Tvisyn
Detalj frå menoraen ved Knesset i Jerusalem |
Eg har fysisk hatt «tvisyn» (i) i to veker. Men inne i hovudet mitt er «tvi-synet» nokså konstant og ofte kombinert med eit ord som både ortografisk og fonetisk liknar, - ordet «tvil». Om det kjem av same rot («tvi» er eit norrønt ord for 2), veit eg ikkje, men tvilen oppstår når ein har to eller fleire alternativ, og det er vanskeleg å velja kva ein skal gjera eller tru.
Guds lovnader til Israel
Moses, den største av alle profetane i jødisk-kristen samanheng, slutta av livet sitt med nokre mektige kapittel (26.-33.) i det Luther kalla 5. Mosebok (= Deuteronomium). Der kan me lesa lovnadane om landet JHVH gav til israelsfolket, og samstundes om straffa dersom dei sveik pakta dei hadde gjort i Sinai og no fornya før Moses tok farvel.
Aron og Hur held hendene til Moses oppe. |
Alyiah
Dette hebraiske ordet betyr «å stiga opp». Det vart sikkert brukt av jødane på sine årlege vandringar til Jerusalem i høgtidene. I dag vert ordet brukt om jødar som er born av dei som vart fordrivne frå landet JHVH gav jødefolket, og som no vender tilbake til Israel for å leva der. Dette er ei hending som profetane snakka om mange gonger, og som tematisk fell saman med innhaldet i den vakre Salme 121.
At dette er JHVH sin uttrykte vilje og plan, er tydeleg fordi det vert repetert gong etter gong i GT / Tanakh. Det sterkaste utsagnet eg veit, er Jeremias 32 frå vers 37 og ut kapitelet. Her seier JHVH gjennom profeten mellom anna (v. 41):
«Eg vil gleda meg over dei og gjera godt imot dei. Av heile mitt hjarte og heile mi sjel skal eg trufast planta dei i dette landet.» (iii)
David etter sigeren over Goliat |
Det er så enkelt at eg trur jødane ikkje vil overleva om dei ikkje bur i Israel. Eg har inga tru på at regjeringar rundt om i verda vil eller kan gjeva jødar ei trygg framtid heretter.
Eg tenkjer på jødane sin skjebne i Noreg før, under og etter krigen. Dei få som kom att, fekk aldri noko skikkeleg erstatning for det Quisling og vår norske regjering hadde gjort mot dei. Og den regjeringa me no har - inkludert venstresida som dei støttar seg på, skaper ikkje tillit. Antisemittismen og jødehatet har med deira hjelp blomstra fritt slik det gjorde i åra før krigen.
Og Abrahams ikkje-jødiske etterkomarar?
Mine jødiske kontaktar i Israel skriv at for arabarane der er området «WAKF». Det vil seia «Allahs land». Denne tanken ligg bak terroren frå Gaza, og som bak politikken som arabiske organisa-sjonar og statar driv.
«From the river to the sea. Palestina shall be free» har vorte ropt på alle kontinent siste året. Dette er realiteten WAKF står for: Å utsletta Israel, drepa jødane, innføra av muslimske lovar (sharia) og fjerna det einaste demokratiet i den muslimdominerte verda!
Moses med Toraen / Loven |
Og «våpenkvile»?
FN og eit utal regjeringar og statsmenn snakkar om våpenkvile i Gaza, og legg ut om ei framtid dei vil få til mellom Israel og «fredselskande» arabarar enten dei er «palestinarar» eller ikkje.
Dette har vorte prøvt gong på gong. Det var grunntanken bak overleveringa av Gaza i si tid. Det var og det teoretiske fundamentet for Oslo-avtalane. Men har tida vist at dette er mogeleg?
Erfaringa er det stikk motsette. Fredselskande arabarar som vil lata seg omskapa til det biletet FN og diverse regjeringar teiknar opp, må dei til ein anna klode for å finna. På vår finst dei berre i antisemittiske og anti-israelske menneskje si forestillingsverd!
Mine jødiske venner i Israel skriv at det arabiske ordet som vert brukt, er «HUNDA». Det ordet har eit heilt anna innhald enn våpenkvile som første steg mot framtidig fred. Frå Muhammed starta med å leggja land under islam med våpenmakt, er «hunda» eit alternativ når motstandarane er for sterke til å slå ned der og då. Tanken bak «hunda» er å få ein pause til å rusta opp i. Deretter – når dei er sterke nok – skal dei overfalla motstandarane og vinna ein total og endeleg siger.
Resultatet vert det som skjedde i Al-Andalus då dei nordafrikanske muslimane tok makta: Valet vert mellom omvending til islam, underkasting eller utsletting.
Den vakre menoraen er eit vitnemål om JHVH sine gjerningar med Iarael, og er ei gåve til Israel frå det britiske parlamentet i 1956. |
Er eg kortsynt og einsidig? Du har kanskje rett, men eg prøver å ha «tvi-syn» og få så allsidig oversikt som eg kan.
Men ofte «tvi-lar» eg likevel!
----
(i) Ivar Aasen-ordboka mi ligg i ein banankasse på mørkeloftet ein eller annan stad. Det norske samlaget og «Nynorskordboka» har dette å seia: «Tvisyn (jf norr. tvisyni ‘tvil,uvisse’) 1 det å sjå ting dobbelt; dobbeltsyn 2 evne el. Hang til å sjå ei sak frå to sider; kløyvd el. Nyansert oppfatning».
(ii) Eg tenkjer her på holocaust og alt det forferdelege som vart gjort mot jødane. Eg trur at hadde ikkje det vore bakgrunnen for opprettinga av Israel i 1948, ville ikkje landet fått den støtta den fekk frå dei fleste land i den euro-amerikanske delen av verda.
(iii) «Yes, I will delight in doing good for them and with all My heart and all MY soul I will in truth plant them in this land». Dette er same vers (Jer.32,41) frå «Holy Scriptures. Tree of Life Version» som er messianske jødar sin Bibel der dei presenterer Tanakh med hebraiske namn som i Tanakh.
Merk: Bibelsitata i teksten er som normalt frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta er mine eigne.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar