![]() |
Spania har mangt å visa fram frå denne tida |
Ny tid og ny von
Som eg skreiv om i ein tidlegare blogg, var siste tida under det vestgotiske styret vond for dei spanske jødane. Eit namn som vert hugsa, er Julian de Toledo (i). Om han skriv Joseph Perez:
«… på slutten av den vestgotiske perioden var det forfattarar av jødisk opphav som gjekk hardast ut mot sine gamle trusfeller. Det er tilfellet med Julian de Toledo, son av omvende jødar og som skreiv bøker som med harde ord prøvde å få jødane til å forlata si falske tru og gå over til katolisismen». (ii)
Det var ei tid då jødar som ikkje ville omvenda seg, måtte røma landet. Elles vart dei piska i hel eller brende på bålet.
Von om betre vilkår
I 711 kryssa muslimske krigarar Gibraltar. Det vart starten på eit muslimsk styre som varde i over 700 år. Traiz ibn Zayad var leiaren som kom med ein hær samansett av arabarar og stammefolk frå Nord-Afrika. Det er usikkert kor stor hæren var. Eg har funne tal frå nokre tusen til rundt tretti tusen, og erobringa tok rundt 15 år. Dei vestgotiske leiarane Rodrigo og Aguila II tapte fleire slag mot muslimane som til slutt stod i det som i dag er Sør-Frankrike.
![]() |
Skilt i steinlegginga som viser jødekvarteret |
Det er ingen tvil om at dei forfylgde jødane som fanst i landet, var hardt pressa både av dei verdslege og dei religiøse styresmaktene. Det er også liten tvil om at dei møtte erobrarane med von om betre livsvilkår, og at det fort vart etablert samarbeid mellom jødar og arabarar.
Både i mellomalderen og i nyare tid har jødane vorte skulda for å svika «Spania», og vera «ei femtekolonne» (iii) i krigen, noko som for meg verkar temmeleg ulogisk. Kvifor skulle dei støtta eit regime som undertrykte dei og som ville drepa alle som ikkje ville forlata sin kultur og si tru?
Dei som invaderte halvøya, såg med velvilje på jødane der dei kom. Dei såg på jødar og kristne som «boka sine folk», og hadde respekt for deira tru. Muhamedanismen, jødedommen og kristendommen er, som me veit, monoteistiske, og alle bygger på sine eigne religiøse bøker, dvs. Koranen, Tanakh og Bibelen.
Muslimane gjorde i denne perioden lite for å omvenda jødar og kristne til si tru. I staden vart dei rekna som «dhimma» (iv), ei ordning som påla dei visse skattar og plikter, men samstundes gav dei eit slags rettsvern og eit visst indre sjølvstyre.
![]() |
Og på hebraisk |
Muslimhæren som kom, var for liten til å ha kontroll med dei store områda han la under seg. I Toledo, då byen var teken, fekk jødane i oppgåve å kontrollera folket då hæren drog vidare. Det same hende i Granada. Om dette skriv Perez meir generelt:
… «når muslimane kom til ein by der det var jødar, gav dei jødane ansvar for garnisonen i lag med nokre av erobrarane, og slik kunne dei halda fram krigen utan at hæren måtte setja att for mange soldatar».
Dette samarbeidet la grunnlag for velvilje mot jødane i landet, og dei kunne kjenna seg trygge og driva sine aktivitetar både materielt og religiøst.
Mange vart muslimar
I den tida som muslimane styrde Spania, vart islam den dominante trua fordi mange gjekk over til islam. Perez seier at 80 % av innbyggjarane, inkludert ein del av jødane, hadde skift tru på 1200-talet. Kor mange jødar det er snakk om, veit ingen.
Mange stader oppstod det store og sterke jødiske miljø, og byar som Jaén, Zaragoza, Sevilla, Almería, Barcelona og Lucena vert omtalt som «jødiske byar».
Perez nemner også ein tysk diakon som flytte til Zaragoza, omvende seg til jødedomen, gifte seg med ei jødinne, og skreiv ei rekkje skrifter mot kristendommen. Han skapte strid med dei leiande muslimane i Cordoba.
![]() |
Minne frå det som ein gong var... |
Jødar i eksklusive yrke
Medan jødane tidlegare hadde vore spreidde over alle slags yrke og sosiale lag, og utan å vera dominerande på noko område, oppstod det i denne perioden spesielle yrke og delar av samfunnet der jødane var dominerande. Her kan nemnast handel, innkrevjing av skattar og utlån av pengar. Også handel med slavar (v) og produksjonen av kastratar for harema, var det jødar som tok seg av. Særleg jødane i Lucena var kjende for dette siste.
Årsaka var nok at muslimske herskarar hadde tiltru til jødane, men også at det var upopulære yrke. På denne måten vart ein del jødar rike og mektige, men dei vart og utsette frå motvilje og hat frå folk som kjende seg utnytta eller kom i vanskar av ulike årsaker.
----------------------------
(i) Julian de Toledo (642- 690) vart fødd i Toledo av jødiske foreldre som hadde gått over til katolisismen. Han vart munk, skreiv fleire bøker og vart med tida erkebiskop i Toledo. Han var første biskopen som hadde utøvande makt over heile den iberiske halvøya. Han døydde 8. mars i 690, og han vart erklært heilag av den katolske kyrkja. 8. mars vert derfor feira verda over som «Den heilage Julian» sin dag.
(ii) Frå side 14, litt fritt omsett av meg.
(iii) Uttrykket «ein femtekolonne» kjem frå den spanske borgarkrigen då Franco tok makta (1936-39). Det vart brukt om slike som sympatiserte med og arbeidde for fienden bak eigne linjer.
(iv) «Dhimma» er eit arabiske ord som betyr pakt eller avtale. Muslimsk tradisjon gjev «boka sine folk» ( dvs. jødar og kristne) rett til å leva relativt fritt i eit muslimsk samfunn, berre underlagt visse reglar og ein spesiell skatt.
(v) Perez nemner i denne samanheng ei rute for slavehandel som gjekk gjennom Verdún og Rodanodalen, og som jødane i praksis hadde monopol på.
Bileta har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar