Turen til Polen juni 2023
![]() |
Kontordetalj frå fortida |
Schindlers fabrikk.
Andre dagen i Krakow var avsett til museet i fabrikken der Schindler gav jødar arbeid - og med det liv og von. Det var ei oppleving å få vera der. Både historiske fakta, tinga og miljøet dei vart presenterte i, gav ei oppleving av å gå omkring saman med dei som ein gong fylte romma med liv og aktivitet. Møblane, kontora, det dei produserte med dei autentiske maskinene, vart presentert slik eit museum skal vera. I tillegg kom informasjonen om gettoen nazistane laga i Krakow, og om menneskje som gjorde sitt for å berga så mange som råd frå umenneskeleg liding og død.
Tanken bak bruken av gettoar
Med førebilete frå gravplassen!

Autentiske delar av gettomuren og informasjon om livet innanfor, gav ei oppleving av korleis det var der den gongen. At muren var laga etter førebilete frå gravstøttene på den jødiske gravplassen, gjorde sterkt inntrykk på meg. Dei står framleis som eit vitnemål i stein og mørtel om nazistane sitt mål om å drepa jødane, men ikkje før dei hadde røva til seg alt av verdi, både deira materielle verdiar og deira arbeidskraft.
Gettoen i Warszawa vart kjend fordi jødar der samarbeidde med den nasjonale motstandsrørsla og gjekk til angrep på tyskarane. Men, som dei i Krakow, enda også desse i «Auschwitz-maskineriet».(i)
Einaste ikkje-jøden i gettoen
Då gettoen i Krakow vart organisert, vart ikkje-jødar flytta utanfor. Men eit apotek som heldt stand. Han som dreiv det, var ein romersk katolsk ikkje-jøde som nekta å flytta. Han vart den einaste ikkje-jøden som levde der. Gjennom han, Tadeusz Pankiewicz, fekk jødane både medisin og hjelp. Han berga mange, og saman med Oscar Schindler er han inkludert av Holocaustmuseet Yad Vashem i Jerusalem mellom dei «Righteous among the Nations».(ii)
Der var fleire andre i Polen som gjorde ein stor innsats for å berga jødar, til dømes med produksjon av falske identifikasjonspapir for jødar på rømmen. Også det dei gjorde var teke med her.

Her kan ingen vera i tvil og bodskapen!

Illegal polsk presse

Eller denne?
Karikaturane av Hitler og hans kumpanar var kort sagt meisterlege! Trass alvoret teiknaren og landet stod midt oppe i, drog sikkert lesarane på smile bandet! Då og. Eg stogga opp framfor døma på den illegale pressa i Polen. I Noreg har det vore mykje snakk om det arbeidet som vart gjort med å spreia illegal informasjon bak nazistane sin rygg, men eg har aldri sett døme på det dei produserte. Her var kopiar og delvis sundrivne eksemplar frå den tida. Særleg illustrasjonane og teikningane bar med seg meining som også me som ikkje kan polsk, forstod.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar