![]() |
Framsida på boka eg las |
Moisés ben Maimón, også kalla Rabí Mosé ben Maimón, «Mamónides» eller «Rambam» (i), var fødd i Cordoba, Spania, i 1138 (ii) og døydde i Fustat, Egypt, i 1204. Etter det som er sagt, vart han gravlagd i Tiberias (iii) i Israel. For mange er han den mest kjende og viktigaste av dei jødiske filosofane i middelalderen.
Det er skrive mykje om han. Opphavet til det meste eg skriv, er boka «Maimónides. Vida y legado del erudito judío, pilar fundamental de la filosofia medieval» av Manuel Bermúdez Vázquez. (iv)
Om fødebyen og slekta.
Då Cordoba var på sitt mektigaste rundt 929, var det hovudstaden i Al-Andalus og styrt av mellom andre kalifen Abderramán III. Byen var senter for handel og økonomi, men og vitenskap og kunst. Med eit folketal på 1 000 000 var det den største og mektigaste byen i Europa på den tida. (v) Dei arabiske leiarane var opptekne av vitenskap, kunst og kultur, og toleransen overfor ikkje-muslimar var stor. Dermed vart dette eit sentrum der arabisk, jødisk, gresk og kristen filosofi og kultur levde side om side.
![]() |
Forfattaren av boka |
Biblioteket i Cordoba hadde fleire hundre tusen bøker og var eit intellektuelt, literært og kulturelt sentrum heilt til Al-Andalus vart delt i mindre regionar eller «taifas». Byen hadde eit sterkt og blomstrande jødisk miljø økonomisk og intellektuelt, og dei var nært knytte til det kulturelle livet i byen.
Landet opplevde etterpå ein periode der forskjellege arabiske og berberiske flokkar slost mot kvarandre samstundes som kristne hærar gjorde sitt for å jaga muslimane bort frå den iberiske halvøya.
I 1148 prøvde katolikken Alfonso VII av Castilla å ta Cordoba der almoravidane rådde. Dei fekk hjelp av alhohadane som etter sigeren overtok byen. Begge kom frå Nord-Afrika, men almohadane var strengare muslimar og erklærte heilag krig mot alle annleis-truande. Då var Maimónides 10 år gammal.
Barndom og ungdom
Far til Maimónides var den sjuande i ei rekkje av jødiske rabbiar og dommarar, og guten vart opplært i Toraen og Talmud frå han var bitte liten. Men jødar og annleis truande vart no av almohadane tvinga over til islam, eller måtte rømma byen.
![]() |
Illustrasjon frå boka |
Vázquez har meir informasjon, men skriv ikkje noko om ein fingert overgang til islam. Han skriv derimot at ingen veit kvar rabbien Maimón ben Yosef og familien oppheldt seg før dei i 1160 kryssa Gibraltar og slo seg ned i byen Fez i Marokko.
Fez var eit kulturelt og økonomisk sentrum og hovudstaden til almohadane i Nord-Afrika. Likevel bestemte rabbien Maimón Yosef å slå seg ned der med familien. Der var eit godt jødisk miljø, og Maimón Yosef, far til Maimónides, skreiv i den tida «Epistola de consolación».
Maimónides var på det tidspunktet 18 år gammal. Han var velutdanna både i Toraen, Talmud og forskjelleg vitenskap, inkludert medisin. Han kom inn i eit miljø der gresk, latin, hebraisk og arabisk møttest og filosofi og forsking strekte seg ut over både kulturelle og lingvistiske grenser. Kristne og greske tenkjarar sine verk var omsett til arabisk, og personar som den kjende rabbien Samuel ben Yosef ibn Nagrela (993-1055) stod sterkt i miljøet der jødisk, arabisk og kristen kultur levde side om side. (vi)
Ny røming og endeleg heimstad
Dette var ei tid då nyplatonismen rådde, ein retning som og hadde stått sterkt i Al-Andaluz. Både jødiske og arabiske tenkjarar var påverka, samstundes som det skapte uro på grunn av deira sterke, monoteistiske og religiøse utgangspunkt.
Skjermdump frå Tomb Mark of Maimonides, Tiberias | Danny The Digger |
Maimónides vart anklaga for å vera renegat, men greidde å bevisa at han aldri hadde gått over til islam, og slapp fri. (vii) Men hardt arbeid og tungt ansvar sette sine spor, og han døydde i 1204, så langt ein veit 66 år gammal.
Det er forskjellege segner knytt til dødsfallet. Den kanskje mest romantiske er at då han merka døden nærma seg, samla han studentane sine og bad dei binda hans døde kropp på ryggen til ein kamel. Deretter skulle dei lata kamelen gå dit han ville, og der kamelen stogga, der ville Maimónides verta gravlagd. Kamelen gjekk til Tiberias, og der kan ein koma og vitja Maimónides grav i dag! (viii)
Den eldste informasjonen om grava hans er frå 1258, berre 54 år etter hans bortgang. Det gjer det lettare å tru at han verkeleg ligg i den grava som i dag er eit monument og ein valfartsstad.
-------------
(i) På arabisk vert han kalla «al-Rais Abu’Imran Musa ibn Maymum ibn ‘Abdallah al-Qurtubi al-Andalusi al-Israili».
(ii) Tidlegare meinte historikarane at han var fødd påskeaftan 30. 03. 1135 eller 14. Nisan 4895. Dokument funne i Cairo på eit seinare tidspunkt, brukar året var 1138.
(iii) Etter at Jerusalem vart øydelagt i år 70, vart Tiberias jødane sitt heilage sentrum. Byen er ein av dei fire heilage byane i jødisk tradisjon.
(iv) Frå Editorial Almuzara, S.L. Cordoba, 2024. På norsk vert tittelen: «Maimónides. Livet og arven etter den lærde jøden som er ein grunnpilar i filosofien i middelalderen».
(v) Cordoba hadde tidlegare vore eit emirat, men vart kalifat i 929. Kalifatet vart overvunne av taifaane i 1108. Deretter gjekk det fort nedover med både byen og kulturen som hadde utvikla seg der.
(vi) Frå avsnittet «Musulmanes, cristianos y judíos», side 30 – 33 i boka eg har teke det meste av stoffet frå..
(vii) Dette er omtalt i artikkelen Moses Maimonides | Biography, Philosophy, & Teachings | Britannica
(viii) Frå Rambam's Grave in Tiberias - The Tomb of Maimonides -IsraelandYou
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar