søndag 17. september 2023


Bibelen, Guds Ord

Bibelen, slik me i Noreg har han, er ei samling av 66 bøker og brev. (i) Dei vart nedskrivne gjennom rundt rekna 1500 år. Me veit ikkje korleis dei originalt var delte i avsnitt, men i ettertid har alle bøkene vorte delte i totalt 1189 kapittel og 31173 vers. (ii) Det vert slik lettare å finna ulike avsnitt og sitat, men samstundes vert teksten oppdelt på ein unormal måte, og samanhengen versa står i, er vanskelegare å få med seg. 

Ordet «Bibel» har opphav i det greske «Biblia», og er eit ord i fleirtal som kom i bruk rundt år 400. Dette gjekk så over til «Bibelen», som i eintal bestemt form er namnet på ei bok som inneheld alle dei 66 skriftene.

Det bibelske panorama startar med skapinga i Genesis, 1. Mosebok 1.1, og går gjennom alle bøkene fram til Johannes Openberring 22,21. Første delen, det me til vanleg kallar «Det gamle testamentet» (GT), har 39 bøker som er den jødiske Bibelen «Tanach», (iii) men vårt GT føl ikkje den originale rekkefylgja i skriftene, og heller ikkje den originale inndelinga av bøkene.(iv)

Det nye testamente (NT) med sine 27 bøker og brev fekk namn på grunn av ei feil omsetjing i Vulgata (v). I 2. Kor.3,14 brukte dei ordet «testamente» i staden for det originale «pakt». (vi) På grunn av den feilen har Bibelen i kunstig oppdeling som ber namnet «Det gamle og det nye testamentet» (GT og NT).
Mange meinar denne feilen ikkje spelar nokon rolle, noko eg er ueinig i. Grunnen er at dei to orda har vidt forskjelleg meiningsinnhald. Dei representerer vidt forskjellege kulturelle og historiske tradisjonar. Dermed går vesentlege element i Guds tanke bak «den nye pakt», tapt.

Den jødiske paktstradisjonen var knytt til ofring og blod. Ved paktsinngåing vart det presentert eit offer, til dømes i 1. Mos.15 der Abraham og hans ætt får lovnaden om landet, - det området som Balfour-deklarasjonen viste til i 1917. Ved inngåing av den pakta vart det drepe tre dyr og to fuglar, noko som symboliserte at den som bryt pakta, skal døy.

Vart «testemente» valt i staden for «pakt» på grunn av jødehat?

Spansk-hebraisk Tanach
Så langt eg ser det, er ordet «testamente» ikkje-eksisterande i GT. I norsk Bibel finn me det berre i Hebr. 9, 16-17, og er eit omsetjing det bør setjast spørsmålsteikn ved.(vii)

«Vulgata» er namnet på ei omsetjinga av Bibelen til latin knytt til Hieronimus ca. år 600. Den bygde på ei omsetjing frå rundt år 400, knytt til Origenes. Namnet «Vulgata» betyr «Den vanlege (underforstått: omsetjinga)». Den første boka Gutenberg trykte, var eit eksemplar av Vulgata.

Eit anna punkt som det er viktig å ha i mente her, er at både Origenes og Hieronymus var kjende kyrkjelege leiarar som stod sentralt i læra om at «Gud har forkasta jødane». Det var ein tradisjon der ein finn utsagn som at jødane er: «slangar, Judasar, deira salmar og bønner er som esel som skrik», «slangeavkom, hatarar av alt godt», «Jødar er uforbederlege mordarar, besette av Djevelen…», «Gud har forkasta jødane» og «Gud har alltid hata jødane».

Kor mykje slike tankar påverka ordvaldet når dei skulle omsetja jødiske tekstar, er uråd å slå fast, (viii) men å tru at omsetjingane deira ikkje var påverka av deira haldningar, er heilt utenkeleg!

Den gamle pakt

GT omtalar ei rekkje pakter. Den viktigaste er den som Gud inngjekk med Israelsfolket på Sinai (2. Mos. 19,3-8). Denne altoverskyggjande pakta er det som vert kalla «Den gamle pakt». Den bygde på dei ti bodorda Gud hadde skrive på steintavlene Moses fekk, men inkluderer i realiteten alle lovbod og ordningar som me finn i Toraen eller Mosebøkene. 

Israelsfolket, slik me les i 2. Mos. 19,8, sa: «Alt det Herren har sagt, vil vi gjera». Denne og liknande lovnader går att fleire stader, men trass i store ord og fine lovnader, oppfylte ikkje folket sin del av pakta. Det innsåg Moses og før han døydde (ix). 

Kva var Guds plan til frelse for eit syndig og ulydig folk? Jau, det var ved eit offerdyr som døydde for dei, slik 3. Mosebok eller «Leviticus» lærer. Ved blodet frå offerlammet på den store soningsdagen, vart folket og heilagdomen reinsa for synd (x). Det skjedde fordi dei trudde og gjorde det Gud hadde sagt dei måtte gjera. Berre slik fekk dei tilgjeving for syndene og Guds signing over seg og sin nasjon.

Den nye pakt
Sterns omsetjing av NT

Den nye pakt byggjer på Toraen (eller Mosebøkene). Ho (pakta) fører oss inn i oppfyllinga av det som den gamle pakt symboliserte og proklamerte. 

Bibelen fortel oss at ingen kan oppfylla lova og verta frelst på den måten. Derfor seier Paulus i Gal.3: «Og at ingen vert rettferdiggjort for Gud ved lova, det er klårt, for: Den rettferdige av tru, skal leva. 12 Og lova har ikkje noko med tru å gjera, men der heiter det: Den som gjer det, skal leva ved det.» (v.11-12)

Som i GT, opna Gud ein annan frelsesveg enn den ved Loven. Det er frelsesvegen syndofferet på den stgore soningsdagen opna. Det peikte fram mot Jesu død på Golgata. 

I GT var det menneske sjølve som utførde offer-handlingane og valde ut offerdyra. I NT er det Gud som står for heile prosessen: Som offerlammet (Johs.1, 36), som øvstepresten som bar fram offeret (Heb.6,20), og blodet som reinsa for all synd (1. Joh. 1,7), osv.

Viktig å samanlikna tekstane

Burde Bibelen si deling i «testamente» skifta ut?

Eg meinar det. Me hadde tent på å bruka dei namna Bibelen originalt brukte. Det ville gjeva oss ein naturleg samanheng i gudsopenberringa frå start til slutt. Delinga, slik det står no, er eit unaturleg skilje

Kan dette vera ein av  grunnane til at mange ikkje les GT? Eg vågar å seia det slik: Den som ikkje les heile  Bibelen, manglar grunnlaget for Jesu fødsel og død på denne jorda. Tanach (GT) var fundamentet hans liv og teneste bygde på:

«Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16 Heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til lærdom, til overtyding, til rettleiing, til oppseding i rettferd, 17 så Guds menneske kan vera fullkome, dugande til all god gjerning.» (2.Tim 3:14-17)

Peter med sine sterke personlege opplevingar, vitnar: «Og dess fastare har vi profetordet, som de gjer vel i å akta på. Det er som ei lampe som lyser på ein mørk stad, til dagen lyser fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar. 20 For fyrst og fremst veit de dette, at ikkje noko profetord i Skrifta er gjeve til eiga tyding. 21 For aldri har noko profetord vorte til ved menneskevilje, men dei heilage Guds menn tala drivne av Den Heilage Ande.» (2.Pet 1:19-21).

«Dei heilage skriftene» og «profetordet» dei skriv om, er Tanach eller GT.

Desse to døma viser kor avgjerande Tanach (GT)  var for dei første truande! 

Er det grunn til å tru at det er mindre viktig for oss i dag?

------------------
(i) Katolske kyrkjer har med «Dei apokryfiske bøkene». Deira "Bibel" har derfor 73 bøker.
(ii) Dette kan variera i enkelte språk og omsetjingar.
(iii) Vert og skrive «Tanakh».
(iv) Den hebraiske TANACH, har 24 bøker fordi dei 12 små profetane er ei bok. Samuelsbøkene, kongebøkene og krønikebøkene var heller ikkje delte i to bøker som i våre Biblar: 1: Toraen (Mosebøkene), 2: Profetane: Josva, Domarane, Samuelsbøkene, Kongebøkene. Jesaja, Jeremia, Ezekiel og Dei tolv små profetane, og 3: Skriftene: Salmane, Ordtøkja, Job, Høgsongen, Ruth, Klagesongane, Preikaren, Ester, Daniel, Ezra, Nehemia og Krønikebøkene.
(v) Omtalt m.a. i «Bibelsk oppslagsbok» som vart utgjeven av Karmel-instituttet, Oslo 1949. Oppslagsord «Bibelen», s.197.    

(vii) Dei messianske omsetjarane («Tree of Life Version» og Sterms «Jewish New Testament») brukar begge ordet «covenant» eller «pakt».
Tyndals Bibel (NLT 2013) brukar order «will» (= testamente), men har fotnoten: «Or covenant» på Heb. 9,16,a. Om Heb. 9, 16b står det: Or «Now, when someone makes a covenant, it is necessary to ratify it with the death of a sacrifice».
Norsk studiebibel, (1998) skriv under avsnittet «pakt» s. 1758: «I NT brukes ordet diatheke (ref.1103) for «pakt». I profangresk betyr dette ordet nærmest «testamente», men i NT får det sin betydning fra GT.»
Bibelen Ressurs har denne fotnoten til Heb. 9,16: «Testamente er det samme ordet som er oversatt med pakt i v. 15.Det betyr et lovfestet testamente. Før bestemmelsen i et testamente kan settes ut i livet, må han som satte det opp dø». Denne tankegangen kjem frå ein ikkje-bibelsk samanheng. Han har ingen parallell i den den pakts- og offerpraksisen som GT viser oss.
(viii) NT, kanskje bortsett frå Lukas sine to bøker, var skrive av jødar og bygde på GT sin tankegang.
(ix) Jmfr. 5. Mos.28 m. fl.
(x) 3. Mos. 16.


Merknad: I bloggen min brukar eg normalt Norsk Bibel i nynorsk omsetjing. Der eg brukar andre omsetjingar, står det i teksten.

------------

Det er ikkje lov å bruka Bibele eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!


søndag 10. september 2023


Litt oppsummering...

 

Turen til Auschwitz var ei oppleving. Det same var møtet med jødane i Exeter, England, og kunnskapen om jødisk aktivitet i Sør-Vest-England. 

Ein viktig stad for jødar..
No kjenner eg på meg at det er tid til å skifta tema, i alle fall for ei stund. Eg vil derfor til slutt gjeva deg ein litt strø-informasjon frå deltakinga på dei jødiske dagane i gamlebyen i Krakow. Samstundes som eg vitja konsentrasjonsleirane, føregjekk den 32. jødiske kulturfestivalen i byen. Namnet på festivalen , «Ruah» (i), var ein invitasjon i seg sjølv.

Omvising i det jødiske kvarteret

Trass i at deltakarlista var full, fekk eg vera med. Omvisaren, Agi Legutko (ii), er polsk jøde, men visste det ikkje før ho kom i kontakt med jødar i USA! Familien hadde gjort alt dei kunne for å gøyma og gløyma røtene sine, sa ho, - slik mange jødar gjer det rundt om i verda. 

Som guide var ho suveren, ikkje berre med kunnskapen me fekk, men og varmen i det ho fortalde oss.

Kazimierz

Kva tid jødane busette seg i dette Polen, er uvisst, men første gongen ordet Krakow er nemnt, er i eit jødisk skriv frå – eg trur ho sa - rundt år 900.Det jødiske kvarteret i Krakow, Kazimierz, har heile 7 synagogar. Den første synagogen vart bygt av tsjekkiske jødar som hadde rømt hit etter ein pogrom i heimlandet. Den synagogen ligg sentralt i bydelen, og inneheld det jødiske museet i dag.

Grava til ein kjent rabbi
Kor mange jødar det er i byen no, fekk eg ikkje med meg, men det skal ha vore 8-10 forskjelleg grupperingar, og dei låg delvis i strid med kvarandre. I verste fall var det einaste dei var samde om, at dei aldri skulle setja føtene sine i den andre flokken sin synagoge, sa guiden.

Den jødiske gravplassen

Ved ein av dei eldste synagogane, ligg den jødiske gravplassen. Det første eg reagerte på, var at dei fleste gravsteinane hadde blekk-tak. Forklaringa på det var at i sovjet-tida låg det ein fabrikk i nærleiken. Den spydde ut så mykje syrehaldig røyk at regnet løyste opp støttene på gravene!

Å be døde om hjelp

Dei fleste veit at i Klagemuren er det normalt å putta små bønnesetlar inn mellom steinane. Det eg ikkje visste, var at det og er vanleg å leggja bønnesetlar på gravene til gamle rabbiar. Slik ber folk den døde om hjelp for å få bønnesvar.

Å leggja stein på grava

På mange av gravstøttene var det lagt steinar. Guiden sa at dette brukte folk for å visa at dei framleis hugsa på sine kjære. Det er og ein retning i jødedommen som trur at når menneske døyr, fer ein del av det bort, og den andre delen vert verande i grava. Når dei så høyrer dunke-lyden av steinar som vert lagt på grava, veit dei at dei ikkje er gløymde!

Den mest kjende jøden i Polen, budde i Krakow

Moses Isserles, ein av dei viktigaste lærarane innan askenasismen, budde på skrå over plassen frå det jødiske museet. Han sat ofte i kammerset øvst oppe i huset og las eller skreiv utover kveldane. Folk var vande med å sjå at det brann lys der oppe, og opplevde det som ein tryggleik.

Spennande undervisning om jødisk tradisjon
Då han døydde i 1572 og rommet vart mørkt om kveldane, gjekk tilhengjarane opp og kveikt lys til minne om «the ReMA» som dei kalla han. Det vart ein tradisjon.

Askenasisk foredrag med simultantolking

Det eg oppfatta som det sentrale i denne kulturveka, var eit foredrag med tittelen «Ruah». Foredraget starta og slutta med at det vart blåse i «shofar» (iii).  

Foredragshaldaren, visstnok ein velkjend lærar mellom jødane, snakka om mellom anna Moses Isserles. Det har vorte skrive mange bøker og tolkingar av det Isserles skreiv, og til sjuande og siste må den enkelte av oss laga vår eiga tolking eller forståing av Toraen, sa han.

Kunstkafe med god kaffi...
Ariel, jødisk restaurant med norsktalande kelnar

I ein tidlegare rabbinars hus ved museumsplassen, ligg restauranten «Ariel». I tillegg til god mat og ein kelnar som snakka norsk, har huset ei imponerande kunstsamling. Første gongen eg var der, sat eg ute. Seinare, då eg måtte venta ei stund og ville skriva notatar, fekk eg servert kaffi inne. Det var ei sann å oppleving å sitja med kaffikoppen og studera dei gamle, ærverdige kunstverka!

Jødisk filmpresentasjon av Auschwitz – Birkenau

Det siste me rakk å vera med på i Krakow, var ei filmframsyning på ein jødisk skule i bydelen. Nokre jødar (iv) hadde søkt om lov til å laga ein informasjonsfilm om Auschwitz-Birkenau som kunne visast rundt om i verda. Innspelinga vart stoppa av koronaepidemien. Seinare, etter mange om og men, hadde dei fått 48 timar til å gjera opptaka. Filminga vart gjort i 360 grader så med briller kunne me snu hovudet og sjå rundt oss nett som då me gjekk i dei reelle leirane.

Ein av guidane på museet, ein ung mann kledd som ultra-ortodoks jøde, presenterte staden og tok oss med rundt. Me sat med VR-briller og såg oss «omkring» etter som han forklarde. Grunnen til at jødane hadde sett i gang prosjektet, var at medan «folk flest kjem berre for å sjå», betyr leirane og det som hende der, så uendeleg mykje meir for jødane. For dei er leirane ein gravstad og ein stad å minnast alle dei som misste livet her. 

Men og for oss ikkje-jødar, gav denne filmen noko av det me sakna dagen før under omvisinga i sjølve leirane.

Det gjorde godt….

-------------------------------------------
(i) Truleg askenasisk skriveform. Det vart uttalt som det hebraiske «ruach», som tyder «Ånd». Den heilage Ande heiter til dømes «Ruach HaKodesh». (Ruach = ånd; «Ha» = bunden artikkel = den; «Kodesh» = heilag/e).
(ii) Det kan vera at det er skrive feil.
(iii)  Ordet vart ofte omsett med «bukkehorn», men kan vera horn av forskjellege dyr, slik eksemplet i broskyren for festivalen viser.
(iv) Ho som presenterte filmen og arbeidet, heitte Cohen til etternamn.

-----------------

Der ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

søndag 3. september 2023

Anti-nazistiske karikaturar med eit skeivt smil

Etter å ha arbeidd med trist stoff i mange blogginnlegg, er det på tide å koma med noko anna. Kanskje ei lita, underfundig barnebok eg var så glad i då eg var liten, kan vera verd eit blogginnlegg?

I samband med vitjinga i Schindlers fabrikk / museum, oppdaga eg den polske illegale pressa sine teikningar. Det var enkle strekar som sa meir enn mange, lange tekstar. Noko liknande har eg ikkje høyrt om i den norske illegare pressa, men så har eg heller ikkje lese mykje om emnet.

Snille og godtruande Snorre Sel

Boka «Snorre Sel», med underteksten «En fabel i farger for barn og voksne», dukka opp i 1941 på John  Griegs Forlag.  Forfattar og teiknar Frithjof Sælen var fødd i Bergen, men flytta til Oslo og jobba med reklame. Då krigen kom, vart han med i motstandsrørsla og arbeidde i Milorg fram til han måtte rømma til England i 1944.

Det var ein gong…

Slik startar alle riktige eventyr. Det gjer eventyret om Snorre Sel og.  Han er ein liten, truskuldig fyr i ei kald verd. Faren hadde kome «bort på sjøen» (i), fortalde mora. Ho prøvde å oppdra Snorre så godt ho kunne, og bad han vera forsiktig. I nærleiken budde to måsar, Sving og Svang, men mora likte dei ikkje. Ikkje dei andre måsane heller, for dei var nokre «flaksefantar».

Snorre hadde ein snill onkel, kvalrosen Bart, som var  «full av spekk og morsomme historier». Han og prøvde å oppdra den vesle sel-guten. Særleg var det isbjørnen Brummelabb  og spekkhoggaren Glefs han måtte passa seg for.

Men Snorre Sel lika å spegla seg i den blanke isen, leika med dei andre småselane, eller berre drøyma seg vekk. Dei to flygande flaksefantane Sving og Svang prata med han og lokka han så han nesten hamna i klørne til Brummelabb.

Men Sving og Svang gav seg ikkje, og tilbaud han til Glefs som og ville ha sel til middag.

Og resten av forteljinga ?

Den får du lesa sjølv. Som liten «las» eg boka i filler, og i heile barndommen såg er ikkje noko rart i orda og bileta. Men eg forstod at dei vaksne «såg» ting i boka som eg ikkje kunne forstå. 

Kjekkast for meg var det at Snorre Sel terga den stygge spekkhoggaren Glefs så han  rende seg fast i eit hol i isfjellet. Der vart han sitjande bom fast. Etterpå kom onkel Bart, «den sterkeste i hele Ishavet» og tok hemn med hoggtennene sine.

««Dette er for Snorres far,» sa han. «Dette er for min egen bestemor. Og dette er for mange gode venner».
Glefs viftet svakt med halen, men kunne ikkje si noe. Han var lagt på is, og der ville han bli til isfjellet smeltet».

Lån boka på biblioteket!

Kven var det forfattaren tenkte på med persongalleriet sitt? Kven var Sving og Svang som skulle få levra om dei lokka Snorre inn i isbjørnen Brummelabb sine klør? Og kven var spekkhoggaren Glefs som glefste i seg så mange av dei snille selane? Eller onkel Bart som angreip Glefs og gav han att for alt det gale han hadde gjort?

Snorre Sel  = Frithjof Sælen?  

Ei spennande vinkling er om forfattaren hadde ein sjølvbiografisk tanke bak boka. Hadde han sjølv nesten vorte lurt av  «flaksefantar» som ville lokka han i klørne til "Brummelabb" eller kjeften til "Glefs"?  Eller var det at han sjølv var med og terga og tukta "udyret"?

Kortaste salsperioden i norsk boksoge

Tyskarane og deira likesinna fann den vesle boka så farleg at ho vart forboden etter ein månad! Det er sikkert er norsk rekord. Derfor må boka eg hadde, vera av dei som kom ut etter freden i 1945.
.....................

(i) Dette er vanleg seiemåte på våre kantar når folk har mist livet på havet.

---------

Det er forbode å bruka tekst eller  bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg

søndag 27. august 2023

«Sterkere enn Gestapo»
Bak dødelege piggtrådgjerde...

Forfattaren brukar dekknamnet «Tante Anna», og boka har tittelen eg har sitert over. (i) Ho kom ut same året krigen slutta. Som Eddy de Wind, gjorde «Tante Anna» notatar under krigen, og skreiv boka ut frå dei. I mine auge gjev dette bøkene stor historisk verdi. Dei hadde ikkje andre bøker eller kjelder å henta stoffet sitt frå. Alt var sjølvopplevt, eller var hendingar dei dei var i lag med, opplevde. Tante Anna skriv:

«Jeg vet at mange av vennene mine vil si: Jeg har da opplevd enda verre ting enn det boken forteller om, i torturcellene og de tyske fengslene. Jeg vet det. Jeg kunne også skrive mer for å avsløre overfallsmennenes mentalitet, men skulle jeg fortelle alt om «herrefolkets» opptreden mot oss kvinnelige fanger, ville boken blitt et funn for dem som er ute etter pornografisk lektyre». (ii)

Første delen av boka er om det illegale arbeidet «Tante Anna» deltok i, og om torturen dei vart utsette for av tyske og norske torturistar. Etter det, kjem fange-transporten til Stettin.

Mellom fangane på transporten er ein norsk teolog som har fått smugla med seg ein Bibel. Han heldt andakt kvar morgon og kveld. Ein kveld under andakten ser dei at soldaten som står vakt ved den opne lasteluka over dei, tørkar tårer. Og presten ber for «de norske fangene og for våre kjære der hjemme» - «og for dem som hører på meg».

Sachsenhausen

Det var der fangetransporten enda. Tante Anna skriv:
«Fjorten lå syke, men de måtte ikke snakke om det, for viss de ble syke, ble de sendt til badekammeret, dvs. på andre siden av døren. Det gikk en dør inn i gasskammeret, og krematoriet var neste etappe. De måtte prøve å hjelpe dem uten at tyskerne fikk vite det.
……

Galgetre ved avrettingsplassen i Auschwitz
«I Sachsenhausen var det samlet flere tusen kriminelle forbrytere fra hele Tyskland. Det var mordere, overfallsmenn, voldtektsforbrytere, tyver og bedragere. Disse fangene ble fortrinnsvis brukt som formenn …  De utviste en råhet og grusomhet overfor sine medfanger som grenset til vanvidd.
……
De hadde fullmakt til å slå og pine sine medfanger så meget de lystet, og gjennom dem kunne en kjøpe seg fri både straff, som en var ilagt uskyldig, og man kunne få tillatelse til å ligge hjemme hvis man var syk. Men betalingen var alltid matvarer, og maten var jo altfor knapp fra før av»
. (iii)

Verre enn i Auschwitz – Birkenau?

Tanta Anna skriv om ein som vart teken fordi han hadde skrive eit brev han prøvde å smugla ut til familien sin:
«Han ble dømt til å henges etter hendene som var bakbundet, og scenen skulle foregå mens alle sto og så på. Han ble kledd naken, hendene bundet bak på ryggen. Han ble heist opp i et såkalt galgetre (iv). Da dette var gjort, ble det opplyst at han skulle få 25 stokkeslag.  Denne avstraffelsen ble utført av offentlige «schlägere». Det var lystmordere som hovedsakelig hadde den slags verv».

Idiologisk motivert sadisme

Boka fortel at det kom ei sending på 2 000 jødar frå Polen og andre land der det kanskje og var norske jødar. Desse hadde kome med tog, og vart stengde inne:

«De var blitt stuet inn i tog som var helt lukket, uten mat og drikke og uten bøtter til å gjørde sitt fornødne i. Nå er de alle saman inne i den store forsamlingssalen. - Hva som har foregått med dem, vet ingen, men alle tenker det verste.
………..
En av kriminalforbryterne kommer ruslende forbi. Han kikker også inn gjennom vinduet. Han ler og slår seg på lårene og synes det er veldig morsomt. Nå har de stått slik på femte dagen uten mat, uten drikke, uten å komme ut og lufte seg, uten anledning til å gå på toalettet. Han banner og sier: - De er seigliva, jødesvina».


Ingen fekk lov å hjelpa dei. Etter endå ein omgang med tortur, vart dei som endå levde, drepne med giftsprøyter. (v)

Noko liknande skjedde med 2 000 russiske krigsfangar som gjennomgjekk same torturen før dei dei som endå levde, vart sende i gasskammeret. (vi)

Ein av dei norske, Christian Fredrik, spør med ein av vaktene om kvifor dei gjer dette, og får svaret:
«Det er ordre fra høyeste militære hold at disse fangene skal kues før de dør, de hadde holdt så lenge stand, og de hadde skadet den tyske Wehrmacht meget».

Dødsmerket på uniformshua til soldatane ....

Dødsmelding sendt heim

I ei av bøkene frå Auschwitz står at sjukepleiarane skreiv ut dødsattestar med vanlege dødsårsaker for dei sjuke og unyttige som skulle drepast. Der står at attestane var skrivne medan fangane endå låg og venta på at dokterens skulle få tid til å gjeva dei giftsaprøyta!

På side 225 fortel «tante Anna» at kona til ein av tysklandsfangane fekk brev frå det tyske sikkerheitspolitiet:

«Det er en kort meddelelse om at hennes mann er død av dobbelsidig lungebetennelse.
Det ble stille en lang stund mellom de to kvinnene. Eva begynner å gråte stille, omsider får hun fram:
- Det er forferdelig. Det er forferdelig.
- Den unge enken prøver å holde gråten tilbake, og hun sier til Eva:
- - Tror du jeg kan arbeide sammen med deg i stedet for han som ikke er mer?
- Det er mer enn Eva kan klare. Hun gråter høyt. Litt etter faller det ro over dem begge. Enken sier til Eva:
- - Du må ikkje innbille deg at jeg tror på den dobbeltsidige lungebetennelsen. Han er nok drept av tyskerne. Kjære la meg få arbeide i hans sted.
- Eva nikker. Hun er for beveget til å kunne svare.
- Og Eva forstår. Han døde uten å røpe noen.
- Hun kan gå ut av dekning».

---------------
Med desse orda frå «Tante Anna» vil eg avslutta kapittelet om nazistane sine misgjerningar under andre verdskrigen. 

---------------
(i) Tante Anna: "Sterkere enn Gestapo", utgjeve av Ekko Forlag, Oslo i 1945. Hennar eigentlege namn var Ellida Aakre-Bjørnsen, fødd i Ålesund i 1897, arrestert i samband med spionsak i 1941.
(ii) Frå innleiinga. (Unummererte sider).
(iii) Frå side 190-191.
(iv) Ein slik ved avrettingsplassen i Auschwitz også.
(v) Frå side 210 og utover.
(vi) Det står om desse frå side 217 og utover.
---------------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

søndag 20. august 2023

Krigstider

Her inne er dei eldse jødsike gravene i Exeter. 

Hitler greidde aldri å ta England, men bombeflya hans gjorde mykje skade. Exeter fekk sin del der synagogen og andre bygningar vart øydelagde.  

Som Odd Nansen (i) i Noreg, var det mange her i England og som såg utviklinga  i Tyskland og prøvde å berga så mange jødiske liv som dei kunne. Men også – som i Noreg, såg ikkje styresmaktene her heller med velvilje på slike initiativ.

«The  Telegraph’s» magasin sist laurdag (ii) har ein lang artikkel om skreddaren David Makofski og nokre som arbeidde for å berga tyske jødiske ungdomar.  Måten dei gjorde det på, var å få dei inn som lærlingar i diverse yrke. Staten sitt krav var at det måtte vera lærlingeplassar som «ingen frå England» kunne fylla, og at det vart betalt 100 pund (iii) for kvar lærling dei «importerte».

Trass vanskane med å skaffa nok pengar og lærlingeplassar, greidde David Makofski og medarbeidarane hans å berga over 200 jødiske ungdomar i 1938-39. Mest støtte fekk dei frå jødar og kvekarar, står det i avisa. 

Ein ung mann kom til England nett etter Krystallnatta. (iv) Den natta vart minst 91 jødar drepne, og butikkar og andre jødiske eigedomar - inkludert 267 synagogar, vart raserte. Ikkje lenge etter vart det slutt på all lovleg utreise for jødar. 

Etter det «The Terlegraph» skriv, vart mange av desse ungdomane verande i England etter krigen, og var kanskje dei einaste i familiane sine som overlevde. Ein del gjekk inn i aktiv teneste som soldatar eller i det sivile hjelpeapparatet. Nokre vart fengsla av styresmaktene og sende til Canada saman med tyskarar som kunne mistenkjast for å vera spionar! The Telegraph skriv at det tok ei veke før Canada innsåg at dei måtte skilja dei internerte jødane frå nazistane!

«I slikt vær, da får du bønner, Gud!» (v)

Som me veit, søkjer folk til Gud i krisesituasjonar, enten det er naturkatastrofar eller menneskeskapte ulukker. Aktiviteten og talet på medlemmer i synagogen i Exeter auka derfor sterkt under krigen.  Mange flytta hit som soldatar eller som sivilt personell. To jødiske kapellanar i forsvaret (vi) leidde samlingar i synagogen, står det i boka. Der var samling kvar sabbat, men og samlingar der dei til dømes bad for soldatane, og for RAF sitt personale som var stasjonert i området.

Slik ser det ut i dag

Fangeleiren i Nissen Creek

Pinhoe, her eg sit og skriv, var ein småby litt utanfor Exeter den gongen. (vii) Frå glaset ser eg mot jernbanestasjonen. I det området som før verdskrigen var jordbruksland, vart det lagt ein leir for flyvåpenet (RAF). Etter som krigen utvikla seg, vart leiren omorganisert for å ta seg av mindre farlege tyske krigsfangar. Namnet vart «Leir nr. 276, Nissen (viii) Creek», Pinhoe. Han låg på sletta mellom jernbanelinja og elva.

Pinho Brook gav navn til byen
I dag er ein del av området disponert av sjukehuset og helsestasjonen i bydelen, og parkeringsplassen til jernbana. Lenger bak ligg eit område med leikeapparat, og ei stor slette til ballspel. Leikeapparata er mykje brukt, men på den store grassletta ser eg berre folk som luftar hundane sine.


Elva Pinho Brook, som gav bydelen namnet, går langs heile dette området. På begge sider av elva er frodig skog, men ingen stad finst informasjon om kva som var her under krigen. 

Ein eldre mann som sat på gjerdet ved Pinhoe Brook, hadde flytta hit på 1970-talet. Han hadde aldri høyrt at det hadde vore nokon fangeleir her. Det same seier andre eg har snakka med. 

Det eg veit, er henta frå boka til Helen Fry. Ho skriv at England trong tolkar i arbeidet med internerte krigsfangar. Ein av desse var Adolf Kessler, (ix) ein tysk-jødisk ungdom som kom nett før krigen. Han tenestegjorde i Englands «Pionerkorps», står det.

Exeters mest berømte jøde?


Den mest berømte jøden knytt til synagogen i Exeter, er truleg Herschel Smith. Faren, Nat, var ein av dei første i denne familien som flytte til Exeter då krigen kom. (x). Han var gift med ei ikkje-jøde, Florence, frå Plymouth. Dei fekk berre eitt barn, Herschel (1925-2001).

Hersachel gjekk på skule her og i Plymouth. Han studerte seinare ved forskjellege universitet i England og Amerika før han vart forskar ved universitet i Oxford, og underviste i organisk kjemi på universitetet i Manchester. 

Gjennom si forsking fann han eit stoff som påverka kvinner  sin menstruasjonssyklus, og slik kunne hindra at dei vart gravide. Med denne kunnskapen fekk han patentert «ein antikonseptiv tablett», det som i dag heiter «P-pille». Han «revolusjonerte på den måten kvinners liv», skriv Helen Fry i boka si. (xi)
----


Ei retting til slutt: Pinhoe og Exeter ligg ikkje i Sør-Aust-England som eg skreiv tidlegare, men høyrer til Sør-Vest-England.
(i) Det var han som leidde «Nansenhjelpa» i Noreg. Derav namnet.
(ii) Dato 05.08.23, side 34 – 39 (minus ei side med reklame).
(iii) Under visse vilkår kunne staten setja ned denne summen til 50 pund. The Telegraph skriv at 100 pund då tilsvarar 5 700 av dagens pund. Det vil seia rundt rekna 90 000 kroner ut frå kursen i dag.
(iv) 29.11.1938.
(v) Sitat frå Henrik Wergelands dikt «Julaften».
(vi) Dei var Rev. Michael Adler og Rev. J. Weintrobe.
(vii) No er Pinhoe ein bydel i Exeter.
(viii) Eg ser det og er skrive som Nissan Creek.
(ix) Det har ikkje informasjon om han var ein av dei som David Makovski fekk hit, men etter alderen kan han ha vore det.
(x) Fleire av dei vart vidt kjende i England, kanskje særleg for deltaking i første og andre verdenskrig. Morris Smith til dømes tenestegjorde i «the Jewish Battalion of the Royal Fusilers in Palestine».    
(xi) Frå boka «THE JEWS OF EXETER», av Helen Fry, (Eige forlag 2013),  s. 96: «He had patented the contraconceptive pill and has thus revolutionized the lives of woman». I teksten mi eiga omsetjing av deler av denne teksten. Meir informasjon finst i t.d.  https://en.wikipedia.org/wiki/Herchel_Smith

------------ 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.




søndag 13. august 2023

Ny start for jødar i England

Oliver Cromwell fekk i 1656 vedteke ein lov som tillet jødar å bu i England att. Trass dette gjekk det om lag 400 år frå utvisinga, til jødar på nytt slo seg til på engelsk jord. 

Etter nesten 400 år spride jødisk kultur på nytt i landet
I 1714 fekk England og Irland den første kongen av tysk slekt (i). Som det hadde kome franske jødar med William Erobraren frå Normandie, kom det no tyske jødar. I Exeter veit ein det var ein italiensk jøde i 1720. Han averterte at han kom frå Padua i Italia, og underviste i hebraisk, italiensk, spansk og portugi-sisk. 14 år seinare kom snusfabrikanten Gabriel Treves, også han sefardisk jøde frå Italia. I tillegg må det ha vore askenasiske jødar frå Aust-Europa og Tyskland  her, for i 1757 søkte jødar om å få leiga (ii) eit område for å gravleggja deira medlemmer som døydde her. 

I 1763 vart det søkt om tomt for å byggja synagoge. Bygget vart innvidd 10. august året etter. Dette er den nest eldste synagogen i England utanfor London. Eit brev i historisk arkiv fortel at under innviinga bar dei Torarullen 10 gonger rundt plattforma midt i synagogen, og dei song nasjonalsongen.
Talet på jødar i byen varierte mykje, og frå 1889 var det slutt på faste samlingar i synagogen i seks år. Men Charles Samuels starta aktiviteten opp att,  og han var leiar til han døydde i 1944. Synagogen var då skadd under blitzkrigen, men er no fullt restaurert.

På internett kan ein lesa at synagogen tilhøyrer den askenasiske retninga, men slik er det ikkje. Både sefardiske og askenasiske retningar har vore leiande i periodar, men i dag er synagogen frittståande og tek imot alle dei forskjellege jødiske retningane.

Broskyre, med måleri av J. White ca 1900, ynskjer deg velkomen
Dei brukar reform-jødiske eller liberal-jødiske liturgiske bøker alt etter kven som leier den enkelte samlinga. Då eg var der, var det nokre eldre kvinner som stod for det som føregjekk. Me brukte då dei liberal-jødiske liturgibøkene.

Ved spesielle anledningar kan samlingane verta organiserte i ortodoks stil. Då er kvinnene sin plass på galleriet, vart det sagt.


Arkitektur og tryggleik

Synagogen ligg nokså gøymt til eit stykke opp frå elva. Bygningen skal vera typisk frå 1700-talet med plass til menn nede og galleri til kvinner oppe. Hovudsalen er utan vindauge av sikkerheitesmessige grunnar, vart det sagt. Men ut mot gata er det glas. Gjennom eit av dei kasta ein mann inn ei heimelaga brannbombe i 2018. Det vart ikkje gjort store skadar på bygningen, men sjølv fekk mannen så store brannskadar at han vart teken med ein gong. Han vart dømt til opphald på psykiatrisk sjukehus og kan ikkje sleppast fri utan retten si godkjenning.

Bygget har vorte restaurert og modernisert med oppvarming m.m. fleire gonger, sist til 250-årsjubileet i 2013.

Familiær krangel til spott og spe

Ein av dei første jødane ein har dokumentasjon på i Exeter, er snusfabrikanten (iii) Gabriel Treves frå Italia. Etter nokre år inviterte han nevøen sin, Joseph Ottolenghe, til England. Joseph var kosher-slaktar, men onkelen hadde invitert han av andre grunnar. Joseph skulle gifta seg med dotter til Gabriel, og var lova å overta forretniga til Gabriel med tida. Problema som oppstod dei i mellom, finst dokumentert i offentlege skriv, og gjev godt innsyn i jødisk liv her rundt 1730.

Overraskinga må ha vore stor då Joseph kom til London og fekk vita at ho han var trulova med, alt var gift! Gabriel hadde prøvt å få den jødiske domstolen til å oppløysa giftarmålet. Han grunngav det med at svigersonen hadde brote sabbaten! Svigersonen hadde kjøpt snus på den einaste dagen i veka det etter jødisk lov var forbode! (Kven som hadde selt snusen den sabbaten, står det ingen ting om.) Men rabbinarane gav ikkje Gabriel medhald. Ekteskapet til dottera var lovleg etter deira syn.

Denne boka har mykje god informasjon...
Gabriel ville så tvinga Joseph til å gifta seg med dottera i kyrkja. Med det kunne dei sleppa unna jødisk lov. Men den framtidige svigersonen nekta. (Kva dottera tenkte, fortel boka ingen ting om, men faren trua med å gjera henne arvelaus!) 

Betre var det ikkje då Joseph konverterte til kristendommen. Onkelen fekk han då fengsla fordi han sa at han ikkje hadde betalt for reisa til England, og for klede, hus og mat. Dermed fekk Josef gratis opphald i det offentlege fengselet i Exeter!

Men ikkje-jødar som støtta den nyomvende, avla eid på at han ikkje var noko bedragar. Han var ærleg og lovlydig! I 1735 var det derfor dei «Gentiles» (iv) som gjorde at Gabriel tapte også denne saka.

Sjølv grunngjev Joseph omvendinga med at han, for å læra seg språket i dette nye landet, las Det nye testamentet. Det han fann der, overtydde han. Biskopen i Exeter konfirmerte han, og «kort tid etter fekk eg det velsigna sakramentet frå Herrens nattverdsmåltid, og eg held fast ved dette.» (v).

Han seier elles i forsvarsskrivet sitt (vi), at det var nok askenasiske jødar i byen til at han kunne leva av yrket som kosherslaktar. Pengemangel var derfor ikkje motiv for overgangen.

Elles var ikkje forretningsdrift hans største interesse, for  han «føretrekte å bruka tida på å lesa og studera». (vii)

Og…?

Kva som skjedde med Gabriel og dottera, mannen hennar og dei andre personane i dette «tablået», veit eg ingen ting om. 

Joseph derimot emigrerte til Sør-Carolina og livberga seg der som lærar og preikar.
-----------------
(i) Georg I frå Brunswick-Lüneberg, Hanover.
(ii) I den perioden hadde ikkje jødar lov å  eiga jord i England, så dei måtte «leiga» ved hjelp av ein ikkje-jøde.
(iii) Me veit at då tobakken vart introdusert i Europa, var det vanleg å «snusa» tobakken gjennom nasa. Derav namnet. I dag vert det skilt mellom den snusen som vert lagt under overleppa, og den som vert «snusa» gjennom nasa. Den siste er i dag mest kjend som «snuff», - det engelske namnet på snus.
(iv) Dette er ordet som vart brukt etter det som står i boka. Våre norske Biblar brukar ordet «hedning».
(v) Frå side 25 i boka om jødane i Exeter, omsett til norsk av meg her.
(vi) «A Vindication» var namnet på det offentlege forsvarsskrivet Joseph Ottolenghe skreiv for å forklara si side av saka.
(vii) Nedst på side 24 i boka eg refererer til.

Merknad: Mykje av dette stoffet er å finna i "THE JEWS OF EXETER. An illustrated history", av Helen Fry, utg. av Helen Fry 2013. ISBN 978 0 85704 198 2
 

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 6. august 2023

Minne frå tida under Roma
Romersk koloni og dansk vikingsrike

Romerske soldatar kom og la Sør-England under Roma. Rundt «Isca Dumnoniorum», bygde dei det som i dag vert kalla «den romerske bymuren i Exeter». Dei hadde leiren sin her på «Stranda ved Dumnonii». Framleis i dag har byen namn etter elva som engelskmennene kallar Ex, og som er stor nok til at båtar kan sigla opp hit frå Kanalen.

Danske vikingar kom same vegen, og slaget ved Pinhoe – her eg i dag sit og skriv, stod mellom danske vikingar og lokale innbyggjarar i Devon og Somerset. Danskane fekk så godt fotfeste i Exeter at framleis er her eit hus med namnet «Gildehall» i gamlebyen. 

Til og med jødane si soge i dette landet, har tilknytning til vikingar. Er ikkje det rart? Det får vera emnet mitt i dag…

Normanniske jødar på engelsk jord?
Frå Exmouth kom både romarane og vikingane innover

Same året som vår Harald Sigurdsson fall i slaget ved Stamford Bridge, (i) Yorkshire, kom ein etterkomar av Gange-Rolf (ii) for å ta makta i England. Til vanleg vart han kalla Villiam Erobraren, eller William I. Vonde tunger kalla han derimot «Villiam Bastarden», sidan han var eit uekte barn til jarlen av Normandie.

Det eg vil hugsa han for her, er at han tok med seg jødar til England. Kongen gav dei både inngang i riket, og oppgåver å arbeida på.
I byen Exeter veit ein at det var ei jødisk forsamling i 1181. Då laga dei sin eigen gravplass. Truleg hadde dei og synagoge på det tidspunktet. 

Gravplassen er til vanleg stengt
Som alle jødane i England, vart dei i Exeter og rekna som «kongens eigedom». Det gav dei eit visst vern mot fiendar, inkludert geistlege autoritetar, men påla dei samstundes å betala store summar når kongen trong pengar til krig og anna. Dei hadde ikkje lov å eiga jord, og einaste lovlege aktiviteten deira var utlån av pengar.

Tilhøvet mellom jødar og kristne i Exeter ser og ut til å ha fungert bra lenge. Gamle dokument viser at jødar her fekk lov å avleggja eid med handa på Torarullen, medan dei kristne la handa på Bibelen. Dei fekk og ha sin eigen «Beth Din-domstol» som tok seg av jødiske spørsmål.

Men det var jødar som hadde jord. Det var eigedomar dei overtok frå lånarar som ikkje greidde å betala skulda si.


Kongen med Løvehjarta

Henrik II, Hertug av Normandie, skulle arva den engelske kruna, men døydde medan faren framleis levde. Dermed fekk broren, Rikard Løvehjarta, plassen. Då han overtok, hadde det vore drap av jødar fleire stader i England. Den verste var massakren i York i 1190 då alle jødane der – om lag 150, vart drepne. Samstundes vart og dokumentasjon på utlån og eigedomar øydelagt, noko som førde til eit stort økonomisk tap for kongen.

Richard var ein ivrig krigar slik tilnamnet indikerer. Han drog på korstog til Jerusalem då det kristne riket der hadde gått under. Han dreiv krig på andre sidan av Kanalen, og England måtte betala løysepengar då han vart fanga av Prins Leopold av Austerrike. Den tyngste økonomiske børa fall naturleg nok på jødane. 

For å sikra dokumentasjonen på det jødane dreiv med, innførde kongen derfor eit system med «arker» som vart plassert rundt om i landet. Desse «arkene», eller «skattkistene» om du vil, skulle ta vare på alle dokument knytte til jødiske forretnings-aktivitetar. Kvar kiste hadde tre låsar, og det vart oppnemnt to jødar og to kristne som hadde personleg ansvar for arka. Ho kunne berre opnast når alle fire var til stades, og ingen ting kunne fjernast. Dermed fekk kongen – og dei som  dag studerer gamle dokument, - all den dokumentasjonen dei kunne ynskja seg.

Elva Ex i dag, litt overfor "Isca Dumnoniorum"


Til dømes når ein jøde døydde – eller gjekk over til kristendommen, gjekk eigedomen og skuldbreva hans over til kongen. Av renteinntektene skulle kongen ha ein tredjedel.

Tunge åk og dårleg inntening

Henrik III kom til makta i 1216. Han hadde økonomiske problem heilt frå starten. I 1231 gav han bror sin Exeter og borga her i byen, men han beheld jødane som sin eigedom. Ti år etterpå, kalla han inn til eit «Jødisk parlament» og påla jødane å betala 20 000 mark innan eitt år. Summen var enorm, og då det straks etter kom nye skattar, greidde ikkje jødane å skaffa det han krov frå dei.

Då han i 1251 ikkje kunne pressa meir pengar ut av jødane, selde han alle jødane i heile landet til bror sin, Jarlen av Cornwall. Prisen var 5 000 mark!

No gjekk det nedover både med inntektene og velværet til dei engelske jødane. I 1284 vedtok erkebiskopen av Canterbury at alle synagogane i London skulle øydeleggjast. Synoden av Exeter vedtok liknande «vern» mot jødane «sin vondskap». 

Frå før av hadde jødane i England vore pålagde å ha to kvite tøystykke sydd på yttertøyet. Dei skulle minna om lovtavlene i Mosebøkene. No kom endå strengare pålegg, mellom anna at dei måtte betala skatt til kyrkja.

Den 9. i månaden Av (iii)

På denne datoen, eller 18. juli 1290 på den engelske kalendaren, vart alle jødar utviste frå England. Dei fekk tida fram til Allehelgensdag til å forlata landet.

Rundt 16 500 jødar forlet England då. Dei hadde berre lov å ta med seg «lausøyre», - det vil seia det dei kunne frakta med på reisa. Dei fleste rømde til Frankrike (iv). Nokre til Flandern. 

Alle «arkene» med jødiske dokument vart no opna. Verdiane, det vil seia uteståande krav, eigedomar og alt anna, tilfall kongen.
350 år seinare fekk jødar først lov å koma tilbake.

--------------
(i) 1066.
(ii) Det seier Snorre. Lyg han,  så lyg eg!
(iii) Sjå det eg skreiv om i forrige blogg.
(iv) Frankrike utviste jødane i 1306.

-----------------------------------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.