søndag 20. juli 2025

 Spania har mange minne frå tidlegare tider (Biletet er frå Toledo)
Al-Andalus

Riket muslimane etablerte i Spania, kalla dei Al-Andalus. Dei rådde over det meste av det som i dag er Portugal og Spania. I dei vel 700 åra Al-Andalus eksisterte, var det mange jødar som vart vidkjende for å ha rikdom og makt, men dei var og framståande innan vitenskap og kultur.

I sist blogg nemnde eg Julian de Toledo som vart den mektigaste i den katolske kyrkja i landet i si tid, og som seinare vart erklært heilag av paven. For oss ikkje-jødar var han jøde, trass i at foreldra hadde gått over til katolisismen og han sjølv brukte sterke ord mot jødane og deira tru. (i)

Du møter fortida sin kultur
Berømte jødar frå denne tida

Hasday ben-Saprut (ii) var livlegen til emiren Abd-ar-Rahman III som rådde frå 822 til 852. Hasday oversette vitenskaplege verk, var diplomat og hadde i tillegg tilsyn med den internasjonale handelen til emiratet.

Han var aktiv i det hebraiske miljøet i Cordoba og er rekna som ein av dei som la grunnlaget for den hebraiske gullalderen i Al-Andalus som varde rundt 200 år.

Samuel ha-Naguid (iii), også kjend som Nagrella, var i realiteten den som i si tid styrde landet frå Granada og hadde hand om både politikken, diplomatiet og krigane. Truleg var han den jøden som nådde lengst opp i hierarkiet i Al-Andalus. Han fungerte som stor-visir samstundes som han var leiar i det lokale jødiske miljøet i byen. 

Familien hans var handelsfolk i Cordoba. Han studerte både arabisk og jødisk kultur og vitenskap, og skreiv dikt. Noko av det vert rekna mellom det finaste som vart skrive i den hebraiske gullalderen i Spania.

Både jøde og muslim?
og museum som viser krigar som var...

Joseph Perez skriv: «Dei siste åra av kalifatet i Cordoba og i tida taifaane (iv) hadde makta fram til midten av det tolvte århundret, utgjer viktigaste perioden for jødane i Al-Andalus. Utan at dei gav avkall på si tru og sine tradisjonar, tok eliten mellom jødane mot det beste i det muslimske samfunnet og nådde på den måten eit heilt uvanleg kulturelt nivå. Dei lærde seg arabisk og skreiv filosofiske verk på det språket, samstundes som dei brukte hebraisk og til tider arameisk i sine poetiske verk.» (v)

Perez legg til at Hasday var den som tok initiativet til denne utviklinga som nådde sitt høgdepunkt i det ellevte og tolvte århundret mellom jødane i Al-Andalus.

Ibn Gabirol, også kjend som Avicebrón (vi), er ein av dei viktigaste andalusiske jødiske poetane. Han skreiv rundt 400 dikt. Berre 28 år gammal skreiv han det filosofiske verket «Mekor Chayim» eller «Livets opphav». Det vart seinare omsett til latin og kjent under tittelen «Fons Vitae» eller «Livets kjelde».

Informasjonstavle frå Toledo
Ibn Gabirol var fødd i Cordoba, men vart tidleg foreldrelaus. Han studerte Talmud, skreiv på både hebraisk og arabisk, og studerte astronomi, geometri og filosofi. Den jødiske statsmannen Jekutiel ibn Hasan (vii) som seinare vart halshoggen i samband med eit opprør, tok seg av han og fekk stor innverknad i Gabirols liv. Etter Jekutiels død, skreiv Gabirol i eit sørgedikt: «Regjeringa kvilte på hans skuldre, og etter hans ord styrde prinsane».

(Den mest kjende av alle jødane i denne perioden, er for meg Maimónides. Om han vil eg prøva å skriva eit eige blogginnlegg seinare).

Frå 1100-talet tok ei rekkje nordafrikanske leiarar, «almohadane», etter kvart makta på den iberiske halvøya. Dei stod for ei strengare form av islam og motarbeidde alt dei meinte var avvik frå Muhammeds lære. Det førde til store endringar både for jødar og kristne.

Korleis kunne jødar nå så langt under muhamedansk styre?

Jødar og kristne vart rekna som «dhimini», dvs. ikkje-muslimar som fekk lov å leva under muslimsk styre mot å fylgja visse reglar og betala ein eigen skatt. På den bakgrunnen er denne overskrifta eit naturleg spørsmål.

Om det skriv Perez: «Dømet med Maimónides viser klårt den ekstraordinære utviklinga av jødisk intellektuelt liv i Al-Andalus fram til almohadane kom. Det er lett å forstå at mange har snakka om «ein gull-alder» for å forklara denne uvanlege utviklinga. Baer (viii) er ikkje einig: «Den jødiske kulturen kunne berre blomstra på grunn av ignoranse og manglande religiøs og moralsk haldning hjå dei styrande, - ikkje på grunn av ein klår og definert politikk med toleranse og individuell fridom.»» (ix)

Kanskje almohadane sitt styre kom som ein motreaksjon på fråfallet Baer peikar på?

---------------------

(i) Framleis, trass i all kunnskap om arv og genetikk, held Israel seg til dei konservative, religiøse leiarane sin definisjon. For å vera «jøde» må du ha jødisk mor og religiøst sett tilhøyra jødedommen. Dermed er Julian de Toledo per definisjon ikkje «jøde», trass i at forfedrane hans var jødar. 

(ii) Han vert og kalla Hasdai ibn Shaprut (f. i Jaén ca 915, og døydde i Cordoba ca 975). 

(iii) Han er og kalla Semuel ibn Nagrella, og Isma’il ibn Naghrilla (f. 993 i Cordoba, d. 1055/56 i Granada). 

(iv) «Tasifaane» var mindre muslimske rike som var sjølvstyrde i Al-Andalus etter at Cordoba-perioden.

(v) Sitat frå side 16 i boka. 

(vi)  Solomon ibn Gabriol, også kjend som Shelomo ben Yehuda ibn Gabirol, og Abu Ayyüb Suleiman ibn Yahya ibn Jabirül (f. i Malaga 1021, d. i Valencia ca. 1058).

(vii)  Også kjend som Jekutiel ben Isaac (d. 1039).

(viii) Yitzak Baer: «Historia de los judíos en la España», Madrid 1981.  Sitat frå side 29.

(ix) Sitat frå side 18 i boka.

Bileta har eg teke sjølv.

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar