mandag 10. november 2014

Det julianske syndrom




Ferielektyren min 2014 var «Keiser og Galilæer» av Henrik Ibsen.  Eit spennande verk. Ibsens viktigaste, meinte han sjølv. Hitler skal ha likt dette dramaet, men om «Det tredje riket» vart kalla opp etter det Ibsenske, veit vel ingen. Andre og har brukt namnet. Men Ibsens kritiske fokus på storpolitikk og trua på «Galilæeren», - jøden, var kan henda spesielt interessant for han som ville skapa ei verd utan jødar.
Ibsen var i si samtid kjend både som samfunnskritikar og menneskekjennar. Me har nett feira eit grunnlovsjubileum. Som Ibsen sa det: «Firehundreårignatten ruget tungt på apekatten»[i]. Ingen kunne tvila på korleis Ibsen såg på dansketida!
For meg er det ikkje politikken som interesserer, men forfattaren sitt fokus på det åndelege. Ibsen er spesiell i sitt fokus av religion og etikk. «Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme», skreiv han i Villanden (1884). Ibsen inviterer ikkje lesaren eller tilskodaren til å seia si meining. Nei, han sler det fast som eit faktum. Så får me sjølve vurdera om me er einige, eller for den del om me er slike «gjennomsnittsmenneske» han skildrar. Villender, - kan vera.
I ”Peer Gynt” (1887) spinn Ibsen på sin måte vidare på same tråden: Mangelen på samsvar mellom sjølvoppfatning og realitetane i verda. For Peer var kompromisset leveregelen. Å nyta og utnytta menneskje, religion og materielle ting utan å ta reelt ansvar, var prinsippet.  I fjerde handling seier Peer: ”Er man skapt til nydelse, skal men nyde”.

Eberhofs spør han om ”frigjort åndsbetraktning og verdensborgerdomsforpaktning” og kvar fenomenet er.

Peer svarar: ”Så er den funnen. Det er fordi jeg ei er gift. Ja, mine herrer, ganske klar er tingen. Hva skal mannen være! Seg selv; det er mitt korte svar. Om seg selv og sitt skal han kjære. Men kan han det som pakk-kamel for andres ve og vel?”

 Så kom ”Brand” (1866), den djupt religiøse presten frå ein trong fjord på Vestlandet. Her  teiknar Ibsen den kompromisslause truande sin kamp både mot verdsleg og religiøs praksis og tru. Sjølv i møtet med hans eigen prost kunne han ikkje fira:
Prosten: -”I himlen? Nei, det er just tingen at helt til himlen rekker ingen….”. 
Brand:  ”Til himmels rakk dog Jakobstigen; til himlen rekker sjelens higen”.
Prosten: ”På den maner! Ja, Gud bevares! Derom all videre snakk spares. Naturligvis er himlen lønn for velført levnet, tro og bønn. Men ett er liv og tro et annet; Det skader begge om de blir blandet; -” seks dage skal ens gjerning gjøres, den syvende skal hjertet røres; sto kirken åpen hele uken, var det forbi med søndagsbruken….. De trygt kan idealer se fra prekestolens hellige le, - men legg det av med prestekjolen så fort de kommer ut i solen.”

I sluttscena endar Brands jordiske kamp i eit snøras: Brand «(krymper seg under det styrtende skred og sier oppad):
Svar meg, Gud, i dødens slug; - gjelder ei et frelsens fnug manneviljens qvantum satis[ii]- ?!  (Skredet begraver ham; hele dalen fylles.)
En røst (roper gjennem tordenbrakene): Han er deus caritatis[iii]

Presteskikkelsen som Ibsen brukte som førebilete, var Gustav Adolf Lammers i Ibsen sin eigen heimby, Skien. Mora og to av syskena[iv] til Henrik, var med i den vekkinga, og det er skrive at dette skapte ei kløft i familien. Som Ibsen kom i diskusjon med mor si om åndelege ting,  let  han «Brand» gjennomgå det same.
Lammers, presten som tok si gudstru så alvorleg at han gjekk ut av statskyrkja for å praktisera sann kristendom, hadde mykje «Brand» i seg. Som hovudpersonen i dramaet, streid også Lammers med tvil på sine eldre dagar. Han gjekk tilbake til statskyrkja og vart av ein del sett på som ein svikar.  «Brand» stod fast, men gjekk under.

Keiser og Galilæer” (1873) startar med ein lovsong i kyrkja medan folket ventar på den kristne keisar Konstanzios. Her ser me fyrsten Julian som møter med den heidenske visdomslæraren som kallar han «Galilæer».
Fyrst Julian: Hvorfor galilæer? Kva er mitt galilæermerke?
Visdomslæreren: Hoffkledningen.
 Fyrst Julian: Jeg er visdomsvenn[v] innenfor; ti jeg bærer en såre grov skjorte.»
Dermed er han heilgardert: Utanpå kristen, men inni heidning og gresk filosof. Etter mykje om og men endar Julian som keisar. Nidkjær for den greske filofosien og dei greske gudane,  forfylgjer han dei som trudde på Jesus, «Galilæeren».
Men i møtet med ein tidlegare ven, den kristne læraren Kyrillos, vert reaksjonen ein annen enn det keisaren venta:
(En delings soldater fører læreren Kyrillos mellem seg).
Keiser Julian: Ah. Min gode Kyrillos, - du er ikke fullt så kjepphøy som sist, ser jeg.
Læreren Kyrillos: Har du kanskje i et dyrs eller en fugls innvolle utfunnet hva jeg har å si deg?[1]
Keiser Julian: Nu, jeg tenker at jeg, uten varsler, tør tro du er kommet til fornuft, at du avstår fra dine villfarelser om Galilelæerens makt, og at du erkjenner både keiserens og våre guder for å være større enn han.
Læreren Kyrillos: Bill deg ikke slikt inn. Dine guder er maktesløse; og holder du fast ved disse stenbilder, som hverken kan se eller høre, så vil du snart være likeså maktesløs som de.
Keiser Julian: Kyrillos, - er dette hva du har å si?
Læreren Kyrillos: Nei, jeg kommer for å takke deg. Før skalv jeg for deg og dine pinsler. Men i kvalens stund vant jeg åndenes seier over det forkrenkelige. Ja, Keiser, da dine leiesvenne tenkte jeg hang i vånde under fengselstaket, - da lå jeg, salig som et barn, i min frelsers arme; og da mine bødler tyktes at de flengte strimler av mitt legeme, da strøk Herren med sin lindrende hånd over sårene, tok tornekronen bort og satte på meg livsens krone.
Derfor takker jeg deg; ti intet menneske har vist meg en så stor velgjerning som du.
Og på det skal du ikke tro jeg frykter deg herefter, så de – (han slår kappen til side, sønderriver sine sår og kaster stykker for keiserens føtter). –se, -se; -mett deg med mitt blod, som du tørster efter! Men om meg skal du vite at jeg metter meg av Kristus Jesus. (Skrik av forferdelse høres blant mengden).
Flere stemmer: Dette fører ulykke over oss alle.
Keiser Julian (som er veket tilbake): Hold den vanvittige, at han ikke forgriper seg på oss!
(Soldater omringer Kyrillos og sleper han …..)

 For å motbevisa Jesu profeti om Jerusalem, gjev keisaren ordre om å byggja opp att byen som hadde vorte øydelagt i år 70. Men idet soldatane har rudd ruinane og alt er klart til oppattbygginga, kjem jordskjelv og storm som spreier alt utover. I tillegg vert mange soldatar drepne.
Krigsøversten gjev keisaren rapport med desse orda: Ved deg ble det ord til fullendt sannhet: ikke sten på sten skal lates tilbake.
Menn og kvinner: Galilæeren har seiret over keiseren! Galilæeren er større enn Julian!
Julian vert rasande og lovar å laga «et skrift mot Galilæeren».  Innsjå realitetane, ville han ikkje.
 I siste akt møter me keisaren langt inne i det som er Irak – Iran i dag. Han har vorte hylla som ein gresk gud og trur han er usårleg. Etter falske råd gjev han ordre om å brenna flåten som både kunne sikra forsyningane og berga dei om striden vart for hard. Åndsforvirra og skremd av syner kastar han seg inn i siste slaget, men vert såra av ein lanse i sida.[vi] Julian sig saman med orda: «Du har seiret, Galilæer».  Omvender seg, gjer han ikkje.
Kanskje andre enn eg vil seia at dette skodespelet er nesten profetisk! Både den norske og den euro-amerikanske kulturen og politikken hadde ei meir eller mindre klår kristen forankring i utgangspunktet. I dag ser han ut til ikkje berre å vera på villspor.  Åndeleg sett vel ikkje folk bort berre Gud,  men gjer i tillegg sitt beste for å brenna den «flåten» som er berginga når alt anna slær feil: Erkjenninga av ei større og mektigare makt i denne verda enn me sjølve.
Som trollet i Asbjørnsen og Moe's «Norske folkeeventyr[vii]» ropte: "Tvi, tvi! Her lukter kristenmanns blod og bein i mitt hus», vert det i alle media ropt mot kristendom i lovane, i skulen, mot krossen i flagget og så vidare.  Eit juliansk syndrom, - ei sjukleg utvikling på same måte som den Ibsen viser oss i dramaet, om du vil...
Heng dette syndromet saman med «livsløgnen» Ibsen fokuserte på i «Villanden»?  Gjeld det berre «gjennemsnittsmenneske» som meg sjølv? Må eg ha ei livsløgn å klamrar meg til?
Eit eksempel på «det julianske syndrom» og på «livsløgnen», er utviklingslæra som vert dosert frå barnehagen og til høgaste universitetsnivå. Darwin hadde berre ei fingerbjørg kunnskap om livet samanlikna med det hav av kunnskap vår tid sit inne med. Naturen og universet viser ein intelligens og ein variasjonsrikdom langt ut over det noko menneskje kan produsera[viii]. Det er slett ikkje ein tilfeldig og ikkje viljestyrt prosess[ix]  eller noko «Big Bang».  Motstanden mot denne konklusjonen og måten folk reagerer på, er empiriske bevis på eit bakanforliggjande syndrom.

Til slutt ordet syndrom: Det vert brukt om sjukdomsformer som viser seg gjennom ytre tegn og utviklingsmønster. Gjennom observasjonar vert syndroma klassifisert og gjeve kriteria. I ein del tilfelle er årsaka kjent (t.d. genetisk) medan det i andre tilfelle ikkje har vore råd å finna årsaka.
«Det julianske syndrom» viser seg som ein fobi og eller motvilje til å erkjenna eller godta tanken på at det finst ein Gud har skapt alt og som veit alt betre enn oss menneskje. I utagerande tilfelle viser syndromet seg i målretta kamp for å fjerna alt som har med Gud og «Galilæeren» å gjera, eller motbevisa at det Gud har sagt er sant. I dag endå klårare enn i Ibsens samtid!

Vangsnes, august 2014.



Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet 
uten skriftleg løyve frå forfattaren!


[1] Det var ein vanleg måte i romartida å spå framtida ved å studera innvollar av dyr og fuglar dei slakta.


[i] K. Mykland skriv ein artikkel ut frå dette i «Historisk Tidsskrift», https://tidsskrift.dk/index.php/historisktidsskrift/article/viewFile/33584/64896
[ii] «Qvantum satis» eller tilstrekkelig mengde. Forkortes q.s. Uttrykket brukes på resepter». Store medisinske leksikon, https://sml.snl.no/quantum_satis
[iii] «Deus caritatis», tyder «kjærleikens gud». Med andre ord: Til frelse gjeld ikkje god vilje eller kompromisslaus tru, uten Guds kjærleik åleine.
[iv] Bror til Henrik, Ole Paus Ibsen, gjekk lenger enn mora og søstra Hedvig. Han kom med i den meste radikale delen av Lammers-rørsla og tok «gjendåp».
[v] I samanhengen refererer uttrykket «visdomsvenn» seg til den som elskar den greske – og av dei kristne kalla heidenske visdommen.
[vi] Soldaten Agathon hadde kasta lansen med orda: «Romerlansen fra Golgata». Paralellen til lansen i Jesu side er klar.
[vii]  Biletet er henta frå «Norske folkeeventyr» («Dei tre kongsdøtrene i berget det blå»), Asbjørnsen og Moe.  Interessant og at Ibsen henta mykje av materialet i «Peer Gynt» frå P. Chr. Asbjørnsens: «Norske Huldreeventyr og Folkesagn». http://snl.no/Peer_Gynt  (Store norske leksikon).
[viii] Jamfor Salme 8, 2-10  og Salme 19, 1-7.
[ix] For meg er ikkje det at ein ikkje har funne «det manglande mellomleddet» mellom apeslekta og menneskeslekta,  problemet. Verda er stor. Men dersom 1 av 10 000 i tiende potens var det manglande mellomleddet forskarar har leitt etter i alle desse åra, burde me ikkje leva på ein søppelhaug av mislukka mutasjonar -1?  Kvifor finn med ikkje dei omkring oss over alt?

Kristen tru + Nynorsk = sant?

Eg er oppvaksen med nynorsk og det er framleis mitt naturlege skriftspråk. Men då eg for 50 år sidan studerte i Bergen og fekk kontakt med det som då var «Mållaget», var det lite der som inviterte til vidare kontakt.  «Vestlandsfanden» var  på moten. Både praten og livsmønstret til dei eg møtte, inspirerte korkje til sosial kontakt eller fagleg debatt.
I det siste har eg brukt ein del tid på å studera 1800-talet, og då ut frå min personleg kristne ståstad. Eit spennande hundreår. Under arbeidet har eg mellom anna lese noko av  «Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981» frå Fonna Forlag. Første delen av boka er om tida før mållaget vart starta, og på side 18 står:
«Høgre, Vinstre, Sosialistar, Skytterlagsfolk, Totalistar, Misjonsvenner, allesaman, Parti eller sekter, dei organiserer seg og arbeider. Det er det som gjer dei sterke. Men Maalmennene gjeng som Villdyr. Det hev aldri lukkast aa faa Skikk paa dei», er eit hjartesukk boka tek med frå bladet «Fedraheimen» i 1880-åra.
På sida framfor, i første avsnitt, står og:  «Det var i 1860-åra vi kan skimte dei første omrissa av ei målrørsle. Det teoretiske grunnlaget for eit norsk skriftspråk var då lagt, med Ivar Aasens Norsk Grammatikk frå 1864 som hjørnestein»
Oscar Handeland skriv i «Vårløysing», Band II, s. 57-61 om språkforskaren:
Ivar Aasen hadde på skulen ein kristen lærar som vart haugianar. Presten som hadde Ivar som konfirmant, hadde denne kommentaren om han: «Udmerket i kunnskap og begrep og av meget god oppførsel», og fekk Ivar tilsett som lærar. Men då han seinare fekk kjennskap til Aasens gode kontakt med haugianarane i Ørsta, skal han ha sagt: «Eg hadde så god tru om deg før, men nå veit eg ikkje kva eg skal tru».
Ivar Aasen skilde ikkje lag med haugianarane på grunn av dette, og skreiv i 1832 ein song med mellom anna dette verset[1]:
             
Når da engang mitt livsens bånd i døden løsnes opp,
Motta, o fader! da min Ånd, forvar du jord min kropp.
Så går jeg hen til dig, o Gud, fra synd og sorg og strid,
Kom Jesus! Gjør mig til din brud, kom nådig, mild og 
blid.

Då han gjekk vidare med studiene og kom i lag med folk med andre livssyn, vart det «for trongt» mellom lesarane. Dei la mest vekt på «det ene fornødne».[2] Lesarane hadde ikkje syn for t.d. kunst og romanar, noko han sjølv ikkje vart einig med. Trass dette hadde han kontakt med haugianarar heile livet, skriv Handeland.

Som moden mann (1875) skreiv Ivar Aasen om «Vit og tru» og startar med

"Me høyrer stundom so stort eit ord om alt som folk tykkjest vita, om liv og lagnad, om himmel og jord, og alt som mann kan gjeta».  Og han legg til:

 «Nei, vesle vitet det strekk ikkje til. Ei tru må stydja oppunder. Ei tru som trøysta og styrkja vil i mørke stormande stunder. Eg vonar den visdomen hjelper mest, som med slik ei tru kunne semjast best.»

Lite kjend er også salmen hans,  «Takk være Gud»[3]:

Takk vere Gud, som gav meg liv og ande,
og let meg sjå hans vene, rike jord.
Og let meg sleppa fri frå all den vande
som kunne felt meg før mi gjerd var gjord.

Sæl var den dagen då eg ljoset nådde,
og såg Guds fagre sol og heimsens dag,
og kjende gleda, endå før eg gådde
at eg var til, og stod i broderlag.

Og då eg såg dei mange liv som sviva
i tusund skap om både land og sjo,
og tenkte på den makt som alt kan driva,
at dyr kan liva og at gras kan gro.

Sæl var eg, at eg kom i gode grender
der dygd og sanning var til noko vyrd.
Og at eg fram vart leidd på milde hender,
at læra meir om mannens skyld og byrd.

Der fekk eg lært ei tru som lyfter hugen
på sterke stigar over sorg og naud,
der fekk eg læra prov av rette dugen
som gjerer mannen mint, om han er daud.


Har dei som arbeider for nynorsken ein «missing link» dei hadde tent på å leita opp?
Vangsnes, 8. november 2014.11.09


Det er forbudt i kopiera stoff eller bilete frå denne bloggen
 uten skriftleg løyve frå forfattaren.



[1] S. 59 i nemnde bok. I omtale av  «det ene fornødne»  finst og det latinske uttrykket «Sola fide» brukt.
[2] S. 60 i same bok.
[3] Kopiert frå «Kyrkjebladet for Vestnes», nr. 2, 2013, 18. årgang,

mandag 24. februar 2014

I det Herrens år....

Anno domini

Dette gamle uttrykket kom i tankane mine, nyttårsnatta. Me hadde bytt ut det gamle året med eit nytt . Kalendaren  frå i fjor  vart teken ned, og ein ny kom opp. Med nytt årstal, og med 12 månader som ein ukjend landeveg framfor oss. Nokre av oss hadde feira med fargesprakande rakettar og høglydte smell. Andre med roleg ettertanke over levt liv, og med voner og bøner for dagar og tid som står att å leva.

Anno domini”,  eller ”Anno Domini Nostri Jesu Christi[i]” som det heiter i heile sin lengde, er opphavet til at gamle forfattarar tidfeste forteljingane sine med ”I det Herrens år…”  Wikipedia[ii],  - FyFy som referanseverk i faglitteratur og studentarbeid, men ”alltid for hånden” på nettet, fortel om munken Sionysius Exiguus  som i 525 føreslo å tidfesta hendingar og tidsbolkar etter Jesu Kristi fødsel.  Alle forstår me at å rekna seg vel 500 år tilbake til år 0, var ei vanskeleg oppgåve. ”År 0”, vart heller ikkje oppfunne før 600 år seinare.   Normal talrekkje for dei, som for hjå urfolk i dag, startar alltid frå 1. Guaraniane si talrekkje går frå 1 til 5, og etter det er det  ”ei hand og ein, ei hand og to, osv”.  Ei talrekkje lang nok for deira kultur i si tid.

Som så mykje anna med opphav i vår euro-amerikanske soge, har denne utrekninga vorte innført som retningsgjevande verda over. Tanken bak, - det å finna eit system der ein kunne hengja opp hendingar og tidsskifte som klede på ei snor, hadde andre funne ut lenge før den gode munken.
Sionysius Exiguus  si tidfesting vart først brukt ved pavehoffet i Roma,  og innført eit par hundre år etter at den gode munken hadde kome under torva.  Kanskje fleire enn eg ser i dette konturane av motsetningstilhøvet mellom kristne og jødar. For jødane byggjer tidsrekninga si frå skapinga. Dermed stod David Ben-Gurion i  5708 i Tel Aviv og forkynte ein fri og sjølvstendig jødisk stat ved namnet Israel. For oss skjedde det 14. mai i det Herrens år 1948. Motivet den gode munken i 525 hadde, var å finna rette datoen for å feira påske. Dette trass i at jødane hadde den opphavlege utrekninga, og hadde fylgt den frå utgangen av Egypt.
Nokre vener av meg har kalendar med 4 tidsrekningar på same kalendarblada,  og kvar har forskjellege datoar for nyttår. Det hindiske året startar i april ein gong. Det muslimske etter nymånen i månaden ”muharram”, osv.   Kinesarane skal i år feira nyttår 31. januar. Med det er ”Den svarta vass-slangen sitt år” over.

Som sagt,  den euro-amerikanske tidsrekninga har vorte dominerande verda over, trass i andre sine utrekningar. ”Me,”  - les ”euro-amerikanarar,” har også her greitt å innføra våre idear og vår måte å organisera tida på, som rettesnor for dei i andre kulturar. ”Den kvite rase” fornektar seg ikkje.
FN og andre internasjonale fora,  fungerer etter Anno Domini- systemet. Ikkje berre det. Ein ser at den gamle trongen for å distansera seg frå vår kultur sine jødiske røter, lever framleis. Ikkje berre har jødane eit anna utgangspunkt for tidsrekninga si. Deira urgamle veke starta med dag 1. og sluttar med sabbaten og kviledag for folk og dyr. Ein tankegang som vitnar om Guds skapargjerning i ”opphavet” (Genesis 1,1.) Denne delen av tidsrekninga byggjar på  ein ISO-standar innført i 1973.  Med det vart søndagen 7. dag i veka og etter Bibelen: Kviledagen. Dermed gjekk  vår ”kristne” reknemåte  seg endå eit steg lenger vekk frå sitt ”jødiske” opphav.

Fyrverkeri med opphav i Aust-Asia, står sentralt kvart nyttår og vert presentert på TV-skjermane frå alle kantar av verda. Folk gjev seg sjølv og andre lovnader som dei kjem til å bryta like sikkert som at den kulørte vekepressa snart vil ”fø” oss med alle slags oppskrifter på korleis me skal verta kvitt dei ekstra kaloriane den gode maten desse vekene har plussa på oss.

Eg har i alle år sagt at nyttårslovnader, det heldt eg meg unna. I år derimot fekk eg ikkje or tankane  ”I det Herrens år…” og ”Anno Domini nostri Jesu Christi”, og fann ut at eg ville prøva å få liv i bloggen min att.

Skulle nokon lesa det eg skriv og meina at det har gått for lenge sidan eg publiserte noko, så kan eg berre seia meg lei for det. Men sist eg skulle leggja ut noko, fekk eg så mykje problem med fontar og bilete, at eg miste motet!

Publish or Perish[iii]-tanken” er totalt fråværande i denne bloggen. Eg skriv for min eigen del. Kall det gjerne ”terapi” – eller kva du vil. Namnet skjemmer ingen. Men hugs:  Du les på eige ansvar…..  
 

Det er forbudt å lasta ned, kopiera eller bruka tekst og/eller bilete uten skriftleg godkjenning frå forfattaren (Inge Bjørnevoll) på førehand.


[i] ”Anno Domini Nostri Jesu Christi” kan fritt omsetjast med ”Vår Herre Jesu Kristi år”
[ii] http://no.wikipedia.org/wiki/Kristifødsel
[iii] ”Publish or Perish”, eit slagord i vitskaplege krinsar som byggjer på at den som ikkje kan publisera og på den måten vekkja interesse for seg og sine arbeid, har inga framtid som forskar.

søndag 4. august 2013

Det er ikkje alltid det treet som ser frodigast ut, som ber mest frukt!

Fint, ikkje sant?

Mai vart første blomstermånaden her heime i år. Våren var kald og bøane låg brunsvidde lenge etter at dei skulle vore vårgrøne og friske. Som ein bonde sa det: ”Det er så sein vår at ein til og med gler seg over å sjå hanefoten (= skvalderkålen) spira!”  Hanefoten er det ugraset me helst ville sleppa å sjå spira i hagane på våre kantar. Men tankane mine i denne tida har gått tilbake til Sør-Amerika og til appelsinblomstringa.  Den skarpe aromaen av nett utsprotne appelsin- eller sitronblomster, sit fast i minnet.  Små, kvite og stjerneliknande fyller dei hagen med sin typiske aroma. Det har vorte ”mi kjensle av vår”.

Lukta er spesiell, noko parfymeindustrien oppdaga for lenge sidan. ”Petit grain” (me sa ”petigrein” i Paraguay) starta som ein essens laga av bitte små appelsinfrukter. Det er det namnet tyder: Petit – små. Grain – frukt. I dag lagar dei essensen av både blad, tunne greiner og små frukt, frå  sur-appelsintre.
Appelsiner og sitronar er berre ein liten del av alle fruktslaga i denne plantefamilien[i]. Sure, søte, beiske eller ei blanding av alle desse smakane. Alt finst, og kvart slag har si eiga lukt.  Den smaken eg personleg likte best, var den frå ”Lima de Persia”, dyrka i Chaco.

Eg hugsar ein gong tidleg på 70-talet det hadde kome ein ny misjonærfamilie til Paraguay, og mannen skulle være med ein tur opp til Paso Cadena for å sjå litt av landet. Me var fire karar i bilen, og som så mange gonger når væskeinntaket hadde vore for stort og vegen var for lang, stogga me bilen i kanten av skogen for å lata vatnet. Typisk og for han som nett var komen frå Noreg: Han gjekk lengst inn mellom trea og gøymde seg for forvitne passasjerar i bilane som køyrde forbi. Glad kom han tilbake med store, flotte appelsiner som fylte heile bilen med sterk og god aroma.
 ”Paraguay er eit fenomenalt land!”, sa han. ”Tenk at ein kan gå ut i skogen og finna så store og fine appelsiner”.  
Og så godt som dei luktar”, stemde ein av oss andre i med me smilte for oss sjølve. (Lukta er utruleg sterk og god når ein sit slik og skalar frukta med hendene). Men då vår nye kollega putta første appelsinbåten i munnen, kom han ut att med endå større fart!  Det var surt som eddik! 

Me hadde ikkje luftavkjølingsanlegg i bilane den gongen, og ut gjennom det opne vindauga for både fruktene og skalet. Dei låg att i vegkanten etter oss, til glede for omstreifande kyr. Dei åt surappelsinene så gjerne…
Nei, i hagane hadde me søt-appelsiner og gjerne to-tre sortar sitron. På mennonittane sin forsøksgard i Chaco møtte eg nokre få år seinare appelsin-, sitron- og grapefrukttre med både blomster, halvstor frukt og moden frukt samstundes.  Framdyrka av genmateriale dei hadde henta i Israel.
I eitt av husa me budde, hadde me appelsintre i hagen. Dei vaks store og fine, men hadde ikkje frukt. Eg spurde ein paraguayisk bonde kva feilen var, og hans ”medisin” var hard:
Ta jungelkniven og gjev treet ein del stygge hogg. Då stoggar den sterke veksten og treet vil ta til å bera frukt!”. Om eg ikkje hadde hjarta til å gjera det, eller eg tvilte på ”medisinen”, hugsar eg ikkje no. Eg prøvde i alle fall ikkje…

Men eit år etter at me slo oss til på Vangsnes, hadde ein gammal gartnar frå Leikanger ei samling for fruktbøndene, og eg slo lag. Eg visste at greiner som går  meir eller mindre 90 grader ut frå stammen, er dei som set mest fruktknoppar. Men treet vil veksa oppover. Kvart år må derfor fruktdyrkaren klippa eller knekkja av det han kallar ”villskot”. Særleg på unge tre er dette lite kjekt. Men når ein prøver å bøya ned  desse greinene andre året eller seinare, flaknar kvisten frå stammen og gjev stygge sår.
Her hadde ”gamlingen”  frå Leikanger eit råd som minte meg om appelsinprodusenten i Paraguay.
”Ta eit godt tak i greina og vri ho slik de gjer for å laga vidjeringar[ii].  Då kan de bøya greina som de vil utan at ho rivnar frå stammen. I tillegg får greina langsgåande sprekker som stoggar den kraftige vegetative veksten. Dermed får de gode fruktgreiner”
I begge tilfelle var medisinen ”å lata treet lida”, så gjekk det over frå å vera viltveksande til å vera fruktberande. Utruleg, ikkje sant?

Kanskje dette kan vera eit godt bilete på oss menneskje og. Det er ikkje alltid den  som har det lettast i livet og gjerne vert lagt mest merke til, som kjem best ut i livet. År med undervisning har vist meg at born som hadde lettare for å læra enn andre, slett ikkje vart dei som kom lengst. Dei som kom lengst og syntest å få det best, var dei som tidleg hadde lært å arbeida. Dei heldt ut når dei andre gav opp. Forfattaren av ”Klagesongane”[iii] sa noko me fekk læra i min barndom: ”Det er godt for mannen å bera åk i sin ungdom”.(Klag.3,27).  

Det fysiske åket vert brukt på dyra som skal arbeida, enten det er å draga vogn eller pløya. I tillegg lærer åket dyra å samarbeida. Mange gonger har eg sett folk i Paraguay læra opp trekkoksar. Då brukar dei ein gammal okse på eine sida, og ein ung ”villstyring”  på den andre. Ein del sparking og sprett vart det, men medan dei køyrer, vert unotane vekke og erfaringa kjem inn. Derfor seier paraguayarane: ”Det er på vegen at dei gode trekkoksane vert laga[iv]”.

Det ”psykiske” åket, - det at ein ikkje alltid kan gjera som ein vil eller få ting lett her i livet, er viktig både for karakteren og liva våre. Ein annan vismann frå gammal tid seier: ”Fattig vert den som er lat i sitt arbeid, men strevsam hand gjer rik”. (Ordt.10,4). Same tanken finn du i Ordt. 6,6-11. Berre sjå etter!

Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet ute skriftleg løyve frå forfattaren!

[i] Me brukte ”appelsintre” om heile plantefamilien, men skilde mellom dei forskjellege slaga når me snakka om fruktene.
[ii] Han  far lærde oss å laga vidjeringar av bjørk. Me brukte dei til hamleband på færingen.
[iii] Også kalt ”jeremiadene” då ein trur dei er skrivne av Jeremias, ”den gråtande profeten”.
[iv]En el camino se hace bueyes”.
Bilete: Kopiert frå internett, men då eg skulle finna det att for å kopiera adressa, fann eg det ikkje att! Er lei meg for det...