søndag 21. september 2025

I realiteten er det  fyrtårnet som er beint,
 - og tistlane skeive...

 Om å sjå

Augene er mellom dei viktigaste organa me har. Vår norske Bibels GT, som tilsvarar jødane sin Tanak, har over 180 referansar knytt til auga / augene. NT har vel 40. Det viktigaste for oss til dagleg er at gjennom dei tek me inn lysstrålar med forskjelleg form og farge. Hjernen tolkar så desse og me får eit bilete av verda omkring oss.

Jesus tenkte motsett då han sa: «Auga er kroppens lampe. Er auga ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auga ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!» (Matt.6,22-23)

«Dei einøygde»

I ein tidlegare blogg skreiv eg om dei «einøygde» som dei vaksne snakka om under og etter krigen. Det var desse som berre «såg» det positive med Nasjonal Samling sine ariske idear, og som såg fram mot ei tid med tyskarane og Quisling som dei leiande i landet. Andre tankar og sanningar var dei blinde for.

Ei av minneplatene i Auschwitz

Litt personleg erfaring

Eg har i desse dagar vorte operert for stær på eine auga. Dei sa før operasjonen at eg skulle få noko over auga etterpå, og eg såg føre meg ein lapp a la Moshe Dayan sin. Den svarte augelappen er det folk gjerne hugsar han for. For meg er han ein av dei jødiske heltane i nyare tid, på linje med David Ben-Gurion. 

Den «piratlappen» som eg venta å få, var berre ein «kopp» av gjennomsiktig plastikk, og lite å skryta av! Både med den – og utan – er likskapen mellom Moshe Dayan og meg minimal. Einaste kan vera at slik eg og ser det, var avtalen som gjorde at han trekte seg frå Israels regjering i si tid, var ei ulukke for landet me begge er glade i…

Moshe Dayans viktigaste politiske handling?

Skjermdump frå Wikipedia
Mosje Dayan vart fødd i den første kibbutsen, i Degania i Gallilea, i 1915. Etter det som står på internett, var han det andre barnet fødd i ein kibbuts i Israel. Han kom med i den paramilitære «hæren» jødane oppretta for å forsvara kibbutsane mot angrep frå arabarar. Han slost på Englands side under andre verdenskrig, vart Israels forsvarssjef gjennom mange år, og var forsvarsmininster både under seksdagarskrigen i 1967 og i Suezkrigen i 1956.

Seinare vart han utanriksminister, men trekte seg frå regjeringa under Menachem Begin då statsmininsteren og Egypts president Anwar Sadat hadde forhandlingar og seinare underskreiv Camp David-avtalen i 1978. Store ord om fred og respekt frå dei som støtta avtalen, vart spreidde  på same måte som dei «einøygde» under krigen 1940-45  lova ei lysande framtid for Noreg under nazistane sitt hakekorsmerke.

Moshe Dayan, «den einøygde», såg klårare og lenger enn dei med to auge som gjekk inn på «brorskapslinja». Som resultat driv Israel i dag krig mot Hamas som er eit ektefødd barn av Det muslimske brorskap i Anwar Sadats Egypt. (i) 

At Egypt sidan 07.10.23 har halde grensa mot Gaza hermetisk stengd for hjelpesendingar, og også nektar å ta mot flykningar frå Gaza som kunne hatt ein trygg leir i Sinai, ser eg på som ei ikkje uttalt støtte til Hamas.

No kunne ikkje Moshe Dayan vita det me veit om utviklinga i nyare tid, men etter å ha sett Egypts utvikling under general Abdel Nasser (ii), såg han at dei fine orda om fred og brorskap var null verd. Det same, er eg redd, er realiteten bak alle avtalar mellom Israel og arabarane enten dei kallar seg egyptarar eller noko anna. 

Skjermdump frå Jerusalem Post, 07.09.2025.
Blodmåne

Ein ikkje uvanleg tanke er at blodmånar gjennom historia er Guds måte å visa verda at noko viktig heldt på å skje. (iii) Eg har skrive om Spania og tida fram til 1492 i nokre bloggar, og på internett finn eg at der var ein serie av blodmånar i tida etter utvisinga. Då eg kvelden 07.09.25 las at «alle burde gå ut og sjå blodmånen i natt», sa eg: «No vil det skje noko med Israel.» Kva, hadde eg ingen ide om, men eg var overtydd om at dette var starten på ei ny utvikling i Midtausten, og i tilhøvet mellom Israel og nasjonane.

FN, som redaktør Arthur Berg i dagsavisa «Dagen» omskreiv til dei «Fordømmande Nasjonar», har lang tradisjon i å fordømma Israel. Kanskje tida er komen til at Israel snur ryggen til FN og søkjer sin pakts Gud JHVH (iv) av heile sitt hjarta og heile si makt?

JHVH, jødane (og min) Gud, har sett sine grensemerke:

«Eg vil velsigna dei som velsignar deg, men den som forbannar deg, skal eg forbanna» (1.Mos 12,3) 

Det er det FN har gjort, for dei har vedteke fleire fordømmande resolusjonar mot Israel enn dei har gjort mot alle andre statar i heile verda til saman!

Jesus sa: «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier  (Matt 7,12). 

Noreg, Irland, England, Frankrike med fleire vil dela den vesle biten Israel har av landet Gud gav sitt folk. Det vil seia at desse landa i nær eller fjern framtid også skal verta delte? (v)

«Den som lever, får sjå!» sa dei før i tida….

-----------

Merknad: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.

(i) Det muslimska brorskap er den eldste og største islamittiske organisajonen i Egypt, stifta i 1928. Har i periodar vore den leiande drivkrafta i egyptisk politikk. Organisasjonen registrerte seg i 2012 som privat organisasjon (NGO), og skal vera motarbeidd av nokre regjeringar etter at Mohammed Mursi vart fengsla i 2013.

(ii) Abdel Nasser Hussein, f. 1918 i Alexandria, d.1970 i Kairo. Militær leiar, politikar og revolusjonær. Prøvde å samla alle dei arabiske statane i ein krig som skulle utsletta staten Israel.

(iii) Sjå Joel 3, 3-4 m. fl.

(iv)  På hebraisk, som ikkje har vokalar, er JHVH eller JHWH vanleg skrivemåte. Vokalane som vert sett inn ut frå det folk har trudd, har skapt namna «Jahve» og «Jehova», men ingen veit kva som er rett.

(v) Eg har tenkt lenge på gamle profetiar eg har høyrt om Noreg og Norden. Ein profeti sa at Russland skal ta Noreg heilt sør til Trondheim. Eg hugsar folk lo: «Det eksisterer ikkje noko Russland! No er det Sovjetunionen!» Men i 2025 har me ein krigslysten fiende i aust. Kanskje tida er komen då me skal hausta at regjeringa vår har sådd?

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar