Anno domini
Dette gamle uttrykket kom i tankane mine, nyttårsnatta. Me hadde bytt ut det gamle året med eit nytt . Kalendaren frå i fjor vart teken ned, og ein ny kom opp. Med nytt årstal, og med 12 månader som ein ukjend landeveg framfor oss. Nokre av oss hadde feira med fargesprakande rakettar og høglydte smell. Andre med roleg ettertanke over levt liv, og med voner og bøner for dagar og tid som står att å leva.”Anno domini”, eller ”Anno Domini Nostri Jesu Christi[i]” som det heiter i heile sin lengde, er opphavet til at gamle forfattarar tidfeste forteljingane sine med ”I det Herrens år…” Wikipedia[ii], - FyFy som referanseverk i faglitteratur og studentarbeid, men ”alltid for hånden” på nettet, fortel om munken Sionysius Exiguus som i 525 føreslo å tidfesta hendingar og tidsbolkar etter Jesu Kristi fødsel. Alle forstår me at å rekna seg vel 500 år tilbake til år 0, var ei vanskeleg oppgåve. ”År 0”, vart heller ikkje oppfunne før 600 år seinare. Normal talrekkje for dei, som for hjå urfolk i dag, startar alltid frå 1. Guaraniane si talrekkje går frå 1 til 5, og etter det er det ”ei hand og ein, ei hand og to, osv”. Ei talrekkje lang nok for deira kultur i si tid.
Som så mykje anna med opphav i vår euro-amerikanske soge, har denne utrekninga vorte innført som retningsgjevande verda over. Tanken bak, - det å finna eit system der ein kunne hengja opp hendingar og tidsskifte som klede på ei snor, hadde andre funne ut lenge før den gode munken.
Sionysius Exiguus si
tidfesting vart først brukt ved pavehoffet i Roma, og innført eit par hundre år etter at den
gode munken hadde kome under torva.
Kanskje fleire enn eg ser i dette konturane av motsetningstilhøvet
mellom kristne og jødar. For jødane byggjer tidsrekninga si frå skapinga.
Dermed stod David Ben-Gurion i 5708 i
Tel Aviv og forkynte ein fri og sjølvstendig jødisk stat ved namnet Israel. For
oss skjedde det 14. mai i det Herrens år 1948. Motivet den gode munken i 525
hadde, var å finna rette datoen for å feira påske. Dette trass i at jødane
hadde den opphavlege utrekninga, og hadde fylgt den frå utgangen av Egypt.
Nokre vener av meg har kalendar med 4 tidsrekningar på same
kalendarblada, og kvar har forskjellege
datoar for nyttår. Det hindiske året startar i april ein gong. Det muslimske etter
nymånen i månaden ”muharram”, osv.
Kinesarane skal i år feira nyttår 31. januar. Med det er ”Den svarta
vass-slangen sitt år” over.
Som sagt, den euro-amerikanske tidsrekninga har vorte dominerande verda over, trass i andre sine utrekningar. ”Me,” - les ”euro-amerikanarar,” har også her greitt å innføra våre idear og vår måte å organisera tida på, som rettesnor for dei i andre kulturar. ”Den kvite rase” fornektar seg ikkje.
FN og andre internasjonale fora, fungerer etter Anno Domini- systemet. Ikkje
berre det. Ein ser at den gamle trongen for å distansera seg frå vår kultur
sine jødiske røter, lever framleis. Ikkje berre har jødane eit anna
utgangspunkt for tidsrekninga si. Deira urgamle veke starta med dag 1. og
sluttar med sabbaten og kviledag for folk og dyr. Ein tankegang som vitnar om
Guds skapargjerning i ”opphavet”
(Genesis 1,1.) Denne delen av tidsrekninga byggjar på ein ISO-standar innført i 1973. Med det vart søndagen 7. dag i veka og etter
Bibelen: Kviledagen. Dermed gjekk vår
”kristne” reknemåte seg endå eit steg
lenger vekk frå sitt ”jødiske” opphav.
Fyrverkeri med opphav i Aust-Asia, står sentralt kvart
nyttår og vert presentert på TV-skjermane frå alle
kantar av verda. Folk gjev seg sjølv og andre lovnader som dei kjem til å bryta
like sikkert som at den kulørte vekepressa snart vil ”fø” oss med alle slags
oppskrifter på korleis me skal verta kvitt dei ekstra kaloriane den gode maten
desse vekene har plussa på oss.
Eg har i alle år sagt at nyttårslovnader, det heldt eg meg unna. I år derimot fekk eg ikkje or tankane ”I det Herrens år…” og ”Anno Domini nostri Jesu Christi”, og fann ut at eg ville prøva å få liv i bloggen min att.
Skulle nokon lesa det eg skriv og meina at det har gått for lenge sidan eg publiserte noko, så kan eg berre seia meg lei for det. Men sist eg skulle leggja ut noko, fekk eg så mykje problem med fontar og bilete, at eg miste motet!
”Publish or Perish[iii]-tanken”
er totalt fråværande i denne bloggen. Eg skriv for min eigen del. Kall det
gjerne ”terapi” – eller kva du vil. Namnet skjemmer ingen. Men hugs: Du les på eige ansvar…..
Det er forbudt å lasta ned, kopiera
eller bruka tekst og/eller bilete uten skriftleg godkjenning frå forfattaren (Inge Bjørnevoll) på førehand.
[i] ”Anno
Domini Nostri Jesu Christi” kan fritt omsetjast med ”Vår Herre Jesu Kristi år”
[ii]
http://no.wikipedia.org/wiki/Kristifødsel
[iii] ”Publish
or Perish”, eit slagord i vitskaplege krinsar som byggjer på at den som ikkje
kan publisera og på den måten vekkja interesse for seg og sine arbeid, har inga
framtid som forskar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar