Fint, ikkje sant? |
Mai vart første blomstermånaden her heime i år. Våren var kald og bøane
låg brunsvidde lenge etter at dei skulle vore vårgrøne og friske. Som ein bonde
sa det: ”Det er så sein vår at ein til og
med gler seg over å sjå hanefoten (= skvalderkålen) spira!” Hanefoten er det ugraset me helst ville sleppa
å sjå spira i hagane på våre kantar. Men tankane mine i denne tida har gått tilbake til Sør-Amerika og til
appelsinblomstringa. Den skarpe aromaen
av nett utsprotne appelsin- eller sitronblomster, sit fast i minnet. Små, kvite og stjerneliknande fyller dei hagen
med sin typiske aroma. Det har vorte ”mi kjensle av vår”.
Lukta er spesiell, noko parfymeindustrien oppdaga for lenge sidan. ”Petit grain” (me sa ”petigrein” i Paraguay) starta som ein essens laga av bitte små appelsinfrukter. Det er det namnet tyder: Petit – små. Grain – frukt. I dag lagar dei essensen av både blad, tunne greiner og små frukt, frå sur-appelsintre.
Appelsiner og sitronar er berre ein liten del av alle fruktslaga i denne
plantefamilien[i].
Sure, søte, beiske eller ei blanding av alle desse smakane. Alt finst, og kvart
slag har si eiga lukt. Den smaken eg
personleg likte best, var den frå ”Lima
de Persia”, dyrka i Chaco.
Eg hugsar ein gong tidleg på 70-talet det hadde kome ein ny misjonærfamilie
til Paraguay, og mannen skulle være med ein tur opp til Paso Cadena for å sjå
litt av landet. Me var fire karar i bilen, og som så mange gonger når
væskeinntaket hadde vore for stort og vegen var for lang, stogga me bilen i
kanten av skogen for å lata vatnet. Typisk og for han som nett var komen frå
Noreg: Han gjekk lengst inn mellom trea og gøymde seg for forvitne passasjerar
i bilane som køyrde forbi. Glad kom han tilbake med store, flotte appelsiner
som fylte heile bilen med sterk og god aroma.
”Paraguay er eit fenomenalt land!”, sa han. ”Tenk at ein kan gå ut i skogen og finna så
store og fine appelsiner”.
”Og så godt som dei luktar”,
stemde ein av oss andre i med me smilte for oss sjølve. (Lukta er utruleg sterk og god når ein sit slik
og skalar frukta med hendene). Men då vår nye kollega putta første
appelsinbåten i munnen, kom han ut att med endå større fart! Det var surt som eddik!
Me hadde ikkje luftavkjølingsanlegg i bilane den gongen, og ut gjennom
det opne vindauga for både fruktene og skalet. Dei låg att i vegkanten etter oss,
til glede for omstreifande kyr. Dei åt surappelsinene så gjerne…
Nei, i hagane hadde me søt-appelsiner og gjerne to-tre sortar sitron. På
mennonittane sin forsøksgard i Chaco møtte eg nokre få år seinare appelsin-,
sitron- og grapefrukttre med både blomster, halvstor frukt og moden frukt
samstundes. Framdyrka av genmateriale
dei hadde henta i Israel.
I eitt av husa me budde, hadde me appelsintre i hagen. Dei vaks store og
fine, men hadde ikkje frukt. Eg spurde ein paraguayisk bonde kva feilen var, og
hans ”medisin” var hard:
”Ta jungelkniven og gjev treet ein
del stygge hogg. Då stoggar den sterke veksten og treet vil ta til å bera
frukt!”. Om eg ikkje hadde hjarta til å gjera det, eller eg tvilte på
”medisinen”, hugsar eg ikkje no. Eg prøvde i alle fall ikkje…
Men eit år etter at me slo oss til på Vangsnes, hadde ein gammal gartnar
frå Leikanger ei samling for fruktbøndene, og eg slo lag. Eg visste at greiner
som går meir eller mindre 90 grader ut
frå stammen, er dei som set mest fruktknoppar. Men treet vil veksa oppover. Kvart
år må derfor fruktdyrkaren klippa eller knekkja av det han kallar ”villskot”.
Særleg på unge tre er dette lite kjekt. Men når ein prøver å bøya ned desse greinene andre året eller seinare, flaknar
kvisten frå stammen og gjev stygge sår.
Her hadde ”gamlingen” frå
Leikanger eit råd som minte meg om appelsinprodusenten i Paraguay.
”Ta eit
godt tak i greina og vri ho slik de gjer for å laga vidjeringar[ii]. Då kan de bøya greina som de vil utan at ho
rivnar frå stammen. I tillegg får greina langsgåande sprekker som stoggar den
kraftige vegetative veksten. Dermed får de gode fruktgreiner”.
I begge tilfelle var medisinen ӌ
lata treet lida”, så gjekk det over frå å vera viltveksande til å vera
fruktberande. Utruleg, ikkje sant?
Kanskje dette kan vera eit godt bilete på oss menneskje og. Det er ikkje
alltid den som har det lettast i livet
og gjerne vert lagt mest merke til, som kjem best ut i livet. År med
undervisning har vist meg at born som hadde lettare for å læra enn andre, slett
ikkje vart dei som kom lengst. Dei som kom lengst og syntest å få det best, var
dei som tidleg hadde lært å arbeida. Dei heldt ut når dei andre gav opp. Forfattaren
av ”Klagesongane”[iii]
sa noko me fekk læra i min barndom: ”Det er godt for mannen å bera åk i sin
ungdom”.(Klag.3,27).
Det fysiske åket vert brukt på dyra som skal arbeida, enten det er å
draga vogn eller pløya. I tillegg lærer åket dyra å samarbeida. Mange gonger
har eg sett folk i Paraguay læra opp trekkoksar. Då brukar dei ein gammal okse på
eine sida, og ein ung ”villstyring” på
den andre. Ein del sparking og sprett vart det, men medan dei køyrer, vert
unotane vekke og erfaringa kjem inn. Derfor seier paraguayarane: ”Det er på vegen at dei gode trekkoksane
vert laga[iv]”.
Det ”psykiske” åket, - det at ein ikkje alltid kan gjera som ein vil
eller få ting lett her i livet, er viktig både for karakteren og liva våre. Ein
annan vismann frå gammal tid seier: ”Fattig
vert den som er lat i sitt arbeid, men strevsam hand gjer rik”. (Ordt.10,4).
Same tanken finn du i Ordt. 6,6-11. Berre sjå etter!
Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet ute skriftleg løyve frå forfattaren!
[i] Me
brukte ”appelsintre” om heile
plantefamilien, men skilde mellom dei forskjellege slaga når me snakka om
fruktene.
[ii] Han far lærde oss å laga vidjeringar av bjørk. Me
brukte dei til hamleband på færingen.
[iii]
Også kalt ”jeremiadene” då ein trur
dei er skrivne av Jeremias, ”den gråtande profeten”.
[iv] ”En el camino se hace bueyes”.
Bilete: Kopiert frå internett, men då eg skulle finna det att for å kopiera adressa, fann eg det ikkje att! Er lei meg for det...
Bilete: Kopiert frå internett, men då eg skulle finna det att for å kopiera adressa, fann eg det ikkje att! Er lei meg for det...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar