GODT NYTT ÅR til alle jødar i og utanfor Israel?
Eg må be deg – om du er jøde og les bloggen min – om tilgjeving (i) fordi eg har ikkje hugsa på Rosh Hashannah! På min kalender var det 22.–24.09.2025. I Israel 1. og 2. Tishrei 5786 og starten på eit nytt år! Må JHVH velsigna og styrkja sitt folk og lata velsigningane Moses lova sitt folk i 5. Mos./Deuteronomium, 28,1-13, verta oppfylt i dette året og i åra som ligg framfor oss!
Forbønns-stund på galleriet i Knesset |
Eg har før vore inne på «dei einøygde» under krigen, og om å ha «tvisyn». Men eg skal ikkje plaga deg med variantar som trongsyn, vidsyn, klårsyn, omsyn og gangsyn, for å nemna nokre. Derimot er tema mitt i dag eit ordtak som eg hugsar frå eg var liten:
Vitnemål om JHVHs gjerningar for jødane |
«I 1948 ble staten Israel opprettet. Det skjedde gjennom krigføring og på bekostning av den palestinske befolkningen som bodde i området fra før. Siden da har konflikten vært preget av et skjevt maktforhold: et militært sterkt Israel (med økende støtte fra USA) på den ene siden, og et delt palestinsk folk uten en egen stat på den andre.»
Slik innleier FN-SAMBANDET (United nations association of Norway) si side på https://fn.no/konflikter/palestina. Går det an å vera meir blinde enn dette?
Den som vil vita det, veit at det var England som styrde området fram til 1948, og at alle som budde der, uansett om dei var jødar, arabarar, drusarar eller andre, var «palestinarar» i dei engelske identitetspapira. «Palestinarar» som eiga folkegruppe, var ikkje oppfunne. Det er ei løgn av nyare dato.
Det var arabarane som overtok det meste av våpena og utstyret engelskmennene let vera att då dei for. I tilhøvet mellom jødar og arabarar, var det arabarane som var «Goliat» med den tids moderne våpen. Den nyfødde staten «Israel» måtte gjera som David, - dei plukka opp det dei kunne bruka av det vesle dei hadde. At Israel og Jerusalem overlevde, var eit Guds (JHVHs) under!
Kunne nokon lagt fram eit oversyn over kva pengar som har vorte gjeve til arabarane og til jødane i åra etter 1948, så eg eg ikkje i tvil om at «flyktningane» har fått uendeleg mykje meir utanfrå enn det Israel har fått.
Det same gjeld Israel si utvikling heilt fram til no. Jødane i Israel har arbeidt hardt, og har gong på gong stått med ryggen mot veggen og kjempa for livet. Dei har utvikla landet og bygd opp det som truleg i dag er verdas beste og effektivaste forsvar. Det er ei oppfylling av Esekiel 37, 10.
Det moderne Israel er eit produkt av hardt arbeid og Guds velsignelse... |
På toppen av det heile er det «dei stakkars palestinarane» enten dei bur i Gaza eller i Judea og Samaria, verda synest synd i. Noreg «godkjende» den tenkte staten «Palestina» for eit år sidan, andre har fylgt etter, og no har FN lagt seg på same lina. Det heile byggjer på den fikse ideen om eit «fredselskande palestinsk folk» som ikkje har rot i den reelle verda.
Finst det ikkje fredelege arabarar og muslimar?
Og mitt svar er: Heilt sikkert, men dei er undertrykte eller vert drepne av dei som vil jødane vondt. Eksempla er mange, til dømes faren til noverande konge i Jordan. Han såg ei fredeleg og lysande framtid saman med Israel. Derfor kunne han ikkje få leva…
Kva framtid har så Israel?
Jødane i Israel som eg får bønneemne frå kvar veke, har ofte teke fram 4. Mos./Numerus 22-24. Kongen i Moab sender bod på profeten Bileam for at han skal forbanna Israel. Men det kunne han ikkje, for Gud / JHVH hadde bestemt at folket skulle velsignast. Profeten må derfor velsigna Israel gong etter gong. Han seier:
«Kan eg forbanna den som Gud ikkje har forbanna? Kan eg kalla vreide ned når Herren ikkje er vreid? 9 Eg ser han frå toppen av berga, frå høgdene skodar eg han: Her er eit folk som bur for seg sjølv, det blir ikkje rekna blant andre folkeslag. 10 Kven kan telja Jakobs støvkorn, kven kjenner talet på Israels støvgrann? Gjev eg fekk døy slik den rettvise døyr, gjev livet mitt enda som hans!» (4.Mos. 23,8-10).
På vitjing i ein av dei utpostane i Judea fjelland som FN reknar for ulovleg... |
Dette er ei utvikling som i desse dagar i New York City vert endå meir understreka. Derfor er det mange som trur at Israel sine dagar som medlem i FN er talde, og at Bileams ord vil vera sanne også for vår tid.
Einaste vona Israel har, slik eg ser det, er den beste og sterkaste av dei alle: Israels gamle, men evig unge paktsgud. Han elskar Israel og er garantisten for deira framgang og siger. Gud, JHVH eller «Ha Shem» vil lata 2. Mos./Exodus 15, 1-17 verta oppfylt på nytt.
«Herren er ein krigar, Herren er hans namn». (v.3)
------------
(i) Som ikkje-jøde i tillegg til det eg personleg har vore gjennom siste tida, visste eg det ikkje før no at dagen var der. Eg ligg nokre veker på førehand med å skriva blogginnlegga i tilfelle noko går gale, derfor kjem dette først no… (Dette innlegget er skrive 23.09.25)
Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar