søndag 30. november 2025

«Mannen som gikk fri»
Framsida på boka eg kjøpte

Dette er tittelen på boka Dag Steinfeld har gjeve ut om politiinspektør Knut Rød, leiar for politiet si utsending av norske jødar under krigen. Gjennom 326 sider får me som lesarar grundig informasjon om personen Knut Rød, om livet hans i det norske politivesenet, og om dei domsavgjerdene som frikjende han for all skuld i samband med at 687 norske jødar vart sende til dei tyske dødsleirane i Polen i 1942-43.

Måndag 27.10. var forfattaren i Knarvik og fortalde om boka og det han hadde funne i arbeidet sitt rundt den mest omdiskuterte frifinninga i norsk rettsvesen etter krigen. Interessant å høyra på, og lærerikt å lesa boka eg kjøpte. Interessant og å sjå reaksjonane boka skapte, først og fremst fordi det som skjedde med dei norske jødane har vore neglisjert i altfor stor grad. Det er viktig at det som skjedde med jødane i Noreg ikkje vert gløymt.


«Frifunnet»

Første kapitelet i boka er introduksjon som startar med: «Så er klokka slagen. Det var en symboltung dag, fredag 9. april 1948. Presis klokken 09.30 åpnet døren inn til dommerrommet i rettssal 6 i Oslo tinghus seg. Inn kom dommerne med lagmann Erik Solem i spissen, Publikum i salen hadde sittet og ventet i dirrende spenning.» (Side 11).


Det hadde den dagen gått åtte år sidan det tyske angrepet på Noreg, og nesten tre år sidan den 8. mai då Noreg på nytt var eit fritt land. På treårsdagen, 8. mai 1948, skreiv Knut Rød brev og krov å få tilbake i stillinga si i politiet! Og han fekk det!

Informasjon om 
forfattaren
Dei to neste kapittela fortel om Røds barndom og ungdom. Han vart tilsett i kriminalavdelinga i politiet i Asker i 1927, las jus og tok juridisk embetseksamen i 1929. I 1940 vart han overført til Oslo, og var frå 1941 fullmektig i Statspolitiet (STAPO) som var den norske parallellen til det tyske Gestapo. Han var tilsett i politiet til han gjekk av med pensjon.

Steinfeld fokuserer på spenningane i førkrigstida rundt kommunistiske sympatisørar og aktivitetar i landet vårt. I den samanheng var Rød nyttig til å samla informasjon, og steig i gradene til «overvakingssjef». Dette var ei tid då dei ariske raseteoriane og dei nasjonalsosialistiske straumane vart sterkare og sterkare også i Noreg. Han var medlem av «Nasjonal Samling» i frå 1941 til 1943 ii. Slik eg les Steinfeld, gjorde det tyske nederlaget i Aust-Europa at Rød og fleire med han endra taktikk og distanserte seg frå okkupasjonsmakta.

Steinfeld skriv om dette i kapitlet «Slaget ved Stalingrad: Opportunistenes kuvending». På Stortingsbygningen hadde det vore eit banner med teksten «Deutschland siegt an allen Fronten», skriv Steinfeld. Slaget ved Stalingrad (no: Volgograd) viste at når troppane ikkje fekk driva «Blitzkrieg» iii, var den tyske hæren for dårleg organisert. Forfattaren skriv: «Mange av oportunistene som hadde satset på feil hest da vinden blåste i en annen retning før dette slaget, skjønte at det var lurt å vende kappen. Det var på tide å skifte side…. Knut Rød var sannsynligvis den fremste av disse.»

26.november 1942

Denne datoen var avsett til utsending av dei norske jødane. Steinfeld siterer frå ein rapport at Marthinsen, Røds overordna, valde han som «sin beste og mest betrodde mann» til denne oppgåva. Rød var med andre ord «handplukka» iv til både innsamlinga av jødane, og innlastinga i «Donau».

Steinfeld skriv: «Rød skulle sørge for å arrestere jødefamiliene i Oslo og Akershus «samt transport av disse» til kaia hvor fangeskipet ville ligge og vente. På utstikker I skulle Rød selv med håndplukket betjening etablere en motagelsesstasjon og derfra sørge for «innskibingen»».

Men som me veit, var det mange jødar som ikkje kom med «Donau» av forskjellege årsaker. Steinfeld skriv om «Knut Røds jødeforfølgelse utover vinteren 1943.» Dette er perioden då Rød arbeidde med å få oversikt over alle dei som ikkje hadde vore utsende, og sikra at dei som var att kunne sendast ut av landet med neste transport. Eit notat han laga i januar 1943 var ei oversikt over kor mange jødar som var arresterte, slepte laus, eller forsvunne. Det var då kalkulert at 466 jødar inkludert kvinner og born hadde rømt frå landet. Dette arbeidet skjedde samstundes med at Rød vart utnemnd som ansvarleg for arrestasjon og deportering av jødar i heile landet. Før hadde han hatt ansvar berre for Oslo og Akershus.

Etter krigen vart krematoria
 sprengde. Dette er restane som
turistane finn i Asuchwitz
Det var derfor naturleg at det var Rød som skreiv under arrestordrar og instruksar også for deportasjonen med «Gotenland». Han var det som gav direkte ordre om at også sjuke jødar som før hadde sloppe unna, no skulle sendast ut av landet uansett tilstand.


Med ein fot på kvar side?

Under krigen hadde Rød kontakt med personar i politiet som var agentar for motstandsrørsla. I rettsoppgjeret vart det sagt at Rød var ein av desse og hadde gjeve verdifull hjelp som hadde berga livet til jødar og andre. Dette vart vektlagt sterkt samstundes som han lik andre innan politi og militæret, hevda å ha motteke ordrar og utført dei slik han var pålagt. Han kunne ikkje dømmast for å ha utført ordre.

I første rettsomgang, 4. februar 1946, vart Rød frikjent mot lagmann Cappelen si røyst. Steinfeld siterer frå hans dissens: «For sin tjenestegjøring i statspolitiet og først og fremst medansvar for de to jødeaksjoner den 26. oktober og 26. november 1942 finnes det etter min mening ingen unnskyldning i de av forsvaret og flertallet i retten påberopte gode gjerninger.» v

24. august same året vart frifinninga oppheva. Steinfeld siterer frå riksadvokaten sitt skriv: «Det er ikke noe som tyder på at tiltalte – da han stod foran disse forbrytelser hadde patriotiske oppgaver å løse av slik betydning og så uløselig knyttet til hans stilling i statspolitiet at hans ledende andel i jødearrestasjonene kan rettferdiggjøres».vi

Uansett, då den endelege dommen fall 9. april 1948, bygde den på Rød si forklaring og den støtta ei rekkje vitne hadde gjeve han. Rød sin innsats i innsamlinga og utsendinga av jødane frå Noreg, sett på «som bistandshandlinger» (til tyskarane) som var «nødvendige for at han kunne gjøre det annet meget meir betydningsfulle motstandsarbeid».  vii

I foredraget sitt den kvelden i Knarvik var Steinfeld innom Nürnbergdommane viii som slo fast att lydnad mot dei styresmaktene og deira leiarar, ikkje fritok den enkelte deltakar i krigsbrotsverka for personleg ansvar. Etter hans meining – og ut frå det materialet han hadde samla, var frifinninga av Rød feil både i høve til eksisterande lovar og den tankegangen som nürnbergdommane la til grunn for slike rettssaker..

---------------- 

i  Nasjonal Samling (NS) var eit politisk parti grunnlagt av Vidkun Quisling og Johan B. Hjort i mai 1933. Partiet var nasjonalsosialistisk-fasistisk, og vart etter kvart meir og meir antisemittisk. I første valet dei deltok, fekk dei 2 % av stemmene. Under okkupasjonen var dei einaste lovlege partiet i landet, og nådde sitt største medlemstal i 1943 med 43 400 vaksne medlemmar. Partiet vart lagt ned 08.05.1945 og forbode i lovs form. (Informasjon no.wikipedia.org).

ii Frå 1941 hadde Tyskland hatt framgang på alle frontar, men fekk det første store nederlaget under kampen om Stalingrad. Dette vert rekna som det mest avgjerande slaget under heile andre verdskrig, og viktigaste grunnen ser ut til å ha vore at dei tyske forsyningslinjene braut saman.

iii  Slaget varde frå juli 1942 til februar 1943. Kanskje så mange som 500 000 misste livet, og Tyskland med sine allierte gjekk på sitt første store nederlang når det gjeld tapt av soldatar og materiell.

iv Sitat frå side 144.

v Sitat frå side 240/241.

vi Sitat frå side 243.

vii Sitat frå side 281.

viii Dette var dei allierte sin militære domstol i Nürenberg som fungerte frå 20.11.1945 til 01.10.1946. Under rettssaka vart leiande nazisitar og militære stilte for retten. Eit av grunnprinsippa i rettssaka var at å lyda ordre, ikkje fritok for personleg ansvar for det som vart gjort. Domstolen vart skapt gjennom ein avtale mellom USA, Storbritannia, Frankrike og Sovjetunionen, og vart støtta av mange land inkludert Noreg.

Illustrasjonane er mine eigne.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar