Frå ein film dei viste oss på bønneturen
Eit hav av liding...
Eg sit og skriv på minnedagen for Holocaust. Jødane minnest i dag sine drepne i andre verdskrigen, og dei drepne, skadde og bortførde 07.10.23. Dagen burde vera ein sorgdag for alle som ynskjer fridom og rettferd i verda, men markeringa er nokså usynleg i media der antisemittisme og jødehat gror fritt…
Løgnens far
Gammal kristen tankegang er at det føregår krig i den åndelege verda. Drivkrafta bak det heile, er djevelen sjølv. Jesus kallar han «løgnens far». (i) I endetida skal det stå fram ein representant for han som vert kalla «den lovlause». (ii) Han skal føra dei «som ikkje tok mot kjærleik til sanninga», i opprør mot Gud. Dei trur då løgna framfor sanninga, og motarbeider alt som har med Guds (Adonai’s) rike og hans plan å gjera.
Ein tsunami av hat
Plakat på veggen i ein forlegning der me fekk koma inn |
Føl Biden Kissingers linje? Under Yom Kippur-krigen, då Israel kjempa åleine mot dei veldige arabiske hærane, venta Kissinger med å senda hjelp til Israel. I tillegg reduserte han den hjelpa Israel bad om. Slik eg hugsar det, grunngav han det med: «Lat dei (Israel) blø (eller sveitta) litt». (iii)
Slike «venner» (inkludert vårt eigen utanriksminister) er, når alt kjem til alt, farlegare for Israel enn definerte fiendar som Hamas, Islamsk Jihad med fleire. Ein open fiende held ein auga med og kan forsvara seg mot når det trengst. Ein falsk ven kan bruka store ord, men etterpå dolka deg i ryggen.
«Store ord og fleskefeitt, glir lett gjennom halsen» (iv)
Eg skriv til vanleg litt fleire gonger gjennom veka. Morgonen etter eg hadde skrive avsnittet over, las eg at Biden vil nekta Israel bomber til å forsvara seg med og å gjera ende på terrorismen i Gaza. Dermed er hans «ironclad support», og sin «ufråvikelege støtte til Israel» utan det innhaldet me trudde. Ei betre gåve kunne han ikkje ha gjeve Hamas og andre jødehatande land og / eller organisasjonar!
Plakat på ein stolpe i Israel |
Bileam
I 4. Mosebok (vi) møter me spåmannen som Balak, kongen i Moab, sende bod på for å forbanna Israel. At Bileams ord hadde makt, går klårt fram i forteljinga (vii), men hans lyst på rikdom og ære førde han i ulukka.
Gud let ikkje Bileam forbanna Israel. I sin første profeti seier han: «Frå fjelltoppen ser eg han, frå høgdene skodar eg han: Sjå det er eit folk som bur for seg sjølv, og mellom heidningfolka reknar det seg ikkje». (4.Mos 23,9). Desse orda er like sanne i dag.
Den neste velsigninga Gud påla han, frå fjellet Pisga, er: «Gud er ikkje eit menneske så han skulle lyga, heller ikkje eit menneskebarn så han skulle angra. Skulle han seia noko og ikkje gjera det? Skulle han tala utan å setja det i verk? 20 Sjå, eg fekk bod om å velsigna! Han har velsigna, og eg kan ikkje gjera det til inkje.» (4.Mos 23,19-20)
Men trass i at han fleire gonger velsigna og rosa Israel, sveik Bileam dei like fullt. Namnet hans betyr «folkeforføraren». Det er det han var. Gud hindra han i å forbanna Israel, men apostelen Peter trekkjer han fram som den som sveik sanninga fordi han «elska urettferds løn». (viii)
Etter råd frå Bileam (ix) gjorde moabittane seg til venns med israelarane og fekk dei til å synda mot Gud. Det førde til død og straff i Israel. (x)
Guds plan for Israel
Profeten Jeremias levde for 2 800 år sidan, den gongen då Nebukadnesar hadde ført folket bort frå Jerusalem. Profeten kom med ei helsing frå Abrahams, Isaks og Jakobs Gud:
"Sarons liljer" fortel om framtid og von |
Som så mange profetiar i Det gamle testamentet (Tanakh), peikar denne profetien mot ei dobbel fullføring. Den første var etter 70 år, det Nehemias fortel om. Dei i den første tilbakevendinga (aliyah), kom frå Babel, og hadde vore fangar under eitt regime og i ein by. Men i same profetien er det snakk om «alle stader» og «alle folk» dei var drivne bort til.
I vår tid finn me jødar over alt på jorda. Dermed stig eit anna bilete og ein ny aliyah fram. Israel, jødane sitt eige land, ligg og ventar på at dei skal koma heim. Det er dette «løgnenes far» og alle dei som han får makt over, gjer det dei kan for å hindra. Menneskeleg og politisk sett, med eit tvangsetablert «fritt Palestina» midt i Israel, vil jødane ha mindre og mindre land å venda tilbake til.
«Neste år i Jerusalem» kan snart verta for seint!
Det som skjer, bør fungera for oss alle som flyalarmane i Israel eller Ukraina. Me må søkja tryggleik og vern der det er å finna! Verda vår går mot større katastrofar enn nokon gong tidlegare.
Og vår von?
Les Salme 46 og ver velsigna…
----------------
(i) «De har djevelen til far, og de vil gjera det far dykkar ynskjer. Han var ein drapsmann frå opphavet og står ikkje i sanninga. For det er ikkje sanning i han. Når han talar lygn, talar han av sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.» (Joh 8,44). Dette vart sagt om hans åndelege motstandarar den gongen.
(ii) 2. Tess. 2,2 ff. (Merk: Her er det ikkje snakk brot på jordisk lovgjeving, men Guds lov gjeve oss i Bibelen.)
(iii) Slik eg hugsar det, sa han: «Let them bleed a little». Seinare har Kissinger nekta for at han sa dette, og at treneringa hadde opphav i «praktiske problem» i USA.
(iv) Eit gammalt ordtak eg høyrde ofte då eg var liten.
(v) Sett i samband med at den andre presidentkandidaten i USA for litt sidan indikerte at han ikkje utan vidare ville hjelpa NATO i ein eventuell krig, er Bidens handling endå meir skremmande.
(vi) Det vanlege namnet elles i verda er «Numeros / Numbers). Denne forteljinga står i kapitla 22-24 i boka.
(vii) 4. Mos. 22,6.
(viii) 2. Pet. 2,15-16. (Sjå elles 5. Mos.23,4, Jos.24,9, Neh.13,2, Mika 6,5, Jud.v.11 og Opb.2,14).
(ix) 4. Mos. 31,16
(x) 2. Mos. 25,1-18.
Bibelsitata er som normalt frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing. Bileta er mine eigne. (Eg tok dei i Israel på ein av bønneturane eg har vore på.)
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar