| Frå fruktmarknad i Ashakelon for mange år sidan |
klunger eller fiken av tistlar?»
Dette verset frå Matteusevangeliet (7,16) ber mykje sanning i seg, enten det gjeld deg og meg som enkeltmenneskje, eller organisasjonar og politiske parti.
| Eit paradis for ein fruktglad nordmann! |
| Skjermdump frå Wikipedia |
I avsnittet «Ideologi og mål» kan me lesa at organisasjonen vart grunnlagt i Hebron i 1987 av forskjellege sjeikar og andre leiande menn. «Bevegelsen sprang ut av Det muslimske palestinske brorskap, som ble stiftet i Jerusalem i 1946. De har som målsetting å erstatte de okkuperte områdene med en islamsk stat. Hamas-Charteret fra august 1988 erklærer at hele Palestinaområdet er muslimsk land som aldri kan overgis til ikke-muslimer». (ii)
Cahns utlegging
Akronymet Wikipedia nemner, «Hamas» vert på arabisk utlagt som «iver, styrke, lidenskap og mot». (iii)
Ordet finst og på hebraisk og har fleire gonger vore sitert av dei messianske jødane som sender meg bønnebrev ein gong i veka. Dei seier ordet betyr «terror». Cahn omset det med «vald, vondskap og øydelegging». Han skriv:
«Og i konteksten av den spesifikke bruken i Skriften kan det henvise til brutalitet, umoral, løgn, lovløshet, urettferdighet og det å utøve ondskap, plyndring, drap, nedslakting og terror».(iv)
Bruken av ordet i Salme 140: «Fri meg, Herre, frå vonde menneske, vern meg mot valdsmenn,» (v.2) Originalteksten er «vern meg mot hamas-menn»!
Obadja skriv: «På grunn av og vald mot Jakob, bror din, skal du dekkjast av skam. Du skal utryddast for alltid.»(v. 9c og 10). Dette kan omsetjast med «På grunn av hamas mot din bror…»
Salme 74 i min Bibel: «Vend blikket mot di pakt! Landet er fullt av mørke stader der valden bur.» (v. 20). Dette kan omsetjast med «…. av stader der hamas har heimen sin.»
Esekiel skriv som «enden som skal koma»: «Valden blir til ein stav av lovløyse.» (Starten på Esek 7,11). Dette, seier Cahn kan omsetjast som «Hamas blir til ein stav …».
Vers 23 kan sjåast som ein profeti om 07.1023: «Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av vald.» (Esek 7,23). Dette omset Cahn med « … og byen er full av hamas»!
Jeremias skriv: «Valden eg har kjent på kroppen, skal råka Babel, seier ho som bur i Sion.» (Jer 51,35 første del). Dette omsetjast Cahn med «Den hamas som eg har kjent …»
Desse bibelsitata fekk eg lyst å ta med fordi dei gav meg kunnskap eg, som ikkje kan hebraisk, ikkje finn i norsk Bibel. Det er og viktig å hugsa på at hebraisk ikkje har store bokstavar. Dermed ikkje råd ortografisk å sjå kva som er eit særnamn eller eit vanleg ord. «hamas» i ein tekst kan derfor vera både «terror» eller vera namnet på organisasjonen Hamas.Der er mykje meir som eg kunne ha lyst å dra fram, også om tekstar eg har skrive om før. Særleg det Bibelen har om «Dei siste dagar» eller «endetida» er brennaktuelt stoff som Cahn også presenterer fram på for lesarane sine.
Jesaja skreiv for snart 3000 år sidan:
«Ingen skal høyra meir om vald i ditt land, om herjing og øydelegging innanfor dine grenser. Du skal kalla murane dine Frelse og portane dine Lovsong.» (Jes 60,18). (v) Dette omset Cahn med «Ingen skal høyra meir om hamas i ditt land…».
Dette er den siste av tekstane Cahn dreg fram der ordet hamas førekjem. For meg er det ein profeti som truleg ikkje vert oppfylt før i tusensårsriket.
------------------
(i) Trass dette nekta den då sitjande regjeringa til Jonas Gahr Støre (samansett av Det norske arbeidarparti og Senterpartiet) kongen å uttrykkja si medkjensle med det jødiske folk!
(ii) https://no.wikipedia.org/wiki/Hamas 2. og 3. avsnitt er informasjon som låg på internett pr. 30.10.25. Det er dette området eg nemnde i sist blogginnlegg som «wakf», eller «Allahs område» som det og vert kalla.
(iii) Cahn skriv om dette i kapittel 42 og utover.
(iv) Sitat frå side 181 i boka. Understrekinga har eg sett inn der originalteksten hadde kursiv. Det eg vidare skriv her, er informasjon frå Cahn si bok.
(v) Dette verset finn me i engelske biblar som Jesaja 61,18.
-------------
Bibeltekstane er som vanleg frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing, og med Cahns merknader. Bileta har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.
------------------------------------------------------------
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar