søndag 31. mars 2024

At det går an!

Barnelærdommen min sa at me er skapte i Guds bilete (i), men, som me veit, varde ikkje idyllen lenge. Den vakre hagen Gud hadde laga for oss menneskje, - der me skulle leva eit trygt og godt liv, vart ruinert på ein einaste dag. Likevel ser vitenskap og teknologiske nyvinningar ut til å bryta grensene for det som tidlegare generasjonar trudde var råd. Kunnskapen og kjennskapen har nådd utenkjeleg langt både i verdensrommet og inn i cellene me alle er bygde opp av. 

Mentalt ser det derimot ut som om me står «På stedet hvil» som dei sa i linjegymnastikkens glanstid.

Kven av oss har ikkje sagt: «At det går an!» eller «Det får no vera grenser!» når me har opplevt ting som verka for utrulege?

Antisemittismen kastar lange skuggar - også i dag
Frå «Hosianna» til «Krossfest»

Det som har gripe meg i denne påsketida, er ikkje den tradisjonelle påskebodskapen, eller dei herlege sanningane knytt til denne festen både i Tanakh (GT) og NT. Derimot har eg undra meg over kor ustabile og skiftande menneskja rundt Jesus var. 

Eg tenkjer på folket i Jerusalem den påska rundt år 33 i vår tidsrekning. På palmesøndag ropa dei «Hosianna» og ville kruna Jesus til konge. Då blomstra draumen om å hiva romarane ut og rydja plass til det lova og etterlengta Davidsriket. Jubelen ville ingen ende ta der nasarearen reid på eslet inn mot Guds by: Jerusalem.

Og så, berre nokre få dagar etterpå, stod – så langt me forstår - dei same menneskja framfor den romerske stathaldaren Pilatus (ii) og ropte «Krossfest han!». (iii)  Ropet var sikkert like sterkt som då dei ropte «Hosianna» palmesøndagen. Stemninga som rådde på vegen til Jerusalem, var på plassen framfor Pilatus endra til hat og død.  Er ikkje det utruleg? Og på så kort tid?

Lukas skriv at denne skrikande folkemengda «pressa» Pilatus med ropinga si, «- og skriket deira fekk overtaket.» (iv)

«Hald opp med å stola på mennesket …» (v)

Profeten Esajas som skreiv så mykje vakkert og som har eitt kapittel for kvar bok i Bibelen vår, skreiv dei orda eg siterer over. Då hadde han profetert om det komande Messiasriket, men og påpeika folket sitt fråfall frå sin pakts Gud. Kapitlet spenner frå eit herleg syn om ei lysande framtid, til den mørke og tunge i samtida: «Mennesket er bøygd, kvar mann er fornedra. Tilgjev dei ikkje!» (vi)  Korleis kan slikt gå an?

Monumentet som viser då Herzl møtte keisar Wilhelm.
Kva med oss i 2024?

Eit retorisk spørsmål frå den tida då eg gjekk på skulen, var: «Kva har de lært?» Då hadde me kome til oppsummeringa av eit avsnitt, og læraren venta at me skulle bruka det me hadde lært i møte med nye pedagogiske utfordringar!

Det er uro og krig i Israel og Europa, og nyheitene om dette opptek sinn og tankar heile tida. Eg tenkjer på vårt land, Noreg, og set «her og no» opp mot «det som var». 

Særleg på eitt område er det mentale skiftet like uforståeleg som det som hende den påskeveka for lenge sidan. Eg tenkjer på Einar Gerhardsen og arbeidarrørsla han representerte etter krigen. Han var statsminister for landet då eg vaks opp, og vart til tider titulert «Landsfader». Ein verdsett person og politisk leiar både i Israel og her heime. Han skriv frå turen sin til Israel:

«Ved avreisen som tilfeldigvis – og jeg vil si uheldigvis – kom til å foregå så tidlig som klokka seks om morgenen, hadde vi på forhånd gjort det vi kunne for å hindre at statsminister Ben-Gurion og andre offisielle representanter skulle reise den lange veien fra Jerusalem til flyplassen ikkje langt fra Tel Aviv for å si farvel med oss, men det hjalp ikke. De var på plassen, og det er lett å regne ut når på natten de hadde stått opp og tatt fatt på ferden til Tel Aviv for å kunne si adjø! – Da vi reiste derfra, hadde vi en følelse av at vi tok farvel med gode venner». (vii)

Når eg les det han skriv, er det som eg høyrer palmesøndaggleda og jubelen over det han hadde opplevt og sett der nede. Men det var den gongen då Israel og bibelsk kristendom var inne i varmen på den sida i vårt politiske landskap. Det er lenge sidan.

I dag høyrer det norske arbeidarparti og deira medspelar LO til mellom Israels fiendar. No er det «krossfest-ropa» som høyrest. Me høyrer og ser dei under 1. mai-marsjane kvart år, i utanriks-ministeren og statsministeren sine utsagn i samband med Gaza-krigen, og elles i aviser og andre media. 

Herzl såg "gjennom" og lenger enn keisaren
For meg føl arbeidarrørsla og venstresida i norsk politikk Hamas sin scenografi til punkt og prikke. Der er ingen eller minimal kritikk av det som skjedde i Israel 07.10.23, - terroren regjeringa nekta kongen å uttrykkja si sorg over. Der er heller ingen kritikk mot Hamas som bevisst brukar uskuldige sivile som ammunisjon i propagandaen sin. Derimot, når det gjeld Israel, finst der tydelegvis ingen grenser for fordømminga.

«At det går an?»

Det er ikkje Israel eg er bekymra for. For jødane står Guds lovnad til Abraham og hans etterkomarar støtt. (viii) Dommen kjem derimot over Noreg som nasjon, og alle dei landa som ein gong skal samlast og få si straff i «Dommens dal» (ix), - om ikkje før. 

Einaste måten å sleppa unna Guds dom på, er det som Jonas’ bok fortel om. (x) Profetien Jonas kom med, skapte omvending og bøn om Guds nåde. Som svar på bøna og angeren, vart Ninives eksistens forlengd med omkring 100 år. 

Bønnevegen står framleis open, og me burde alle be om nåde og tilgjeving - for oss sjølve, og for vårt land og folk. Det er det Bibelen lærer oss.(xi) Bønne- og frelsesvegen står open med eg skriv dette blogginnlegget. Vonaleg også når du les det eg har skrive. Men me veit er at frelsestilbodet er datostempla. Datoen kan skrivast som ??. ??. ????

Gud åleine veit kva tal spørjeteikna skal bytast ut med. (xii) Ein dag – på Guds fastsette dato, finn me ikkje lenger dette tilbodet. Då er «hylla» tom.

I dag er «nådens dag» – både for jødar og ikkje-jødar. Morgondagen kjenner ingen.

-------------
(i) 1. Mos.1,26.
(ii) Pontius Pilatus var romersk stathaldar i provinsen Judea frå 26-36.
(iii) Matt. 27,22-23.
(iv) Luk. 23,23.
(v) Jes.2,22a. Han levde om lag 700 år før Jesus vart fødd.
(vi) Jes.2,9
(vii) Dette er 3. avsnitt på side 4 i helftet: «Statsminister Einar Gerhardsen: Inntrykk frå en reise i Israel.
Utgitt av Foreningen Norge – Israel»
(viii) 1. Mos. 12, 3 og 1. Mos. 28,14.
(ix) Joel 3, 19. (For meg er det ikkje klart om dette refererer seg til slaget som skal koma før tusenårsriket eller det etter, men i begge tilfelle er det nasjonane mot Israel, og nasjonar vert dømde og går til grunne.) Det same scenariet er det vel Jesus teikna for oss i Matt. 25, 31-46.
(x) Jona 3,10.
(xi) 1. Tim.2,1.4.
(xii) Ap. 1,7. 

----------
Merknader: Som vanleg er bibelsitata frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. 

Bileta har eg teke sjølv og er frå den første jødiske jordbruksskulen nær Tel Aviv. Keisar Wilhelm vitja Herzl der, men Herzl såg lenger og forbi orda keisaren kom med der han sat stolt på sin høge hest. Den same evna treng Israels leiarar i dag i møte med Noreg og andre land sin forvridde Midtaustenpolitikk.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.
-

søndag 24. mars 2024

Palmesøndag – ein viktig dag


Kanskje Jesus kom ridande over desse stgeinane?

Dagen i dag har fått namnet «Palmesøndag». Ute i verda er det vanleg at truande flettar palmegreier som dei svingar og minnest då Jesus reid inn i Jerusalem og vart hylla som konge.
At hendinga var viktig den gongen og, kan me sjå av at hendinga er omtalt i alle fire evangelia.

Matteus (i) fokuserer på asenfolen som var lånt, oppfyllinga av Jeremias’ ord om Frelsaren som skulle koma, og Sakarias som «såg» folkehopen som jubla over kongen: «Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole». (Sak 9,9).

Markus (ii) opplevde det same, men knyter hendinga til profetiar frå Salmane og det komande Davids rike. Kanskje tenkte han på det som hende då Salomo vart innsett som konge. (iii) Salomo vart då sett på kong Davids eige muldyr og folket spelte fløyte og jubla så sterkt «at jorda rivna av ropa»!

Til minne om noko som var....
Lukas (iv) såg det som hende både med ridedyret og folket sin jubel, men og den lidande Messias som gret over Jerusalem og det folket skulle gjennomgå fordi dei ikkje held den pakta dei hadde gjort med Gud. Englane song om «fred på jorda blant menneske Gud har glede i» til hyrdingane på julenatta. Og no jubla folket over «fred i himmelen» og «ære til den høgste», dvs. Adonai eller Herren. 

Johannes (v) refererer til same hendinga, men tek med at læresveinane ikkje forstod det som hende den dagen. Først etter at Jesus hadde sått opp att frå dei døde og reist til himmelen, forstod dei at det som hende denne dagen, var oppfylling av profetiar. 

Bruken av palmeblad og greiner av lauvtre og piletre, var knytt til første dagen i lauvhyttefesten. (vi) Det var ein gledesdag då folket skulle eta frukt av «edle tre» og bu i lauvhytter i sju dagar. Det skulle minna dei om vandringa i øydemarka, og om den Gud som hadde ført dei ut frå Egypt og inn i det lova landet.

Lovnaden til David

Ved sida av Moses, er nok David den viktigaste helten i jødane si soge. Han er omtalt både i Samuelsbøkene, Kongebøkene og Krønikebøkene og elles mange stader i både det gamle testamente (= Tanach) og i det nye testamentet.

Då David omsider sat som konge i Jerusalem og hadde fred med fiendane sine rundt omkring, sende Gud profeten Natan til han. Det gjaldt først og fremst at det var sonen hans Gud hadde utsett til å byggja templet i Jerusalem, og som skulle fylgja etter han på trona. Dette veit me vart oppfylt med Salomo.

Men lovnaden gjekk mykje lenger: «Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid.»  (2. Sam 7,16).  Denne lovnaden går mykje lenger enn til eit rike på denne jorda, sjølv om det var det jødane naturleg nok knytte profetien til. Gud brukte orda «til evig tid». Det er med andre ord eit kongedøme som skal eksistera også etter at denne jorda og vårt noverande univers har gått til grunne. Tid er ein del av skapinga og har dagar og månader, men David vart lova ein etterkomar som vil vera konge når dagar, månader og år ikkje er til meir!

a
Gammal mosaikk frå Israel som viser David spelar harpe
«Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»

Apostelgjeringane startar med eit møte mellom læresveinane og den oppstadne Jesus. Gjennom nokre veker hadde dei opplevt at han som vart nagla til krossen og vart gravlagd, brått stod levande midt imellom dei. Dermed var spørsmålet eg refererer over, heilt naturleg. Han som hadde vorte hylla som konge på Palmesøndag, stod no levande der. Kvifor skulle ikkje dette vera tida då lovnaden til David om ein evig konge av hans slekt skulle oppfyllast?

At han var ein av Davids etterkomarar og slik oppfylte lovnaden, hadde både slektstavlene og den romerske folketeljinga slege fast. (vii) På det området var alt i orden. Men tida var endå ikkje komen. Gud som rår over tid og rom, er den som avgjer når ting skal skje. 

Lære-sveinane fekk derimot kallet til å vera Guds og Jesu vitne på jorda, og fekk lovnaden om kraft ved den heilage Ande. Alt det andre ligg i Guds hand.

Det komande Davidsriket

Vona om riket låg i læresveinane sitt spørsmål på himmelfartsdagen (Apgj.1). Det er like viktig i dag som då. Så langt eg forstår, kjem det når Jesus står på Oljeberget. Då skal jorda gå inn i ein fredsperiode på tusen år, og Messias sitt kongedøme skal gå ut frå Jerusalem.(viii).

---------------

PS. Jødane feirar i desse dagar «Hanukkah». Dei feirar at templet vart innvigd på nytt i år 164 f. Kr. Det er ein gledesfest midt oppi krig og vanskar. Må Gud velsigna både dei i Israel og elles i verda og gjeva dei sann og evig glede og fred.  

Må Han, Adonai som har skapt alt, retta ut sin sterke arm og gripa inn!

--------------
(i) Matt. 21,1-11 med sitat frå Jer. 62,11 og Sak.9,9.
(ii) Mark. 11,1-11.
(iii) 1. Kong. 2,33-40.
(iv) Luk. 19,28-44. (Jmfr. Luk. 2,14.)
(v) Joh 12, 12-18.
(vi) 3. Mos, 23,40.
(vii) Luk. 2,4, Luk. 3, 23-38 og Matt. 1, 1-17.
(viii) Opb. 20 og Sak. 14 m. fl. 

Bibelsitata er som normalt frå "Norsk Bibel", nynorsk utgåve. Bilete har eg teke sjølv.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 17. mars 2024



 «Den som Herren hugsar på»

Gatebilete frå Jerusalem
Enten du er jøde eller ikkje-jøde (som eg), er det at Herren har omsorg for oss, det viktigaste fundamentet me kan byggja liva våre på. I hans omsorg ligg hjelp for dagen i dag, og von for dagane som ligg føre oss.

Går me 2500 år tilbake i tid, levde det i Jødeland ein profet som heitte «Sakarja». Det er hans namn som kan tolkast slik som overskrifta på bloggen min i dag seier. Kanskje kom han som ung gut tilbake til Israel saman med Nehemja, men me veit lite om han bortsett frå det som står i boka som har hans namn. Han er den niande av dei små profetane i vår Bibel.

Den tiande i rekkja av små profetar, Haggai, levde og arbeidde samtidig. Mange trur at Haggai var noko eldre av år enn Sakarja, og begge ser ut til å levd i Jerusalem. 

Haggai sitt store prosjekt var å vekkja folket så dei bygde opp att templet som til dess hadde lege i ruinar. Bodskapane som han fekk frå Herren, kom alle i det andre styringsåret til persarkongen Dareios. Totalt utgjer dei to kapittel.

Tid for ein prat...
Den andre profeten som forkynte omvending på same tida, var altså Sakarja. Boka hans er på 14 kapittel, og spenner over ei rekkje tema. Første bodskapen frå Herren til folket er at dei må venda om: «Og du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, seier Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud.» (Sak 1,3).

Ut frå denne omvendingsbodskapen kjem så ei rekkje syner og profetiar som utgjer dei første 6 kapitla i boka. Det 7. kapitlet startar med spørsmål om faste, noko som etter gammal tradisjon er knytt til anger og omvending. Men folket var sjølvrådige og ville ikkje høyra og eller lyda: 

«Og liksom han ropa, og dei ikkje høyrde, såleis, sa Herren, Allhærs Gud, skal dei ropa, og eg vil ikkje høyra. 14 Eg spreidde dei som i ein stormvind mellom alle heidningfolka som dei ikkje kjende. Og landet skal liggja audt etter dei, så ingen dreg fram eller attende der. Og slik gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.» (Sak 7,.13-14)

Men diasporaen (i) skal ta slutt ein dag:

Gatebilete ein vanleg kvardag
«Så seier Herren: Eg vender attende til Sion og vil bu i Jerusalem. Og Jerusalem skal kallast den trufaste byen. Og berget åt Herren, Allhærs Gud, skal kallast det heilage berget. 

4 Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal gamle menn og kvinner sitja på torga i Jerusalem, kvar med staven sin i handa for deira høge alderdom skuld. 5 Og torga i byen skal vera fulle av gutar og jenter, som leikar på torga.

 6 Så seier Herren, Allhærs Gud: Om dette skulle vera umogleg i augo til dei som er att av dette folket i dei dagane, skulle det då òg vera umogleg i mine augo? seier Herren, Allhærs Gud.

 7 Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg frelser folket mitt frå dei landa der sola går opp, og frå dei landa der ho går ned. 8 Og eg lèt dei koma hit, og dei skal bu i Jerusalem. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud i sanning og i rettferd.» (Sak 8, 3-8).

Dette er det som har føregått siste hundreåret, og det held fram med eg skriv, og med du les det eg har skrive. Det er eit oppfylling av Adonais ord: «Sjå, eg frelser folket mitt frå dei landa der…..». 

Til no har prosessen, det vil seia «alyiah», stort sett vore noko jødar har gjort av eigen fri vilje. Med antisemittismen og jødehatet si veldige oppblomstring i 2024, kan alyiah verta einaste utvegen for jødar rundt om i verda som ynskjer framtid og framgang for seg og sine...

Ved "Davidkaen", Israel sitt første sjølvproduserte våpen
Ein annan ting er at Israel, både jordbruket og industrien, har gjort seg avhengig av ikkje-jødiske arbeidarar. For det meste har det vore såkalla «palestinarar» frå Israel og frå Gaza, eller arbeidstakarar frå andre statar i Asia. No, på grunn av krigen og terroren, har landet akutt mangel på arbeidskraft fordi det er vanskeleg å lita på «palestinarane» som kjem for å arbeida, og fordi arbeidarane frå andre land er reiste heim.

Kanskje Herrens plan er at Israel skal verta sjølvforsynt både med varer (inkludert våpen til forsvaret) og arbeidskraft til landbruk og industri?  Då kunne skatten Israel tek inn frå palestinarane og som dei betalar til Mahmoud Abbas og hans folk, brukast i Israel til å byggja landet. 

Det vil vera ei mykje betre løysing enn at pengane går til å finansiera terror, antisemittisme i skuleverket og liknande hjå Abbas & Co.

--------------
(i) «Diaspora» tyder «spreiing». For jødane var det ei oppfylling av profetien i 7,14: «Eg bles dei bort mellom alle folka som dei ikkje kjende». Det skjedde då folket vart førde til Babylon, og då romarane førde folket bort etter dei jødiske krigane rundt år 70 og år 133 i vår tidsrekning.

 Merknader: 

Bibelsitata er frå "Norsk Bibel", nynorsk omsetjing.  Bileta tok eg på ein av bønneturane kona og eg gjorde til Israel for ein del år sidan.

---------------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



søndag 10. mars 2024

 Guds Ord, - det sikraste i heile verda

Profeten og rabbien Jesus frå Nasaret, sa det slik: «For sanneleg seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå, før det har hendt alt saman.» (Matt 5,18) (i).

I gamle dagar stod det at ikkje ein «tøddel» skulle forgå. Då lærde me at «tøddelen» Jesus snakka om, var det hebraiske alfabetet sin minste bokstav, kalt «yod». Guds namn står i ruta oppe til høgre. «Tøddelen» eller bokstaven «Yod» står lengst til høgre og er første bokstaven i Guds namn. (ii)

Menoraen franfor Knesset, eit symbol på Guds Ord
Profeten Jeremias snakka om naturlovane som Gud skapte ved sitt Ord. (iii) Salmisten uttrykte det slik: «For han tala, og det skjedde, han baud og det stod der.» (Sal 33,9). Så enkelt var det, og så innvikla at framleis brukar vitenskapen det meste av si tid og sine ressursar på å forstå det, - ute i himmelrommet så vel som inni cellene me alle er laga av!

Naturen med sol og måne, straumar i luft og vatn og alt anna som gjer denne joda vår leveleg, starta då han «sa» det, og vil halda fram til Han seier «Stopp»!

Derfor skreiv Jeremias: «Dersom desse lovene ikkje lenger står ved lag for åsynet mitt, seier Herren, då skal òg Israels ætt halda opp med å vera eit folk for mitt åsyn alle dagar. 37 Så seier Herren: Dersom ein kan mæla himmelen der oppe og granska grunnvollane til jorda der nede, då skal òg eg vraka heile Israels-ætta for alt det dei har gjort, seier Herren.» (Jer. 31,36-37)

Lovande i naturen har derfor ikkje nokon «utløpsdato» (iv). Ikkje profetiane om jødane og Israel heller. Dei gjeld til Guds tid og time kjem. Me veit ikkje når ting skal skje, eller detaljane i hendingane profetane gav oss glimt av, men at det vil skje, er det ingen tvil om!

Frå daude bein til ein veldig hær…

Esekiel, den tredje av dei store profetane, skreiv ein slik profeti. Han fekk sjå ein stor dal med døde bein spreidde vidt utover.(v) Gud bad han seia til dei døde beina at dei skulle høyra Herrens Ord og verta levande att. Han gjorde det, og dermed starta ting å skje, og det vart mykje «støy». Beina samla seg i skjelett, sener og kjøt vaks ut, og til slutt var dalen full av menneskje!

Så skulle profeten be Anden blåsa liv i dei, og: «Eg profeterte slik som han hadde bode meg. Og Anden kom i dei, og dei vart levande og reiste seg på føtene – ein stor, ein overlag stor hær.» (Esek 37,10). Guds forklaring på dette er at desse beina symboliserte «Israels hus» som Han ville føra «til Israels land». (v.11-12).

På bønneturen i 2012 fekk me koma inn i ein militærleis og kjøpa mat og be for IDF
«Dette har hendt i mi levetid»

Eg er så gammal at eg kan seia det som står i overskrifta. Eg var om lag fire år då Israel vart fødd «på ein dag» etter Guds Ord. Eg visste ingen ting om det då, men som teksten seier, var det både «lyd» og «larm», - då som no. (vi)

England svikta det dei hadde lova i 1917 med Balfour-deklarasjonen. Dei gjorde det dei kunne for at jødane ikkje skulle få landet dei var lova. Arabarane prøvde å drepa felst mogeleg og hindra at den nyfødde staten skulle overleva. Det held dei på med enno. FN og medlemsstatar som Noreg støttar dei, sjølv om sanninga er gøymt i fine ord om «å spara palestinske lidingar», det som no skjer i Gaza. Tek me i tillegg med mediastøyen som fyller alle kanalar kvar dag, forstår me kva profeten både såg og høyrde…

Men trass alle krigar og all terroren Israel har opplevt, har dei i dag truleg den mest moderne hæren i verda. Gjennom dei 70 år landet har eksistert, har larmen og jordskjelvet ikkje stilna, og framleis ser det ut til at ikkje alt i profetien er oppfylt: «Og de skal kjenna at eg er Herren, når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk, folket mitt, stiga opp or gravene.» (Esek 37,13).

Slik eg (og mange med meg) forstår profetien, går denne delen på at jødane som endå bur spreidde utover i verda, skal «stå opp»  og  «gå opp»  (= gjera alyiah)! Det vil seia flytta til Israel…

Men kva vil det seia at dei «skal stiga opp or gravene sine», spør du kanskje. Ikkje veit eg, men det som er sikkert, er at jødane framleis kan gjera alyiah og flytta til Israel. Kanskje den dagen kjem snart då dei ikkje lenger kan  reisa. (vii)

Israel har i år fått ein velsignelse med regn..
Under krigen i Gaza har Israel utvikla ein ny måte å driva krig på, vert det sagt. Utfordringar dei møter med Hamas som bevisst brukar sivile som skjold og som gjennom sine tunellar har flytta seg frå plass til plass, har tvinga dette fram. Striden føregår i urbane strøk der sivile og normalt freda institusjonar har vorte utnytta av terroristane til å gøyme seg i og angripa frå. Enno er mykje av erfaringane Israel har gjort, ukjende for verda, men dei har kunnskap som hærleiarar verda over uten tvil vil ha stor interesse av. Til dømes at dei radiobylgjene som verda i dag brukar til kommunikasjon, ikkje er så godt eigna som alle har trudd. Dei lange radiobylgjene som vart brukte før, når lenger og gjev betre kommunikasjon under jorda og i / mellom store betonghus i ein moderne by!

Og fasiten?

Eit gamalt lesarordtak, er: «Les som det står og tru som det står». Slik det ser ut i dag, har største delen av dei som kallar seg «truande» jødar og ikkje-jødar, forlate denne tanken. Men nærare sanninga enn den me finn i Guds Ord, kjem me aldri.
-------
(i) Når ikkje anna er nemnt, er alle bibelsitata tekne frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
(ii) Hebraisk vert lese frå høgre mot venstre: Yod He Waw He (JHWH).
(iii) 1 Mos. 1, v. 3, 6, 9, 11, 14 og 20.
(iv) Ordboka seier at det tilsvarande nynorske ordet, er «forfallsdato», men for meg betyr det noko heilt anna!
(v) Då eg var liten høyrde me stundom folk snakka om denne verda som ein «jammerdal». For jødane, som har hatt om lag ein pogrom kvart hundreår og den verste i det tjuende århundre, kan åra i eksil sanneleg seiast å ha vore ein «jammerdal».
(vi) vers.7. Dei messianske jødane si bibelomsetjing, (Holy Scriptures. Tree of Life Version),  brukar: «.. there was a noise, and behold, an earthquake.»
(vii) Den messianske bibelæraren Eliasim Eiahu, viste til det som skjedde i Tyskland før siste verdenskrig. Mange sa til jødane at dei måtte reisa for ting i tida viste at det snart kunne verta farleg for dei å bu der. Men dei fleste tyske og europeiske jødane ville ikkje. Dei «ville bli der dei var!»  Og, som Eliahu sa, det fekk dei – som oske.

Når ikkje anna er oppgjeve, er bileta mine eigne.
Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skiftleg løyve frå meg.


søndag 3. mars 2024

Jødane – Guds utvalde folk

Frå første jordbruksskulen etablert i Israel
Utgangen av Egypt, jødane sitt første «Exodus», starta prosessen som gjorde eit stammefolk til ein nasjon. Gud utvalde Moses som sin representamt i denne prosessen. Loven eller Toraen var det gudgjevne fundamentet deira politiske og religiøse liv frå då av skulle innrettast etter.

Då Moses førebudde folket på å gå inn i det landet Adonai hadde lova dei, seier han: «For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Deg har Herren din Gud valt ut mellom alle folk på jorda til å vera eigedomsfolket hans.» (5.Mos 7;6)  (i)

Før Moses seier farvel, får han dei til å fornya pakta som dei gjorde med Adonai ved fjellet Horeb.(ii) Til slutt legg han fram for dei det valet som dei må ta til alle tider: Dei kan halda pakta si med Adonai og få velsigning, eller bryta pakta og ta fylgjene. (iii)

Straffa, i tillegg til tørke og krig, var at dei ville verta bortførde frå det landet Gud hadde lova Abraham og etterkomarane hans. Det veit me hende ei tid etter Salomos død, og på nytt under romarriket i år 70 og år 133 av vår tidsrekning. Det store fleirtalet av jødane vart då drepne eller førte bort som fangar. Men, så langt me veit, har det alltid levt jødar i «Jødeland». Det var dei fattigaste og dei som greidde å gøyma seg bort, som vart buande der under skiftande og framande styresmakter.

Guds vilje var derimot at jødane skulle bu i landet alltid, vera velsigna, og at Han skulle ha sin bustad mellom dei. Og mange jødar kom tilbake etter det Babylonske fangenskapet saman med Nehemia (iv), men fleirtalet vart verande og spreidde seg etter kvart vidare.

Det store skiftet



Gamalt og nytt spirer side om side

Så langt eg kan forstå, kom det store skiftet mellom jødane frå starten av nittenhundretalet. Den samlande personen vart juristen Theodor Herzl, men det ser ut til at mange «vakna» og byrja å snakka om å venda heim til «Lovnadslandet». Truleg var utretten Alfred Dreyfus opplevde i Frankrike, og dei forskjellege pogromane i Europa, viktige grunnar til alt dette. 

Så, rundt 1850, skjedde det at jødar for alvor tok til å gjera alyiah (v) og vende tilbake til landet Gud hadde gjeve dei. Moses og profetane hadde sagt dette skulle skje. Det var Adonai’s vilje og plan.

Jesaja, profeten som skreiv så uendeleg mykje vakkert, seier i kapittel 49: Som ei mor ikkje kan gløyma brystbarnet sitt, slik kan heller ikkje Adonai gløyma folket sitt. Ja, endå om dei skal seia «Herren har forlate meg. Herren har gløymt meg» (vi), så hugsar han på dei og vil dei skal venda heim att. Til og med ikkje-jødar skal hjelpa dei.(vii)

Statar som vil hindra dette, og det skjer i Iran, Venezuela og Kina med fleire, skal Gud straffa. Det same vil han gjera med alle jødane sine fiendar. (viii)

Eit teikn i tida…

Etter 07.10.24 og under Gazakrigen opplever verda ein eksplosjon av jødehat og pro-palestina-aksjonar. I land etter land har store folkemengder teke til gatene,  og sterke antisemittiske utsagn florerer heile tida både i politikken og i media.

Noreg, som ein gong stod opp for Israel og jødane, er i dag rekna mellom Israel sine fiendar. Utanriksministrane siste åra og arbeidarparti-senterparti-regjeringa har ein vesentleg del av skulda for dette.

Skjermdump frå "Dagen" på internett.
«Noreg, det mest jødefiendtlige landet i Europa!»

Teksten over kjem frå ei overskrift i  dagbladet «Dagen» (28.02.24). Journalisten K.A. Jahr viser til den store israelske avisa «Ynet» der den kjende skribenten Itamar Eichner skriv om kor ulikt Noreg oppfører seg i høve til jødar og til palestinarar. Artikkelen har bilete av Barth Eide saman med «vener», dvs. arabiske og andre jødefiendlege leiarar. I utgåva av avisa på internett kan me mellom anna lesa dette: 

«En norsk ‘fredsaktivist’ ble angivelig fersket på film da han spyttet på bilder av gisler. Se video i Ynets artikkel». (ix)

At norske styresmakter ikkje har vore villige til å kalla Hamas for ein terrororganisasjon, at kongen ikkje fekk lov å uttrykkja medkjensle med Israel etter 07.10.23, og at Barth Eide fleire gonger har samanlikna Israel med Russland, er mellom anna det som står i artikkelen i Jerusalem!

Eit vakkert og lokkande land...
Adonai-truande ikkje-jødar hjelper jødar som vil flytta til Israel

Internasjonalt trur eg at Ebenezer Operasjon Exodus (x) er den største ikkje-jødiske organisasjonen som hjelper jødar heim. Det var dei som starta med båten «Exodus» som førde jødar frå Ukraina og andre land til Israel. I dag er dei representerte i rundt 60 land, inkludert Noreg. Dei gjer alt det dei kan for å hjelpa jødar som vil flytta til Israel…

Treng du hjelp?

Er du jøde og bur i Noreg, er den politiske utviklinga i landet skremmande. Treng du hjelp til å gjera alyiah? Ebenezer Operasjon Exodus står klar til å hjelpa deg! 

«Neste år i Jerusalem» vert sagt av jødar verda over, men mange stader er utviklinga så alvorleg at neste år kan det vera for seint.

Adonai's vilje er at du skal leva i verdas viktigaste og kanskje vakraste land….

-------
(i) Haman sa at jødane i Ahasverus’ rike var «eit anleis folk» med «andre lovar». (Ester 3,8)
(ii) 5. Mos. 29.
(iii) 5. Mos. 30.
(iv) Neh.kap. 1 og 2.
(v) Jødar (i fleirtal) som gjer «alyiah» vert kalla «olim». I eintal «oleh» (m.) og «olah» (f). «Alyiah» betyr å stiga opp, og er lett å hugsa fordi på festreisene drog folket opp til Jerusalem til høgtidene. (Byen ligg høgare enn landet elles).
(vi) Jes. 49;14
(vii) Jes. 49, 22-23.
(viii) Jes. 49, 24-26.
(ix) Du kan lesa heile artikkelen på https://www.dagen.no/nyheter/Kårer Norge til Europas mest jødefiendtlige nasjon
(x) Du finn meir om dei på https://ebenezer-oe.org  Der kan du ta kontakt, og dei vil hjelpa deg.

Når ikkje anna er skrive, er bileta slike eg har teke sjølv.

 
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 25. februar 2024

Den raude hesten spring fort…

Etter det andre «Kom!» i Johannes’ openberrings 6. kapittel, kan me lesa dette:  «Og ein annan hest, som var raud, drog ut. Han som sat på den vart det gjeve å ta freden bort frå jorda, så dei skulle slakta kvarandre. Og det vart gjeve han eit stort sverd.» (v.4)

Den første, kvite hesten var alt ute, og no tråva den raude hesten av stad. Ryttaren fekk makt til å ta freden bort frå jorda, slik at folk «slakta kvarandre». Våpenet til ryttaren var sverdet, det tradisjonelle symbolet på krig.

Skilt ved Jesu grav

På våre kantar er ordet «slakta» brukt om dyr. Om folk er verbet «å drepa». Dyra vert ikkje berre drepne, men sundskorne og oppdelte. Det var det som skjedde i Israel 07.10.23. Mange av dei døde kroppane var så mishandla at det var vanskeleg å finna delane så personane kunne identifiserast!

Men krig og drap er ikkje noko nytt. Set me det på spissen, var dei første menneska knapt «tørre bak øyrene» då Kain drap Abel. (i) Tipptipp-oldebarnet hans, Lamek, gjekk endå lenger. Han ville drepa ein mann for kvart sår han fekk, og ein gut for kvar skramme! (ii)

Kanskje ryttaren på den raude hesten gjev oss krig som er meir ekstrem? Egoisme (iii), nedvurdering av andre menneske og hemnlyst har vore til stades frå Adams tid. No, i «Endetida», får det vonde ein markant auke på jorda, ser det ut til.

Israel blomstrar!
Ein ny type krig

Gazakrigen er ein krig verda aldri har sett maken til. For første gong krigar soldatane i urbane strøk, og mot ein fiende som bevisst gøymer seg mellom  (og under) uskuldige menneske og sivile institusjonar som skular og sjukehus. Kanskje dette var det Gud viste Johannes?

Terror som «framhaldsforteljing»

USA, FN med fleire gjer alt dei kan for å setja ein stoppar for krigshandlingane. Det ynskjer eg og, men samstundes ser eg at når Israel har stogga tidlegare «opprenskingar», har det ført til at terroren held fram og auka. 

Første angrepet i Hamas-regi skal ha vore drapa på Tempelhøgda i 1990. Seinare har dei brukt «sjølvmordsangrep» under den første og den andre intifadaen. Frå 2006 auka konfrontasjonane, og i 2008-2009 kom den første Gaza-krigen. Internasjonalt press tvinga då Israel til å stogga krigen, og 17.01.09 gjekk Israel til einsidig våpenkvile. Ikkje Hamas. Dei lova ei veke… Dei heldt krigshandlingane i gang framleis......

I åra fram til 07.10.23 har det stadig vore terror, men det som skjedde den dagen i Sør-Israel, overgjekk alle tidlegare handlingar. Israels reaksjon og militære inngang i Gaza, er derfor tydeleg og bevisst: -Hamas må eliminerast ein gong for alle.

«Fredmeklarane» (iv)
Skjermdump frå artikkelen i "Israel today" 21.02.24.

Hjå dei som i dag er valde representantar for folket i Israel, pluss Benny Gantz som no er med i regjeringa, er det motstand mot å stogga opprenskinga i Gaza, og å gjeva Hamas / PLO makt til å styra Gaza og Vestbredden etter krigen.

Kva meinar folket elles?

«Israel today» hadde ein artikkel 21.02.24 (v) om kva folk i Israel meinte om ein palestinsk stat. Det var «The Israel Democracy Institute» som gjorde spørjeundersøkinga.

71,5 % meinar at om Vesten (vi) vedtek ein palestinsk stat, vil terroren halda fram som til no, eller verta verre.

73% av israelske arabarar støttar tanken på ein palestinsk stat.

77 % av den politiske venstresida i Israel støttar tanken på ein palestinsk stat, sjølv etter 07.10.23

48 % av det politiske sentrum i Israel går mot at staten Palestina vert ein realitet.

78 % av høgresida i israelsk politikk, vil ikkje ha ein slik stat.

Totalt gjekk 63 % av dei spurde mot at staten «Palestina» skal sjå dagens lys.

Fleirtalet av både israelarar og israelske arabarar trudde at det aldri vil bli nokon palestinsk stat. 

63 % av jødane og 70 % av dei israelske arabarane meinte at sjansen for at dei palestinske styresmaktene skulle endra sin politikk, var omtrent 0.

For meg beviser dette at Biden, Bart Eide og dei andre «fredsaktivistane», er på villspor. Å tvinga gjennom ein Palestinsk stat mot Israel sin vilje, vil vera eit overgrep mot Israel på linje med 07.10.23!

Det vil vera å premiera terroristane for ugjerningane dei utførde!

-------------------------
(i) 1. Mos. 4,8.
(ii) 1. Mos.4,23.
(iii) «Egoisme» kan her står for mange «-ismar», til dømes «nasjonalisme», «kommunisme»  med fleire som til tider påverkar menneske så sterkt at dei ikkje har empati for andre.
(iv) Eg tenkjer på Bart Eide og den norske regjeringa, Biden og USA, FN, EU-parlamentet osv. Samstundes som dei arbeider for å spara liva til sivile ikkje-terroristar i Gaza, opnar dei for at Hamas skal halda fram med å drepa jødar. Dette har alle tidlegare «avtalar» bevist.
(v) Du kan lesa artikkelen sjølv på  https://www.israeltoday.co/read/'Palestine' would be a terror state, say most Israelis - Israel Today
(vi) Teksten brukar «The West» og meinar vel USA og vestlege land? 

(Når ikkje anna står skrive, er bileta mine).

........................

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 18. februar 2024

Lovfesta antisemittisme

Den komande, store festen på jødane sin kalendar, er Purim. I år startar han 23. mars på kvelden og varer eit døger. (i) Det er ein fest som ikkje er omtalt i Toraen, men som har sitt opphav i Esters bok og det som hende rundt 500 år f. Kr.

Boka er spennande, - poetisk og romantisk. Grunntemaet, slik eg les boka, er jødehat og jødane sin kamp for overleva. I dag vert «jødehat» kalla antisemittisme, anti-zionisme, anti-israelisme eller anti-eitt-eller-anna knytt til Israel og jødar.

Esters boka er delt i 10 kapittel, og den foreldrelause ungjenta Ester dukkar opp i 2. kapittel. Ho vart oppfostra av Mordekai, ein jøde som ved eit høve hadde varsla kongen om ei samansverjing, og dermed berga livet hans.

www.timesofisrael.com/Macron hosts memorial for Oct. 7

Kong Ahasverus fekk problem med dronninga Vasti, og rådgjevarane hans tilrådde han å finna seg ei ny dronning. Ester vart så dronning, men fortalde ingen at ho var jøde.

Eit klassisk døme på jødehat

Kongens fremste rådgjevar, Haman, var jødane sin bitre fiende (ii). Han hata særleg jøden Mordekai som nekta å bøya seg i støvet for han. Av den grunn fekk han kongen til å laga ein lov som sa at alle jødar skulle drepast: Unge og eldre, speborn og oldingar, - og det dei hadde av verdiar, skulle andre få overta. Med andre ord anti-semittisme i lovs form.(iii)

Hengja bjølla på katten?

Ei forteljing då eg var liten, var soga om musene som ville hengja bjølla på katten.(iv) Alle var einige om at det trongst. Spørsmålet var berre kven som hadde mot og styrke nok til å gjera det. Og det hadde ingen….

Både FN og regjeringane rundt om i verda (inkludert den norske) snakkar kor viktig det er å kjempa mot antisemittisme. Derimot, når det er snakk om det som skjedde 07.10.23 i Israel, vil dei knapt å ta ordet i sin munn. Derfor var det godt å lesa den franske presidenten Macron sine ord, refererte i Times of Israel. Han hadde mot og vilje til å seia det dei fleste er for feige - eller for «politiske riktige» - til å seia.

42 av dei som vart drepne den dagen, var franske jødar. I ein minneseremoni for desse, omtalte Macron 07.10.23 som «den største antisemittiske massakren i vårt århundre».(v)

Skjermdump frå JPost den dagen det vart publisert
Og ….?

Nokså kontakt vart han angripen av ein av FN sine representantar. FN sin spesialreportar for dei palestinske områda, Francesca Albanese, gjekk i strupen på Macron og sa: «Den største antisemittisme massakren i vårt århundre? … Dei drepne 7/10 vart ikkje drepne fordi dei var jødar, men som eit svar på Israel si under-trykking.» (vi)

Den franske utanriksministeren svara straks: «7.oktobermassakren er den største antisemittiske massakren i det 21. århundre. Å diskutera dette er ein feil. Ein freistnad på å forsvara dette i FN sitt namn, er ei skam».(vii)

Hamas er ikkje ei terroristar?

Det siste nye er at han som leier FN sitt hjelpeprogram, Martin Griffiths, seier til Sky News at han har forståing for det traumaet som Israel opplevde 07.10.23, men han meinar at Hamas driv politikk! Han seier: «Hamas er ikkje terroristar for oss, som du veit. Dei er ei politisk rørsle. Men, eg trur det er svært vanskeleg å skilja desse gruppene utan ei framforhandla løysing; det vil seia der deira mål vert tilgodesett». (viii) Etter det som står i deira «charter» (ix), er målet deira å utradera Israel, og det vil han «tilgodesjå»?

Israel har reagert med å nekta Albanese innreiseløyve til landet. For dei er hennar utsagn ei vidareføring av FN sin sterke antisemittiske og «anti-israelske» haldning. Korleis dei vil svara på Griffiths utsagn, står att å sjå.

‘Hamas is not a terrorist group,’ says UN Relief Chief Martin Griffiths - The Jerusalem Post (jpost.com)
 

Trur du ikkje at FN er antisemittisk?

Dersom du kan telja, finn du beviset sjølv. Leit fram talet på alle FN sine resolusjonar mot statar i verda. Om dei mot Israel vert stabla oppå einannan, vert det ei høgblokk. Tilsvarande resolusjonar mot Nord-Korea eller andre totalitære statar, vil knapt visa att ved sida av!

Vil andre enn Emmanuel Macron og franskmennene våga å hengja «bjølla på katten»?

I alle fall ikkje den regjeringa me har i landet no. Det trur no eg….

------------
(i) Dagen - eller døgeret i den jødiske kalendaren startar når dei første stjernene viser seg om kvelden, og varer til same tid neste dag. På vår kalendar vert Purim frå 23.03 om kvelden til 24.03.24.
(ii) Ester 8,18-10.
(iii) Noko liknande skjedde i Noreg i 1942 då Quislingregjeringa planla deportasjonen av norske jødar til Tyskland.
(iv) Ein kortversjon finn du på ndla.no:  Norsk (SFvg2) > Tekst i kontekst > Folkediktning > Da musene holdt møte.
(v) Mi omsetjing frå: «French President Emmanuel Macron ---- describes October 7 by Hamas in Israel as the «biggest antisemitic massacre of our century»….»
(vi) Frencesca Albanese skreiv på X : «The victims of 7/10 were not killed because of their Judaism but in response to Israel’s oppresseion».
(vii) Mi omsetjing av: «.. the October 7 massacre is the largest antisemitic massacre of the 21st century. Disputing it is an error. Seeming to justify it by including the namn of the United Nations is a disgrace».
(viii) Mi omsetjing av: «Hamas is not a terrorist group for us, as yoy know, it is a political movement. But, I think it is very difficult to dislodge these groups without a negotiated solution; which includes their aspirations».
(ix) Tilsvarar vår «Grunnlov». For meg er dette "charteret" ein lov på linje med det Haman's lov .


Merknad: På grunn av at informasjonen som vert spreidd her i landet er unøyaktig og til tider direkte feil, brukar eg mykje plass til kjelder som eg er inne på og som eg har meir tru på enn til dømes NRK. Eg rår alle som les bra engelsk, å gå inn på Jerusalem Post, Times of Israel , ILTV news, m.m. og få del i informasjon som dei fleste norske media ikkje tek inn.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.