| Skjermdump frå Wikipedia der du kan finne meir utførleg informasjon. |
Du som les bloggen min, har sett at eg har skrive om kva
det er å vera jøde. Eg har teke fram ting som forskjellege har skrive om dette
emnet.
Temaet mitt i dag er to dagbøker. Begge er skrivne av
jenter. Den eine offentleg kjent som «jøde». Den andre, slik det ser ut for
meg, hadde ein assimilert jøde som far, og som ikkje ville at nokon skulle vita
det.
Anne Franks dagbok [i])
Denne verdskjende dagboka vart skrive av ei jente frå ho var 13 til ho vart 15 år, frå 12.06.1942 til 01.08.1944. Då braut politiet seg inn og arresterte alle dei åtte som hadde gøymt seg i Prinsensgracht 263 i Amsterdam. Berre Anne sin far, Otto, overlevde. Det var han som etter krigen selde boka og som gjorde at dette spesielle dokumentet vart offentleg kjent.
Denne boka som Inger Hagerup omsette til norsk, er omsett
til langt over 50 språk og kjent verda over. Som me veit, finst det mange som
enten nektar på at holocaust har skjedd, eller har prøvt å omskriva denne
grufulle delen av europeisk soge. Det er derfor gjort grundige undersøkingar av
skrift m.m. for å slå fast at dagboka er ekte, og at ho vart skriven av Anne
sjølv.
Anne Frank gjekk på ein skule i Amsterdam frå første til
sjette klasse. Ho fekk og ei tid på eit Jødisk Lyceum før familien gøymde seg i
bakre delen av fabrikkbygningen som faren åtte og dreiv sin butikk. Det var der
dei seinare vart tekne.
Kva skreiv Anne om?
Anne skriv til ei tenkt venninne, Kitty, og fortel smått og
stort om seg sjølv og dei sju andre som var innestengde saman. Det var hennar
eigen familie på fire, og familien van Daan [ii]) som og var fire. I
tillegg kom Peters katt, Mouschi.
Då eg las denne dagboka, slo det meg kor godt hjelpeapparat desse jødane hadde. Dei fekk inn både mat og mykje forskjelleg, inkludert bøker, etter som dei trong det og så lenge det kunne skaffast både på den lovlege eller illegale marknaden i Amsterdam. Alt dette kunne skje takka vera familien sine gode økonomi, i tillegg til at trufaste ikkje-jødar våga liv og lemmer for å hjelpa Anne og dei andre som gøymde seg for tyskarane i huset. Her er nokre døme på det Anne skreiv:
«Torsdag, 9.juli 1942
Kjære Kitty,
Så sprang vi da gjennom silregnet, far, mor og jeg, med en
dokumentmappe, en skoleveske og en torgveske fullstappet med forskjellige
saker. Arbeiderne på morgentrikkene så medlidende på oss. De syntes nok det var
synd at vi ikke fikk lov å trikke, den gule stjernen talte sitt tydelige språk.
| Skjermdump frå Wikipedia sitt innlegg m Anne Frank. |
Denne «underjordiske tilværelsen» var i bakre delen av
bygget der faren hadde forretninga. Der var eigentleg to bygg knytte i saman
med ein smalare del. Heile første etasje og det meste av andre vart heile tida
brukt til forretning. I korridoren i andre etasje var inngangen til bakre
bygningen gøymt bak ei bokhylle. Bak denne disponerte 8 menneskja nokre rom i
to etasjar med toalett, kjøkken og anna.
Trangt var det, og etter kvart oppstod ikkje lite problem
dei i mellom, både på grunn av plassmangel, men og på grunn av det psykiske
presset dei levde under. Dei måtte og heile tida vera stille når forretninga
var open og kundar og andre uinnvidde kom
og gjekk nedunder.
«Fredag, 24. desember 1943
Kjære Kitty.
Jeg har ofte fortalt deg hvor avhengige vi er av våre
stemninger her i huset. Og med meg blir det verre og verre. «Himmelhoch
jauchzend zom Tode betrübt» [iii]) Jeg er «himmelhoch
jauchzend» når jeg tenker på hvor godt jeg har det, særlig sammenlignet med
andre jødiske barn, men «zum Tode betrübt»… ja, det blir jeg hver gang jeg får
høre hvordan livet går sin gang der ute.»
| Frå menoraen ved Knesset: "Ved Babylons elver vi satt og gråt..." |
Siste dagbokinnlegget var langt, datert tysdag 1. august
1944. Temaet er «En bunt motsigelser»:
«Jeg har en gang fortalt deg at i virkeligheten har jeg
ikke en, men to sjeler. Den ene lever i min løsslopne munterhet, i min
fleipethet, min livslyst og framfor alt min evne til å ta allting lett. Med det
mener jeg at jeg ikke sier nei til en flirt, et kyss, en omfavnelse eller en
våget vits. Denne sjelen ligger som regel på lur og fortrenger den andre, som
er mye renere og vakrere og dypere. Ja, for du må innrømme at ingen kjenner den
gode siden av Anne, og det er derfor så få mennesker kan fordra henne».
Med desse glimta inviterer eg deg til å lesa boka sjølv.
Omsetjinga eg har brukt i dette innlegget, er Inger Hagerups. Eg let derfor
slutten på hennar innleiing til boka, stå som av slutning hjå meg i dag:
«Jeg vil leve etter min død,» skrev Anne et sted i
dagboken. Det ønsket har gått i oppfyllelse. «Mennesket Anne» som hun av og til
kaller seg selv, er blitt et symbol på selve den grusomme meningsløsheten ved
vold og krig. Og det er hun ikke blitt i kraft av store ord og fraser, men bare
fordi hun enkelt og sannferdig og levende har gitt et bilde av seg selv – en
ung pike som stod i begynnelsen av tilværelsen og elsket livet, og som hadde de
rikeste muligheter til å kunne leve et fullverdig menneskeliv. Å lese «Annes
dagbok» er som å få en pakke brev frå en avdød venn som en aldri har kjent, men
som savnes dypt likevel». Inger Hagrerup.
[i]
Boka eg har teke døme frå
her, er «Anne Franks dagbok», Den norske bokklubben, Oslo 1966.
[ii]
På internett,
no.wikipedia.org, er denne familien kalla Augusta, Herman og Peter van Pels, og
Fritz Pfeffer: «Van Pels-familien kalles for van-Daanfamilien av Anne i
dagboksn hennes, og Pfeffer blir omtalt som Albert Dussel». Noko vidare
forklaring på dette, har eg ikkje funne.
[iii]
Visstnok eit utsagn av
Goethe: «himmelhøg jubel, men (likevel) trist til døden».
Skjermdumpane har eg laga. Biletet frå Menoraen ved Knesset er og mitt.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar