![]() |
Uversskyer.... |
Dette er tittelen på Mona Levins (i) bok om familien hennar og tida før, under og etter andre verdenskrig 1940-45. Som i liknande bøker av og om jødar i Noreg, fortel ho om aktive, vel integrerte menneskje i sport og kulturliv, og i samfunnet generelt. Forteljinga om forfedrane hennar som kom til Noreg for å finna arbeid og ei trygg framtid, stemmer med soga til dei fleste jødane i landet vårt.
Bakgrunnen deira var Aust-Europa, pogromar og overgrep dei vart utsette for på nytt og på nytt. Noreg oppfatta dei som eit trygt land. Om dei var fattige, kunne dei leva trygt her. Stort sett fekk dei driva arbeidet sitt i fred utan å møta større motstand etter Wergelands harde arbeid og fjerninga av grunnlovens paragraf 2.
Men noko endra seg etter første verdenskrig. Forfattaren siterer eit innlegg i Aftenposten frå 1924 om jødane: «De kommer inn som sildestimer. De setter sig fast over hele byen. Det er snart ikke en fruktbutikk, et utsalg av brukte klær, et lager av ure og annet kram uten at det står en smilende jøde bak disken. Osterhauggaten er fremtidens getto eller jødekvarter. Men bare vent, om noen tid finder vi dem som smarte eiere av villaer på vestkanten. (…) Snart har de foten innenfor en avis, en bank, Universitetet og Nasjonalgalleriet».(ii)
Levin kommenterer utsagnet med at «sildestimen» utgjorde frå 1918 til 1940 400 jødar, og at det aldri vaks fram noko «getto» her.
![]() |
Framsida på boka eg las |
I dette kapitelet fekk eg lesa om det som skjedde i Europa i førkrigstida både før og etter Nürnberglovane, og teikna på Hitler sine planar for både Europa og for jødane som vart klårare og klårare. Forfattaren skriv:
«Nasistene ville gjøre Europa «Judenrein». Livet for jøder skulle gjøres så vanskelig at de ble nødt til å flykte. (…) Folkeforbundet, FNs forløper, ba den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt om å gjøre noe, Han innkalte alle land i verden til et møte for å finne en måte å redde de tyske og østerrikske jødene på. Konferansen foregikk i Evian i Frankrike i juli 1938. 32 land deltok, deriblandt Norge, og det viste seg at ingen av dem ville åpne dørene. Tyskland kunne begeistret konstatere at skjønt alle kritiserte tyskernes handlinger, grep ingen den anledningen som nå bød seg til å hjelpe Europas jøder. Historiebøkene er stort sett tause om dette».(iii)
Levin skriv at mellom 350-400 jødar som rømde frå nazistane, kom til Noreg i den tida.
Modell av "det som ein gong var..." |
Om det skriv Levin: «Andre var sterkt påvirket av Theodor Herzls drøm om en jødisk stat i Israel. Den sionistiske bevegelsen fikk aldri noen stor oppslutning her i landet. De som var kommet hit, valgte Norge og tryggheten. De mest ideoligisk aktive reiste rundt og oppfordret jødisk ungdom til å være med å bygge et nytt liv i Det hellige land.» (iv)
Men trass i at jødar som Kurt Dublon agiterte for eit eige land i det engelske mandatområdet, fekk dei lite gehør for tankane sine. I denne samanhengen skriv Levin noko eg aldri hadde lese før:
«Så gikk det ikke lang tid før norske jøder ble oppfordret til å pakke seg nettopp til Palestina – «Palestina kaller» sto det malt med store hvite bokstaver sammen med hakekors, på vinduene til enkelte jødisk-eide forretninger».(v)
![]() |
- og baksida |
Etter å ha lese boka frå perm til perm, vart eg sitjande og tenkja gjennom det eg har lese av og om norske jødar i den perioden Levin skreiv om. Så langt eg kan sjå, er fellestrekka generelle og samsvarande. Det gjeld bakgrunnen til dei som kom, måten dei arbeidde på, og korleis dei integrerte seg i det norske samfunnet. Eit felles mål for alle dei eg har lese om, synest å vera det same som Jo Benkow hadde, «å vera ekte norsk». Dei trudde og, då uversskyene tok til å tårna seg opp over Europa, at dette ville gå over. Dei overgrepa det gjekk rykte om, ville nok aldri nå landet vårt…
«Nordmenn arresterte nordmenn». (vi)
Vonbrotet for norske jødar var stort og sårt etter som tida gjekk fram mot deportasjonane til Tyskland. Levin skriv: «Nordmenn arresterte nordmenn. I andre land sto Gestapo bak disse arrestasjonene. Oslos drosjer og drosjesjåfører var satt inn for å hente norske borgere, og stilte pliktoppfyllende på de forskjellige adressene hvor det bodde folk som var skyldige i én eneste ting: De var jøder».
At «nordmenn arresterer nordmenn», er normalt. Det skjer kvar dag med norske borgarar. Men for jødane som kjende seg integrerte i det norske samfunnet, og som no vart arresterte berre fordi dei var jødar, var det sjokkerande. Segregeringa som raseideologien og seinare nazismen hadde fostra fram, hadde dei oversett eller kanskje undertrykt i von om at «om ei stund vil alt verta som før».
Slik vart det altså ikkje. Segregeringa var framleis ein realitet for dei norske jødane som vende heim att. Levin skriv om «Den lange reisen hjem». (vii) Ho fortel om dei vanskane som familien og dei andre jødane møtte, og den motviljen den norske etterkrigs-staten hadde då dei skulle å retta opp att dei tap nazistiske overgrep hadde påført jødane i staten sitt namn.
Det er ingen tvil om at «reisen hjem» vart unødvendig lang og hard for dei som kom tilbake. Det gjekk og altfor lang tid før norske styresmakter bad jødane om tilgjeving for overgrepa dei vart utsette for både før og etter krigen.
Som for norske krigsseglarar, kom dei fine orda først då fleirtalet av dei låg i grava…
-----------
(i) Mona Levin, f. 19.11.1939 i Oslo. Forfattar av boka «Mors historie…en familiesaga», Kagge forlag, Oslo, 2015. (Den eg har lese, er frå 2. opplag.)
(ii) Frå side 30.
(iii) Frå side 37-38.
(iv) Frå side 39-40.
(v) Frå side 40.
(vi) Frå side 149.
(vii) Sitat fra side 213.
Biletet av modellen av templet i Jerusalem tok eg i 2015.
Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skiftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar