søndag 12. mai 2024

Frå ein film dei viste oss på bønneturen
Eit hav av liding...

Eg sit og skriv på minnedagen for Holocaust. Jødane minnest i dag sine drepne i andre verdskrigen, og dei drepne, skadde og bortførde 07.10.23. Dagen burde vera ein sorgdag for alle som ynskjer fridom og rettferd i verda, men markeringa er nokså usynleg i media der antisemittisme og jødehat gror fritt…

Løgnens far

Gammal kristen tankegang er at det føregår krig i den åndelege verda. Drivkrafta bak det heile, er djevelen sjølv. Jesus kallar han «løgnens far». (i) I endetida skal det stå fram ein representant for han som vert kalla «den lovlause». (ii) Han skal føra dei «som ikkje tok mot kjærleik til sanninga», i opprør mot Gud. Dei trur då løgna framfor sanninga, og motarbeider alt som har med Guds (Adonai’s) rike og hans plan å gjera.

Ein tsunami av hat

Plakat på veggen i ein forlegning der me fekk koma inn
I desse dagar opplever me ein tsunami av jødehat eller antisemittisme. Sjølv i USA med Bidens «ironclad support» for Israel, går dei terroristane sitt ærend og skuldar Israel for overgrep og for å lata folket i Gaza svelta i hel. 

Føl Biden Kissingers linje? Under Yom Kippur-krigen, då Israel kjempa åleine mot dei veldige arabiske hærane, venta Kissinger med å senda hjelp til Israel. I tillegg reduserte han den hjelpa Israel bad om. Slik eg hugsar det, grunngav han det med: «Lat dei (Israel) blø (eller sveitta) litt». (iii) 

Slike «venner» (inkludert vårt eigen utanriksminister) er, når alt kjem til alt, farlegare for Israel enn definerte fiendar som Hamas, Islamsk Jihad med fleire. Ein open fiende held ein auga med og kan forsvara seg mot når det trengst. Ein falsk ven kan bruka store ord, men etterpå dolka deg i ryggen.

«Store ord og fleskefeitt, glir lett gjennom halsen» (iv)

Eg skriv til vanleg litt fleire gonger gjennom veka. Morgonen etter eg hadde skrive avsnittet over, las eg at Biden vil nekta Israel bomber til å forsvara seg med og å gjera ende på terrorismen i Gaza. Dermed er hans «ironclad support», og sin «ufråvikelege støtte til Israel» utan det innhaldet me trudde. Ei betre gåve kunne han ikkje ha gjeve Hamas og andre jødehatande land og / eller organisasjonar!

Plakat på ein stolpe i Israel
At dette skapte reaksjonar i Israel og mellom jødar verda over, er lett å forstå. Men det burde også skapa eit jordskjelv i Noreg og NATO. Me har etter krigen kjent oss trygge på støtte frå USA i ein eventuell krig. Kanskje det er på tide å læra at visse «venner» er ikkje tilliten verdig? (v)

Bileam

I 4. Mosebok (vi) møter me spåmannen som Balak, kongen i Moab, sende bod på for å forbanna Israel. At Bileams ord hadde makt, går klårt fram i forteljinga (vii), men hans lyst på rikdom og ære førde han i ulukka. 

Gud let ikkje Bileam forbanna Israel. I sin første profeti seier han: «Frå fjelltoppen ser eg han, frå høgdene skodar eg han: Sjå det er eit folk som bur for seg sjølv, og mellom heidningfolka reknar det seg ikkje». (4.Mos 23,9). Desse orda er like sanne i dag. 

Den neste velsigninga Gud påla han, frå fjellet Pisga, er: «Gud er ikkje eit menneske så han skulle lyga, heller ikkje eit menneskebarn så han skulle angra. Skulle han seia noko og ikkje gjera det? Skulle han tala utan å setja det i verk? 20 Sjå, eg fekk bod om å velsigna! Han har velsigna, og eg kan ikkje gjera det til inkje.» (4.Mos 23,19-20)

Men trass i at han fleire gonger velsigna og rosa Israel, sveik Bileam dei like fullt. Namnet hans betyr «folkeforføraren». Det er det han var. Gud hindra han i å forbanna Israel, men apostelen Peter trekkjer han fram som den som sveik sanninga fordi han «elska urettferds løn». (viii)

Etter råd frå Bileam (ix) gjorde moabittane seg til venns med israelarane og fekk dei til å synda mot Gud. Det førde til død og straff i Israel. (x)

Guds plan for Israel

Profeten Jeremias levde for 2 800 år sidan, den gongen då Nebukadnesar hadde ført folket bort frå Jerusalem. Profeten kom med ei helsing frå Abrahams, Isaks og Jakobs Gud: 

"Sarons liljer" fortel om framtid og von
«For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von. 12 Og de skal kalla på meg og gå av stad og be til meg, og eg vil høyra på dykk. 13 De skal søkja meg, og de skal finna meg når de søkjer meg av eit heilt hjarta. 14 Eg vil la dykk finna meg, seier Herren. Eg vil gjera ende på fangenskapet dykkar og samla dykk frå alle folka og alle stadene som eg har drive dykk bort til, seier Herren, og eg vil føra dykk attende til den staden eg førde dykk bort frå.» (Jer 29,11-14)

Som så mange profetiar i Det gamle testamentet (Tanakh), peikar denne profetien mot ei dobbel fullføring. Den første var etter 70 år, det Nehemias fortel om. Dei i den første tilbakevendinga (aliyah), kom frå Babel, og hadde vore fangar under eitt regime og i ein by. Men i same profetien er det snakk om «alle stader» og «alle folk» dei var drivne bort til.

I vår tid finn me jødar over alt på jorda. Dermed stig eit anna bilete og ein ny aliyah fram. Israel, jødane sitt eige land, ligg og ventar på at dei skal koma heim. Det er dette «løgnenes far» og alle dei som han får makt over, gjer det dei kan for å hindra. Menneskeleg og politisk sett, med eit tvangsetablert «fritt Palestina» midt i Israel, vil jødane ha mindre og mindre land å venda tilbake til. 

«Neste år i Jerusalem» kan snart verta for seint!

Det som skjer, bør fungera for oss alle som flyalarmane i Israel eller Ukraina. Me må søkja tryggleik og vern der det er å finna! Verda vår går mot større katastrofar enn nokon gong tidlegare.

Og vår von?

Les Salme 46 og ver velsigna…

----------------
(i) «De har djevelen til far, og de vil gjera det far dykkar ynskjer. Han var ein drapsmann frå opphavet og står ikkje i sanninga. For det er ikkje sanning i han. Når han talar lygn, talar han av sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.» (Joh 8,44). Dette vart sagt om hans åndelege motstandarar den gongen.
(ii) 2. Tess. 2,2 ff. (Merk: Her er det ikkje snakk brot på jordisk lovgjeving, men Guds lov gjeve oss i Bibelen.)
(iii) Slik eg hugsar det, sa han: «Let them bleed a little». Seinare har Kissinger nekta for at han sa dette, og at treneringa hadde opphav i «praktiske problem» i USA.
(iv) Eit gammalt ordtak eg høyrde ofte då eg var liten.
(v) Sett i samband med at den andre presidentkandidaten i USA for litt sidan indikerte at han ikkje utan  vidare ville hjelpa NATO i ein eventuell krig, er Bidens handling endå meir skremmande.
(vi) Det vanlege namnet elles i verda er «Numeros / Numbers). Denne forteljinga står i kapitla 22-24 i boka.
(vii) 4. Mos. 22,6.
(viii) 2. Pet. 2,15-16. (Sjå elles 5. Mos.23,4, Jos.24,9, Neh.13,2, Mika 6,5, Jud.v.11 og Opb.2,14).
(ix) 4. Mos. 31,16
(x) 2. Mos. 25,1-18.

Bibelsitata er som normalt frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta er mine eigne. (Eg tok dei i Israel på ein av bønneturane eg har vore på.)


Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 5. mai 2024

 Løgn?

Me menneskje er nokre rare skapningar. Stadig er det ting ein må forundra seg over, mellom anna kor lett det er å lyga, og kor tidleg i livet ein lærer å «snu på sanninga» for at ting skal høyrast «betre» ut. Ofte gjer me det for å sleppa unna i ein situasjon der sanninga kan føra til straff og eller at våre planar og ynskje ikkje vert oppfylte. 

Dagen er flink å skriv om antijødisk løgn på forskjellege nivå
Det allvitande «Nettet» har mykje om løgn og sanning: «- Vi har alle sammen veldig lang erfaring i å lyve. Amerikansk sosialpsykologisk forskning viser faktisk at folk i gjennomsnitt lyver én til to ganger om dagen i samtaler med andre som varer fire til fem minutter eller mer, sier Magnussen til forskning.no. Svein Mangussen er ekspert i vitnepsykologi, hvor man blant annet studerer løgn og løgnavsløring.»(i)

Vidare fortel den ti år gamle artikkelen om «overdriving», «underdriving» og mykje anna. Andre artiklar er om løgn og halvsanningar, og kjem med spørsmålet: «Hvis du forteller en løgn tusen ganger, blir den sann?»(ii)

Eg likar å seia: Om tusen menneskje fortel same løgna, vert ho sann av den grunn?

Faksimile av leiarartikkel i "Dagen"
Gjer løgn oss lukkelegare?

Henrik Ibsen skreiv: «Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme».(iii) Sitatet dukkar opp i eit drama som enda med eit tragisk dødsfall, og vert sett på – slik eg les det, som eit bevis på at dr. Rellings påstand er sann. 

Men er det slik verda fungerer?

Kvit og svart løgn

Det er ikkje uvanleg å høyra snakk om «kvit løgn»  som Wikipedia definerer: «Hvit løgn betegner en løgn eller bevisst usann ytring som ikke har til hensikt å gjøre noen skade, men som eksempelvis nyttes for å unngå en ubehagelig situasjon. En hvit løgn kan også være et tvetydig utsagn som legger opp til feil tolkning av mottaker.» (iv). 

Same kjelda nemner «svart løgn»: «En sort løgn vil da vært en alvorlig løgn som kan ha, eller bevisst har til hensikt å skade andre».

Løgnenes regime

Faksimile av artikkelen omtalt på framsida i Dagen
Ordet «regime» kan bety forskjelleg. I
bloggen min i januar skreiv eg om «Løgnens regime». Då tenkte eg på «regime» som bevisst bruk av svart løgn for å skapa ein feil reaksjon eller effekt. Det er det som skjer gjennom propaganda, slik nazistane brukte tekst og bilete for å dehumanisera jødar og slaviske folkeslag m. fl. før og under andre verdskrigen. Mange trudde det dei høyrde (og såg på plakatar og film) utan å ta dei kritiske vurderingane som må til for å skilja løgn frå sanning. I dag kan me snakka om eit media- og informasjonsregime som hjernevaskar folk (v) på linje med det som føregjekk i Europa frå 1920 og utover. Den gongen var det einskildstatar og individ som stod bak. I dag ser me i tillegg at FN, EU og andre internasjonale organisasjonar spreier løgner og halvsanningar slik nazistane gjorde den gongen. Her er nokre døme:

 «Palestinarane er ei folkegruppe som jødane jaga frå landet i 1948»

Sanninga er at romarane starta å kalla «jødeland» for Palestina. Namnet kjem frå det greske eller arameiske namnet på filistarane, og vart brukt om eit geografisk område.(vi) Filistarane vart vekke for fleire tusen år sidan. Namnet har derfor ingen ting å gjera med dagens innbyggjarar. 

Engelskmennene, då det ottomanske riket var overvunne, held fram med å kalla området Palestina. Dei som budde der, vart kalla «palestinarar» uansett om dei var jødar, arabarar, kurdarar, drusarar eller noko anna.(vii)

Faksimile frå ein annan artikkel i avisa.
Men stadig høyrer me folk snakka om «palestinarane» som rett sagt er arabarar busette innanfor Israels grenser.. Nokre seier  til og med at «palestinarane er urfolk som budde der før jødane kom til landet»! Kor ignorant går det an å bli?

 «Palestinarane vart flyktningar i 1948»

Sanninga (viii) er at under frigjeringskrigen i 1948 kom det til eit punkt der arabarane rømde hals over hovud både frå Jerusalem og andre stader i landet. Dei trudde jødane hadde eit hemmeleg våpen. (ix) Ein statistikk viser at rundt 500 000 arabarar rømde frå Israel, men mange av desse kom tilbake og fekk «flyktningestatus». Dette gjer at FN og statar som Noreg har fødd og kosta både utdanning og helsestell på dei i over 70 år, og ingen – andre enn Israel, har prøvt å få stakkarane integrert!

Som resultat av krigen i 1948, vart alle jødane arabarane fann, kasta ut frå dei landa dei budde i. Alt dei eigde vart konfiskert på linje med det norske styresmakter gjorde i 1942. 850 000 jødar vart kasta ut frå Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Yemen, Iran, Irak og Syria. FN har aldri snakka om å gjeva dei flyktningestatus, derfor er dei integrerte i Israel eller i andre land.

Med rett stell, vert dette ein edens hage...
«Israel er ein apartheidstat»

Dette utsagnet som mellom anna Sør-Afrika brukar, høyrer eg også her til lands. Det og er blank løgn. Berre høyr her:

Kona og eg budde for nokre år sidan i Ashalim, ein liten by nord for Beer-sheba i Negev. Der er eit hus som tilhøyrer organisasjonen Exodus Nord, og turistar som vil stogga i byen nokre dagar, kan få leiga rom der. I tillegg var det ein del byggearbeid på gang, og eg hadde i oppdrag å ha kontakt med ingeniøren som var ansvarleg for bygginga. Det gjorde at eg kom i prat med dei arabiske arbeidarane og.

All praten gjekk på engelsk då eg ikkje kan arabisk eller hebraisk, men brått var det ein av karane som svara meg på norsk. Kven var han? Jau, han hadde butt – eg trur det var 10 år, i Noreg som palestinsk flyktning. Noreg var eit flott land å bu i, men då han stadig fekk avslag på å få kjærasten til Noreg og få gifta seg, reiste han heim att. No hadde han kone og born, hadde godt arbeid, og var lukkelegare enn då han var flyktning oppe i «det kalde nord»!

-----------------
(i) Sannheter om løgn (forskning.no), teke ned 28.04.24.
(ii) Hvis du forteller en løgn tusen ganger, blir den sann? - Utforsk Sinnet, teke ned 28.04.24.
(iii) Frå Ibsens drama: «Villanden», femte akt.
(iv) Hvit løgn – Wikipedia, teke ned 28.04.24.
(v) Hjernevask: «Metode som går ut på å bryte ned den psykiske motstandskrafta hos eit menneskje og gjere det mottakeleg for idear og meiningar det før var motstandar av. Døme: mange politiske fangar har vorte utsette for hjernevask». (Frå Nynorskordboka, Det norske samlaget1986).
(vi) Frå Oldtidens Palestina – Store norske leksikon (snl.no), teke ned 28.04.24.
(vii) Golda Meir til dømes brukte sitt «engelske» pass der det stod at ho var «palestinar».
(viii) Ben Gurions draum var ein stat der jødar og arabarar kunne leva saman i fred. Kongen i Jordan ynskte jødane velkomne og meinte at eit samarbeid ville styrkja heile regionen. Det er sagt at på grunn av dette, vart han stukken ned og drepen av ein palestinar etter fredagsbønna i Al-Aqsamoskeen i Jerusalem i 1951. (Sjå elles https://en.wikipedia.org/wiki/Abdullah_I_of_Jordan).
(ix) Israel produserte Davidkaen, ei lita «heimelega» kanon som bråka fælt, men var ubrukeleg å sikta med. Det er sagt at smellen av Davidkaen var viktigare i krigen enn kula ho sende.
.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 28. april 2024

Skjermdump frå Jerusalem Post, 26.04.24
 Påska 2024 snart forbi…

No meinar eg ikkje vår tradisjonelle, «norske» påskefeiring, men den jødiske «pesach» som etter vår kalender går frå 22. til 30.04. På jødisk kalender varer festen frå 15. - 22. nisan 5784, og vert rekna i dagar som startar ved solnedgang.

 «Pesach» vert feira til minne om jødane sin utgang frå Egypt, skildra i våre Biblar frå starten av 2. Mosebok eller Exodus. (i) Dette hende for om lag 3500 år sidan. Det hebraiske namnet «Pesach» betyr «forbigang» til minne om at dødsengelen gjekk forbi husa til folket som hadde trutt det Moses sa, og hadde vore lydige.

I nytestamentleg samanheng vert slaktinga av påskelammet og dei merkte dørkarmane med blod frå lammet, åndeleggjort og overført til Jesus gjennom til dømes Johannes døyparens ord: «Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!» (Joh 1,29b). Evangelisten Johannes, som skreiv ned døyparen sine ord, understreka det same i det første brevet sitt: «Jesu, hans Sons blod reinsar oss frå all synd.» (1.Joh 1,7c).

Begge desse hendingane er knytte til tru. Berre dei som trudde Moses’ ord og gjorde etter det, slapp å få dødsengelen på besøk den natta. Det same er avgjerande i nytestamentleg samanheng, slik evangelisten skriv det: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Joh 3,16).

Trist påskefeiring

Skjermdump frå Jerusalem Post 27.04.24
Med 07.10.23 og det som har hendt både i Israel og for jødar elles i verda, er dette utan tvil ei heilt spesiell høgtid. Mange miste nokre av sine under Hamas- og Islamsk Jihad-massakren i Sør-Israel. Terroristane tok dessutan med seg mange tilbake til Gaza. Og så er det alle dei familiane som saknar sine fordi dei er utkommanderte i krigen, eller i verste fall, er skadde eller drepne.

I tillegg har me alle dei som ikkje kan bu i heimane sine fordi husa er øydelagde eller er under stadige angrep frå Hizbollah i Libanon. Mange har gjennom lang tid vore utan arbeid, og eg har lese at aldri har det vore så mange fattige i Israel som ikkje visste kva dei kunne setja på bordet til det tradisjonelle Seder-måltidet.

Mange jødiske heimar hadde tomme stolar ved festbordet. Stolane minte om dei som skulle ha vore der, men som på grunn av terroristane sine grufulle handlingar og eller krigen, var fråverande.

Frå tomme vogger til tomme stolar
Restar av krematgoriet i Auswitch

Bakteppet for utgangen frå Egypt, var slavearbeid og undertrykking, og i siste instans tomme vogger. Boka om utgangen frå Egypt, Exodus, starta med vilkåra jødane levde under den gongen då soga om Josef og det han gjorde for landet, var gløymt. Dei 70 jødane som kom til landet (ii), hadde på det tidspunktet vorte eit så stort folk at Farao var redd dei (iii). Først gjorde han jødane til trælar. Då det ikkje hjelpte, påla han dei jødiske jordmødrene å drepa alle guteborn som vart fødde (iv).

Men jordmødrene lydde ikkje farao, og då ei kvinne av Levi stamme fekk ein gut, gøymde ho han i tre månader. Då kunne ho ikkje gøyma han heime lenger. Deretter fortel Exodus heile soga om Moses frå han vart «dregen opp or vatnet» (v), til han stod framfor Farao med oppdrag frå Israels Gud. Og så starta ein lang og vanskeleg prosess fram til den natta påskelammet vart slakta og sette utvandringa i gang. 

I det avsnittet les me at Farao sjølv bad folket fara og ta med seg alt dei åtte. (vi) Gud hadde sagt gjennom Moses at folket skulle be egyptarane om gåver den natta. Når me ser alt folket hadde av verdiar då dei seinare skulle reisa tabernaklet, forstår me at trælefolket frå Pitom og Ra’amses vart grunnrike den natta (vii). Og tabernaklet vart reist etter at Moses hadde knust kalven av gull til støv, og kasta gullet i vatnet! (viii)

Er utgangen av Egypt eit førebilete på endetida ?

Eg har i tidlegare bloggar vore inne på teikn i tida som viser at me lever i det som vert kalla «Endetida» eller «Dei siste dagar». Jesus sjølv gav oss teikn me skulle sjå etter.

Eg undrast på om endetida vert ein prosess liknande den Moses og jødefolket måtte gjennomgå med farao i Egypt? Den gongen «hersa» (ix) farao med jødane gjennom hardt arbeid og drap av guteborn. 

Frå Gamlebyen i Jerusalem.
Er det den same ånda som rår i FN og i mange statsleiarar? Dei hersar med Israel, klandrar og kritiserer, men teier stilt om Hamas og dei andre arabiske terroristane sine ugjerningar!

Ein stat kalla «Palestina»  inne i Israel, og med folk som ynskjer alt «Frå elva (Jordan) til havet (Middelhavet)», er meir omfattande enn barnedrapa i Egypt. Faraos mål var å få slutt på jødane sin framgang i landet. Vår statsminister, våre siste utanriksministrar og fleirtalet av verda sine leiarar arbeider for noko mykje verre enn drap av jødiske guteborn. Tanken bak «Eit fritt Palestina» er for meg og mange andre ein freistnad på å redusera Israel sin framgang i Midtausten - og i verds-samanheng. Det er ein tanke Israels fiendar jublar over. Dei ser på det som ei støtte i arbeidet deira med å drepa jødane og få sletta Israel av kartet!

Guds Ord står fast!

Gud fridde ut folket sitt slik han hadde lova. Han held dom over Egypt den gongen, og det vart slutten på Farao og heile hans hær. (x) Siste boka i Bibelen skildrar det som skal skje når den noverande verdensordninga er til endes. Då står jødane og Israel framleis i fokus. Den enorme hæren som går til krig mot Israel då, vert utsletta slik Egypts hær gjorde det for 3500 år sidan, og verda sine mektige menn og kvinner går til grunne med den.

Er det utviklinga mot dette me ser framfor oss? 

------------------ 

(i) «Exodus», som betyr «Utgang», er det rette navnet på andre Mosebok. Luther endra namnet på dei fem første bøkene i Bibelen til «Mosebøkene» og nummererte dei kronologisk.
(ii) 1. Mos. 46,27.
(iii) 2. Mos.1, 8-10.
(iv) 2.Mos. 1,15-16.
(v) 2. Mos. 2,10.
(vi) 2. Mos.12, 29-33.
(vii) 2. Mos. 12, 35-36.
(viii) 2.Mos.32,20.
(ix) «Herse: kommandere, husere, bruke seg, bråke. Døme: Herse med tenarane sine».(Nynorskordboka, Det norske Samlaget,1986).
(x) 2.Mos. 12,17-30.

Merk: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Skjermdumpane frå Jerusalem Post vonar eg skal få lesarane av bloggen til å lesa JPost dagleg og slik få eit reelt bilete av det som skjer i Israel. Dei to andre bileta har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 21. april 2024


Fototurist i Lala-land (1)
 Jørgen hattemakar og kong Salomo

Ordtaket «Det er forskjell på Jørgen hattemakar og kong Salomo» vart brukt heime då eg var liten. Det vart sagt at Ludvig Holberg skreiv dette i ein av sine tekstar. 

Alf Prøysen gjorde ordtaket levande med sine 5 enkle og målande vers i visa om Jørgen som svarva hattar og saug «på tørre skorper og kæille det for mat» medan Salomo nytte «sitt måltid med vin og fylte fat». 

Dei levde ikkje i same verda dei to, endå «både je og Salomo kom nakne til vår jord»!  Refrenget: «Sola skinn’ på deg (i), Så skuggen fell på meg (ii), Men graset er grønt for æille,» understrekar endå klårare kor urettferdig verda eigentleg er.

Alf Prøysen, som skildra arbeidsfolka sine kår enten det var i jordbruket eller industrien, fekk skilnaden – og uretten – utruleg godt fram gjennom enkle ord og folkelege tonar. For han levde kong Salomo i «Lala-land». Men Jørgen hattemakar var frå den verda Prøysen hadde vakse opp i og kjende seg som ein del av.

Egoisme versus antisemittisme?

Denne veka har tankane mine vore opptekne med skilnaden på Anders Behring Breiviks terrorangrep 22.07.11 og Hamas sitt terrorangrep 07.10.23. 

Fototurist i Lala-land (2)
Desse to datoane som har brent seg inn i soga, synest å visa at verdien av eit menneskeliv varierer etter kven det er terroren går ut over. (iii) I Noreg var det nokre av «våre landsmenn» som vart drepne og eller måtte lida. Det gjekk hardt inn på oss alle. Og det skjedde «nær oss».

Israel og Gaza er langt vekke, og medan både regjeringar og marsjerande aksjonistar heile tida er opptekne med talet på drepne «sivile» palestinarar, er det stilt om jødane som vart drepne og eller mishandla, og dei som framleis – om dei lever, har vore i terroristane sine hender i over eit halvt år! Dei «stakkars palestinarane» ser ut til å få 90 % av sympatien. Jødiske tapte liv og liding vert nesten ikkje nemnt korkje i media eller i politiske fora.

Me, som opplevde terrorangrepet 22.07.11 her heime, hugsar skildringane som fylte media og gjorde oss både skremde og triste. Mitt inntrykk er at ingen i dette landet hadde tenkt seg at noko slikt kunne skje. Heller ikkje trur eg det fanst eit einaste normalt menneskje i Noreg som ikkje delte sorga over desse fine ungdomane som miste livet og / eller var skadde for alltid mentalt og fysisk. I det miljøet eg høyrer til, deltok alle i sorga over det som hende, uansett alder og politisk orientering.

Seinare kom alt styret om minnesmerket og skriving som etterlet seg eit inntrykk av at hendinga skulle utnyttast maksimalt politisk. På nytt og på nytt fekk me «hamra inn» at Behring Breivik var ein høgreorientert terrorist, og kor grufullt han hadde fare åt.

Statistisk samanlikning

Gatebilete frå Jerusalem.
Fredag 22. juli 2011 gjekk Anders Behring Breivik til angrep på regjeringskvartalet og på Utøya. Han drap 77 personar og skadde kanskje nokre hundre andre fysisk og psykisk. 

Tysdag 10. oktober 2023 gjekk Hamas og Islamsk Jihad til angrep i Sør-Israel. Då vart rundt 1200 israelarar (iv) drepne, og over 200 vart tekne som fangar og førde til Gaza til ein ukjend skjebne. Talet på menneske som vart skadde fysisk og mentalt, har ingen fullt oversyn over, men det er utan tvil snakk om mange tusen.

Forskjelleg verdisetjing?

Medan nordmenn – sosialistiske og ikkje-sosialistiske samla seg i sorg og la ned «eit hav av blomster» til minne om dei døde etter 22. juli-terroren, sa vår noverande Arbeidarparti-Senterpartiregjering «NEI!» til at kongen skulle få uttrykkja si medkjensle med Israel og jødane som opplevde terroren 07.10.23. Dei venta dessutan i lengste laget med å fordømma terroren.  Då det endeleg kom, brukte dei så forsiktige ord som dei kunne uten å missa ansikt! 

Behring Breivik sine ugjerningar vart klassifiserte som «høreside-terror». Han personleg (og eit ukjent tal av likesinna) meinte derimot at kursen landet vårt hadde valt, var så feil at det kunne forsvara bruk av terror.

Hamas og Islamsk Jihad vert rekna til venstresida politisk, noko også støtta frå forskjellege lands regjeringar indikerer. Desse regjeringane gjer alt dei kan for å få stoppa Israels strid for å eliminera terroristane. Den manglande kritikken over misgjerningane og valdtektene 07.10.23, og bortimot null kritikk for at dei tok gislar med seg tilbake til Gaza, viser dette.

I Noreg har to utanriksministrar og statsministeren stilt seg på «palestinarane» (v) si side og arbeider for å «lønna» drapsmennene med eit eige land (i Israel) som skal heita «Palestina».

Kva om me gav Anders Behring Breivik og hans meiningsfeller same støtta som dei vil gjeva palestinarane?

Då burde han først sleppast fri og få erstatning for mishandlinga han seier han har fått av norsk politi og fengselsvesen. Deretter burde regjeringa starta eit prosjekt for at han og hans norske og / eller utanlandske meiningsfeller skulle få eit sjølvstyrt «Breivik-land». Dei burde då få økonomisk støtte til mellom anna eit skulesystem med lærebøker som glorifiserer vald og drap av slike dei ikkje likar. Sett ut frå det som hende 22.07.11, vil målet for terroren truleg verta personar på den politiske venstresida.

Kanskje eit slikt «Breivik-land» kunne plasserast ved vakre Tyrifjorden?
----------
Uff, no har eg visst hamna i «Lala-land», eg og!  Då er det på tide å gjeva seg….

-------------------------- 

(i) Det er nok kong Salomo han meinar...
(ii) Og dette er vel Jørgen Hattemakar?
(iii) Det same er realiteten i abortdebatten. Fosteret er eit like ekte og verdfullt menneske før den til dømes 12. veka, enn etter. Før den lovfesta datoen, er fosteret no «fritt vilt». Først når det er født, får det «verdi» som menneske og vert verna av norsk lov.
(iv) Tala er usikre, mellom anna fordi ein del menneske var så mishandla eller sundsprengde, at det var vanskeleg å vita kven det var. Så langt eg veit vert det framleis arbeidt med dette. I tillegg fortalde ILTV i går kveld at dei som driv med forhandlingar om fangeutveksling, er usikre på om Hamas endå har 40 levande gislar til ei eventuell utveksling! Fleirtalet er truleg døde av mishandling, manglande mat og medisinar (som Røde Kors nekta å ta imot til dei kronisk sjuke).
(v) Gallupen fortel at 3 av 4 «palestinarar» rosar terroristane og det dei gjorde 07.10.23.

Merknad: Bileta er mine eigne. Dei to første er frå eit engelsk slott.

Det er ikkje lov å brukja tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!

søndag 14. april 2024

 Finst det eit åndeleg «Lala-land» ?

I bloggen for sist søndag tok eg føre meg Ayelet Shakeds utsagn om at me norske – og for den del heile Europa, lever i «Lala-land». Me i Noreg har ikkje terroristar rundt oss på alle kantar, slik Israel har. For oss er terrorangrep noko sjelden og rart. For Israel er det ein del av dagleglivet. 

 Utsyn frå gamle Jaffa mot Tel Aviv
Etter eg skreiv den bloggen har eg tenkt mykje på det eg skriv i overskrifta i dag. Du som har fylgt bloggen min ei tid, veit at eg vert meir og meir oppteken med Israel og jødane etter som åra går. Ikkje fordi eg har noko personleg relasjon til jødar, - det skulle eg gjerne hatt. Men det er fordi Han som er min Gud, er den same som Bibelen kallar Abrahams, Isaks og Jakobs eller Israels Gud. I tillegg sa Han som forandra livet mitt og gav det innhald, at «frelsa kjem frå jødane». (i)

Definisjonane eg tok fram i bloggen sist, sa at å leva i «lala-land» er å leva i ei verd som ikkje samsvarar ned realiteten i denne verda. Med andre ord i ei verd der me førestiller oss ting som ikkje er sanne og ekte. Spørsmålet som har arbeidt i meg er heilt enkelt: Finst det eit religiøst sett også eit «Lala-land», dvs. eit åndeleg «kosmos» som ikkje samsvarar med Guds plan for oss menneskje?

Er mi kristne tru og det eg står for, så grunnfesta i Guds Ord at det samsvarar med det Guds plan for meg og verda eg er fødd inn i? Og, Noreg er rekna med i den «kristne» del av verda, samstemmer politikken vår med det ein kan venta av ein gammal, «kristen» nasjon? (ii)

Noreg - Israel

Alle som vil vita det, veit at landet vårt, frå å vera eit av dei landa som trufast støtta Israel, no vert rekna mellom Israels fiendar. Med vår sitjande sosialistiske Arbeidarparti-Senterpartiregjering, vert me både i Israel og andre land kalla for «det mest antisemittiske landet i Europa». Dette kan me takka våre siste utanriksministrar og statsministeren for. Slik er situasjonen på den politiske arenaen.

Frå stranda i Askelon
Kva med kyrkja?

Som du kanskje har sett, er eg ikkje jøde og heller ikkje høyrer eg til den offisielle kyrkja som landet vårt vedkjende seg i 1814. Eg veit derfor lite om Den norske kyrkja si haldning gjennom åra, i alle fall på høgare og administrativt nivå. Den lågkyrkjelege og bedehusfungerande delen slik eg kjenner det, har derimot vore positive til Israel og det Bibelen seier og lærer om det folket.

Då eg for mange år sidan kom til Israel, hadde «Kirkenes Verdensråd» ein norsk generalsekretær.(iii) Det var trist å oppleva at jødane eg møtte, rekna han for antisemitt og fiende av Israel. Seinare, då han vart leiar for Den norske kyrkja her til lands, har dette inntrykket bite seg fast også hjå meg.

I dag ser det ut til at Den norske kyrkja offisielt har – på lik linje med mange som brukar kristennamnet, lagt seg på ein kurs der det er viktigare å vera politisk korrekte enn bibelsk korrekte. Med det meinar eg å tru Guds Ord som det står, og leva etter det.

Kva med Gaza?

Israel sin FN-ambassadør, Gilad Erdan, sa i ein av talane sine i FN for litt sidan: «For Israel er kvart liv som går tapt, ein tragedie, men for Hamas er drepne sivile ein del av strategien» (iv)

Som det går fram i både skrift og tale, er dei bibelske sanningane om at Gud gav Abrahams etterkomarar eit land frå midt oppe i Libanon til «Egyptens elv», (v) no forkasta og avleggs. Kyrkja og mange som kallar seg kristne, støttar «Palestinarane» og vert med det Hamas sine offisielle og uoffisielle tilhengjarar. (vi)

Broskyre frå ein organisasjon som hjelper jødar å gjera aliyah
Kva seier Guds Ord?

Gjennom profeten Esekiel seier Gud sjølv: 

«Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Herren: Ikkje for dykkar skuld, Israels hus, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, det som de har vanhelga mellom dei folka som de er komne til. 

23 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanhelga mellom folka, det som de har vanhelga hjå dei. Og folka skal kjenna at eg er Herren, seier Herren Herren, når eg helgar meg på dykk for augo på dei. 

24 Eg vil henta dykk frå folka og samla dykk frå alle landa, og eg vil la dykk koma til dykkar eige land.» (Esek. 36, 22-24).

Kan det seiast klårare at det er Guds absolutte vilje at jødane skal ha dette landet, og at då det vart fødd den mai-dagen i 1948, så var Gud sjølv med i det som skjedde? Og den som les at jødane skal gjera aliyah og venda tilbake til «sitt eige land», må erkjenna at både Oslo-avtalen og tanken om ein palestinsk stat i det landet Gud gav dei, kjem under Guds dom.

Den norske Kyrkja på linje med tusenvis lutherske og ikkje-lutherske kristne ber Bibelens viktigaste bøn. Eg prøver å be ho kvar einaste dag. Jesus starta bøna slik:

«Han sa då til dei: Når de bed, skal de seia: Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda, som i himmelen, så òg på jorda.» (Luk 11,2)

Kan dette vera eit bevis på at me kristne lever i eit åndeleg «Lala-land»?

-------------------------------
(i) Joh. 4, 22 siste del av verset.
(ii) Eg har i tidlegare bloggar vore inne på endringa av Grunnloven der utgangspunktet vart at Noreg var eit kristent land som høyrde heime i den «evangelisk-lutterske religion» (17.05.1814). 21.05.12 vart dette endra til «Værdigrunnlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten og Menneskerettigheterne». (Frå m.a. https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2012-06-15-522).
(iii) Olav Fykse Tveit var generalsekretær i Kirkenes Verdensråd frå 2009-2020.
(iv) Mi omsetjing av: «For Israel every loss of life is a tragedy, yet for Hamas, every civilian death is a strategy».
(v) Dette namnet var brukt i eldre omsetjingar.
(vi) Gallupar viser at 75 % av palestinarane støtta det Hamas gjorde i Israel 07.10.23!

Merknad: Bibelsitata kjem frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne  bloggen utan skriftleg løyve frå meg.



søndag 7. april 2024

Lever eg i Lala-land?

Eg visste det ikkje før TV2 fortalde meg det. Når eit så stort konsern gjev spalteplass til slik, er det vel sant?  (Journalist Hilde Gran skreiv, og fotojournalist Tom Rune Orset tok bileta til artikkelen eg las 30.03.24.)

Ikkje visste eg kva «lala-land» betydde heller. Så ignorant kan ein vera i dette Herrens år 2024! Geografi har eg alltid likt, men det stod ingen ting om «Lala-land» i dei bøkene eg las då eg var liten. Og ikkje dei eg fekk seinare heller. Men, som alltid, allvitande Hr. eller Fr. «Nettet» auste ut av si skattkiste til det gjekk over hovudet på meg. Eg måtte berre roa ned og minna meg på dei saktmodige orda frå ein gammal sunnmøring (i): «Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. Ei Tru maa stydja upp-under.» 

Han sa det den gongen datamaskinene ikkje var påtenkte ein gong! Kva kloke ord ville han ikkje ha sagt i dag om han hadde levt? Eg, som er fødd 40 år og 37 dagar etter hans dødsdag, kunne ha sete på steingarden i lag med han og brukt akkurat dei same orda!

Skjermdump frå TV2 sin nettartikkel 30.02.24.

Kva er så Lala-land?

Cambridge Diccionary seier «det å bu i lala-land» eller «tru på lala-land» er å tru på det umogelege i staden for å innsjå korleis realitetane i livet er. (ii) Slang Diccionary seier at «Lala-land» er noko som ikkje har rot i det verkelege livet, enten på grunn av «bliss» (iii) eller fordi ein fornektar realitetane.(iv)  

Elles var nettet fullt av biletet av to som dansa i ein blå sommarkveld. Byen eg skimta nedom åsen, var Los Angeles. «Lala-land» er brukt om LA, eller kanskje mest om bydelen Hollywood?

Ein dag i Lala-land

Kristeleg Kringkastingslag hadde gjeve meg eit stipend til å studera opptaks-teknikkar ved Gospel Recordings i Los Angeles nokre veker. Ein eldre misjonær eg kjende, skulle tala i Independent Pentecostal Church i downtown den søndagen, og eg  reiste dit. 

Me hadde eit godt møte. Det var kjekt å treffa att denne dama som hadde kome over frå Brasil og vitja oss i Paraguay. På møtet var nokre av hennar gamle kjenningar frå ei tid ho hadde hatt møte i Sverige. No var ho misjonær i millionbyen Sao Paulo, og dei var leiarar for eit av dei meste kjende svenske industriselskapa si avdeling i USA.  Ho vart invitert til middag hjå dei, og eg vart bedt med.

På vegen fekk me omvising i  Hollywood der store kinoplakatar og berømte bygningar krangla om plass og glamour. Kjende og ukjende stjerner med verdskjende filminnspelingar som var gjort der eller der, då eller då, fekk me høyra.

Det gjekk høgt over hovudet på meg, for det er få ting eg har mindre interesse for enn film. På vegen opp til huset deira i Beverly Hills fekk me vita at der budde den eller den berømte stjerna. Det var stort set namn eg hadde høyrt, men som sa meg ingen ting!

(Skjermdump frå same artikkel)
Men steiken med etterfylgjande dessert, kaker og kaffi var ein stjernekokk verdig. Vertsfolka førsteklasses menneske og så langt eg kan seia. Dei til og med køyrde meg tilbake til internatet eg budde på desse vekene. All ære og takk til dei for alt saman! 

Men eg, eg kjende meg fortapt midt oppi alt. Dette var ikkje den verda eg høyrde til i. Og det var vel noko slikt Ayelet Shaked meinte å seia?

------

TV2 hadde altså eit intervju med tidlegare justisminister og innanriksminister i Israel, Ayelet Shaked. Eg las det i nettutgåva deira. Der sa denne fritt-talande israelske ex-politikaren at me norske lever i eit «lala-land». Ja, heile Europa for den del. Høyr berre kva som stod i artikkelen:

«Det er bare hykleri. Jeg forstår hva som foregår i Europa. Dere lever i et lala-land. Dere har ikke terrorister på grensene deres, sier Shaked til TV2»

Eller: «Hamas bruker egen befolkning som menneskelige skjold. Hamas er de eneste som kan klandres» 

 
Eller: « - Vi gjør alt i vår makt for å forhindre at sivile blir drept. Vi bønnfaller dem om å dra til humanitære soner, sier Shaked.

(Tv2’s journalist): - De blir bombet også i  disse såkalte trygge sonene. 

Nei, det gjør de ikke. Og vet du hva? Hamas kan få en slutt på denne krigen på to timer. Bare gi oss alle gislene våre tilbake. – Det var Hamas som startet denne krigen. Dere burde rette kritikken mot Hamas, ikke Israel, sier Shaked.»

Ei slik fredeleg gate kan på ein augneblink verta ei drapssene

Så langt frå artikkelen. Resten finn du på TV2 sine sider om du leitar.

Eg vil takka TV2 for at dei gav Ayelet plass til å seia oss desse sanningsorda. For det var det ho gjorde. Me burde hatt meir av slikt og mindre frå Hamas og sympatisørane deira som stadig kjem med støtte-erklæringar i media!

Og framtida?

Kva skal me gjera når liva våre i lala-land vert lik den israelske kvardagen? For det er det Israels fiendar lovar oss. Ein av Iran sine leiarar seier rett som det er at dei kjempar mot «den små Satan» som er Israel, og mot «den store Satan» som er USA og Euro-Amerika.

Eit anna utsagn som kjem med jamne mellomrom frå radikal islam, er: «Først skal me ta laurdagsfolka. Etterpå søndagsfolka». Altså jødane først, og så dei kristne. 

Og målet? Heile verda skal inn under Sharia-lover, slike som folket i Iran og Pakistan med fleire lever under. Om ikkje vert det terror slik Israel opplever til dagen…

Er det rart at Ayelet Shaked seier me lever i lala-land?

................
(i) Ivar Aasen skreiv diktet «Vit og tru». Vart publisert i «Symra» i 1875.
(ii) Mi omsetjing av  Cambrigde Diccionary: «be/live in la-la land / to think that things that are completely impossible might happen, rather than understanding how things really are.»
(iii) Bliss betyr «ekstase» eller noko i den dur.
(iv) Mi omsetjing av: Slang dictionary: «lalaland or La La Land [lah lah land] / Lalaland is a colloquial term for “being out of touch with reality,” usually due to bliss or ignorance. /As La La Land, it is a nickname for Los Angeles, California.»

----------------- 

Nedste biletet har eg teke sjølv.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




søndag 31. mars 2024

At det går an!

Barnelærdommen min sa at me er skapte i Guds bilete (i), men, som me veit, varde ikkje idyllen lenge. Den vakre hagen Gud hadde laga for oss menneskje, - der me skulle leva eit trygt og godt liv, vart ruinert på ein einaste dag. Likevel ser vitenskap og teknologiske nyvinningar ut til å bryta grensene for det som tidlegare generasjonar trudde var råd. Kunnskapen og kjennskapen har nådd utenkjeleg langt både i verdensrommet og inn i cellene me alle er bygde opp av. 

Mentalt ser det derimot ut som om me står «På stedet hvil» som dei sa i linjegymnastikkens glanstid.

Kven av oss har ikkje sagt: «At det går an!» eller «Det får no vera grenser!» når me har opplevt ting som verka for utrulege?

Antisemittismen kastar lange skuggar - også i dag
Frå «Hosianna» til «Krossfest»

Det som har gripe meg i denne påsketida, er ikkje den tradisjonelle påskebodskapen, eller dei herlege sanningane knytt til denne festen både i Tanakh (GT) og NT. Derimot har eg undra meg over kor ustabile og skiftande menneskja rundt Jesus var. 

Eg tenkjer på folket i Jerusalem den påska rundt år 33 i vår tidsrekning. På palmesøndag ropa dei «Hosianna» og ville kruna Jesus til konge. Då blomstra draumen om å hiva romarane ut og rydja plass til det lova og etterlengta Davidsriket. Jubelen ville ingen ende ta der nasarearen reid på eslet inn mot Guds by: Jerusalem.

Og så, berre nokre få dagar etterpå, stod – så langt me forstår - dei same menneskja framfor den romerske stathaldaren Pilatus (ii) og ropte «Krossfest han!». (iii)  Ropet var sikkert like sterkt som då dei ropte «Hosianna» palmesøndagen. Stemninga som rådde på vegen til Jerusalem, var på plassen framfor Pilatus endra til hat og død.  Er ikkje det utruleg? Og på så kort tid?

Lukas skriv at denne skrikande folkemengda «pressa» Pilatus med ropinga si, «- og skriket deira fekk overtaket.» (iv)

«Hald opp med å stola på mennesket …» (v)

Profeten Esajas som skreiv så mykje vakkert og som har eitt kapittel for kvar bok i Bibelen vår, skreiv dei orda eg siterer over. Då hadde han profetert om det komande Messiasriket, men og påpeika folket sitt fråfall frå sin pakts Gud. Kapitlet spenner frå eit herleg syn om ei lysande framtid, til den mørke og tunge i samtida: «Mennesket er bøygd, kvar mann er fornedra. Tilgjev dei ikkje!» (vi)  Korleis kan slikt gå an?

Monumentet som viser då Herzl møtte keisar Wilhelm.
Kva med oss i 2024?

Eit retorisk spørsmål frå den tida då eg gjekk på skulen, var: «Kva har de lært?» Då hadde me kome til oppsummeringa av eit avsnitt, og læraren venta at me skulle bruka det me hadde lært i møte med nye pedagogiske utfordringar!

Det er uro og krig i Israel og Europa, og nyheitene om dette opptek sinn og tankar heile tida. Eg tenkjer på vårt land, Noreg, og set «her og no» opp mot «det som var». 

Særleg på eitt område er det mentale skiftet like uforståeleg som det som hende den påskeveka for lenge sidan. Eg tenkjer på Einar Gerhardsen og arbeidarrørsla han representerte etter krigen. Han var statsminister for landet då eg vaks opp, og vart til tider titulert «Landsfader». Ein verdsett person og politisk leiar både i Israel og her heime. Han skriv frå turen sin til Israel:

«Ved avreisen som tilfeldigvis – og jeg vil si uheldigvis – kom til å foregå så tidlig som klokka seks om morgenen, hadde vi på forhånd gjort det vi kunne for å hindre at statsminister Ben-Gurion og andre offisielle representanter skulle reise den lange veien fra Jerusalem til flyplassen ikkje langt fra Tel Aviv for å si farvel med oss, men det hjalp ikke. De var på plassen, og det er lett å regne ut når på natten de hadde stått opp og tatt fatt på ferden til Tel Aviv for å kunne si adjø! – Da vi reiste derfra, hadde vi en følelse av at vi tok farvel med gode venner». (vii)

Når eg les det han skriv, er det som eg høyrer palmesøndaggleda og jubelen over det han hadde opplevt og sett der nede. Men det var den gongen då Israel og bibelsk kristendom var inne i varmen på den sida i vårt politiske landskap. Det er lenge sidan.

I dag høyrer det norske arbeidarparti og deira medspelar LO til mellom Israels fiendar. No er det «krossfest-ropa» som høyrest. Me høyrer og ser dei under 1. mai-marsjane kvart år, i utanriks-ministeren og statsministeren sine utsagn i samband med Gaza-krigen, og elles i aviser og andre media. 

Herzl såg "gjennom" og lenger enn keisaren
For meg føl arbeidarrørsla og venstresida i norsk politikk Hamas sin scenografi til punkt og prikke. Der er ingen eller minimal kritikk av det som skjedde i Israel 07.10.23, - terroren regjeringa nekta kongen å uttrykkja si sorg over. Der er heller ingen kritikk mot Hamas som bevisst brukar uskuldige sivile som ammunisjon i propagandaen sin. Derimot, når det gjeld Israel, finst der tydelegvis ingen grenser for fordømminga.

«At det går an?»

Det er ikkje Israel eg er bekymra for. For jødane står Guds lovnad til Abraham og hans etterkomarar støtt. (viii) Dommen kjem derimot over Noreg som nasjon, og alle dei landa som ein gong skal samlast og få si straff i «Dommens dal» (ix), - om ikkje før. 

Einaste måten å sleppa unna Guds dom på, er det som Jonas’ bok fortel om. (x) Profetien Jonas kom med, skapte omvending og bøn om Guds nåde. Som svar på bøna og angeren, vart Ninives eksistens forlengd med omkring 100 år. 

Bønnevegen står framleis open, og me burde alle be om nåde og tilgjeving - for oss sjølve, og for vårt land og folk. Det er det Bibelen lærer oss.(xi) Bønne- og frelsesvegen står open med eg skriv dette blogginnlegget. Vonaleg også når du les det eg har skrive. Men me veit er at frelsestilbodet er datostempla. Datoen kan skrivast som ??. ??. ????

Gud åleine veit kva tal spørjeteikna skal bytast ut med. (xii) Ein dag – på Guds fastsette dato, finn me ikkje lenger dette tilbodet. Då er «hylla» tom.

I dag er «nådens dag» – både for jødar og ikkje-jødar. Morgondagen kjenner ingen.

-------------
(i) 1. Mos.1,26.
(ii) Pontius Pilatus var romersk stathaldar i provinsen Judea frå 26-36.
(iii) Matt. 27,22-23.
(iv) Luk. 23,23.
(v) Jes.2,22a. Han levde om lag 700 år før Jesus vart fødd.
(vi) Jes.2,9
(vii) Dette er 3. avsnitt på side 4 i helftet: «Statsminister Einar Gerhardsen: Inntrykk frå en reise i Israel.
Utgitt av Foreningen Norge – Israel»
(viii) 1. Mos. 12, 3 og 1. Mos. 28,14.
(ix) Joel 3, 19. (For meg er det ikkje klart om dette refererer seg til slaget som skal koma før tusenårsriket eller det etter, men i begge tilfelle er det nasjonane mot Israel, og nasjonar vert dømde og går til grunne.) Det same scenariet er det vel Jesus teikna for oss i Matt. 25, 31-46.
(x) Jona 3,10.
(xi) 1. Tim.2,1.4.
(xii) Ap. 1,7. 

----------
Merknader: Som vanleg er bibelsitata frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. 

Bileta har eg teke sjølv og er frå den første jødiske jordbruksskulen nær Tel Aviv. Keisar Wilhelm vitja Herzl der, men Herzl såg lenger og forbi orda keisaren kom med der han sat stolt på sin høge hest. Den same evna treng Israels leiarar i dag i møte med Noreg og andre land sin forvridde Midtaustenpolitikk.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.
-