søndag 9. mars 2025

Framsida på dagboka mi vart ekstra aktuell...
Benign paroksysmal posisjonsvertigo 

«Kva i all verda er dette?» - Det var det eg tenkte då eg vakna og oppdaga at jorda gjekk rundt.

Ja, eg visste frå før at jorda går rundt sola, og at ho i tillegg går rundt sin eigen akse. Det høyrde med til barnelærdommen som han far, læraren, prenta inn i oss enten me var på skulen eller ikkje. Om me låg i åkeren og renska ugras, eller me var ute og dorga etter taretorsken på fine vårkveldar, var det alltid noko han ville læra oss, eller lekse eller salmevers han ville sjå om me kunne.

Men hin morgonen gjekk ikkje jorda berre rundt sola, og heller ikkje berre rundt sin eigen akse. Ho gjekk rundt meg! Eg la hovudet ned att på puten, men like lite ville ho stå i ro. Turen til badet for å finne ei bøtte å kasta opp i, vart reine ekstremsporten!

«Man går i fare hvor man går»

Dette høyrde eg sagt då eg var liten. H.A. Brorson skreiv «Jeg går i fare hvor jeg går» (i). På ekte nynorsk slik E. Blix omsette det, vart det: «Eg gjeng i fare kvar eg gjeng». Og då den meterbreie gangen på toppen av loftstroppa mellom soverommet og doen vart ei utfordring, forstår du kanskje korleis eg oppdaga kor sanne desse orda er!

Det latinske namnet eg brukte til overskrift, betyr noko så rart som «Krystallsykje». Den allvitande internettveven fortalde meg om nokre krystallar som hadde losna i nokre bogegongar eg skal ha inne i øyra, at sjukdomen var ufarleg og ville normalt gå over etter nokre dagar. Om det var noko trøyst!

Etter å ha kasta opp lenge etter eg hadde noko å få opp gjennom halsen, er eg i skrivande stund mykje betre. Så bra at eg kan starta å tenkja på andre ting enn at jorda ikkje vil stå still. Beste hjelpa vart å sitja i godstolen med eit teppe over beina - eg fraus i tillegg. Det å halda toppetasjen vertikal, vart beste medisinen for meg. Mitt velmeinande råd til deg og om du skulle få benign paroksysmal posisjonsvertigo er derfor å gjera nettopp det.

Framsida på boka eg lånte
Dokteren sa eg skulle sitja på senga og så leggja meg skiftevis mot høgre og venstre. Det var rådet han hadde å gjeva meg. Du får prøva du. Jorda ville ikkje slå seg til ro, enten eg gjorde meg til venstremann eller høgremann. Ergo valde eg å halda fram som gammal KrF-medlem, - i solid sentralposisjon. Bom i ro i godstolen. Det hjelpte!

«My story»

Bergen Bibliotek fortalde meg at eg var den åttande som venta på boka og at ventetida kunne verta lang. Men då eg gjekk til vårt lokale bibliotek, fekk eg boka berre etter nokre dagar. Ei bok eg hadde gledd meg til å lesa: Benjamin Netanyahu: «Bibi. My story». (ii) Men med sine 725 sider vart både boka og innhaldet for tung no. Eg las eit stykke, tok pause, og las litt til. Slik heldt eg på til Bibi var komen inn i diplomatiet. Då gav eg opp.

Boka er svært omstendeleg med mange detaljar, men er lærerik. Ikkje minst syntest eg Bibis bror, Yoni, trefte spikaren på hovudet då seksdagarskrigen var i emning  og han vart kalla inn i militæret:

«We’ll win», he said simply, «We have no other choice.» (iii) Betre kan det knapt seiast!

Som me veit starta krigen den 5.juni og slutta den 11. Då hadde Israel teke kontroll over Sinai, Judea, Samaria, Gaza og Golanhøgdene i tillegg til Gamlebyen i Jerusalem.

Eg lika også det Yoni skreiv til faren i Amerika etter han hadde vorte skadd i kamp, men likevel ville vera i Israel: 

Og baksida....
«We must kling to our country with our fingernails and with all our strength. Only if we do so will Israel remain the State of the Jews. Only them will they not write in the history books that once indeed the Jews roused themselves to action and held on to their land for two decades, but they were overwhelmed and once more became homeless wanderers. That is why I have to be here now». (iv)

Vektar-røyster

Den siste tingen eg vil ta fram frå det eg las, er at far til Bibi (v) såg den vonde utviklinga i Europa i 1930-åra.  Han skreiv:

  «Racial antisemitism is inciting a global war against the existence of the Jews, as a race that «poisons» human society. If racial antisemitism spreads, it will not only endanger Jewish rights but the existence of Jewish people everywhere». (vi)

Herzl og Jabotinsky arbeidde for å få jødane til å rømma frå områda der Hitler sine bødlar seinare skulle drepa 6 000 000 jødar. Til fånyttes, dessverre. Ze’ev Jabotinsky (vii) skreiv i 1938:

«For three years I have been imploring you, Jews of Poland, the crown of world Jewry, appealing to you, warning you unceasingly that the catasatrophe is nigh. (…) Time is growing short for you to be spared. I know you cannot see it, for you are troubled and confused by everyday concerns…(…) For God’s sake: let everyone save himself. So long as there is time to do so, for time is running short». (viii)

Kva ville desse tre sagt i dag om dei fekk oppleva den generaliserte antisemittismen og antisionismen som rår i verda? Dei levde i håpet om at ein dag skulle Eretz Israel stå fram or støvet. Kva ville dei sagt i dag då Israel er ein stat som dagleg kjempar for å overleva? Ville dei ropt Jebotinsky’s ord ut over verda:

Come now «for time is running short»?

------------

(i) Salme i «Troens rare klenodie», 1739, av H.A. Brorson, f 1694, d 1764 i Danmnark.

(ii) Utgjeve på Treshold Editions, New York, London, etc.,  år 2022. 

(iii) Sitert frå nedst på side 41. 

(iv) Sitat frå side 63 i boka.

(v) Benzion Netanyahu, f. Polen 1910, d. Israel 2012.

(vi) Sitat frå side 107 i boka. 

(vii) Ze’ev  / Vladimir Yavgenyevich Jabotinsky, f. Odessa 1880, d. USA 1940. 

(viii) Sitat frå side 108 i boka. 

Merknad: Eg har valt å ikkje omsetja sitata. 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar