onsdag 18. august 2021

Med empati som våpen   2

Ein av Amalie Christies venner, psykiateren Jon Leikvam som ho kallar «superjøssing», prøvde å betra tilhøva til dei som hamna i «isfronten» sine hender. På eit spørsmål om ikkje han som «jøssing», gledde seg over rettsoppgjeret, svarar han:

« - Jeg fikk i alle fall ikke anledning til å glede meg særlig lenge når jeg så hva som skjedde med de landsvikmistenkte i fengslene og fangeleirene. Det var skremmende å se på nært hold hvordan seierherrene behandlet den tapende part og hvordan gatejustisen og pøbelaktigheten florerte. Massepsykosen var skremmende, det fantes ingen hemninger og selvkritikk. Det var som om folk hadde gått frå vettet og ikkje kunne glede seg uten samtidig å pine og plage taperne. Seierherrene brukte ikke tortur under forhørene, men allikevel forekom adskillig mishandling som alvorlige slag og spark, simulerte henrettelser og de groveste trusler om skyting. Smertefulle oppstillinger og straffeeksersis var vanlige foreteelser de første månedene. Likeledes den konstante underernæring som førte til mangelsykdommen beri-beri. Dessutan led mange fanger fryktelig ved tanken på hvordan familien, særlig hvordan kone og barn skulle klare seg i den lovløsheten som hersket utenfor murene. I mange tilfeller var endog begge foreldrene arrestert og barna blitt tatt hånd om av familie og bekjente. Myndighetene viste iallefall ingen barnevennlig omsorg. Ofte mistet barn både hus, hjem og omsorg.» (s.91).

Boka «Med empati som våpen» har eit døme på soningstilhøva på Sydspissen fangeleir som vart rapportert til politimesteren i Tromsø, skrive om i bladet «Nordlys» 27.10.1945, og seinare og i hovudstadsaviser. Fangen Harald Pedersen fekk denne behandlinga:

Baksida av boka fortel dette
 

1.  Arrestert 10. mai 1945 og seinare sendt til Sydspissen fengeleir. Under arrestasjonen vart han ribba for klede, sko, tobakk og 380 000 kroner.

2. Han vart informert om at han skulle skytast, og at han måtte grava si eiga grav. I alt vart han oppstilt for avretting 12 gonger, men i siste augneblink stoppa «for nye forhør».

3. Han vart innestengd i mørkecelle to og ein halv månad.

4. Lite mat. Av drikke berre ei halv flaske for veka.

5. I to og ein halv månad måtte han sova i ei likkiste som vart fylt med vatn. Kisteloket vart lagt på og fleire gonger heldt han på å døy av luftmangel.

6. Fleire forhør der han berrføtt vart slegen med gummikøller under føtene for å tilstå ting han ikkje hadde gjort. Torturen føregjekk til han besvimte.

7. Under forhør vart han sparka så sterkt i magen at han hadde blodig avføring.

8. Han var slegen med kølle i nyreregionen så han i fire veker hadde blod i urinen.

9. Han fekk straffeeksersis frå ein og ein halv til tre timar, under banking og pisking på naken overkropp. Dette føregjekk i to og ein halv månad.

10. For å tilstå, vart han med bakbundne hender heist opp etter føtene med hovudet ned, og så piska eller banka med stokk til han besvimte. Ein del gonger var han heilt avkledd og fekk også kjønnsorgana mishandla som del av behandlinga.

11. Utenom dette, vart han avkledd og piska 24 eller 26 gonger.

12. Han vart brent i munnen ved at dei førde inn ein glødande kniv.

13. Ved ein anledning måtte han stå mellom ein glødande omn og veggen til kleda vart svidde, og han fekk stokkeslag og spark i underlivet.

14. Han vart fleire gonger slegen i hovudet, mellom anna med eit brote sleggeskaft, til han blødde frå nasa, øyre og munnen.

15. Vaktene prøvde å få han til å springa så dei kunne «skyta han under flukt»[1]. Tre gonger vart det skote på han med skarp amunisjon.

16. Alle ynskje om tilsyn av dokter, «ble hånlig avvist».

Om dette berre hadde vore måten ein fange utbroderte tilhøva i fengslet på, kunne ein tru det var overdrive. Men saka hans vart prøvt for retten, og dommen fall 21. mai 1946. Som dommen etter morda ved Skrikerudvatnet i Trøgstad, viser denne dommen og eit resultat som for mange berre kan karakteriserast som blodig urett.

Tre av fangevaktarane vart dømde til 30 dagars arrest, gjort betinga. Det vil i praksis seia at dei gjekk fri. Det same gjorde leirsjefen, fenrik Storaas, som vart heilt frikjent. Så lite brydde norsk rettsvesen seg om «dei andre» sine rettar og lidingar den gongen.

Justismininster Gundersen kalte rettsoppgjeret etter krigen eit lyst bilete med berre «enkelte svarte flekker».(s.94).

For den som ser forbi det glansbiletet me vart oppdregne med i etterkrigsåra, er boka «Med empati som våpen» nyttig, men deprimerande og trist.

Nett derfor trengst bøker som «Hva visste hjemmefronten» - trass i dokumenterte feil og manglar.

I alle fall slik eg ser det….

 

Ingen har lov å  bruka heile eller deler av teksten uten på førehand å ha skriftleg løyve frå meg.

[1] Skoten under flukt var ein metode som og vart mykje nytta av militærdiktatur i Søramerika.

 

Med empati som våpen

Dei to siste åra har bloggen min vore innom tema knytt til Israel og jødar både i 1940-45 og elles. Det er framleis eit av mine interessefelt.

I år har eg lese og tenkt på ting Ingeborg Solbrekken tek opp i boka «Med empati som våpen», ei bok Genesis gav ut i 2004. Hovudpersonen, Amalie Christie, var frå Vidarshov på Hedmarken. Med sin sosiale status, si utdanning som musikar i Tyskland, og gjennom sitt kontaktnett med jødiske musikarar, kom ho til å spela ein viktig rolle i både motstandsrørsla og med å hjelpa jødar under og etter krigen. Ei interessant bok.

Kapittel 10, «Jødearrestasjonene»

Kapitlet fortel om korleis «Den norske forvaltningen tilpasset seg glatt okkupasjonsmakten. Mange sorenskrivere, lensmenn og byskrivere over hele landet gikk tilsynelatende ureflektert i gang med å registrere jøder. I administrasjonsrådets møteprotokoll av 16. mai 1940, opplyser jøssingpolitimester Welhaven at han har fulgt tyskernes pålegg om å inndra jødenes radioapparater utan å vente til saken var behandlet i overordnede instanser. -----

Den norske politisjef Karl A. Martinsen sendte søndag 25. oktober samme år et kodet telegram til samtlige norske politikamre, der han beordret alle jødiske menn med J-stempel i passet arrestert frå klokken seks om morgenen mandag 26. oktober 1942. Deres formuer skulle deretter beslaglegges og jødiske kvinner pålegges daglig meldeplikt. Aksjonen hadde vært under planlegging i norsk statspoliti og politidepartementet siden fredag, hvor flere tjenestemenn deltok i å sette opp navnelister og trykke skjemaer.

Det norske statspolitiet utviste her en uforbeholden lojalitet til Quisling og de tyske okkupantene». (Sitat frå sidene 45 og 46).  

Norsk politi og rettsvesen sine handlingar under og etter krigen, er trist lesing. Samstundes er det lett å kritisera og ha meiningar om kva dei burde ha gjort, ikkje minst for oss som aldri har vore oppe i noko liknande.

Årstala i desse avsnitta kan ikkje stemma. Først står mai 1940. Seinare står det at 25. oktober samme år (1940?) gjekk ordren ut om å arrestera alle jødiske menn. Arrestasjonane skjedde 26. oktober 1942, dagen etter at ordren vart utsendt så langt eg forstår av samanhengen. Ikkje over to år på førehand. Hovudpersonen i boka og andre greidde likevel å berga nokre jødar unna politiet og tyskarane sine klør. Mellom anna pianisten Ernast Glaser.

I heimen til familien Christie budde ein halvjøde som ikkje var registrert nokon stad. Men dei på lennsmannskontoret i Vang visste det. Dei oppgav han, og kom med arrestordren alt 26. oktober.

Mankiewics, som mannen heitte, gjekk med cyanidtablettar i lomma, og tok desse i arresten. Han ante kva som venta han. Liket vart sendt tilbake til folket på Vidarshov, og han vart gravlagd på Vang kyrkjegard.

Ei spanande bok om ein interessant person

« - Fire uker etter at Mankiewics var tatt, ringde de fra Vang lensmannskontor. Likrøvere frå lensmannsetaten skulle komme og hente hans kommode, hans seng, hans klær og verdisaker. Hva synes du? Det er så vondt at man klarer neste ikke å snakke om det! Og hvem visste om den lille familien på Hjellum stasjon, et kvarters vandring fra oss? Familien Glott med små barn og alt. Nei, jeg kan ikke snakke om det, det er så grusomt. Også disse menneskene ble angitt av lensmannsetaten». (s. 49).

Kapittel 18 «Frå streng jøssing til silkefront»

Her kan me lesa om korleis nazistar, nazi-symaptisørar, tyskarjenter og tyskarborn vart dømde etter krigen. Her kjem mange opplysningar om etterkrigsoppgjeret som ikkje er kjekke å lesa. Eg sjølv vaks opp med glansbiletet av norske heltar, og tyske og norske anti-heltar. Svart og kvitt. Og stakkars den som meinte noko anna.

Forfattaren brukar «jøssing» slik eg lærde då eg var liten: «Begrepet Jøssing, kom først i omløp i våren 1941, som en betegnelse på en anti-tysk og NS-fiendtlig nordmann». Men når forfattaren plasserer Jøssingfjorden i Sogn, er det eit bomskot:

Jøssingfjorden, ein smal fjord i Sokndal kommune, var sentrum for eit storpolitisk oppgjer 14. februar 1940. Det tyske forsyningsskipet «Altmark» var på heimveg med 300 engelske krigsfangar. Det hadde fått løyve til å bruka norsk territorialfarvatn og vart eskortert av ein norsk tropedobåt.

«Altmark» vart oppdaga av britiske fly, og ein britisk jagar gjekk for å ta han. Tyskarane gøymde seg i Jøssingfjorden i Rogaland. Noreg var på det tidspunktet eit «nøytralt land», og den norske torpedobåten vart liggjande på vakt i fjordmunninga for å stoppa engelskmennene. Til inga nytte. Heldigvis!

Trass juridiske retningslinjer som ikkje gav engelskmennene rett til å gå inn i norsk farvatn, gjekk jagaren «Cossack» inn fjorden og tok opp kampen. Tyskarane tapte og dei engelske krigsfangane utfridde og tekne til England. Ut frå desse hendingane vaks begrepet «jøssing» fram…

«Silkefront» versus «Isfront»

Boka brukar desse orda som indikatorar på to retningar i oppgjeret etter 1945, både det juridiske og det sivile. Slik boka framstiller det, vart dei som hadde hatt kontakt med NS og tyskarane, møtte med ein isfront, medan mange som hadde spelt på lag med tyskarane, vart tekne på med silkehanskar. Til dømes norske politifolk. Norske musikarar som hadde spelt etter oppdrag av tyske eller norske NS-myndigheiter, vart hardt dømde, trass at mange ikkje hadde hatt tysk- eller NS-sympati.

Det er vel ikkje utnaturleg å tenkja at for mange var det naturleg å ta hemn, men ein del av det som vart gjort, stiller landet og rettsvesenet vårt i eit dårleg lys. Eg har i ein tidlegare blogg vore inne på rettssaka etter drapa ved Skrikerudvatnet i Trøgstad. «Med empati som våpen», har eit like grovt eksempel. Det skal eg ta i neste blogg.

 

Ingen har lov å kopiera heile eller deler av teksten uten på førehand å ha innhenta

 skriftleg løyve frå meg.

 

 

mandag 1. mars 2021

Jødisk samtalepartnar ledig?

I det førre blogginnlegget lurde eg på om eg, som genetisk ikkje er jøde, kan vera det mentalt. At kjenneteiknet ligg «mellom øyrene» og ikkje i genane som smelta saman og gav meg liv (slik det vart hevda i eit NRK-program), stemmer ikkje med det eg har lært frå eg var bitte liten.

Eg nemnde og at det var i Paraguay eg kom så nære jødar at dei fekk ansikt og menneskelege eigenskapar slik som alle oss andre. Karakteristikkane, både frå bibelsoga og frå antisemittismen, passa ikkje på nokon av dei eg møtte. Dei var menneske av kjøt og blod. Ho gamle som selde møblar, og ho som ekspederte, var stille og vennlege menneskje. Han som styrde supermarknaden, var ein hissigpropp som kunne skrika opp når noko gjekk på skeive. (Men han hadde førsteklasses tørrfisk og spekesild frå Noreg!)


På den tida hadde Israel ambassade i landet. Eit år eg reiste og dreiv med undervisning i Sør-Paraguay, fekk eg låna filmar frå Israel som eg viste rundt om i kyrkjene. Det var mykje frå israelsk jordbruk. Det var interessant då fleirtalet av dei me samla, var knytte til jordbruk. Slik fekk dei sjå folk og område dei kjende frå Bibelen, men no som ein moderne og progressiv stat.


Ved eit høve gjekk eldste guten vår og eg i synagogen i Asuncion. Dei hadde ein viss kontakt med jødane i Noreg og Danmark gjennom rabbien, men me høyrde det berre nemnt. Eg hadde som mål å læra om både jødedomen og jødiske tradisjonar, men det vart ikkje noko av då me reiste heim på grunn av sjukdom i familien.

Bibel-lesande jøde ved kafébordet.

I denne tida møtte eg ein messiansk jøde tilfeldig på ein stad der me på reisene stogga og kjøpte mat. Han sat åleine og las i Bibelen. Eg bad om lov å setja meg med han, og snart var praten i gang. Han hadde lese i Salmane medan han åt, og høyrde til ein flokk som samla seg i hovudstaden. På den tida reiste han rundt i landet og vedlikeheldt NCR kassaapparat. Eg møtte og dr. Branda. Bibelselskapet arbeidde på den tida med ei utgåve av Bibelen på Guarani. Dr. Branda var med for å jamføra teksten med den jødiske Tanakh (GT). Ein paraguayisk poet var og med på laget. Han var kommunist og hadde budd i Moskva der han laga program på guarani for Radio Moskva. Hans arbeidsområde var poetiske uttrykk i Salmane.
Den gongen var målet mitt å få kontakt med ein jøde for å kunna stilla spørsmål om ting frå Bibelen. Så langt kom eg altså ikkje.

Ein jødisk versjon av den «kristne» Bibelen.

Ei bibelomsetjing som har hjelpt meg mykje i nyare tid, er: «Holy Scriptures. Tree of Life Version». Om det fanst ei norsk utgåve av denne, ville eg ha brukt den. No les kona og eg to kapittel i den engelske kvar dag.
«Det gamle testamentet» i denne utgåva er organisert i samsvar med den originale Tanakh, og ikkje slik dei kristne har valt å organisera bøkene. Det nye testamentet er derimot tradisjonen tru. Ein annan ting som gjer at eg likar denne Bibelen, er at her vert det brukt dei originale namna på Gud, den heilage Ande osv. Gud heiter Adonai (= Herren) om det ikkje i originalen er brukt eit anna av namna hans. Jesus vert omtalt med sitt eigentlege namn Yeshua, eller Ben-Elohim (Guds son). Anden er «Ruach Elohim» (Guds Ande) og seinare «Ruach haKodesh» (den heilage Ande).

Kvifor dette?

I ei tid med mykje forvirring både religiøst og kulturelt, er det viktig å knyta bibelske hendingar der dei høyrer heime, dvs. i sin hebraiske kontekst. For meg er det noko som ikkje stemmer når til dømes Bibelen vert omsett til arabisk og Adonai heiter plutseleg Allah. For meg er dei to motpolar i den åndelege verda og ikkje «den same guden» som mange seier. Liknande har eg høyrt sagt om bibelomsetjingar i andre deler av verda. Biblane der brukar dei tradisjonelle orda på gud i deira religionar. Dermed går lesarane glipp av det konkrete bibelske (jødiske) meiningsinnhaldet.
Adonai (eller Elohim, JHV, osv.) er Abrahams, Isaks og Jakobs Adonai og ingen annan. Som Yeshua sa i Johannes 4,22: "Frelsa kjem frå jødane".

Jødisk samtalepartnar ledig?

Den gongen på 1980-talet då eg brukte jødiske filmar i undervisninga, hadde eg eit ynskje om å få læra meir både om landet og om folket. Men ting forandra seg og planen gjekk i vasken. Endå i dag saknar eg ein jødisk ven til å samtala med. Langt opp i åra både som menneske og kristen, kjenner eg meg som ein «læregut».

Til ettertanke: Når me les Guds Ord og ser kor profetane på Guds vegne refsa og tukta jødane for deira liv og lære, korleis i all verda kan me ikkje-jødar leva i den trua at me lever meir etter Guds vilje enn dei?  


tirsdag 23. februar 2021

Kven er jøde ?

Det er sagt at «Alle nordmenn har ei meining om jødane».  Og, vart det lagt til: «Dette er trass i at dei fleste av oss ikkje kjenner ein einaste jøde!» Årsaka skulle vera Bibelsoga me hadde i skulen i gamle dagar.


No har tidene forandra seg både med Bibelsoga og jødane. Ikkje det at eg trur fleire nordmenn enn før har jødiske venner eller veit om jødar i sin omgangskrins. Enten bur me på stader der det ikkje finst jødar, eller så gøymer dei seg så godt at me ikkje oppdagar dei!  Men, i motsetning til tida då eg vaks opp – og det er grådig lenge sidan, «ser og høyrer» me om jødar nesten kvar einaste dag. Gjennom ulike medium sjølvsagt. Enten det er papirmedium eller andre.


Me vert dagleg fora med opplysningar om dei. Også løgner vert tekne opp att og opp att til me medie-konsumentane trur det er sant. Ikkje berre «Fake news». «Fake olds» og. Til og med ting frå tida då antisemittisme heitte «jüdenhass».

Eg – ein jøde?

Ein av lektorane på lærarskulen sa han var norsk nordmann i Noreg! Det er eg og, både når det gjeld etnisitet og stasborgarskap. Men eg seier: … for tida i Noreg!  Skulle så gjerne reist og periodevis levt i andre deler av verda.


No har eg rett nok ein ukjend oldefar frå Trondheim. Bortsett frå oldemor  og han, er me hordalendingar av undergruppa stril. Mitt eventuelle jødiske genmateriale reknar eg derfor som ikkje-eksisterande. Men er det genane det går etter? I vår tid er kjønn «avgjort etter kva du har mellom øyrene og ikkje mellom beina», vart det sagt i eit program på NRK. Er det det som eg har mellom øyrene og ikkje den genetiske arven min som er avgjerande? Då er eg kanskje jøde likevel?

Han såg betre enn eg…

Lat meg ta deg med 50 år tilbake i tid. Eg var ny misjonær i  Sør-Amerika. Ein eldre medarbeidar og eg var på veg til ein avsidesliggjande landsby lengst nord på pampasen. Ein skyfri og glovarm dag. Jordvegen var tørr. Etter bilen letta det seg ei stor støvsky som nådde oss att kvar gong me måtte bremsa på grunn av hol i vegen. Den gongen hadde berre dei rikaste luftavkjøling i husa og bilane sine. Me drøymde om det. No hadde me opne alle glasa som fanst.


Sveitte og støv klistra seg til kroppen. Det klødde like mykje som insekta som prøvde å eta oss opp. Skitne var me og. Utanpå. Bilen både utanpå og inni.


Me køyrde kilometer etter kilometer utan å sjå korkje hus eller folk. Me kom til ei lita elv og måtte fylgja den før me kom til brua. Då sa reisekameraten min:
-  Stopp. Me må ha eit bad!
Eg protesterte. Me mangla både badebukser og handdukar. Men han heldt på sitt:
-  Her er det langt til folk og ingen trafikk. Dessutan er det vanleg at folk badar nakne så avsides som dette er! Kom an. Lat oss hoppa uti!
Ei lita sandstrand og roleg elvevatn gjorde sitt. Litt etter var me uti. Djupt var det ikkje, men nok til å symja nokre tak. Herleg. Fekk skylt av oss sveitten og slappa av i vatnet før me måtte vidare.
 

Det som gjer at eg endå hugsar hendinga, var kommentaren som kom etter at reisekameraten min hadde tagt lenge. Orda kom liksom med ettertrykk:
-  Men du er ikkje jøde!
Me hadde bada nakne sjølvsagt, og han hadde sett at eg ikkje var omskoren. Eg hadde ikkje ofra slikt ein tanke. Som nykomling tenkte eg meir på slangar, piraja og andre farlege ting både i vatnet og i skogen langs elva! I ettertid har eg tenkt at kanskje var det ikkje berre varmen som gjorde at han så ville ta det badet?

Jødar først i Paraguay

Me hadde ikkje budd lenge i Sør-Amerika før me fekk møta jødar. Og som – eg hadde nesten sagt «normalt» - møtte me dei når me handla. Første supermarknaden i landet, «El Pais», var eigd av jødar. Møbelforretninga ved sida av hadde og jødisk eigar. Ho «sjølv» var enkje då me lærde å kjenna henne. Dei hadde immigrert frå Aust-Europa.


Ein annan stad der me handla, var «Alemana» som og selde matvarer. Eigarane var tyskarar. Han som arbeidde i kjøtdisken i eine butikken, høyrde me snakka norsk oss i mellom, og snakka norsk til oss! Han hadde budd i Noreg (i Trondheim?), vart sendt til Tyskland under krigen, men overlevde og hamna til slutt her. No budde han i Asuncion. Det eg hugsar han best for, var kommentaren då ein gammal nazist døydde på eit billeg pensjonat lenger oppe i byen. 


Dødsfallet vart slege stort opp i avisene. Namnet hugsar eg ikkje, men han var identifisert på grunn av ei hand som var stygt skamfaren. Under krigen var han kjend som «Slaktaren frå Riga», stod det i bladet. Då vaktarane frå konsentrasjonsleirane var arresterte, greidde han å hoppa av toget i fart. Han fekk handa øydelagt under hjula, men han overlevde, gøymde seg og kom seinare til Sør-Amerika.
 

Det vart sagt at han var så bitter og vanskeleg å ha med å gjera at dei andre nazistane vende han ryggen.
Han i kjøtdisken sa:
«Han torturerte meg då eg var fange under krigen. Hadde eg visst at han budde her, hadde eg sikkert drepe han!"

mandag 25. januar 2021

Folkemord – også framtida sin bitre realitet?


På slutten av siste blogg tok eg med eit sitat frå «Mein Kampf» av Hitler, henta frå boka «Folkemordenes svarte bok», red. Bernt Hagtvedt og utgjeve på Universitetsforlaget i 2008. Mellom forfattarane er både Bjørn Westlie som skreiv «Fars krig» (sjå blogg av 21. januar i år), og Bjarte Bruland som var med og skreiv «Mot- boka» til «Hva visste Hjemmefronten» av Marte Michelet.
«Folkemordenes svarte bok» er ein murstein som krev tid til både å lesa og fordøya. 


«Kapittel 3: Folkemord» av Nils Johan Lavik går inn på ord og definisjonar. Nytt for meg var uttrykket «Domicid» som er «forsettlige drap på en ubevæpnet person av regjeringsagenter som handler i deres autoritative kapasitet og i henhold til regjeringens politikk og overkommando». (Rudolph Rummels definisjon - https://no.qaz.wiki/wiki/Democide -Teke ned 21.02.21.)

Eit trist ansikt og ei trist bok


Folkemord har vore ein del av menneskja si soge gjennom alle tider. Dei verste er mega-morda som alle har over ti millionar drepne: Sovjetunionen under Stalin, Kommunist-Kina under Mao, Nazi-Tyskland under Hitler og Nasjonalist-Kina under Chiang kai-shek.(s. 69).


Folkemord ser ut til å ha forekome på alle kontinent og i bortimot alle tider. Ikkje minst menneskje som tilhøyrer vår euro-amerikanske kulturkrins, har mykje på samvitet. Mange andre og. Rummels reknar at 167 millionar menneskje er drepne ved democid frå 1900 til 1987, og – som denne undertittelen indikerer: «Mennesket – den viktigaste årsak til død og lidelse».(s. 71).


Kapitel 5 (av Ben Kieran) går inn på ideologiske moment i moderne folkemord, og innleier med «Rase, religion, territoriell ekspansjon og idealisering av bondebefolkningen utgjør en tilintetgjørende ideologisk blanding».(s.98). Utsagnet kan passa på nazistane sine ugjerningar, men og andre verda over.

Dette er kunnskap eg skulle ynskja alle sat inne med!

 «Kapittel 20: Det norsk holocaust» av Bjarte Bruland, gjev grundig informasjon om «Forsøket på å tilintetgjøre de norske jødene».(s. 425). Her står om alt frå utfyllinga av skjemaa og registreringa jødane måtte gjennom-gå, og konfiskeringa av jødisk eigedom. 


I underkapittelet «Krigsoppgjøret og jødene» kan ein lesa om korleis norske politimenn slapp unna ansvaret fordi «de opplevde sin medvirkning som tids-begrenset, underordnet og ubetydelig» (s. 435), og som det vart kommentert: «Forbrytelsene mot jødene fikk altså ingen «egenvekt» i landsvikoppgjøret» (s. 436).


Trist og å lesa underkapittelet «Konse-kvensen av deportasjonen for den jødiske befolkningen i Noreg» (s. 438ff). Til dømes vart jødar som budde i Noreg, men ikkje hadde norsk statsborgarskap før krigen, nekta av det norske stats-apparatet å venda tilbake til heimane sine. Dei var uynskte.


Underkapitlet «Etterkrigstidens tolkninger – det selektive minnet» (s. 440 ff) stemmer heilt med det som har føregått siste åra, til dømes rundt «Hva visste hjemmefronten», «Motboka», og dei mange innslag i media.

Ei side med oppgjeret etter krigen som eg aldri hadde fått særleg informasjon om, er «Kapittel 23 Oppgjøret med kontorbødlene. Historien om erstatningsoppgjøret til norske jødiske medborgere». (s.469 ff av Bjørn Westlie).


«Kontorbødlene» er namnet Westlie gjev alle dei kjende og ukjende byråkratar som var med på å organisera - ikkje berre gripa jødane i landet, men og å ta hand om alt det dei hadde av verdiar. I denne prosessen inngår både «listeførerne» og «likvidatørene» som Westlie kallar dei (s.472ff). Alt ned til blomstervasar og golvmatter vart registrert og seinare «fordelt» eller selt til tyske og norske interessentar.
Etter å ha lese Bernt Hagtveit sitt kapittel «Den farlige renhetslengselen»(s.21ff), er ikkje spørsmål om nye folkemord vil skje, men når det vil skje. Men vil me leggja merke til det og våga skinnet ved å protestera?


Her er litt av det han skriv:

Det nazistiske Tysklands nitid planlagte kollektive mord på jødene og sigøynerne – godt hjulpet av vitenskapelig planleggingsrasjonalitet og moderne registreringsmetoder (f.eks. IBM-kort) – kan med andre ord betraktes som utslag av den vestlige sivilisasjons tekniske og politiske struktur, drevet ut i det ekstreme. Slik ser Bauman på holocaust som en pålitelig prøve på moderne samfunns skjulte potensialer.
Med en beslektet formulering av en teolog, Richard L. Rubenstein, som foregrep Baumans folkemordforståelse med mer enn et tiår, må jødeutryddelsens betraktes som et:

… uttrykk for noen av de mest betydningsfulle politiske, moralske, religiøse og demografiske              tendenser i det 20. århundres vestlige sivilisasjon. 

… Holocaust er et vitne om sivilisasjonens fremgang inntil det punkt hvor massakrer i masseskala ikke lenger er en forbrytelse og statens suverene makt så uinnskrenket at millioner av mennesker blir fratatt sine rettigheter og dømt til å bli del av de levende dødes verden.


Folkemord høyrer altså ikkje historia til, men er ein realistisk del av tida som ligg føre oss.
Eller i no-tida? Eg tenkjer på abortlovane der millionar av born under utvikling vert tekne av dage. Millionar verda over. I propagandaen for å legalisera abort her i landet, fekk me stadig høyra at «det er berre ein celleklump»! 


Kanskje dei som kjem etter oss – om verda står hundre år til – vil skulda oss for «embryocaust»?