![]() |
Bilete av baksida av heftet eg refererer til |
I ein tidlegare blogg var eg innom Andrei Gromykos tale i FN i 1947. Talen står i den israelske ambassadens artikkelsamling, og han seier:
«Når man skal vurdere de forskjellige planer for Palestinas framtid, er det nødvendig først å ta hensyn til den spesielle side av dette spørsmål. Vi må ikke glemme det ugjendrivelige faktum at befolkningen i Palestina består av to folkeslag, arabere og jøder. De har begge sine historiske røtter i Palestina. Dette landet er blitt begge disse folkeslags fedreland og begge inntar en viktig stilling i landet, både økonoimisk og kulturelt. …» (i)
Der er interessant at heilt fram til Ben Gurion hadde proklamert Israel som stat i 1948, vart folket i Palestina omtalt som «jødar» og «arabarar». Begge var registrerte i offentlege dokument som «palestinarar». Konstruksjonen av «det palestinske folket» er ei nyare og oppfinning utan fundament i dei historiske realitetane.
Gromyko sa vidare i innlegget sitt: «Representanter for araberstatene hevder at en deling av Palestina ville være en historisk urett. Men dette syn på saken kan ikke aksepteres, om ikke annet fordi jødene tross alt har vært knyttet til Palestina gjennom en lang epoke av historien. Bortsett frå dette må vi ikke overse det faktum – og USSR-delegasjonen påpekte det allerede under den spesielle sesjonen i Hovedforsamlingen – at jødene befinner seg i en fortvilet situasjon på grunn av Den annen verdskrig. (…) Dere vet at det var ikke ett eneste land i Vest-Europa som klarte å beskytte jødenes interesser mot Hitlers vilkårlige handlinger og vold…» (ii)
![]() |
Bilete av side 81 i heftet |
Lysestøl brukar eit heilt lite kapittel (iii) på å bevisa at jødane ikkje har rett til landet dei i dag kallar Israel. Han viser til GT eller Tanakh og til den fortvila situasjonen jødane stod i under og etter den andre verdenskrigen. I tillegg til alt det andre han klagar jødane for, seier han at jødane utnytta empatien som då rådde i verda, til å «innta» Palestina og fordriva folket som budde der!
«FN bryter folkeretten». (iv)
Dette kapitelet startar med å forklara Lysestøl sitt syn på det som skjedde då England avslutta Palestina-mandatet. På sidene vidare kjem han med mange, og etter mitt syn, viktige usanningar. Han angrip FN for å ha blitt «et redskap for en minoritet» (= jødane), og går vidare inn på korleis delingsforslaget vart vedteke 29.11.1947 med 33 for,13 mot og 10 blanke. Alt jødane si skuld, for dette var det forslaget dei hadde støtta i UNSCOP. (v)
Frå debatten siterer Lysestøl Alfred Lilienthals bok «What price Israel?» då det var snakk om kvar jødane kunne slå seg ned: «La dem reise til Palestina hvor det er store landområder, en sterk økonomi og ingen problemer. Flyktningene kan lett få plass der». (vi)
![]() |
Bilete av side 82 i heftet |
Som referert før, støtta jødane FNs delingsforslag i 1947. Det var arabarane som nekta og gjorde at planane ikkje vart noko av. I artikkelsamlinga frå den israelske ambassaden står ein liten artikkel av Churchill med overskrifta du ser over. Der kan me lesa:
«Hvem ble Balfour-deklarasjonens løfte gitt til? Det var ikke til jødene i Palestina, ikke til dem som virkelig bor i Palestina. Det ble gitt til verdens jøder og spesielt til sionist-bevegelsen. (…) Løftet om et hjem for flyktninger, om et fristed, ble ikke gitt til jødene i Palestina, men til jødene utenfor Palestina, til den store, ulykkelige masse av adspredte, forfulgte, vandrende jøder viss brennende, uforanderlige og ukuelige ønske har vært et nasjonalt hjem». (vii)
![]() |
Bilete av side 50 i heftet |
Artikkelen forklarar vidare Churchills syn på samarbeidet med arabarane. Han meinar dei har vorte rettferdig handsama av England. Det meinte også oberst Lawrence som var den sentrale personen bak overgjevinga av 75% av mandatområdet (noverande Jordan) til arabarane. Dessuten, skriv Churchill: «Palestina-araberne har naturligvis for det meste kjempet mot oss…»
Ved sida av ser du eit utsnitt av Ben Gurions proklamasjon på frigjeringsdagen i 1948. (viii)
Etter å ha arbeidt med Lysestøl si bok, sat eg att med ei rar kjensle. Det var nesten som om det var «Sions vises protokoller» (ix) eg hadde hatt i hendene mine….
-----------
Merknad: Bileta er mine eigne. Det "Fra Israels Uavhengighetserklæring" er kopi frå side 50 i boka.
(i) Frå side 27-28 i artikkelsamlinga. Så langt eg forstår, heldt han talen i 1947.
(ii) Frå side 28 i heftet.
(iii) Kapitlet «Et jødisk folk, en jødisk nasjon» frå side 57 og utover.
(iv) Hovedkapittel frå side 121 og utover.
(v) Bokstavane står for «United Nations Special Comitee on Palestina», ein komite som skulle utgreia spørsmålet for hovudforsamlinga.
(vi) Frå side 126 i Lysestøls bok, med fotnote 194.
(vii) Frå side 33 i artikkelsamlinga.
(viii) Får side 50.
(ix) «Sions vises protokoller» er ei bok som kom ut først på 1900-talet. Boka er eit antisemittisk verk som fortel om ein oppdikta jødisk-frimurar-konferanse som skulle ha føregått samstundes med første sionistkongressen i Basel i 1897.
Bileta har eg teke sjølv.
Det er forbode4 å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar