søndag 26. januar 2025

Minne om ei velsigne fortid -
 «Ikke bønn med et hat, men et Fader, forlat, for de vet ikke selv hva de gjør…». 

Overskrifta er frå  den vakre songen «Broder Aage» skreiv i 1963 (i). Første linjene lyder slik: «Det var ei noen blomst som ble lagt på den vei som Guds sønn måtte vandre en gang». I si varme skildring av Jesu liding og død, flettar han inn Jesu eigne ord: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» (Luk.23,34).

Desse orda frå Aage Samuelsen har levt i tankane mine lenge, særleg i samband med den norske regjeringa sine handlingar mot Israel og jødane som kjempar for sitt «Eretz Israel». (ii) 

Draumen om Jerusalem og «Eretz Israel» har levt mellom jødar mange tusen år. Kanskje blomstra han sterkast opp i jødiske hjarte etter øydelegginga av Jerusalem i år 70, og etter det siste jødeopprøret vart slege ekstremt hardt ned 60-70 år seinare. Det var då romarane fann opp namnet «Palestina.».

Draumen vart oppfylt då staten Israel vart fødd i Tel Aviv den 14. mai 1948. Den jødiske kalendaren viste den dagen den 5. Ijár i år 5708.(iii) Sidan har jødane kjempa mot krigerske arabarar. Fleire gonger mot ordinære hærar, men oftast mot arabiske terroristar. I tillegg har dei hatt kamp mot nasjonale og internasjonale styresmakter (iv).

- og ei velsigna framtid ut frå Guds Ord!
Passar «Broder Aages» ord på den norske regjeringa anno 2025?

Noreg godkjende den fiktive staten «Palestina» midt inne i Israel den 28.05 2024. I år inviterte dei PA (v) sin statsminister, Mohammad Mustafa, på offisielt besøkt til landet vårt 14. - 15. januar. Regjeringa som inviterte Mustafa, var den som nekta kongen å uttrykkja si medkjensle med Israel etter massakren 07.10.23. Dei ville heller ikkje kalla hendinga for terror og folkemord. Mohammed Mustafa har heller ikkje fordømt massakren 09.10.23, så slik sett «kom han til sine eigne».

Statsminister Mohammad Mustafa kom som representant for eit folk som historisk sett ikkje er eit folk (vi). Han er heller ikkje valt etter demokratiske reglar. Presidenten deira, Mahmoud Abbas vart vald i 2005, eit val der mindre enn 50 % av folket deltok. Etter det har Abbas styrt som diktator, trass mange lovnader om demokratiske val. 

Muhammad Mustafa representerer eit diktatur som årleg får enorme summar frå mellom anna Noreg. Ein stor del går til eit skulesystem som oppfordrar til drap av jødar, og til terroristar som får lønn for drap (vii). Om terroristen vert drepen, får familien lønna (eller belønninga for drapa, om du vil). Dette er systemet Støre og regjeringa hans støttar. 

Rike og styresmakter går til grunne,
men Guds lovnader gjeld til evig tid!
«Tilgi dem ikke, de vet hva de gjør!  De puster på hatets og ondskapens glør»


Arnulf Øverland (viii) skreiv diktet «Du må ikke sove!» då nazismen og jødehatet var aukande i Europa. Sitatet dukka opp i tankane mine under Muhammad Mustafas besøk her hjå oss. 

Øverland skreiv også diktet «Eg trenger deg ikke nasireer», og hadde eit diametralt motsett religiøst syn enn Aage Samuelsen. Hans politiske syn var derimot i slekt med Støres, Barth Eides og "Rødt" som held denne regjeringa i live. Politisk sett høyrer dei til på same banehalvdel.

Diktet «En hustavle» kom i 1929 då børskrakk og økonomisk nedgang la grunnlaget for nazismens politiske framgang i Tyskland. Der står dei kjende orda: «Ingen kan resten av tiden stå ved en grav og klage. Døgnet har mange timer, året har mange dage»

Den som kjenner historia, veit at Hamas, Hizbollah og den regjeringa Muhammad Mustafa representerer, har som mål å fjerna «Eretz Israel» frå kartet. Dei har hatt tilbod om sitt «Palestina» tidlegare, men har sagt «Nei!» Kvifor? Fordi dei ikkje er nøgde før staten Israel er død og gravlagt!  

Diktet «Du må ikke sove!» kom i 1937 då nazismen hadde vist sitt ideologiske fundament og sine destruktive mål. Øverland såg det og ville vekkja opp både det norske folket og den norske regjeringa. Men kven brydde seg om vekkingsropet hans?  Det same kjenner eg på no då me har ei regjering og ei arbeidarrørsle som tydeleg viser sitt jødehat. 

På denne bakgrunnen: Er det Arnulf Øverland som har rett, eller er det «Broder Aage»? 

---- 

(i)  Under dette navnet var han kjend som forkynnar mellom anna i Pinserørsla. Døypenamnet var Åge Kristian Samuelsen, (f. 23.01.1915, og d. 29.11.1987).

(ii) Store norske leksikon (Eretz Israel – Store norske leksikon) skriv: «Eretz Israel er et politisk og religiøst begrep som på hebraisk betyr «Israels land»».  Dei skriv vidare at dette har sin bakgrunn i Det gamle testamentet. For dei truande av jødisk og ikkje-jødisk bakgrunn, er står derimot orda for det området på jorda som Skaparen gav jødane til evig tid. Kampen mot at jødane skal få ha det området, er den reelle bakgrunnen for arabiske terroristar sine angrep på jødane, heilt frå 1948. 

(iii) Minnedagen Yom Ha’atsmaut (Frigjeringsdagen) har derfor fast dato på den jødiske kalendaren, men varierer på vår kalendar.

(iv) Her tenkjer eg både på den norske regjeringa, og på FN med sine underavdelingar.

(v) PA vert i dag meir og meir brukt om «det palestiske sjøvstyret». Det var vanleg tidlegare med bokstavane PNA. 

(vi) Konstruksjonen av eit «palestinsk folk» er av nyare dato. Det same gjeld «palestinaren» Yasser Arafat  som var fødd 4. eller 24.08.1929 i Egypt, og døydde 11.11.2004 i Ramallah. Han var egyptisk terrorist, men vart leiar for «det palestinske folket». Trass fredprisen, godkjende han aldri jødane sin rett til «Eretz Israel». Han fekk heller ikkje denne retten nedfelt i folket sin «grunnlov» (= «Charter») slik han lova.

(vii) Israel brukar uttrykket «Pay for slay»  dvs. «Lønn for drap»! 

(viii)  Arnulf Øverland, f. 27.04.1889 i Kristiansund, d. 25.03.1968 i Oslo. 

Merk: Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 19. januar 2025

Guds skapte fredslilja
 Gud og skaparverket.

Me er i starten på 2025 etter vår kalendar, og eit godt stykke ute i 5785 på den jødiske. Deira tidsrekning startar med skapinga, og byggjer på gamle religiøse utrekningar sidan Mosebøkene eller Toraen ikkje gjev årstal.

For nokre år sidan fekk eg den gleda å få vera med i arbeidet med ei fornying av språket i Norsk Bibel si nynorskutgåve. Det var eit spennande arbeid som gjorde at eg las denne samlinga av bøker og brev på ein heilt ny måte.

«I opphavet….»

Dei to første orda i norske Biblar, «I opphavet….» eller  «I begynnelsen…», fortel om starten på jorda og himmelrommet. Det opphavlege namnet på den første boka i Bibelen,  den Luther kalla 1. Mosebok, er «Genesis». Det ordet betyr «fødsel» eller «opphav».

 rosene...
Dette «opphavet» gjeld ikkje berre skaparverket, men i denne boka finn me alle hovudelementa som vert vidareførde gjennom alle bøkene heilt fram til Johannes' opeberring kapittel 22. Billedleg kan me seia at «Genesis» gjev oss «genene» eller «spirane» til både unierset og menneskja si soge «frå A til Å».

Eit absolutt fundament

Første setningen i Bibelen er ei stadfesting av fakta. Gud gjev oss bakgrunnen for alt det som kjem seinare. Han sjølv er opphavet til vår verd og vår eksistens, og alt fungerer takka være hans veldige makt. 

Det er dei som les inn ein ubestemt tidsperiode mellom vers 1 og 2. Det kan godt vera. Me veit at vatnet i vers 2  er eit produkt av to gassar, hydrogen og oksygen. Så langt eg kan forstå, krev det ein prosess og energi for at dei to gassane skal omformast til H2O eller vatn. Opphavet til desse og alle dei andre gassane - lufta - er ikkje med.

Det same gjeld då Gud sa «Det bli lys». Dermed oppstod energibylgjene som me kallar «lys». Gud kalla det «dag», og fråværet av slike lysbylgjer, kalla han «natt».

og stokkrosene
Her møter me og det bibelske døgeret som jødane føl. Det går frå ein kveld til ein ny kveld står for døra. (i) Alt vart skapt på seks dagar. (ii) Mange av versa i det første kapitlet startar med at «Gud sa». Det som skjedde i skapinga, hadde altså sitt opphav i Guds Ord.(iii)

Det er og interessant å sjå endringa i ordbruken i v.16: «Gud laga» sola og månen, og han «sette dei på himmelkvelven». Barnsleg tenkt, var det her «han rette ut handa» og plasserte sola som sentrum i vårt univers, jorda som ein satellitt rundt henne, og månen som ein satellitt rundt jorda. Alt dette så fint tilpassa av tiltrekkingskraft og sentrifugalkraft at begge går i trygge baner og gjev oss skifte mellom natt og dag, vår, sommar, haust og vinter, og skaper ein energibalanse som gjer jorda vår leveleg.

Feil eller unøyaktig omsetjing?

I Bibelselskapet si nynorskutgåve, 2. opplag av 2012, er det ei endring i høve til det som har vore vanleg tidlegare. Når Gud har sagt at plantar, dyr osv. skal verta til, står det no i versa 11,12, 21, 24 og 25: «- av alle slag».

Den tradisjonelle omsetjinga har vore «kvart etter sitt slag» (iv) For meg er dette eit viktig poeng i skapinga. Gud skapte artar av plantar, dyr, fuglar osv. som kvar for seg var unike. Desse skilja var så klåre og avgjorde at det ikkje finst «overgangsformer» slik evolusjonsteoretikarane tenkjer seg.

og Kristiblodsdråpe, 
- «alt etter sitt slag»
Gamle «gode» Darwin

Charles Darwin var fødd i Shrewsbury, England, i 1809 og døydde i 1882. Tankane han lanserte om «opphavet til artane» (v), var ikkje nye. Også bestefar hans skal ha arbeidt med det same. Men Darwin hadde hatt den berømte reisa med «Beagle» til sørspissen av Amerika, og alt han kunne fortelja, fanga interessa verda over. Det er truleg grunnen til at det han skreiv, fekk slikt gjennomslag.

I skrivande stund er det over 160 år sidan Darwins berømte bok kom ut, og mykje forsking er gjort alle desse åra. Men framleis er evolusjonsteorien berre ein «tese» eller  «hypotese». At det skjer utvikling innan rasane, er bevist. Det er opphavet til det som me i dag kallar NRF. (vi) Dei same tankane låg bak nazistane sine avlsforsøk under krigen ved ein del norske hotell. Dei ville få fram «den reine ariske rasen». Utgangspunktet var lyse kvinner og menn, helst av «norsk, gammal bondeslekt»! 

Utvikling mellom artane, det vil seia overgangsformer, er ineksistent og vil altid vera det sidan det står «kvart etter sitt slag». Beste dømet er «the missing link», - namnet på overgangsforma mellom menneskje og aper, som det har vore leitt forgjeves etter i over 150 år. 

The Big Bang

Denne teorien byggjer på studier som indikerer at universet utvidar seg, og at dei forskjelleg delane distanserer seg frå kvarandre. Beviset er naturvitenskaplege observasjonar. Teorien byggjer på at det ein gong for ei lang rekkje millionar år sidan, skjedde ein eksplosjon som sette det heile i gang. Denne tenkte eksplosjonen må ha vore resultat av umålelege energimengder. Nokre trur at desse kreftene på ein eller annan forunderleg var starten på livet på jorda.

 «Kva kan me seia til dette?»

Spørsmålet vart brukt i skulen før når me skulle trekkja konklusjonar ut frå informasjon me hadde fått førelagt. Frå min ståstad er svaret er enkelt og sikkert: «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda». 

Tanken er like uendeleg som Gud sjølv. 

--------------- 

(i) Jødane reknar at døgnet startar når første stjernene viser seg på himmelen og sluttar nett før desse kjem fram neste dag.

(ii) Ofte vert det referert til 2. Pet. 3,8b: «For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag

(iii) Det er dette apostelen Johannes vidarefører i starten på sitt evangelium der han skriv om «Ordet» (med stor bokstav), og relaterer det til personen Jesus.

(iv) Norsk Bibel, nynorsk omsetjing, brukar desse orda. «Tree of Life Version», som er messianske jødar sin versjon av Tanakh (med Det nye testamentet inkludert), har same omsetjinga. Det er derfor all grunn til å tru at denne omsetjinga er den rette. 

(v) Original tittel: «On the Origen of Species by Means of Natural Selection» (1859). 

(vi) Dvs. «Norsk raudt fe», ein kurase som er framkryssa med tanke på stor mjølkeproduksjon og stor kjøtproduksjon.

Merk: Bileta har eg teke sjølv.

-------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 12. januar 2025

Guds Ord står fast
til evig tid.
Eit gudsord å leva på…

I bloggen som kom ut sist søndag, skreiv eg om eit profetord gjeve til Israel ein gong langt tilbake i soga. Det ordet er like aktuelt no som då.

I dag har eg lyst å vera meir personleg. Ein gong på hausten i 1962 var det ei eldre evangelistsøster, Anna Nybakk, som talte i pinsekyrkja Ebeneser, Volda. Eg hadde starta på lærarskulen der den hausten, og beste kameraten min var aktiv pinseven. Dermed slong eg innom av og til, eg og.

Det eg ikkje visste då, var at ho som var talar, hadde sett av den veka til faste og bøn om at i alle fall eitt menneskje måtte verta frelst dei kveldane. Og svaret vart meg. Ikkje offentleg kjent då, men den veka gjorde eg valet og overgav livet mitt til Gud.

No hadde eg vakse opp i eit sterkt kristent miljø, og på grunn av sjukdom i barndommen, hadde eg vore  tema for mykje forbøn. Likevel hadde eg aldri teke det endelege valet. Det gjorde eg den veka. Det naturlege valet for meg ut frå min oppvekst, var å ta del i det kristne arbeidet i kyrkjeleg regi. Dermed vart eg søndagsskulelærar i kyrkja i Volda.

Utsyn frå Mazada.
Men etter som eg las  Guds ord og diskuterte med kameraten min, såg eg etter kvart at det bibelske var dåp av truande. Eg pløgde gjennom alle bøkene eg fekk tak i om barnedåp, men fann aldri eit bibelsk grunnlag for den dåpen eg hadde fått som spedbarn.

Likevel, å ta bibelsk dåp, ville eg ikkje. Dermed vart eg mindre og mindre ivrig i det kristne arbeidet. Eg var kort sagt på veg bort frå både Gud og den Frelsaren eg hadde lova å gjeva livet mitt til.

Ei personleg oppleving.

Ein gong på hybelen, om det var natt eller dag hugsar eg ikkje, men eg fekk ein draum eller eit syn. Eg var i eit ope landskap og såg ein brann nærma seg. Etter kvart brann det rundt meg på alle kantar. Om eg høyrde noko røyst, hugsar eg ikkje, men det vart klart for meg at om eg ikkje valde å gjera det Gud synte meg i sitt Ord, ville eg gå fortapt.

Det kom ei slik gru over meg og ei slik redsle eg aldri hadde tenkt kunne opplevast. Brannen kom nærare og nærare. Til slutt ropa eg Jesu namn, bad om frelse og lova å vera lydig i det Han viste meg.

I det same døydde brannen ut, og det kom ei varm ro over meg. Denne opplevinga vart avgjerande for både dåpen og val eg har gjort seinare i livet. Og Ordet som beit seg fast i meg, var nett dette ordet frå Sakarias som eg skreiv om sist.

«Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren over hærskarane.»   Sak 4:6b

Misjonskall og nye val.

Bønnekortet me fekk laga før utreisa i 1970
Ei tid etter det opplevde eg å få kall til misjonsteneste. Heller ikkje det gjekk utan kamp for min del.

Seinare vart eg kjend med ho som skulle verta kona mi. Ho var eigentleg misjonskandidat til India. Dei var tre sjukesøstre som skulle dit, men landet gav dei ikkje visa. Siste gongen hadde ambassaden sagt frå at det var dødfødt å søkja fleire gonger, og at dei burde innsjå at vidare søknader var nyttelause.

Misjonssekretæren sitt råd var at dei skulle gå heim og be Gud visa dei nye land der dei kunne koma inn. Det var i den perioden kona mi og eg treftest og begge opplevde me ei stadfesting på at landet me skulle til, var Paraguay i Sør-Amerika.

Guds Ord gjeld både i liv og død....
Me hadde møtt kvarandre på forskjellege møte, men det var under ein teltmøtekampanje på Bjorøy, vest for Bergen, at me kom til å ta den praten som vart avgjerande for liva våre.

Seinare i livet sa me stundom til kvarandre at me kunne ha gifta oss etter fire dagar! I staden vart det fire månader. Ein vesentleg grunn til at det kunne gå så fort, var både kallet og at me begge hadde funne ro i det same profetordet frå Sakarias. (Sak 4,6b).

Før me reiste ut første gongen, og av og til seinare, fekk me laga bønnekort (i). På vårt stod Sakarias 4,6b. Det var vårt faste åndelege haldepunkt. Det heldt oss oppe både i arbeidet og privat. 

Kona mi døydde for snart 4 år sidan. Me fekk vel 50 år saman. På gravsteinen står eit anna sentralt ord for den som vil leva eit fullverdig åndeleg liv, uansett kva rase eller folk me høyrer til:

«Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til». (Rom 14,8b).

--------------- 

(i) Det var vanleg den gongen at misjonærane laga prospektkort av seg som dei selde i kyrkjelydane når dei hadde møte. Meininga var desse korta skulle folk ha i Biblane sine eller ein annan stad der dei stadig skulle verta minte om å be for misjonærane og arbeidet dei stod i.

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne. Det av torarullen er frå Jødisk museum i Trondheim. Bilete frå Mazada minner oss om menneskje som tok Guds Ord på alvor og levde etter det.

------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 5. januar 2025

 Velkomen 2025!
Menoraen framfor Knesset

Siste bladet på 2024-kalendaren er rive av. Det som var, er for forbi. Slik er livets gang. Me har ikkje noko val. På slutten av fjoråret tenkte eg alvorleg på gjeva meg med bloggskrivinga, men kvar skal eg då lessa av meg alt det eg går og tenkjer på?  Det skreiv eg medan jødane i verda feira Hanukka, og frå Jerusalem (i) kom helsinga: «Shabbat shalom, and chag Chanukah sameach». 

Kunne eg få ei betre helsing?

«Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren over hærskarane.» (Sak 4,6b)

I bønnebrevet stod og sitatet over. Det var ein del av den profetiske teksten for sist sabbat (ii) i synagogane.  Orda vart sagde til Serubabel,  den politiske leiaren for jødane då dei vel 500 år før vår tidsrekning kom heim att til landet sitt. Det var ei tid med store utfordringar i Israel både politisk og militært, - nett som vår tid. 

Med utsyn mot Knesset
Det same kan me seia om situasjonen då templet skulle innviast 350 år seinare. Dei jødiske opprørarane hadde fridd landet frå det hellenistiske riket. Også det eit under politisk og militært sett. Og Israels Gud (og min Gud) let den heilage olja til lysestaken i templet vara til prestane hadde fått laga ny. Ein prosess som tok ei veke. 

Bibelordet i overskrifta er også skrive på lysestaken (iii) framfor Knesset i Jerusalem. For meg, ein messiastruande ikkje-jøde, uttrykkjer dette sitatet essensen av heile bibelsoga. Det gamle testamentet (GT) som er den jødiske Tanakh, er beviset på at dette ordet er sant. Me som og les Det nye testamentet (NT) veit at det som står der, er berre framhald av openberringa som starta i 1. Mosebok eller Genesis 1,1. Bibelen «frå a til å» stadfester profetien til Sakarias.

Velsigna Nytt År, Israel!

Staten Israel vart fødd i 1948 utan å ha nokon hær å lita på. Jødane hadde heller ikkje større våpen å bruka i kampen mot arabarane. Men dei satsa alt for den draumen Ben Gurion viste til i talen sin den berømte dagen. No har Israel ein av dei best utrusta og opptrente hærane i verda, noko som er ei oppfylling av Esekiel 37,10. Underet har skjedd ved deira Paktsguds signing og ånd. Utan det, er Israel og jødane nett lik alle andre land og folk på jorda. 

Innskrifta på fundamentet til menoraen 
Litt statistikk

Overgangen til 2025 har kome med nye statistiske data. For første gong har folketalet i Israel passert 10 millionar. Då Eretz Israel vart ein realitet i 1948, var der rundt 500 000 jødar i det som er Israel i dag. No er 75 % av innbyggjarane jødar. Resten er arabarar eller andre.  Statistikken viser nedgang i barnefødslar og immigrasjon (aliyah), men interessa frå jødar verda over for å venda heim til landet Gud gav, er sterkt aukande, vert det sagt. Me ber om at auka interesse må gjeva auka immigrasjon.

Den største utfordringa Israel har statistisk sett, er at fleirtalet er svært unge. Aldersgruppa frå 0 til 21 år, utgjer 45 % av folketalet. Dette set store krav til utdanning og framtidsretta tiltak i alle sektorar, og til det treng landet fred og gode arbeidsvilkår 

Krigen har vanskeleggjort studium og normalt liv for storparten av folket, enten dei har vore i krigsteneste eller vorte flyktningar i eige land slik storparten av innbyggjarane i Nord-Israel er det framleis. I tillegg kjem alle drepne, og dei som har traumar og skadar etter 07.10.23 eller krigen i Gaza og Libanon.

Frå ein vegg inne i Knesset
Ein annan ting som vert sett på med uro, er utflyttinga frå Israel. Mange, truleg dei mest ressurssterke, har forlate landet og flytta til andre stader i verda. Frå u-land veit me at slikt (iv) har gjort landa si utvikling tregare enn det som ein normalt kunne venta. For Israel, ein plogspiss innan forsking og teknologi, kan denne utviklinga få fatale konsekvensar på lang sikt. Ei viktig oppgåve i 2025 er derfor å bremsa denne migrasjon.

«Nok er nok»
Eg har høyrt med glede på Netanyahu sin tale i FN 27.09.2024 (v). Der tek han føre seg FN som ein antisemittisk og anti-israelsk organisasjon. Talet på anti-israelske vedtak jamført ved tilsvarande vedtak overfor andre land i verda, er statistisk sett deprimerande. Det same gjeld utsagn og informasjonar som ikkje samsvarar med realitetane «i marka» (vi). Samstundes har det skjedd mykje verre ting  andre stader i verda utan noko inngriping frå FN. Bashar al-Assad brukte gass mot sitt eige folk, dreiv tortur, mishandling og fylte massegraver gjennom mange år, men fekk han vedtak etter vedtak mot seg og terroregimet sitt?

FN er utgått på dato!

Personleg meinar eg at FN og måten organisasjonen fungerer på, er ei skam. Det same med FNs generalsekretær Antonio Guterres. Portugisaren vart generalsekretær 01.01.2017 som den 9. i rekkja. Før det hadde han vore høgkommissær for flyktningar i 10 år. Han utmerka seg i starten med sin aktivitet mot antisemittisme, og med si støtte til jødar og Israel. «Det var ein gong…», - slik startar eventyra, men den tida er over for lenge sidan. No ville han ikkje ein gong fordømma terroren 07.10.23, og heller ikkje støtta Israel i sin forsvarskamp mot terroristane.

Hadde ikkje FN stogga Israel sine tidlegare krigar mot terroristane i Gaza og Libanon, kunne dette siste krigsåret truleg vore mykje mindre blodig. Hizbollah skulle halda seg nord for Litani-elva (som var grenseelva for Dans stamme då jødane fekk landet for vel 3000 år sidan). Resolusjon 1701 frå FN om delinga av Libanon, viste seg å vera rein svada slik mange andre av vedtaka i FN. UNIFIL, som skulle sjå at dette vedtaket vart oppfylt, gjorde ingen verdens ting. Ein tidlegare soldat i UNIFIL fortalde at styrken fungerte berre så langt Hizbollah tillet dei. Såg vaktpostane terroristane i deira område, skulle dei berre «observera» og trekkja seg tilbake. UNIFIL var dermed i realiteten ein FN-styrke terroristane kunne gøyma seg under og bak.

På bønneturen fekk me omvisning i Knesset. Me fekk og sitja i hovudsalen og be ...
Kvifor er Israel og jødane så i fokus?

Abrahams etterkomarar vart utvalde for at Gud skulle føra inn i verda ein frelsar for alle folk. Dei fekk den evige pakta gjort på Sinai under Moses si teneste, men har endå ikkje fått auga opp for den nye pakta, også den grunnlagt med offerblod. Den som les frå Genesis 1,1 til Openberringsboka 22,21, finn lange linjer heilt fram til det lova Messiasriket – også kalla Tusenårsriket. 

Og etter det?

«Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. 11  Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede. Du rullar dei saman som ei kappe, dei blir utskifte som klede. Men du er den same, åra dine tek aldri slutt.» (Hebr 1, 10b-12)  Om du og eg er med så langt, skal me få sjå undergangen av dette universet og flytta over i Johannes openberring kapittel 21 og 22. 

Korleis kan det skje? 

«Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren over hærskarane.» (Sak 4;6b)

------------- 

(i) IFI, eller «Intercessors for Israel» er eit bønnenettverk som eg får lov å vera med i. Dei sender kvar veke eit brev med bønner som me legg fram for Gud gjennom veka.

(ii) Holy Scriptures, Tree of Life version, skriv: ««Not by might, nor by power, but by My Ruach» says Adonai-Tzva’ot». Denne omsetjinga samsvarar den hebraiske teksten. 

(iii) Menora er det hebraiske namnet på den tradisjonell sjuarma lysestaken. 

(iv) Eg har sett uttrykket «hjerne-flukt» brukt om dette. 

(v) Så langt eg veit, kan du framleis gå inn og høyra talen på CBN, USA. 

(vi) Israel må kjempa mot slike som gøymer seg mellom sivile menneske og i sivile institusjonar som skular og sjukehus.

Merknad: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Bileta er mine eigne.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 29. desember 2024

Kjære lesar

Med eg sit og skriv dette, feirar jødane i og utanfor Israel hanukka til minne om reinsinga av templet. Dei har tent sine hanukkastakar og vore samla om minnet om ei av dei store hendingar i jødisk soge.

Må denne festen og overgangen til eit nytt år, gjera at dei - og me alle - søkjer inn til Han som både har skapt alt og valde ut Abrahams ætt framfor alle folk på denne jorda: "-frelsa kjem frå jødane" (Joh. 4,22c)


Israel, landet der steinane er vitne...
Eg vil med dette takka alle lesarane for følgjet i 2024, og ynskja kvar og ein det aller beste for det nye året 2025.

Må Guds velsigning vera over både Noreg og Israel! Eg ber om at jødane rundt om i vera ser teikna i tida og slær seg ned i det einaste landet i verda som gjer alt det kan for å gjeva dei tryggleik og framtid.

Godt nytt år 2025!

 


søndag 22. desember 2024

 Førjulstidstankar

Julkekaktusen kom med si julehelsing
Kalendaren og stressnivået fortel at om to korte midt-vinterdagar er det julaftan! 

Me har lenge svima rundt i ei verd der pakkar og julemat og alt anna «julete» vert sett på som obligatorisk. I månader har radioen og kjøpesentera bombardert oss med julemusikk, raudkledde nissar og finurleg reklame. TV-en og. Dei som skaper prognosane, reknar med at det vil verta rekord-julehandel også i år. Sikkert rekord-stress og - både i butikkane og på gata. Juleveret derimot, sipregn og havvind, gjer sitt for å bremsa aktiviteten. Utandørs. 

Innandørs er julebordsesongen over for i år, til glede for dei som prøvde å halda hjula – dei startar med h-, i gang. Mange fekk akutte helseproblem dagen derpå, seier dei som arbeider. Dei stilte på jobben som normalt. Andre skuldar på sjuke ungar. Dei mest frimodige seier dei har nokre velferdsdagar med løn dei må bruka før året er omme. Kva kan vel då passa betre enn dagen etter eit festsamvær med god mat og tilsvarande flytande?

Det er verre for dei pliktoppfyllande som må strekkja seg lenger enn dei både har helse og lov til. Men det må du ikkje til nokon! 

Posten ropar om ny rekord i pakkehandsaming. Det er ikkje måte på aktivitet der heller. Ein dato for vel ei veke sidan sette dei opp som sistefrist med garanti for at pakkane skulle nå fram til jul. Eit under om dei får det til sidan det er uver, ras og stengde vegar både her og der. Men greier dei ikkje å halda det dei lovar, kan dei skulda på veret! Dei er i så fall ikkje åleine….

Tretapiren har gøymt seg
under juletreet
Snart kjem berget av julepapir, pakkeband i alle fargar og avdanka juletre – det siste frå dei få som endå har naturlege skogstre. Det vert sesongtopp for NGIR på våre kantar. NGIR står for «Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap» om det interesserer deg. Dei må fri oss frå alt me ikkje vil ha. No så vel som elles i året.

Dei raude småbilane som fordeler pakkar og brev, gamaldagse papir-aviser, papir-reklame og papir-rekningar i konvolutt, kjem kanskje berre ein gong i veka i 2025. Dei har for lite å gjera store delar av året, seier dei.

Det er vel me i eldrebylgja som held dei aktive året rundt når alt kjem til alt. «Me» er alle gamlingane som heller vil ha papir i neven enn å glo på ein skjerm, og nyt turen til postkassen enten det er noko i han eller ikkje. Eg får «Dagen» sikkert levert av andre enn postverket, men til og med den leveringa har skrumpa siste åra.

Ikkje alt moderne er godt….

Å finna alt ein treng på datamaskina eller i telefonen, er noko mange av oss i eldrebylgja ikkje får til. Og finn me fram, er me ikkje garantert det resultatet me ville ha. 

Eg skulle ta Norway-bussen hi veka. Leitte meg fram på telefonen til tid og stoppestader og betalte ein blodpris samanlikna med lokalbussen som nesten er gratis. Pengane gjekk ut av kontoen min, og eg fekk melding om at turen var betalt. Men då eg kom på bussen, skulle sjåføren lesa av eit kodebilete som eg ikkje hadde fått. Korkje på Vipps eller som e-brev. Eg leita, og sjåføren leita. Til slutt tok han bilete av telefonen min med telefonen sin - av meldinga der det stod at eg hadde betalt for turen derifrå og dit eg skulle! 

Fullmånen har og hatt sitt å stri med...
Heldigvis var det ein vetig kar den dagen. Han var enig med meg: «Det var enklare i gamle dagar!»

Butikk-kjøpte julekaker smakar like godt?

Eg møtte eit trivelege vennepar i butikken i dag. Ho fortalde at julebaksten var over for i år. Snart julehandelen og, så no kunne jula berre koma! Det ho ikkje hadde laga, var smultringar. Dei hadde ho kjøpt på butikken. (Dei låg godt synlege på toppen var handlevogna og såg fredelege og godsmakande  ut. Ikkje noko fresande Delfia-feitt å brenna fingrane på der i garden!)

«Dei smakar sikkert slike godt som dei heimelaga», meinte eg, men fekk eit kjapt svar frå han som køyrde vogna: «I alle fall holet i midten! Garantert!» 

Og?

Etterpå tenkte eg, - det kan ta litt tid for sirkulasjonen kjem riktig i gang, - at det er slik eg har opplevt denne førjulstida: Som i tomrommet i smultringen! 

Det som har skjedd både innanhyses og utanhyses, vedgår meg liksom ikkje. Ikkje at det ikkje er kjekt å sjå kilometervis av lyslekkjer og vakre dekorasjonar i denne mørkaste tida av året. Nei då!  Men det tenner korkje julekjensler eller skaper juleglede i meg lenger. Ein kan verta deprimert av mindre. 

Eg har til og med lurt på å kutta ut heile bloggen min etter nyttår. Men kvar skal eg då lessa av meg alt det eg går og tenkjer på?

Kva trur du?

Ha ei velsigna julehøgtid med Han som vart fødd i stallen i Betlehem. 

Må 2025 verta eit lukkelegare år enn 2024 for alle,  enten me bur i Noreg, i Israel eller andre stader i verda!
---------------- 
Bileta er mine eigne...

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 



søndag 15. desember 2024

Snart er vinteren her...
Er det noko å klaga over då?

Budsjettførebuingane for i år er snart forbi. Både lokalt og nasjonalt har avisene fortalt oss om planlagde nedskjeringar.  Like sikkert kom protestane. Me fekk protestmarsjar der folk i alle aldrar «stilte opp» for skulen sin og kom i avisa og på skjermen.

Unge familiar seier « Me MÅ flytta …» for vegen til skule og fritidsaktivitetar for borna vert for lang, og dagen vert for komplisert med jobb og det heile. Andre står fram og seier at dei ikkje kan tenkja seg å bu der det er sååååå langt til barnehage og skule. 

Nedleggingane vert forklart med dårleg kommuneøkonomi, for store utlegg for å gjeva innbyggjarane dei lovpålagde tenestene, og at dei kan hamna på ROBEK-lista rundt neste sving. (i) 

No kan me alle finna noko å klaga over, enten det er veret eller prisane på julegåvene. Straumen er for dyr, - og dieselen, - og bompengane. Eg klagar på piggdekkavgifta når eg er så sørjeleg uheldig at eg må innom grensa til Bergen. 

«Me kan ikkje driva ein skule når der nesten ikkje er ungar!»

Orda kom frå ein lokalpolitikar som gjerne ville forsvara grendasksulen sin, men innsåg at skulen hadde vorte for liten. Der var nokre få elevar på dei trinna dei hadde nokon i det heile. No var det korkje pedagogisk eller økonomisk forsvarleg å driva vidare, sa ho, og fekk heile bygda mot seg! Sjølvsagt.

No er det haust...

Om å saga av geina me sit på

Den gongen eg var liten liten… Det er svært lenge sidan, - du skulle berre visst! Då hadde me «Norsk Barneblad», «Blåveisen» og «Kom og Se» i huset. Ein gong der var ei teikning alle lo av, og eg kunne ikkje med min beste vilje forstå kva dei lo av. 

Teikninga viste ein mann som saga på ei grein av eit tre, noko eg som er oppvaksen i skogkanten, var vel kjend med. Kva var så rart med å saga av ein grein på eit tre? Og då eg spurde, lo dei endå meir. Av meg, sjølvsagt. Eg vart så flau at eg kjenner det endå..

Men forklaringa var enkel. Den tosken saga av greina han sat på, og saga på innsida - mellom seg og trestammen! Dei som var større, såg føre seg korleis han ramla med eit brak og knekte både armar og bein, den tosken! Ha! Ha! Ha! Og eg hadde dumma meg ut og var på gråten. 

Det er eg i dag og. Ikkje fordi eg dumma meg ut den gongen i opphavet, men fordi endringa i abortloven gjekk gjennom og at til og med i stortingssalen var det dei som jubla! Sant å seia er det grunn til å gråta for mindre…

Når brotnar greina me sit på?

No er leikeplassen tom...
Den som har vore i skogen og arbeid med tre, veit at alt går bra til ein når det punktet der fibrane gjeva etter og treet eller greina dett. Den norske «kvinnefrigjeringa» som gjorde at fosterdrap vart omgjort til «sjølvbestemt abort» og legalisert, kom i 1978. Altså for 46 år sidan. Det vil seia at dei første borna som vart aborterte vekk, kunne hatt barneborn i dag. 

Det allvitande nettet seier at me har hatt 11 – 12 000 abortar i Noreg siste fem åra, og at tala no er stigande. For år tilbake hugsar eg at tala låg på rundt 15 000. Reknar me med eit gjennomsnittstal på 13 000 pr år i 46 år, har me – med loven si velsiging – teke livet av 598 000 menneske som skulle å fylla opp skulane våre og vera primus motor i yrkes- og arbeidsliv. Skattane og avgiftene frå desse etter som dei vaks til, ville vera kjærkomne inntekter etter som talet på pensjonistar aukar og pålegga frå staten vert større og større.

Reknestykket er så enkelt at hadde me hatt same fødselstala som under og nett etter krigen, ville me ikkje hatt noko eldrebylgje, og norsk industri, jordbruk og skipsfart ville hatt den arbeidskrafta dei trong, utan å vera avhengige av utanlandske arbeidarar vinter som sommar. Skulesektoren og helsevesenet, som begge har dårlege prognosar for fagutdanna folk i åra som kjem, ville hatt folka dei trong. 

I dag har me einsame eldre som sit rundt om i bygdene, frustrerte og endå til gråtande seier  «Eg forstår ikkje kva dei seier!»  eller «Eg er så redd»! Det er ikkje dei tilsette sin feil, enten dei er frå Ukraina eller nokon annan stad i verda. Skulda ligg hjå styresmakter som ikkje hadde - og heller ikkje har - evne til å sjå fylgjene av den politikken dei går inn for.

Siste minnet om sommaren som var...
Ein vill teori?

For dei som er opptekne med slikt, er det mange konspirasjonsteoriar «ute og går».  Det var det me sa før. No burde me seia «inne og går», - i datamaskinene, telefonane og i hovuda våre.

I ein gong var det store samtaleemnet at jorda snart ville vera for lita. Det var spekulert og kalkulert på kor mange menneskje som her var plass til, og når me vart så mange at det ikkje ville vera mat nok til alle.

Ein utflytt sogning i Amerika vart vidkjend for sitt arbeid med å forbetra kornproduksjonen i verda. Han fekk ein pris for arbeidet. Likevel hang toreskyene over oss som på ein flovarm sommarettermiddag.

Men etter at abort ikkje berre vart legalisert, men også favorisert i helsevesenet så så mange som ville kunne kvitta seg med borna dei bar på, har overbefolknings-syndromet forsvunne totalt. Det er år sidan eg har lese eller høyrt noko om «den katastrofen».

Kanskje det bak heile denne utviklinga ligg eit komplott frå politiske konspiratorar som med økonomi, hjernevasking og alle mogelege og umogelege verkemiddel innførde fri abort som løysing på «overbefolkninga» (ii) i verda? 

Korleis greidde dei å lura folk til å tru at dette var «Kvinnefrigjering» og «Vegen til lukke i livet»

------------ 

(i) Forkorting for «Register om betinget godkjenning og kontroll», § 28-5 i kommunelova. På folkemunne  kalla «ROTVEKK-lista».

(ii) Dette bokmålsordet vert omsett til nynorsk med «overfolking», men det kling dårleg i mine øyre…

Bileta er mine eigne.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.