«Dei ulydige var heltane»
Dette er overskrifta på ein artikkel i «Dag og tid» nr. 23 frå juni 2025. Ein av bladet sine faste abonnentar som veit om mi interesse for jødar, sende meg bladet. Ho trudde det ville interessera meg. Og der hadde ho rett. Stykket var interessant, - og lærerikt.
Sigrid Undset, som fekk Nobels litteraturpris i 1928 for dei historiske romanane om «Kristin Lavransdatter», var ein av dei obligatoriske forfattarane då eg studerte. Derimot visste eg ikkje mykje om hennar privatliv anna enn at ho vart katolikk og rømde Noreg under krigen.
Personen Sigrid Undset
![]() |
| Foto av førstesida av artikkelen |
Artikkelen opna ei dør inn til personen bak forfattarskapet. «Det du ikkje har i hovudet, finn du på internett!» har me lært, og no lærde eg nye ting om mennesket bak navnet både gjennom internett og «Dag og tid»! Sigrid vart fødd i Danmark, hadde dansk mor og norsk far, - og om skulegang, arbeidsliv og ikkje minst reiser i utlandet. Faren var ein kjend arkeolog med doktorgrad om jernalderen. Han døydde berre 40 år gammal, og mora som sat att med borna, hadde det ikkje lett økonomisk. Foreldra, og Sigrid sjølv, budde i periodar i utlandet, og det skulle vore interessant å visst kvar og korleis hennar interesse og omsorg for jødar vart vakt.
I 1882 då Sigrid vart fødd i Danmark, budde der fleire tusen jødar der. (i) I Noreg var det i 1875 berre 25 jødar. Ved folketeljinga i 1890, var her 214 jødar, 136 i Christiania, 27 i Trondheim og 18 i Bergen. (ii) I Danmark hadde Sigrid på morssida familien Gyth, men eg finn ikkje informasjon om dei og eventuell tilknyting til det jødiske miljøet der nede. I Oslo, der Sigrid vaks opp (frå 1884), var der kanskje kanskje mellom 100 og 200 jødar. «Det Mosaiske Trossamfund» vart stifta der i 1892. Me veit og at Sigrid var hjå faren sin familie i Trondheim om somrane. Det vart det stifta mosaisk trussamfunn i 1905.
![]() |
| Foto av illustrasjonen på neste side. |
Antifascist og anti-nazist
Dette er det biletet Sigrun Slapgard teiknar av Sigrid Undset i artikkelen sin. Hennar utgangspunkt er «Kirken og okkupasjonen. Den katolske kirke i Norge og andre verdskrig», ei bok redigert av Else-Britt Nilsen og Knut W. Ruyter.
Sigrid Undsets kamp mot Hitler og det nazistane stod for, var så godt kjent også i Tyskland at bøkene hennar vart forbodne der rundt 1940. Ho hadde lese både «Mein Kampf» og kjende til nazistane sitt eutanasi-program (iv). Det gjorde at ho skreiv mot det som som heldt på å skje i vårt land og Tyskland både i norske og tyske aviser.
Måtte rømma for livet
Då krigen kom, hadde Sigrid Undset alt vore aktiv i arbeidet for å hjelpa jødar gjennom tale og skrift. Truleg og på andre måtar, sjølv om artikkelen ikkje utbroderer dette. Ho hadde foredrag i Oslo i 1940 då flyalarmen gjekk, og brukte etterpå tid til å sletta alle spor til dei kontaktane ho hadde hatt. Etter er dramatisk reise kom ho seg til Sverige. Eldste sonen, Anders, var då død. Han fall ved Segalstad bru der norske soldatar prøvde å stogga den tyske framrykkinga.
Under krigen budde Sigrid Undset i USA. Der var ho aktiv og reiste rundt og snakka mot nazismen og for å skaffa hjelp. Sigrun Slapgard skriv:
![]() |
| Detalj frå gammalt gudshus i Spania. |
«Kvardagen i USA er talarstol etter talarstol, snakke for nye tusen, dag etter dag. Ho snur si eiga vanvittige sorg til propaganda for å få USA med i krigen mot nazistane, til innsats for å redde jødane.
Ho langar ut mot ettergiving og jødehat, krev handling og aksjon for å redde jødane mens det enno er tid.
Undset ser ut over menneskehav etter menneskehav og får dei til å le godt når ho fortel at heime, i det okkuperte landet hennar, nyttar det ikkje med Hitler på frimerka, folk spytta på feil side». (v)
Den katolske kyrkja i Noreg under krigen
Sigrid Undset trudde at kyrkja ho hadde gått inn i, ville motarbeida nazistane og hjelpa jødane. At nokre gjorde det, er rett (vi), men den offisielle leiinga under biskop Jakob Mangers bøygde av for det nazistiske styret i Noreg og motarbeidde dei som prøvde å berga jødar frå liding og død i Tyskland / Polen.
Før krigen hadde den katolske kyrkja i Noreg drege Undset fram som eit føredøme og glansbilete i tidsskriftet «St. Olav». No vart namnet hennar fjerna. Det vart dermed ei vond oppleving Sigrid Undset fekk då ho 21.07.1945 kom tilbake til Noreg og innsåg korleis den kyrkja ho hadde venta så mykje av, hadde svike det ho hadde kjempa for.
Sigrid Undset døydde 09.06.1949. Då var kunnskapen om nazistane sin udåd mot jødane kjent over heile verda, det norske rettsoppgjeret etter krigen var langt på veg avslutta, og det norske sviket mot dei norske jødane, vel kjent.
««Sigrid Undsets død kom ikke overraskende, verken på henne selv eller oss som kjente henne,» sa biskop Jacob Mangers i talen ved kista.
Han visste kva han snakka om. Undset hadde talt der han tagde, ho hadde hjelpt der han svikta.
Og det kosta henne omtrent alt. Eit forbod mot å hjelpe jødar var, slik Undset såg det, ei grov synd, «slyngel» var ordet ho sette på pastor Coughlin. Etter det vi no veit, kan vi berre fundere over kva slags skyts ho ville ha brukt mot biskop Mangers».
Slik sluttar Sigrun Slapgard artikkelen.
-------------
(i) Under folketeljinga i 1880 var der 3 046 jødar i Danmark. I 1890 hadde talet stige til 4 080. Data frå Wikipedia: «History of Jews in Denmark».
(ii) Data frå side 241 og vidare i Oscar Mendelsohn: «Jødenes historie i Norge gjennom 300 år», Forlaget Press, Oslo 2019. ISBN 978-82-328-0122-0.
(iii) Frå Wikipedia sin artikkel om Sigrid Undset (no.wikipedia.org)
(iv) Sigrid Undset hadde ei dotter, Maren Charlotte, som var sterkt funksjonshemma. Ho døydde brått 20 år gammal i 1939.
(v) Frå artikkelen i «Dag og tid», start side 23.
(vi) Artikkelen skriv s. 23: «I Oslo hadde Undset ein slags andre heim i Katarinahjemmet, der stedottera Ebba budde og var ven med den jødiske ungjenta Elly Salomon. Derfor må Undset ha fått vite at biskop Mangers tok seg bryet med personleg å oppsøke Katarinahjemmet for å refse dei som hjelpte jødane. Elly var blant dei som fekk tilbod om hjelp, men forstod faren for seint og vart send til gasskammeret.»
Merknad: Bileta har eg teke av avisa eg fekk tilsendt, og eitt eg tok i Spania.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar