DEL 1
Innleiing:
SBM har frå starten støtta arbeid mellom indianarar i Paraguay.
Største delen av hjelpa har gått til omsetjing av Guds Ord til
Ache-indianarane. For at lesarane av bloggen vår skal vita litt meir om
acheane og forstå bakgrunnen for at me meinar denne hjelpa er viktig,
inviterer eg alle med på ei reis til dei – i fortid og notid.
Acheindianarane i
Nacunday
![]() |
Acheane viser korleis dei forskjellege
flokkane
prøvde å drepa kvarandre med bogar og køller når dei
møttest i skogen.
(Foto: Inge Bjørnevoll)
|
Som misjonær, fekk Fostervold valet mellom å forlata misjonen, eller bøya seg for fleirtalet.[iii] Etter ei lang og vond natt, ringde han kontoret i hovudstaden og sa han nekta å vera med på dette opplegget. ”Eg hadde ikkje samvit til noko anna”, var hans kommentar då me møttest att.
Dermed stod Fostervoldfamilien åleine med ansvar for 29 achear. Ei lita babtistkyrkje i Minnesota, USA, forstod situasjonen og gjekk inn for å hjelpa. Etter kvart kom fleire misjonsvenner med, - ikkje minst frå dei norsk-amerikanske områda der oppe. I dag er Puerto Barra eit unikt eksempel på vellukka indianarmisjon, sjølv om utfordringane framleis er enorme både menneskeleg og økonomisk.
Ikkje berre gjorde Irene og Rolf Fostervold det einaste rette den gongen, men dei lukkast så godt at ein jesuittisk prest, Bartomeu Melia, kalla det "SUKSESSOGA OM KONTAKTEN MED PRIMITIVE STAMMAR I SØRAMERIKA".
Underskrivne vart kjend med Melia under antropologistudie i Asuncion. Ein dyktig fagmann, spesialist på guarani og på indianarane si soge i Paraguay etter oppdaginga av landet. Samstundes ein som heller kritiserte ikkje-katolske misjonar, enn rosa dei[iv]! Men for Fostervold hadde han stor respekt….
Puerto Barra ligg ikkje så langt frå grensa til Brasil. Litt lenger nord har Itaipu lagt ei mengde kvadratkilometer halvtropisk regnskog under vatn for å byggja verda sitt største kraftverk. Lenger nede langs elva satsa Fostervoldfamilien alt dei kunne for å skaffa skog der acheflokken kunne overleva saman med plantar, dyr, fugl, fisk og insekt livet deira var avhengig av.
Dette er i nærleiken der den kjende filmen "Mission" vart innspelt. Det er soga om jesuittprestane som laga sitt ”Paraquaria” for guarani-indianarane. Guaraniane var alt då jordbrukarar og relativt fastbuande medan acheane som var jegarar og samlarar stadig streifa rundt om i skogane på leiting etter mat.
![]() |
Oversiktsbilde av Puerto barra, frå Google |
På relativt få år har achefolket teke steget frå steinalderen til moderne tid.
Dei går på jakt eller samlar åmer og plantar i jungelen som frå urgamle tider
av. Men samstundes har mange førarkort og køyrer både bilar og traktorar, også
av kvinnene. Det som vert selt frå åkeren, går til ein felles bankkonto der
høvdingane kan ta ut pengar når det trengst. Det skjer ofte enten det gjeld
sjukdom, mat og anna. Særleg er utgiftene ved sjukdom store då det finst lite statleg hjelp til vanleg behandling eller innlegging på sjukehus.
Acheane, den tida dei levde i skogane, hadde berre nokre få ting
sjølve. Mennene hadde sine eigne våpen, kvinnene sine bærekorger m.m. Elles var
alt, inkludert utbyte av jakt, felles. Acheane i Puerto Barra har halde på denne sameige-
ordninga[vi]”
I dag har kvar familie i Puerto Barra sitt eige hus, og sin separate
økonomi. Dei lagar fuglar, fiskar, bogar
m.m. som dei sel, går til den som laga tingen. Sameleis har mange sine
eigne husdyr, -gjerne hundar, kattar eller ungar av dyr dei har fanga i skogen. Men
jordbruket og fehaldet elles, er felles. Flokken i Puerto Barra vert styrt av 4 hovdingar, og folket har rådsmøte når viktige ting skal avgjerast.
I lang tid har dei eldre vore
opptekne av at ein heil del av deira kultur er ukjend for dei som no
veks opp. Dei prøver å ta vare på gammalt handverk og kunst. For å gjeva borna
eit inntrykk av livet i skogen, flytte ein del av stammen ut i skogen og levde
ei vekes tid ”slik som i gamle dagar”. Eksperimentet var så vellukka at dei
straks starta planlegginga av ein nytt "jungel- og kulturkurs".
Kultur er uløyseleg knytt til miljø. Berre ved å bevara urskogen slik
han var, vil dei kunna føra vidare sine kulturelle særdrag. Til dømes var acheane klatrarar og for i stor fart oppover stammane i jungelen. I trekrunene laga
dei seg så plassar til å sova eller jakta frå, trygge for dei fleste farane som
lurer i skogen. Einast jaguaren jakta på dei enten dei var oppe i trea eller gjekk på bakken.
Irene og Rolf Fostervold reiste tilbake til USA som pensjonistar og slo
seg ned i Minnesota. Han er no død, og Irene bur att åleine. Sonen Bjarne Rolf
Fostervold har fortsett arbeidet deira. Kona hans, Rosalba, er inspektør for
skulane i dei 7 achekoloniane. Dette har skapt ein unik kontinuitet i
assistansen frå misjonærane si side.
Bjarne Fostervold har budd og samarbeidt med acheane i alle åra sidan
dei steig frå steinalderen til vår tid. Sidan Fostervoldfamilien fekk
kontakten, har målet vore å ikkje verta avhengige av nokon. Heller ikkje
misjonærane. Av denne, men også andre praktiske grunnar, har Bjarne med
familien bygt seg hus i næraste byen,
Naranjal.
Så litt "facts" til slutt. Då denne flokken kom til Puerto
Barra, var dei 29 personar med stort og smått.[vii]
Dødsprosenten siste åra i skogen hadde vore 50 % i aldergruppa 0 - 5 år.
Antropologar frå Harward laga oversyn over slektskap m.m. (demografisk
oversyn), og svært mange var drepne av "beru" (achespråket sitt ord for ikkje-achear). Det var også vanleg at paraguayarane
fanga acheborn. Ein trur at hadde ikkje desse fått hjelp den gongen, ville dei
ha vore siste generasjon som overlevde.
![]() | |
Irene Fostervold med Yamo Chachugi (FOTO:R.Foservold) |
Meir om Fostervoldane og korleis dei fekk kontakt med acheane i 1976,
skal eg fortelja om seinare.
Inge Bjørnevoll, Februar 2013
Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndgodkjennelse frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.
[i] I 1975-76.
[ii] Den gruppa budde i kolonien Cerro Moroti. Der vart det gjort eit grunnleggjande arbeid med språket til acheane, særleg ved misjonær Ruth Summers som gjorde første utkastet til eit eige ache-skriftspråk. Dei laga og enkle lesehefte på ache.
[iii] Familien Fostervold kom dermed i klemme. Me møttest då dei var på veg heim frå det misjonærmøtet, og Rolf sukka og sa ”Eg veit ikkje kva eg skal gjera! Å prøva å flytta dei saman med dei andre i ein stor koloni utanfor deira eige område, vil gjera at dei rømer tilbake til skogen. Og då vil dei verta utrydja om ikkje lenge!”
[iv] Bartomeu Melia, fødd på Mallorca i 1932, har skrive ei lang rekkje bøker relaterte til språket guarani og antropologi. Han vart forfylgd under diktaturet. Budde fleire år i Brasil og kom tilbake då regimet fall i 1989.Flytte for nokre år sidan tilbake til Spania då helsa svikta.
[v] ”Brasiguayar” er namnet på ein jordbrukar frå Brasil, gjerne av germansk opphav, som har kjøpt jord og driv moderne jordbruk nett over grensa frå Brasil. Driv særleg med produksjon av soyabønner og korn.
[ii] Den gruppa budde i kolonien Cerro Moroti. Der vart det gjort eit grunnleggjande arbeid med språket til acheane, særleg ved misjonær Ruth Summers som gjorde første utkastet til eit eige ache-skriftspråk. Dei laga og enkle lesehefte på ache.
[iii] Familien Fostervold kom dermed i klemme. Me møttest då dei var på veg heim frå det misjonærmøtet, og Rolf sukka og sa ”Eg veit ikkje kva eg skal gjera! Å prøva å flytta dei saman med dei andre i ein stor koloni utanfor deira eige område, vil gjera at dei rømer tilbake til skogen. Og då vil dei verta utrydja om ikkje lenge!”
[iv] Bartomeu Melia, fødd på Mallorca i 1932, har skrive ei lang rekkje bøker relaterte til språket guarani og antropologi. Han vart forfylgd under diktaturet. Budde fleire år i Brasil og kom tilbake då regimet fall i 1989.Flytte for nokre år sidan tilbake til Spania då helsa svikta.
[v] ”Brasiguayar” er namnet på ein jordbrukar frå Brasil, gjerne av germansk opphav, som har kjøpt jord og driv moderne jordbruk nett over grensa frå Brasil. Driv særleg med produksjon av soyabønner og korn.
[vi]
I diktaturtida vart acheane si ordning med felleseige, sett på som "kommunistisk" og
uynskt. Derfor har acheane i 6 koloniar, dvs. dei som kom ut før flokken
i Puerto Barra, forlate denne delen av kulturen sin. Dei koloniane er
mykje dårlegare stilte enn i Puerto Barra.
[vii]
Dei i Puerto Barra var siste flokken av achear som kom ut or skogen.
Tidlegare hadde mange vorte fanga og teke hand om av militære m.a.
Seinare vart dei overlatne til katolske (frå Verbo Divino) og
evangeliske misjonærar (frå To New Tribes Mission), men dei har ikkje
fått den stabile assistansen som Fostervolds gav ”sine”. Utenom i Puerto
Barra, er det i dag achear i Cerro Moroti, Ypetimi, Chupa Po’u, Arroyo
Bandera, Kuentuvy og Kuentuvyve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar