Når-tid,
då-tid og no-tid.
På
same måten som me refererer til deler av fortida som «då-tid», kan me på same
måten snakka om framtida som «når-tid».. Då er den vanlege seiemåten: «Når…»
slik Jesus gjorde det i Lukas 21, 20-22:[i]
20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at
byen snart blir øydelagd. 21 Då må dei som er i Judea, rømma til
fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må
ikkje gå inn i byen. 22 For
dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.
Så langt me veit, sa Jesus dette
rundt rekna tretti år inne i vår tidsrekning. Profetien vart «no-tid» i år 70
då romarane øydela Jerusalem, og for oss i 2020 har hendinga gått over til
«då-tid».
Profetiar vil nødvendigvis vera
i «når-tid», for profeten eller «sjåaren» som det vart sagt før, fekk ei
openberring av det som skulle skje ein gong i framtida.
Ein to tusen år gammal profeti oppfylt framfor augo våre?
Sist sa eg at det einaste programmet i NRK som eg ser fast, er dagsrevyen. Etter det var det lokalnytt frå Vestlandet, og så engelsk-nyheitene frå Israels TV. Men det var før. Ein dag gjekk dei over til «Israelsk Tv+». No får eg derfor berre små klipp frå nyheitene frå Jerusalem.
![]() |
Under denne headingen finn eg allsidig stoff frå Israel |
Eg var nokså fast lesar av
Jerusalem Post før det, men no er det mi viktigaste informasjonskjelde frå
Israel. JPost, som det til vanleg heiter, tilsvarar Aftenposten her hjå oss. Ei
stabil høgreavis med sikker informasjon og seriøse vinklingar på ting som
skjer.
Men ein dag kom ein artikkel som
eg ikkje hadde venta i ei jødisk avis: Ein Nytestamentleg profeti jamført med
tida me, du og eg, er ein del av.
Opphavet er ein gammal jøde
kalla Johannes, forvist til slave- og straffekolonien på øya Patmos. Når han
var der, veit me ikkje sikkert, men det var i alle fall minst 1900 år sidan. Du
kan lesa heile profetien i Johannes Openberring kapittel 6.
Artikkelen er skriven av Vas
Shenoy og vart publisert 25. juni. Avisa presenterer forfattaren som President
for Glocal Cities, forskar, konsulent og entreprenør med erfaring frå Europa,
Midtausten og Afrika. Tittelen er[ii]:
«Dei fire ryttarane i Openberringa – ei meiningsytring.»
Undertittelen «Vi nærmar oss undergangen av eit gammalt geopolitisk system
og av den verdsordninga som har gått att sidan middelalderen».
Det spennande i artikkelen er at
forfattaren synest å sjå oppfylling av denne profetien i Russland sitt angrep
på Ukraina, og dei endringane som skjer i verda no. USA som ser ut til å missa
den statusen dei har hatt siste hundreåret. Kina ser ut til å ta ein stadig
meir dominerande rolle, og Putin prøver å føra landet tilbake til Sovjetunionen
si stordomstid.
Dei fire ryttarane
![]() |
Faksimile av illustrasjonen som JPost brukar i artikkelen |
JPost illustrerer artikkelen med
eit måleri som viser hovudtemaet i det Gud viste Johannes: Først kom ein ryttar
på ein kvit hest. Han rir ut i verda for å få makt. Bak han kjem ein raud hest med
ein ryttar som skaper krig. Tredje hesten er svart, og ryttaren fører svolt og
matmangel med seg. Til slutt kjem ryttaren på den gule hesten og spreier død.
Siste avsnitt: «Død
og ei ny verdsordning»[iii]
startar med:
Ukraina ser berre ut til å vera
første del av dødsprosessen til den gamle verdsordninga. Russland synest å vera
trygg på at det skal få Vesten i kne ved å gjera olja dyrare i varme sommarmånader
når det ikkje er råd å slå av luftavkjølingsanlegga. Og om ikkje dette er nok,
det tvingar fram uro i Afrika ved å skapa svolt. Og på toppen av alt, dersom
demokratia ikkje greier å halda kontroll på inflasjonen og ha kontroll med
grensene, vil regjeringane i Sør-Europa kollapsa.
Artikkelen rundar av med å sitera Johs.
Opb.6,8, første del:
«Og eg såg, og sjå! – ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar
namnet Døden, og dødsriket følgde med han.» Når me no kanskje går døden i
møte, er det viktig å forstå korleis me skal møte det helvete som kjem
etterpå.»
Eg sat att med tanken: Kva meinar du med det?
For at du skal ha høve til å gjera deg di eige meining, kan du lesa artikkelen
sjølv:
https://www.jpost.com/opinion/article-710365
The four
horsemen of the apocalypse - opinion - The Jerusalem Post
Han
ligg framleis på nettet i dag, 30.06.22
[i] Bibelsitata I dette innlegget er frå Norsk Bibel si nynorskutgåve.
[ii] Mi omsetjing av: “The
four horsemen of the apocalypse – opinion. We are nearing the death of the old geopolitical system and of the
world order that has kept repeating itself from the medieval ages”.
[iii] Mi omsetjing av: «Death and
a new global order». Eg har og omsett dei sitata frå artikkelen kjem
etterpå. Originalteksten er ikkje teke med på grunn av plassen.
....................................
Det er forbode å bruka bilete eller anna stoff frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar