Snart er vinteren her... |
Budsjettførebuingane for i år er snart forbi. Både lokalt og nasjonalt har avisene fortalt oss om planlagde nedskjeringar. Like sikkert kom protestane. Me fekk protestmarsjar der folk i alle aldrar «stilte opp» for skulen sin og kom i avisa og på skjermen.
Unge familiar seier « Me MÅ flytta …» for vegen til skule og fritidsaktivitetar for borna vert for lang, og dagen vert for komplisert med jobb og det heile. Andre står fram og seier at dei ikkje kan tenkja seg å bu der det er sååååå langt til barnehage og skule.
Nedleggingane vert forklart med dårleg kommuneøkonomi, for store utlegg for å gjeva innbyggjarane dei lovpålagde tenestene, og at dei kan hamna på ROBEK-lista rundt neste sving. (i)
No kan me alle finna noko å klaga over, enten det er veret eller prisane på julegåvene. Straumen er for dyr, - og dieselen, - og bompengane. Eg klagar på piggdekkavgifta når eg er så sørjeleg uheldig at eg må innom grensa til Bergen.
«Me kan ikkje driva ein skule når der nesten ikkje er ungar!»
Orda kom frå ein lokalpolitikar som gjerne ville forsvara grendasksulen sin, men innsåg at skulen hadde vorte for liten. Der var nokre få elevar på dei trinna dei hadde nokon i det heile. No var det korkje pedagogisk eller økonomisk forsvarleg å driva vidare, sa ho, og fekk heile bygda mot seg! Sjølvsagt.
No er det haust... |
Om å saga av geina me sit på
Den gongen eg var liten liten… Det er svært lenge sidan, - du skulle berre visst! Då hadde me «Norsk Barneblad», «Blåveisen» og «Kom og Se» i huset. Ein gong der var ei teikning alle lo av, og eg kunne ikkje med min beste vilje forstå kva dei lo av.
Teikninga viste ein mann som saga på ei grein av eit tre, noko eg som er oppvaksen i skogkanten, var vel kjend med. Kva var så rart med å saga av ein grein på eit tre? Og då eg spurde, lo dei endå meir. Av meg, sjølvsagt. Eg vart så flau at eg kjenner det endå..
Men forklaringa var enkel. Den tosken saga av greina han sat på, og saga på innsida - mellom seg og trestammen! Dei som var større, såg føre seg korleis han ramla med eit brak og knekte både armar og bein, den tosken! Ha! Ha! Ha! Og eg hadde dumma meg ut og var på gråten.
Det er eg i dag og. Ikkje fordi eg dumma meg ut den gongen i opphavet, men fordi endringa i abortloven gjekk gjennom og at til og med i stortingssalen var det dei som jubla! Sant å seia er det grunn til å gråta for mindre…
Når brotnar greina me sit på?
No er leikeplassen tom... |
Det allvitande nettet seier at me har hatt 11 – 12 000 abortar i Noreg siste fem åra, og at tala no er stigande. For år tilbake hugsar eg at tala låg på rundt 15 000. Reknar me med eit gjennomsnittstal på 13 000 pr år i 46 år, har me – med loven si velsiging – teke livet av 598 000 menneske som skulle å fylla opp skulane våre og vera primus motor i yrkes- og arbeidsliv. Skattane og avgiftene frå desse etter som dei vaks til, ville vera kjærkomne inntekter etter som talet på pensjonistar aukar og pålegga frå staten vert større og større.
Reknestykket er så enkelt at hadde me hatt same fødselstala som under og nett etter krigen, ville me ikkje hatt noko eldrebylgje, og norsk industri, jordbruk og skipsfart ville hatt den arbeidskrafta dei trong, utan å vera avhengige av utanlandske arbeidarar vinter som sommar. Skulesektoren og helsevesenet, som begge har dårlege prognosar for fagutdanna folk i åra som kjem, ville hatt folka dei trong.
I dag har me einsame eldre som sit rundt om i bygdene, frustrerte og endå til gråtande seier «Eg forstår ikkje kva dei seier!» eller «Eg er så redd»! Det er ikkje dei tilsette sin feil, enten dei er frå Ukraina eller nokon annan stad i verda. Skulda ligg hjå styresmakter som ikkje hadde - og heller ikkje har - evne til å sjå fylgjene av den politikken dei går inn for.
Siste minnet om sommaren som var... |
For dei som er opptekne med slikt, er det mange konspirasjonsteoriar «ute og går». Det var det me sa før. No burde me seia «inne og går», - i datamaskinene, telefonane og i hovuda våre.
I ein gong var det store samtaleemnet at jorda snart ville vera for lita. Det var spekulert og kalkulert på kor mange menneskje som her var plass til, og når me vart så mange at det ikkje ville vera mat nok til alle.
Ein utflytt sogning i Amerika vart vidkjend for sitt arbeid med å forbetra kornproduksjonen i verda. Han fekk ein pris for arbeidet. Likevel hang toreskyene over oss som på ein flovarm sommarettermiddag.
Men etter at abort ikkje berre vart legalisert, men også favorisert i helsevesenet så så mange som ville kunne kvitta seg med borna dei bar på, har overbefolknings-syndromet forsvunne totalt. Det er år sidan eg har lese eller høyrt noko om «den katastrofen».
Kanskje det bak heile denne utviklinga ligg eit komplott frå politiske konspiratorar som med økonomi, hjernevasking og alle mogelege og umogelege verkemiddel innførde fri abort som løysing på «overbefolkninga» (ii) i verda?
Korleis greidde dei å lura folk til å tru at dette var «Kvinnefrigjering» og «Vegen til lukke i livet»?
------------
(i) Forkorting for «Register om betinget godkjenning og kontroll», § 28-5 i kommunelova. På folkemunne kalla «ROTVEKK-lista».
(ii) Dette bokmålsordet vert omsett til nynorsk med «overfolking», men det kling dårleg i mine øyre…
Bileta er mine eigne.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar