer ein Baer som skriv: «I realiteten var det mange som omvende seg, særleg mellom dei rike og intellektuelle, «dei som var øydelagde av verdsleg kultur». Dette var i realiteten den sosiale eliten mellom jødane».

«Nokre jødar, etter som det vart slutt på tida dei hadde til å forlata landet, gjekk omkring dag og natt og var desperate…. Dei valde til slutt trua på Kristus. Mange andre, for ikkje å verta utviste frå landet der dei hadde vorte fødde og vera nøydde til å selja alt dei åtte for lite og ingen ting, døypte seg», står det i boka.

Men det fanst også rike som ikkje bøygde seg og tok dåp. Eit namn som er nemnt, er Isaac Abravanel. 

Kor mange jødar forlet Spania i 1492?

Perez skriv at talet har vore stipulert til noko mellom 40 000 og 350 000, men at nyare forsking trur det var omkring 50 000. Mange av desse slo seg ned til Marokko, Italia og det Ottomanske riket. Derifrå vandra mange vidare i Europa eller til koloniane som etter kvart vart grunnlagt rundt om i verda.

-------------------- 

(i) Eg har før skrive at jødane som omvende seg, vart kalla «marranos» eller «pseudo-judios». Begge orda er nedsetjande, og særleg det første av dei to. I dag vert ordet «conversos» eller «omvende» brukt, - på same måten som me ikkje lenger snakkar om «svarte» menneskje, men «farga». 

(ii) Ediktet frå Torquemada gav jødane tid fram til 10. august på å forlata landet.

Bileta er har meg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar