Rolf og Irene Fostervold og seinare sonen Bjarne Rolf og kona hans, Rosalba, er vidt kjende for arbeidet dei har utført for acheindianarar i Paraguay. Ute i verda seier folk dei er nordamerikanarar. Men, som etternamnet fortel, har dei røter i Noreg. For spesielt interesserte vil denne artikkelen prøva å gjeva eit bilete av kvar dei kjem frå, og korleis dei hamna i Søramerika..
![]() |
Peder Fostervold. Grunnla ”Hauge Lutherske indremissionsforbund”
for norske inmigrantar i USA og Canada. (Foto: R. Fostervold) |
Men bladet gjekk konkurs og redaktørane sat att med stor skuld[i]. Då reiste dei til USA for å tena pengar for å gjera opp for seg. Det greidde dei, men vende aldri heim til Noreg. I 1920 starta dei "Hauge Lutherske Indremissionsforbund". Dei starta og bladet "Indremissionsvennen" med Peder Fostervold som reaktør. I ei bok Rolf Fostervold hadde, er Peder Fostervold og broren rekna mellom grunnleggjarane av lågkyrkjeleg luthersk arbeid i USA og Canada.
![]() |
Peder og kona Olga framfor huset i Wilmar,
USA.(C): R.Fostervold)
|
Då Peder og familien budde ei tid i Alberta, Canada, fekk dei ein gut dei kalla Rolf. Han og i alle fall to søstre[ii] vart med då mora, Olga, reiste tilbake til Noreg før andre verdenskrigen. Ho fann seg aldri til rette i USA. Dei hadde då ein farm i Wilmar, og faren stod stadig kontakt med indremisjonsvennane både i USA og Canada.
Rolf gjekk inn i marinen. Under Stillehavskrigen tenestegjorde han på hangarskip og var med på dirigeringa av flya opp og ned. Fleire av dei store slaga, var han med på. Så kom han tilbake frå krigen som så mange andre: Med alkohol- og nerveproblem. Vart redwoodhoggar i California, lagerarbeidar og målar. Men ingen arbeid heldt han ut i. Han erkjende at han var alkoholikar, men ingen greidde å hjelpa han. Heller ikkje AA.
![]() |
Stykke Rolf skreiv om slitet i skogen. (Foto:I.Bjørnevoll) |
Trettitre år hadde han tent den Vonde, fortalde han meg. No kom lengten etter å få gjera noko for Gud. I denne tida var "To New Tribes Mission" starta, og han fekk kontakt med dei. Søkte om opptak på seminaret deira, og kom inn! Der vart han fri frå tobakken, og der trefte han kona si: Irene, som er av svensk tysk slekt.
Då tida kom at dei skulle ut, vart det som misjonærar for ei lita babtistkyrkje i Minnesota. Første tenesteåra var i Bolivia der dei lærde språk. Rolf var med på første kontaktane med ein boliviansk stamme som lenge hadde lege i krig med oljearbeidarar i jungelen. Der lærde han å gå i skogane for å opparbeida venskapeleg kontakt med indianarar som elles ville verta utrydja. Begge borna deira, Lual og Bjarne Rolf, vart fødde i den tida. Så gjekk ferda til Paraguay og leiting etter dei to siste ”ville” indianarstammane der.
Dette livet resulterte i at misjonærane fekk forskjellege sjukdomar og slitasjar som fylgde dei resten av livet. Særleg Chagas[iii] gav Rolf store plager.
![]() |
Frå tida acheane lærde å gå med klede. (C):R.Fostervold. |
Frå første tida det var misjonærar som arbeidde med ache, vart deler av Bibelen omsett til språket deira. Særleg ”To New Tribes Mission” og Ruth Summers m. fl. gjorde mykje. Men for å setja i gang ei systematisk omsetjing av Guds Ord, er det vanlege kravet at det skal vera 1000 menneskje som snakkar språket.
Etter at Fostervoldfamilien og andre hadde bedt både Gud og menneskje (som Wiclyffe Bibletranslators) om å få Guds Ord på acheane sitt språk, vart Letra Paraguay starta. Cristina og Victor Gomez med fleire driv denne organisasjonen og dette arbeidet. Cristina og Victor arbeider spesielt med Ache. I tillegg vert det arbeidt med språket Toba-Maskoy og Bibelen for døve.
----------
Sogn Bønn og Misjonssenter har støtta
både denne omsetjinga og det å hjelpa unge achear til å få utdanning
og fagleg
kompetanse for å hjelpa folket sitt åndeleg så vel som praktisk.
Meir om dette
arbeidet kan du finna på sognbonnogmisjonssenter.blogspot.com/
--------------------------------------
Denne
artikkelen skreiv eg for mange år sidan etter ein samtale med Rolf Fostervold i Paraguay.
Me var einige om at eg skulle skriva ein artikkel og senda til
Romdsdalsposten.
Eg
gjorde så, men redaksjonen hadde ikkje
interesse for stoffet. Når eg no legg det ut på bloggen, er det fordi dette også
er ein del av norsk misjonssoge.
--------------------------------------------------------
Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp
uten skriftlig løyve frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.
uten skriftlig løyve frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.
[i]
Så langt eg
hugsar, sa Rolf Fostervold at dei skulda 400 kroner og reiste over for å få
betala kreditorane sine.
[ii]
Eine søstra
Tordis, vart gift med Olav Sunnarvik og bur på eldresenteret i Eikefjorden ved
Florø. Den andre søstra, Solveig, vart gift på Birkeland ved Sauda. Ho er død
for ein del år sidan.
[iii]
Bit frå insektet
binchuca infiserer blodet og gjev ein
smertefull og normalt dødeleg sjukdom. Rolf vart ”prøvekanin” for ein ny type
medisin (frå USA) som ”ville drepa enten mikroorganismane eller han”, som han
sa. Han vart svært sjuk, men overlevde.
Næraste medarbeidaren hans (frå Ytu ved Itakyry) døydde.
Den andre søstera heitte ikkje Solveig men Astrid. Ho er mor mi. m
SvarSlettMvh. Bjarte Birkeland